Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 1996

 
Øvingsstart
Tirsdag 2. januar starta vi med årets første øving.
 
Basar på Bryggja
Søndag 4. februar klokka 16.00 deltok vi på basar i det nye grendahuset på Bryggja. Dette var første gongen vi spelte i dette huset. Bryggja Musikklag arrangerte basaren. Vi var 21 stk. Litt redusert. Men alle gjorde sitt beste og vi spelte fem melodiar, og det gjekk godt.
 
Redningsbasar
Søndag 18. februar klokka 17.00 var det redningsbasar i Vågsvåg. Toskangerpoll Musikklag spelte ei avdeling klokka 19.00. Vi stilte i sivilt antrekk. Sjølv om det var litt grese i rekkene, så vart underhaldninga sett pris på. TpM fekk overlevert ein vimpel frå redningsselskapet for at korpset har vore med å spelt i alle år.
 
Frelsesarmeen
Fredag 8. mars klokka 19.00 spelte vi på basar på Frelsesarmeen. Vi var 21 musikantar. Vi spelte til allsangane plus to eigne avdelingar. Det var mykje folk og god stemning.
 
Øvingshelg
Fredag 29., lørdag 30. og søndag 31. mars hadde vi øvingshelg i skulen i Vågsvåg. Vi starta fredag klokka 21.00. Tubaist i Eikanger Bjørsvik Musikklag, 2,05 meter lange Eirik Gjerdevik, var instruktør og gjorde ein glimrande figur.
 
Årsmøte
Søndag 31. mars klokka 15.00 gjennomførte vi årsmøte i Torskangerpoll Musikklag.
 
Kakelotteri
Lørdag 11. mai gjennomførte vi kakelotteri i Sentrumsparken. Vi selde frå klokka 10.00. 20 kaker vart lodda ut, og vi fekk inn nesten 4.000 kroner i det nydelege veret. Klokka 11.30 heldt vi lettkonsert. Vi spelte marsjar og underheldt ein halv time.
 
Jubileum Bryggja
Lørdag 11. mai deltok vi på Bryggja Musikklag sitt 100-års jubileum som vart markert med oppmarsj, festkonsert og festmiddag med dans. Det heile starta med oppmarsj frå Lothe sin butikk klokka 17.00. Kjølsdalen Musikklag, Måløy Musikklag, SUNO Brass deltok i tillegg til oss. Bryggja Musikklag var forsterka med musikantar frå Nordstranda Musikklag. Opptoget gjorde ein kort stopp ved gamleheimen, der alle spelte kvar sine nummer. Klokka 18.30 var det konsert i det nye grendehuset. Torskangerpoll Musikklag opna jubileumskonserten med Sirkus-suite, Vestland, Vestland og National Emblem. Under festmiddagen overrekte vi blomar til jubilanten. Fleire av medlemmene i T.poll var igjen på festmiddagen og dansen.
17. mai
Nasjonaldagen vart feira pè tradisjonelt vis, i strålande sol og flott ver. Kl. 07.00 i Oppedal, var korpset på plass og let &laqno;Ja vi elsker dette landet» ljome medan det norske flagg vart heist til tops. Etter morgonprosesjonen, som enda på keia, vart vi bedne på frukost på skulen. Klokka 10.15 var det barnetog frå byggefeltet og til skulen der det var barneleikar. Det spesielle i år, var at Holvik skulekorps var i Vågsvåg å spelte for første gong på nasjonaldagen. Mykje folk frå Holvik var mnøtt opp, og det vart eit svært tog.
Klokka 15.30 var det langt folketog frå vestro, til Grushola og tilbake til skulen, der det var folkefest. Musikklaget spelte nasjonalsongar, og hadde ei avdeling midt i.
 
Øvingshelg
Fredag 24. lørdag 25. og søndag 26. mai hadde vi øvingshelg på skulen i Vågsvåg. Instruktør var Reid Gilje. Vi øvde på stoff til konkurranse på Lillehammer.
Fredag kvelden var vi sosiale, og reiste i tre småbåtar til Skjærebuda på Silda. Vi var omlag 20 stykker. Det var stor stemning og ein kjekk tur, sjølv om ikkje det var så mange andre utanom folk frå vårt korps.
 
