Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 1997

Øvingsstart
Tirsdag 7. januar starta vi med årets første øving. 19 var på denne øvinga.
 
Øvingshelg
Fredag 21. lørdag 22. og søndag 23. mars skipa vi til øvingshelg på skulen i Vågsvåg. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på stoff til konkurransen på Tomrafestivalen. ørdag kveld hadde vi sosialt samvær i Odd Fellow sine lokaler i Måløy.
 
Årsmøte
Søndag 23. mars var det årsmøte på skulen i Vågsvåg.       
 
Øvingshelg
Søndag 6. april hadde vi ekstraøving i gymsalen på Skavøypoill skule med instruktør Eirik Gjerdevik. Vi starta klokka 10.00 og holdt på til 15.15. 30 deltok på øvinga som var med tanke på konkurransen til Tomra Brass.
 
Ørskog og Tomrafestivalen
Etter ei ekstraøving torsdag 17. april, reiste vi fredag klokka 16.30 med kurs for Tomrefjorden der vi hadde meldt oss på Tomrafestivalen. Vi kom fram fredag klokka 22.00, og hadde ei rask øving på skulen. Silje og Idar kom med fly, og møtte oss i Ålesund.
Vi budde på hytter på ein campingplass. Lørdag klokka 11.30 starta konkurransen, og vi var første korps ute. Vi stilte i tredjedivisjon saman med Hjørungarvåg Brass. Vi vann suverent og fekk 93 poeng totalt, seks for programval. Det andre korpset fekk 89 poeng. Lisbeth Helen Våge fekk solistprisen. Vi spelte &laqno;Over The Rainbow» (Solist: Lisbeth Helen Våge), &laqno;A Sircus Suite» 1. 2. og 4. sats, &laqno;Someone Cares fra &laqno;Take over bidd»» ( solist: Terje Våge) og &laqno;Hello Dolly» med innlagt sang. Om kvelden var det flott konsert med Ila Brass. Etterpå var det pub-runde og dans. Søndag sette vi kursen heim klokka 11.00 etter ei velukka helg. I Deknepollen vart vi møtt av utkledde og flaggpryda sambygdingar, med Rune og Inger Færestrand i spissen. Vi fekk nydelege kaker og kaffi, og sigeren vart grundig feira.
 
17. mai
I eit nydeleg ver, i sol frå ein skyfri og blå himmel, stilte vi i Oppedal klokka 07.00. Etter salutt frå Storenåsa og &laqno;Ja vi elsker dette landet», starta vi morgonprosesjonen. Etter ein flott tur med marsj-speling enda vi opp på kaia i Vågsvåg. 17. mai-komitéen spanderte nydeleg frukost på skulen. Smørbrød og kaker. Under denne seansen vart det sett ekstra stas på Audun Færestrand som fylte 70 år. Johan Wåge held tale, og Stranden fekk gåvesjekk og sang frå musikklaget.Klokka 10.15 stilte vi opp i bygefeltet, og spelte til barnetog som gjekk til skulen i Vågsvåg. Her var det mykje folk og stor stemning. Klokka 12.30 stilte ei miniutgåve av korpset opp og spelte fire vers av &laqno;Gud signe vårt dyre fedreland». Dette skjedde i samband med ein korsbod som er på veg i samband med markeringa av kyrkja sitt 1000-års jubileum. Krossen skal ende opp på Dragseidet 25. mai. Kloka 15.30 starta folketoget frå Vestro. I det nydelege veret stilte store deler av korpset berre i skjortene. Og etter å ha marsjert til Grushola, og opp til skulen, var det nok mange som var glad for at vi var så lettkledde. I det varme veret vart det ein &laqno;heit» tur. Etter folketoget var det folkefest på skulen. Første halvdelen føregjekk inne, resten i det nydelege veret i det fri. Det er truleg lenge sidan, om aldri før, at det har vore så mykje folk samla på ein 17. mai-fest på skulen.
 
Stranden sin 70-års dag
Mandag 18. mai feira Audun &laqno;Stranden» Færestrand sin 70 års-dag. Famile og vener hadde laga til ein gedigen fest i Funkissalen. 120 gjester møtte opp, og fekk boltre seg i eit bugnande koldtbord. 27 medlemmer av Torskangerpoll Musikklag stilte opp ved Fjordenes Tidende sitt bygg, og marsjerte til festlokalet. Inne haldt vi ein minikonsert til ære for den spreke 70-års-jubilanten. Det vart ein triveleg fest. I tillegg til muntre tonar og munter sang, fekk Audun eit innramma foto av seg sjølv i uniform ombord i Hendavik, pluss blomar. Erling leia festen. Og Stranden var fornøgd med bidraget frå polljane, og takka.
 
