Bli med på årsfest

Laurdag 11. januar klokka 20.00 blir det årsfest i grendahuset i Vågsvåg.

Det nærmar seg stygt eitt nytt år, og godt er no i grunnen det og!

Nyttårskonserten nærmar seg, og årsfesten kjem like fort. Det har seg slik at eg har oppretta ei arrangement-gruppe på facebook, men i frykt for at folk ikkje føler denne påmeldinga "bindande" nok, så må eg altså ha ei offisiell påmelding. Dette har med kuvertpris og at vi ikkje betalar meir enn vi skal for maten.

Eg vil at dei som blir med på årsfesten, melder dette enten på mail eller på sms til meg innan 1. januar. Dei som leverar tapas må nemleg ha endeleg antal i god tid. Få også med antal du melder på, og namn på desse. Då er det enklast mogleg for oss i komiteen når vi skal ajourføre listene på kven som har betalt og ikkje på sjølve festen.

Prisen blir på ca 300,- kanskje pluss/minus 10 kr. Det er kjekt om vi blir mange, så ta med deg dei du kjenner som har lyst, og bli med på å feire nok eit godt musikalsk- og dugnadsmessig år.

Satsar, som tidlegare, på at underhaldninga lagar seg sjølv, og at kvar og ein tek ansvar for det. "Seim pråosidjear ass every jea".

Melk og juice og alt anna du vil drikke, tek du med deg sjølv.

Dei 10 siste som melder seg på, blir med meg og ryddar opp på grendahuset på søndagen :) Er ikkje lenge gjort, og dugnad er vi GODE på :)

So long, hæppe neuyjea, Miss Sophie :)

Helsing komiteen.