Musikkstemne Lillehammer
Fredag 14. juni klokka 12.15 frå Myrestrand, sette vi kursen mot Lillehammer og musikkstemne for Oppland ksins. Aal Musikkforening var teknisk arrangør. Vi var 27 aktive pluss 10 passive. terje køyrde bussen. Vi var framme på hyttene på Hafjell fredag kveld. Klokka 22.00 hadde vi ei kort øving av konkurransenummera, eit pliktnummer og eit sjølvvalgt.
Lørdag morgon reiste vi inn mot konsertsalen p Maihaugen for øving klokka 07.15. Etter oppvarming og prøving, spelte vi konkurranse klokka 08.45. Pliktummeret var &laqno;La Vaccaia», og det sjølvvalde nummeret var &laqno;A sirkus suitte». Vi spelte godt, og på festen om kvelden fekk vi 1. prisen i brass med 88,5 poeng. I brass var det to korps med. Totalt av dei sju som var med i brass og janitisjar, var det vi som fekk høgast poengsum.
Lørdag ettermiddag deltok vi i eit felleskorps, marsjerte gjennom sentrum, og hadde konsert i parken. Etter fellesopplegget, hadde vi eigen konsert i paviljongen i parken. Her spelte vi blant anna konkurransenummeret ein gong til. Klokka 19.00 var vi stivpynta og sette kursen mot musikarfesten i Håkonshallen på Lillehammer. Søndag hadde vi friluftskonsert på Sigrid Unsets Plass på Lillehammer. Etter konserten var vi og såg hoppbakken, og tok korpsbilde, før vi reiste til hyttene, pakka, og sette kursen heim. I bussen, både fram og tilbake, var det stor stemning, konkurransar, sang og ikkje minst basarar. Ivar og Øystein bidrog blant anna til mykje godt humør.
 
Hagekonsert
Fredag 21. juni spelte vi på hagekonsert hos Sissel og Dagfinn Færestrand. Dette var ein premie som dei vann under vår basar. Vi vart godt mottekne med stor grillfest i garazsjen. Vi spelte to avdelingar. Veteranen Johannes Torskangerpoll var med å spelte.
Jonsokafta
Lørdag 22. juni og søndag 23. juni arangerte vi saman med U.L. Klovningen dans og jonsokfest i Torskangerpollen. Lørdag var det dans ced Vikabu. Vi hadde bygd scene og danseflake, og vi hadde rigga til med grillar og styr. &laqno;Purple Rain» frå Stryn spelte, og det var kanskje grunnen til at det tok til å regne så smått siste timen. Det var godt med folk, og stor stemning.
Søndag var det karnevalstog frå skulen i Vågsvåg til Torskangerpoll der det var rømmegraut, grilling, bål og konkurransar. Også her kom det so smått og regne.
 
Stormfestival -96
Fredag 6. lørdag 7. og søndag 8. september arrangerte vi &laqno;Stormfestival -96». Følgande korps var påmeldt. Blank Messing, Florø, Dale Musikkorps, Eid Musikklag, Eidsvold Værk Musikkorps, Herøy Brass, Herøy Janitsjar, Kråkstad Musikkorps, Raufoss Musikk, Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk, Ørsta Hornmusikk, ØSS Ørskog Storblåsarsamband
Fana Musikklag og Førde Ungdomskorps hadde betalt inn påmeldingsgebyr, og var påmeldt, men melde seg av berre veker og dagar før festivalen. Fana tre veker og Førde under ei veke før festivalen.
325 deltok på festivalen.
Fredag:
Fredag var det mottaking i Samfunnshallen. Første korpset, Eidsvold Værk, kom allereie klokka 08.00 i nydeleg ver. Dei var på fisketur i Torskangerpollen. Klokka 19.30 serverte vi nydeleg klubb med flesk og kjøt til. Etterpå var det korpspresentasjon, der alle korpsa hadde små korte innslag på scena. Asbjørn Våge var programleiar, og var mannen bak Stormfestivalsen som T.poll framførte. Etterpå var det dans til &laqno;Steinars». Klokka 01.00 var det slutt. Då var det rydding og klargjering.
Lørdag:
Lørdag morgon var det frukost i kafeteriaen. Leiartreff klokka 09.00. Klokka 11.30 stilte korpsa opp på Terminalen og fiskerikaia i Måløy, og marsjerte inn til Torget i kostymer. Her var det opningsseremoni, og fellesnummer, &laqno;Ut mot havet» og &laqno;Festivalen». Dirigentar var Jonny Sælemyr og Arne Torskangerpoll. Kultursjef, Jorunn Lilleslett helsa frå kommunen, og formann Roar Ståle Vedvik helsa frå Torskangerpoll Musikklag. Johan Einar Wåge leia seansen. Etter opninga heldt korpsa småkonsertar rundt omkring i Måløy og Holvik. Klokka 14.00 var det rorbufest i Torskangerpollen. Her var det fisketurar, servering av stormsuppe og tørrsild, budapub, og stormkonkurranse. Spelegrupper frå Vigra og Florø underheldt. Erling Wåge leia seansen her.
Klokka 19.30 opna dørene i Samfunnshallen til stormgalla og havets festbord. Jens Brekke og Ottar Vik frå Sogn leia festen. Klokka 20.00 kom kveldens store overrasking, konsert med norges beste korps, Manger Musikklag. Ingen viste at dei skulle komme, og det var stilig då dei entra scena med ein times forykande korpskonsert. Dei fekk ståande trampeklapp fleire gonger. Etterpå var havets festbord dekka, med bugnande rettar frå havet. Berre så synd at serveringa gjekk litt seint. Etter premieutdeling for stormstafett og kostymetog, som forøvrig vart Dale som vann begge, var det dans med Staves til klokka 02.99.
Søndag:
Klokka 09.00 var det frukost. 10.30 grendakonsertar og klokka 12.00 var det avslutning og utmarsj frå Torget. Sølvi Loen leia seansen. Erling Wåge helsa frå festivalstyret. Det vart spelt fellesnummera. Etter at kvart korps hadde fått si korpsgåve, marsjerte dei ut, og reiste heim. Klokka 15. 00 var det publikumskonsert med Manger Musikklag. I det nydelege veret var over 300 på konsert. Manger var kjempefornøgd, og sa dei gjerne ville komme igjen. Erling Wåge var konfransier. Klokka 20.00 hadde vi skalkefest på skulen i Vågsvåg.
I hovedkomiteen sat: Erling Wåge (leiar), Helge Oppedal, Terje Våge, Gun-Tove Gursli, Johan Einar Wåge, John Svarstad, Roar Ståle Vedvik, Bjarte Færestrand.
 