Dugnad
Onsdag 21. og 28. mai arrangerte vi dugnadar. 15 møtte opp første onsdagen, og 12 andre. Vi jobba med maling av huset, rydding og vasking, riving av skorstein, tetting av tak og vindu, grusing av veg, fjerning av gjerde, fjerning av greiner. Dugnaden starta klokka 18.00 og vi heldt på til klokka 22.30. I pausen var det kaffi og vaflar begge kveldar.
 
Parkonsert, lotteri og marsjering
Fredag 30. mai spelte vi i Måløy sentrum. Vi starta frå Spiralen og marsjerte gjennom Gate 1 til Sentrumsparken. Her arrangerte vi kakelotteri, og heldt ein 40-minutters lettkonsert. På grunn av landskamp på TV, Norge Brasil, så var det lite folk i sentrum, men loddsalet gjekk svært godt. Butikkane hadde kveldsope i samband med korstemne. Veret var grått, overskya, og på slutten av parkkonserten vart det nokre lette dråpar frå oven. Norge vann forresten landskampen 4-2.
 
Stemne på Raufoss
Torsdag 12. juni klokka 23.00 sette vi kursen mot Raufoss i buss, med Terje og Johan som sjåfør. Vi køyrde heile natta, og vart møtt av Espen, vår korpsguide, fredag morgon klokka 07.00. Vi vart innlosjert på Toten Hotell, eit idyllisk hotell ei mil utanfor Raufoss. Klokka 14.00 øvde vi i konsertlokalet på konkurranseprogrammet. Klokka 16.30 sette vi oss i bussen med kurs for Eidsvoll der vi hadd ein triveleg kveld saman med Eidsvol Værk Musikkforening. Vi vart møtt av hornmusikk, og apretiff. Vi kvitterte med ein svært vellukka lettkonsert. Etterpå vart det middag og dans, før vi over midnatt returnerte til hotellet. Bjarte vart ekstra hylla. Han feira 45 års-dagen sin.
Lørdag var det tidleg frukost, før vi stilte opp til ein dyrisk lang oppmarsj i Raufoss sentrum. Etter opning av stemnet, så spelte vi på konkurranse. Bortsett frå ein liten miss, så var vi fornøgd med prestasjonen. Om kvelden var det musikarfest i Raufosshallen. Vi utmerka oss med sang. Høgdepunktet var nok premieutdelinga der Britt Hilde Våge og Torskangerpoll Musikklag vart kåra til vinnar.
Søndag var det oppmarsj i storkorps. Vi spelte saman med to andre korps. Under avslutningsseremonien, fekk Asbjørn Våge tildelt Norges Musikkorps sin fortenestemedalje for lang og tru teneste. Så var det populærkonsert i parken. her slepte vi oss skikkeleg lause, og vart overdryssa med lovord etter ein svært så vellukka konsert. Så takka vi for oss, og sette kursen heimover. Omlag klokka 23.00 var vi heime, etter ein svært velukka tur. Både på turen nedover og oppover var det konkurransar, basar, bingo og mykje godt humør.
 
Ivar 60 år
Lørdag 21. juni feira Ivar Torskangerpoll sin 60-års -dag, som eigentleg var 19.juni. 18 medlemmer i Torskangerpoll stilte opp og hylla jubilanten med muntre tonar. Det vart taler og gaveoverrekkingar.
 
Jonsok-moro
Mandag 23. juni arrangerte vi jonsok saman med U.L. Klovningen. Vi starta med opptog frå skulen i Vågsvåg klokka 18.00. Vi gjekk til Vikabu, der arrangementet vidare om kvelden gjekk førte seg. Planen var å vere lenger nord, men på grunn av dårleg vér, så flytta vi i hus. Der spelte vi to avdelingar, og det vart servering av rømmegraut og grilling av pølser. Det var møtt fram mykje folk, trass i at veret var dårleg. Det svære bålet som åtte ungdommar hadde bygd, kunne ikkje tennast på grunn av vind. Mern bålet var imponerande.
 
Øvingsstart
Tirsdag 26. august starta vi med øving i haust. 23 var på den første øvinga.
 
Blåtur
Lørdag 20. september klokka 16.00 reiste 16 muntre musikatar på blåtur. Berre tre viste kvar målet var. Etter å ha plukka opp alle, så var det apretiff i eit naust i Refvik. Etterpå gjekk turen til Måløy, og ombord i Oldeide-ferja. Her starta komplikasjonane. Bussjåfør og reiseleiar, vart forsein på ferga, men ein sporty kaptein bakka opp under Måløy-brua, bakka inn til fiskerikaia, og plukka opp den akterutseilte. Turen gjekk med Rutebilane i Bremanger til Berle. Vi besøkte tunnelane som tyskarane bygde under krigen. Etterpå køyrde vi via Grotlesanden til Kalvåg. Resten av kvelden brukte vi på Knutholmen. Vi fekk servert nydeleg havets festbord. Vi sang og dansa resten av kvelden. Så hadde vi buss tilbake til Oldeide, og Øyglimt heim. Alle var samde om at det hadde vore ein kjekk tur.
 
Basar Raudeberg
Søndag 19. oktober spelte vi ei avdeling under Raudeberg Skulemusikk sin basar i samfunnshuset på Raudeberg. Vi slepte til klokka 18.15, og spelte fire melodiar. Vi var 24 musikarar. Etterpå fekk boltre oss i eit bugnande kakebord med nydeleg kaffi til.
 
Øvingshelg
Fredag 24. lørdag 25. og søndag 26. oktober skipa vi til øvingshelg på skulen i Vågsvåg. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen. Det meste av helga kjempa vi med hovedstykket, dimmensjoner.
 
Musikkbasar
Søndag 2. november skipa vi til basar i skulen i Vågsvåg. Vi starta klokka 16.00 og var ferdige klokka 21.30. Det var svært med folk. Vi spelte to avdelingar. Klokka 16.00 starta vi med å spele gjennom heile konkurranseprogrammet som vi skal ha på Sogn og Fjordane Meisterskapen for korps på Sandane. Omlag klokka 18.00 heldt Holvik Skulekorps ein gjestekonsert. Vi samla inn omlag 40.000 kroner. Hovudpremien var ein shoppingtur til Bergen for to. Premien vart vunnen av Terese Færestrand. Klubben sin duk vann Jenny Verpeide.
 
Sogn og Fjordane Meisterskap
Lørdagb15. november deltok vi på Sogn og Fjordane Meisterskap for amatørkorps på Sandane. Gloppen Janitsjar var arrangør. Det var fire korps i brassklassen. Torskangerpoll Musikklag, Jølster Musikklag, Florø Musikklag, Kjølsdalen Musikklag. Vi spelte godt, og fekk 95 poeng, og ein flott tredjeplass. 88 poeng for framføring og 7 poeng for programval.
Resultatet vart slik
 
Korps Framføring Programval Totalt
Jølster Musikklag 94 8 102
Kjølsdalen Musikklag 92 8 100
Torskangerpoll Musikklag 88 7 95
Florø Musikklag 86 5 91
 
Vi hadde lydprøve i konsertlokalet, aulaen på Firda Vidaregåande skule, klokka 10.15. Eit kvarter fekk vi prøve. Vi spelte som første korps i vår klasse. Varma opp klokka 15.00, og spelte klokka 15.30. Vi spelte &laqno;The Standard of st. Georg», &laqno;Det klaraste lyset» med Helene Færestrand som sangsolist, &laqno;Two Little Finches», med Kjell Torskangerpoll og John Inge Våge som solistar, og til slutt &laqno;Dimensjons». Det siste stykket varte i 9 minutt. Vi fekk fine og konstruktive kommentarar. Dommarar var: Erling Myrseth og Jan Roger Øren.
Vi reiste i privatbilar og starta tidleg lørdag morgon. Dei fleste budde på Gloppen barne- og Ungdomsskule, nokre på hotell. Nokre reiste utatt etter konkurransen lørdag kveld. Dei som var igjen, var på fest i Breimshallen der det var mykje folk samla, høg musikk og høg stemning. Vi var 33 aktive. Desse var med: Færestrand, Audun *Færestrand, Bjarte *Færestrand, Bjørn Otto *Færestrand, Dianne *Færestrand, Helene *Færestrand, Jan Magne *Gravdal, Tor Åge *Gravdal, Trond Viggo *Gursli, Gun-Tove *Knotten, Anne-Mari *Kråkenes, Birthe *Kråkenes, Johan *Kråkenes, Stine *Loen, Sølvi Ann *Nerland, Tove *Oldeide, Endre *Svarstad, John Vidar* Torskangerpoll, Arne *Torskangerpoll, Ivar *Torskangerpoll, Kjell *Torskangerpoll, Sigrid *Vedvik, Roar Ståle *Velle, Johanne
Våge, Asbjørn *Våge, John Inge *Våge, Kåre Jostein *Våge, Lisbeth Helen *Våge, Terje *Wåge, Alice Oddny Haus *Wåge, Erling *Wåge, Johan Einar *Wåge, Lina *Øvrelid, Arne
Den store akta var då Arne &laqno;Øvren» Øvrelid gjekk på feil buss etter festen i Breimshallen. Bussen skulle til Stryn. Det oppdaga ikkje Øvren før det barst oppover Utvikfjellet. Øvren stansa bussen, gjekk av, og i småsko, dress og slips, og med ein stor porsjon pågangsmot, gjekk han den lange turen frå Breim til Sandane. Strekninga er 1,3 mil - 13 kilometer ­ 1.300 meter. Det blir 3.255 steg i stummande mørke, midt på natta. Det er to tunnelar på strekninga, den eine ganske lang. Øvren opplyser at han var ved godt mot heile tida, og tenkte aldri på å gje opp, eller snu. Fleire bilar passerte den trakkande mannen om natta. Til dette fekk Øvren meisterskapen sin vandrepokal.
 
