Klart for 17. mai

Sjekk oppmøtetidene for Torskangerpollarane!!!!!

Her er opplegget for 17. mai i Holvik og Vågsvåg

07.30: Morgenprosesjon frå Oppedal
Torskangerpoll Musikklag spelar frå Oppedal til betonganlegget i Vågsvåg.

08.00: Flaggheising i Holvik
Holvik Skulekorps spelar til flaggheisinga. Frukost for musikantane.

11.00: Barnetog i Holvik
Start ved Holvik skule. Går til Halnes og byggefeltet og til skulen. Holvik Skulekorps og Torskangerpoll Musikklag spelar.

Minikonsert i Holvik
Etter toget spelar Holvik Skulekorps minikonsert på Holvik skule. Tale for dagen, leikar og sal av mat.

14.30: Folketog i Vågsvåg
Toget startar i byggefeltet ved Kjell Gravdal. Går via Hamnaberg og til grendehuset i Vågsvåg. Holvik Skulekorps og Torskangerpoll Musikklag spelar. Parkering ved Gravplassen.

15.30: Folkefest i Vågsvåg
Tale ved Henry Ramsevik. Underholdning for store og små.
Sal av smørbrød, karbonadesmørbrød, 17-mai-talerken med laks, spekemat og tilbehør.

21.00: 17-mai-treff i Våge Oppedal grendehus
Vi strekkjer ut etter togtrakking. Bygdelaget held opne dører. Havblikk ordnar løjen musikk.