Øvingsstart
Tirsdag 10. september starta vi med første øving etter ferien. Den seine starten skuldast alt arbeidet med stormfestivalen. Vi var 18 stykker. I pausen hadde vi etterpåstormfestival-kake.
 
Konsert Sentrumsparken
Hausten sitt første spelemessige oppdrad var i Sentrumsparken i Måløy 16. november klokka 11.30. Vi spelte marsjar og lettmusikk i ein halvtime i samband med Lions Club sin innsamlingsaksjon til eit eller anna instrument til Nordfjord Sjukehus. Veret var fint, og vi spelte heilt greit.
 
Musikkbasar
Søndag 17. november skipa vi til basar i skulen i Vågsvåg. I år er det første året at basaren er gjennomført på ein dag. Vi starta klokka 16.00 og var ferdige klokka 21.30. Det var svært med folk. Vi spelte to avdelingar, og omlag klokka 19.00 heldt Måløy Songlag ein gjestekonsert. Vi samla inn omlag 41.000 kroner. Hovudpremien var ein weekwndtur til Oslo. Premien vart vunnen av Arve Oldeide. Klubben sin duk vann Kåre og Liv Våge.
 
Julegrantenning
Søndag 1. desember spelte vi til julegrantenning på skulen i Vågsvåg. U.L. Klovningen arrangerte. På grunn av dødsfall i bygda, vart arrangementet korta inn kun til gang rundt juletreet.
 
Frelsesarmeen
Lørdag 7. desember klokka 16.00 spelte vi på konsert på Frelsesarmeen i Måløy, saman med Frelsesarmeen sitt mannssamband, eit svært dyktig kor. Vi spelte to avdelingar som bestod av roleg julemusikk.
 
Julekonsert
Søndag 22-12 var vi arrangør av den tradisjonelle kyrkjekonserten i Sør-Vågsøy kyrkje. Konserten starta klokka 18.00. Torskangerpoll Musikklag øvde klokka 16.00 til 17.00. Dei som var med på konserten var, Skavøypoll Skulemusikk. Måløy Ten Sing, Ytre Nordfjord Brass, Måløy Musikklag, Måløy Songlag, Holvik Skulekorps. Terje leia konserten. Torskangerpoll Musikklag var heile 34 medlemmer. Vi spelte heilt til slutt.
 
Årsfest
Fredag 27. desember arrangerte vi årsfest i Turnhallen. Det heile opna med mat. Så var det utdelingar av heidersteikn. Bjarte Færestrand fekk Torskangerpoll Musikklag sin 30 års medalje for 30 års medlemskap. Nestleiar i Norges Musikorps Forbund, Sogn og Fjordane, Ingfrid Solheim var møtt opp for å dele ut Norges Musikkorps forbund sin fortenestemedalje til Bjarte Færestrand, Johan Einar Wåge og Terje Våge. I tillegg fekk Arne Øvrelid forseinka 50-års gåve frå korpset. Eit tinnkrus med inskripssjon. Den eigentlege dagen var 17. juli, men då var jubilanten bortreist. I tillegg fekk desse blomar; avtroppande formann, Johan Wåge blomar, formann Roar Ståle Vedvik og dirigent Arne Torskangerpoll, for god innsatsTorskangerpoll. Erling Wåge markerte også avslutninga av ein svært velukka stormfestival med tre fotomontasjar frå dei tre festivalane, bluss ei rose til alle i hovedkomitéen. Etterpå vart det dans til flott musikk av Steinars. Hundre personar deltok, og det vart ein svært koseleg kveld.
 
Juletrefest
Søndag 29. desember klokka 18.00 arrangerte vi juletrefest i samarbeid med Frelsesarmeen i skulen i Vågsvåg. Det møtte op mykje folk og festen varte i 3,5 timar. Det var stor stemning. Tradisjonen tru så starta Torskangerpoll Msuikklag med ei eiga avdeling. Lars Bråthen held andakt. Etterpå gjekk vi rundt juletreet geleida av den energiske Alv Låstad og Terje Våge på trekkspel. Etter kaffipause og julenissebesøk, vart det meir juletregang. Torskangerpoll Musikklag avslutta den trivelege kvelden. Ungdomslaget delte ut prisar for fjelltrim i 1996.

klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt