Årsmøtereferat
Torskangerpoll Musikklag
Tirsdag 8. mars 2005
Desse møtte: John Inge V, Anne M K, John S, Terje V, Evy L, Laila K B,
Stine K, Erling W, Johannne V, Bjarte F, Sølvi L, Gun-Tove G, Alice H.
W, Tove N, Lisbeth H V, Ingunn K, Marte K, Harald O, Linda B, Arne T, Joacim
R, Laila M, Arne Ø.
SAKLISTE:
1. Konstituering Styret sitt forslag
a) Opprop Evy Loen
b) Godkjenning av innkalling Gjennom VG, Ok
c) Godkjenning av sakliste Ok
d) Val av møteleiar Johan Wåge
e) Val av møtereferent John Inge Våge
f ) Val av protokollunderskrivarar John S, Stine K
2. Godkjenning av årsmelding
Denne vart samrøystes godkjend av årsmøtet med dei endringane
som vart bestemte.
3. Godkjenning av rekneskap
Godkjend av årsmøtet med nokre få merknadar frå revisorane.
4. Økonomi
a) Kontingent for sesongen 2005/2006. Uendra kontingent
b) Budsjett for 2005, sjå vedlegg. Godkjent
5. Innkomne saker
1. Stormfestival hausten 2006
• Hadde ei lita runde på om vi skal arrangere Stormfestival hausten
2006. Det var stemning for dette på årsmøtet, men det vart
ytra meining om at ein bør satse på ein langtur i etterkant av
festivalen. Årsmøtet bestemte at vi satsar på å arrangere
Stormfestival hausten 2006. Styret får i oppdrag å planlegge ramma
rundt festivalen før sommarferien.
Merknad: Notearkivet er ikkje forsikra. Dette tar styret opp som styresak seinare.
6 Val På val: Årsmøtet:
a) Leiar : Johan Wåge. Samrøystes valt: Johan Wåge
b) Styremedlem : John Inge. Samrøystes valt: Våge Laila Berg
c) Styremedlem : Eli Refvik. Samrøystes valt: Eli Refvik
d) 1. varamedlem : Sølvi Loen. Samrøystes valt: Ingunn Kvalheim
e) 2. varamedlem : Marte Utvær. Samrøystes valt: Tove Nerland
f ) Noteutval : På val: Harald, Roar Ståle, John Inge,. Samrøystes
valt: Erling, John Inge og Tove Anne M, Gun-T
g) Revisorar : Kåre og Marianne. Samrøystes valt: Kåre, Marianne
h) Valnemnd : Laila, Gun-Tove, Kåre. Samrøystes valt: Gun-T, John
I,Erling
i) Husansvarleg : Arne Ø, Johan W. Samrøystes valt: Arne Ø,
John I
j) Uniformsansvarleg : Sølvi Loen. Samrøystes valt: Gun-Tove G
k) Materialforvaltar : Terje Våge. Samrøystes valt: Terje Våge
l) Repr. i Bygdelaget : Kåre Våge. Samrøystes valt: Styret
vel ein repr.
ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2004
1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt fylgjande samansetjing:
Leiar : Johan Wåge
Nestleiar : Terje Våge
Kasserar : Evy Loen
Sekretær : John Inge Våge
Styremedlem : Eli Refvik
1.varamedlem : Sølvi Loen
2.varamedlem : Marte Utvær, slutta midt i sesongen.
Noteutval : Harald Oppedal, John Inge Våge, Tove Nerland og Roar : Ståle
Vedvik (I tillegg til dirigent Lisbeth Våge)
Revisorar : Marianne Lund og Kåre Våge
Valnemnd : Gun-Tove, Laila Berg og Kåre Våge
Husansvarleg : Arne Øvrelid og Johan Wåge
Uniformsansvarleg : Sølvi Loen
Materialforvaltar : Terje Våge
Repr. i Bygdelaget : Kåre Våge, slutta i løpet av sesongen.
Alice tok over.
2. AKTIVITETAR
Året 2004 har vore eit middels aktivtitetsår i laget si historie
. Vi starta året med ein forrykande Nyttårskonsert i Samfunnshallen.
I februar hadde vi ein flott hus-konsert i Vågsvåg. Vi har hatt
2 øvingshelgar. I juni spelte vi ein vår-konsert i gata i Måløy.
I tillegg hadde vi dei tradisjonelle arrangementa og konsertane, 17. mai, musikkbasaren,
jonsokafta, juletrefesten, julekonsert i Kyrkja og tenning av julegrana. Vi
hadde ein konsert på blåturen til Værlandet/Bulandet i april.
Vi spelte til Bent-Henning Færestrand på hans 50-års dag på
Færestranda, og vi hadde ein mini konsert for Arne Torskangerpoll på
Mork i Volda. Vi spelte og ein konsert på øvingshelga i Ulsteinvik
på Flø i september. Vi spelte og til dåp av den nye Sildaskjær
båten ved Måløy Brygge. Ellers kan ein nevne Nyttårskonserten
i januar 2005. Det vart i 2004 halde 7 styremøter og det vart handsama
50 saker. Økonomi, aktivitetar/arrangement, Sogn og Fjordane meisterskapen
og Greenland Brassfestival har prega styret sitt arbeid denne sesongen. Det
vart bestemt at vi ikkje skulle stille på SF meisterskapen, og Greenland
Brassfestivalen vart kutta ut kort tid før av ulike grunnar. Vi skulle
og ha ein Kyrkjekonsert som vart flytta til april 2005. Musikkutvalet har jobba
godt denne sesongen, og siste halvåret har korpset hatt gruppeøvingar
ein gong i månaden. Lisbeth Helèn Våge har vore dirigent
i år også.
3. ÅRSMELDING/ARRANGEMENT
Sjå vedlegg.
4. NOTEUTVAL
Noteutvalet har i sesongen 2004/2005 bestått av John Inge Våge,
Tove Nerland, Roar Ståle Vedvik og Harald Oppedal, i tillegg til dirigent
Lisbeth Helèn Våge. Utvalet har hatt fleire møter, og har
plukka ut musikken som har vert brukt denne sesongen. Utvalet har og jobba mykje
med strategi, rekruttering, besetning og gruppeøvingar. Harald Oppedal
har stått i spissen. Vi vil oppfordre alle aktive medlemmar om å
kome med innspel og idèar til nye og gamle melodiar som vi kan bruke
i kommande sesong.
Sjå vedlagt rapport frå utvalet.
5. ØKONOMI
Det har vore eit labert år dette året. Av inntektsbringande arrangement
har vi hatt den årlege musikkbasaren og Nyttårskonserten. Det har
ikkje vorte kjøpt inn nye instrument i år. Vi har kjøpt
inn nye notemapper til alle, og i tillegg har vi kjøpt inn ein del slagverkrekvisita.
Vi har brukt av overskuddet til Stormfestivalen i år for å komme
i balanse, ellers ser det ut til at vi har hatt ein grei økonomi. Viser
til rekneskapen.
6. MEDLEMMER
Vi har i 2004 hatt 33 betalande aktive medlemmer. I tillegg har vi 67 som abonnerer
på Vredens Gnag. I løpet av året har det slutta to medlem.
Marte Utvær, som har flytta vekk for å jobbe og mangeårige
medlem Kåre Våge valgte å levere inn instrumentet denne sesongen.
Johan Kråkenes har flytta til Oslo for å jobbe og har vert med oss
av og til når han har vore heime. Vi har fått inn fleire nye medlem
denne sesongen. Tommy Torskangerpoll, Thomas Wåge og Joacim Rønhovde
som spelar i Holvik Skulekorps. Anders Færestrand og Marte Kvalheim som
spelar i Skram Skoles Musikkorps. I tillegg til dei har Laila Mykland på
horn blitt medlem denne sesongen. Vi har og hatt med oss nokre støttespelarar
på ulike arrangement. Desse er Rolf Jakob Vedvik på trombone, Trond
R. Bjørstad på Tuba og Ola på Solokornett.
7. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Denne sesongen har vi samarbeidd med bygdelaget Våge/Oppedal. Der har
vi hatt ein representant i frå korpset i styret. Vi spelte saman med Holvik
skulekorps under barnetog i Vågsvåg føremiddag, og under
folketog i Holvik ettermiddag 17. mai. Vi har og hatt samarbeid med Frelsesarmeen.
Dei var med på vår juletrefest i år. Vi har endå eit
år hatt god hjelp og støtte fra vår kjære musikklubb.
I tillegg hadde vi med oss Måløy Songlag på Nyttårs-konserten.
8. REPRESENTASJON
Vi har hatt representantar på møte i musikkrinsen og vi har vore
på styremøte i bygdelaget Våge/Oppedal.
9. UTMERKINGAR
Fem medlemmer i korpset fekk utdelt Norges Musikkorps Forbund sin fortenestemedalje
for mange års medlemsskap. Desse var; Asbjørn Våge (40 år),
Johan Wåge (30 år), Erling Wåge (30 år), Lisbeth Våge
(20 år) og John Inge Våge (20 år). Desse vart delt ut på
nyttårskonserten i januar-04.
10. INFORMASJON
Informasjon er viktig med medlem spreidd over heile landet. Torskangerpoll Musikklag
har si eiga informasjonsavis, «Vredens Gnag», som går til
aktive og passive medlemmer. Avisa kjem ut kvar månad, og har nyttig korps-informasjon,
aktivitetsplanar, konkurransar, annonsar, faste spaltar og ein god del humor.
I 2004 var det 11. året den kom ut. Erling har hatt ansvaret for avisa
og har hatt god hjelp av, Alice, Lina, Thomas, Petter, Johan W, Arne Ø,
Terje, John S, Rune Færestrand og John Inge m.fl.
Torskangerpoll Musikklag har òg eiga heimeside på internett. Den
vart lagt ut i desember -96. Erling har hatt ansvaret for oppdatering av sidene.
Han oppfordrar folk til å sende inn morosame bilder, tips og stoff både
til nettsida og til Vredens Gnag. Nettadressa er; www.torskangerpoll.no.
John Inge Våge Johan Wåge Terje Våge
Sekretær Leiar Nestleiar
Evy Loen Eli Refvik
Kasserer Styremedlem
John Svarstad Stine Kråkenes
Protokollunderskrivar Protokollunderskrivar