Fantastisk feiring
For ein nasjonaldag. 20 grader, sol og blå himmel. Det meste av dagen vart feira utandørs, og små og store fryda seg.

Både i Vågsvåg og Holvik var det lange tog. Torskangerpoll Musikklag og Holvik Skulekorps samarbeidde som vanleg, skapte ei flott stemning rundt dagen.
I Vågsvåg var det Marte Iren Lade som talte, og i Holvik var det Lisbeth Rønhovde.

Her ser du nokre glimt. Du kan sjå meir i Vredens Gnag i juni.