Julegrantenning
Søndag 30. november klokka 16.00 spelte Torskangerpoll Musikklag til tenning av julegran på skulen i Vågsvåg. Sjølv om korpset, av ulike grunnar, var litt mannskapsmessig redusert, så vart det julestemning. Korpset spelte julesongar medan dei frammøtte gjekk rundt juletreet. Etterpå var det julegrantenning-fest inne i skulen.
 
Julekonsert
Lørdag 20. desember klokka 17.00 deltok vi på kyrkjekonsert i Sør Vågsøy Kyrkje. Vi spelte tre nummer som opning av konserten. &laqno;Nå tennes tuseb julelys», &laqno;Vitae Lux» og &laqno;O´come all ye faithful». Torskangerpoll Musikklag øvde klokka 15.30 til 16.15. Dei som var med på konserten var, Skavøypoll Skulemusikk. Måløy Ten Sing, Ytre Nordfjord Brass, Måløy Musikklag, Måløy Songlag, Holvik Skulekorps, Skram Skoles Musikkorps. Arnfinn Slinning leia konserten. Måløy Songlag arrangerte.
 
Juletrefest
Søndag 28. desember arrangerte vi juletrefest i samarbeid med frelsesarmeen i skulen i Vågsvåg. Det møtte opp mykje folk og festen varte i 3,5 timar. Det var stor stemning. Tradisjonen tru så starta Torskangerpoll Msuikklag med ei eiga avdeling. Lars Bråthen held andakt. Etterpå gjekk vi rundt juletreet geleida av den energiske Alv Låstad og Terje Våge på trekkspel. Etter kaffipause og julenissebesøk, vart det meir juletregang. Torskangerpoll Musikklag avslutta den trivelege kvelden med ei musikalsk avdeling. Alf Låstad vann ein ekstragevinst, og fekk dirigere korpset, i følge han sjølv eit av sine høgste ynskje, i melodien, O jul med din glede.
 
Årsfest
Lørdag 3. januar arrangerte vi årsfest for 1997 i Turnhallen. Folk vart ønskt velkommen til ein koseleg pynta festsal med nydeleg Johan-punch. John Inge Våge og Erling Wåge leia festen. Så var det matøkt. Koldtbord som var tillaga av Jensen i Kjølsdalen. Seinare på kvelden var det kaffi og eit bugnande kaffi og dessertbord. Formann Johan delte ut Torskangerpoll Msuikklag sin 40-års-medalje til Kåre Våge Kåre starta i 1957. Johan delte og ut blomster til dirigent Arne Torskangerpoll, til May-Britt Bjørhovde og Roar Ståle Vedvik, som begge har vore i styret. Ivar Torskangerpoll og Erling Wåge fekk i tillegg blomar for flott innsats med Vredens Gnag. Det var allsang og ein bordkonkurranse som Ivar hadde laga. Det var og eit lynlotteri. Etterpå vart det dans til flott musikk av Storøy, ein duo frå Møre. 120 personar deltok, og det vart ein svært koseleg kveld. Festen varte til klokka 02.00. Då kunne dei som ville komme seg heim med buss. I komiteen var Kjell Torskangerpoll (leiar), John Inge Våge, Johanne Velle, Gun Tove Gursli, Tove Nerland, Johan Einar Wåge, Erling Wåge, Terje Våge, John Svarstad og Roar Ståle Vedvik. Det var tillaging lørdag klokka 15.00 og opprydding søndag klokka 14.00.
klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt