Dette har Torskangerpoll gjort i 1998

 
Årsfest
Lørdag 3. januar 1998 arrangerte vi årsfest for 1997 i Turnhallen. Folk vart ønskt velkommen til ein koseleg pynta festsal med nydeleg Johan-punch. John Inge Våge og Erling Wåge leia festen. Så var det matøkt. Koldtbord som var tillagt av Jensen i Kjølsdalen. Seinare på kvelden var det kaffi og eit bugnande kaffi og dessertbord. Formann Johan delte ut Torskangerpoll Musikklag sin 40-års-medalje til Kåre Våge Kåre starta i 1957. Johan delte og ut blomster til dirigent Arne Torskangerpoll, til May-Britt Bjørhovde og Roar Ståle Vedvik, som begge har vore i styret. Ivar Torskangerpoll og Erling Wåge fekk i tillegg blomar for flott innsats med Vredens Gnag. Det var allsang og ein bordkonkurranse som Ivar hadde laga. Det var og eit lynlotteri. Etterpå vart det dans til flott musikk av Storøy, ein duo frå Møre. 120 personar deltok, og det vart ein svært koseleg kveld. Festen varte til klokka 02.00. Då kunne dei som ville komme seg heim med buss. I komiteen var Kjell Torskangerpoll (leiar), John Inge Våge, Johanne Velle, Gun Tove Gursli, Tove Nerland, Johan Einar Wåge, Erling Wåge, Terje Våge, John Svarstad og Roar Ståle Vedvik. Det var tillaging lørdag klokka 15.00 og opprydding søndag klokka 14.00.
 
1. øving
Tirsdag 6. januar var det første øvinga i 1989. Vi var 20 stykke på denne øvinga.
 
Øvingshelg
Fredag, lørdag og søndag 13. 14. og 15 februar hadde vi øvingshelg i Samfunnshallen med Eirik Gjerdevik som instruktør. Dette vart ei gjevande helg, og som avslutning vart det konsert i Samfunnshallen søndag ettermiddag.
 
Konsert
Søndag 15. februar arrangerte vi brasskonsert i Samfunshallen. Konserten starta klokka 16.30. Kjølsdalen Musikklag var med, og starta konserten med eit halvtimes program. Etterpå var det Ytre Nordfjord Brass sin tur med ein halv time. Vi slutta av den svært vellukka konsert med ei avdeling som vart vel teke imot av publikum. Eirik Gjerdevik var gjestedirigent, og vi fekk ståande trampeklapp, og må¨tte til med ekstranummer. 200 personar var møtt fram.
 
Øvingshelg
Fredag, lørdag og søndag 3. 4. og 5. april hadde vi øvingshelg i skulen i Vågsvåg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Dette vart ei gjevande helg der vi øvde på stoff til Tomra-festivalen
 
Tomra & Ørskog Brass Festival
Lørdag 25. april deltok vi på Tomra & Ørskog Brass Festival i Tomrefjord i Møre og Romsdal. Etter å ha vunne 3. divisjon i fjor, stilte vi i år i 2. divisjon. Vi konkurrerte med fire andre korps, Harøy Musikklag, Kjølsdalen Musikklag, Skodje Ungdomskorps og Trondheim Politi´s Brassband. Vi fekk totalt 92 poeng, og vart nummer fem. Fine kommentarar, og for oss ein høg poengsum i ein for oss høg divisjon, gjorde at vi var godt fornøgd. Vi reiste fredag klokka 16.00 frå Myrestrand, og hadde ei kort øving etter at vi kom fram til Tomra skule. Det var her vi budde, og alle såg ut til å trivast med sovepose, luftmadrass, solsenger og felles kjøkken på skulekjøkkenet. Vi spelte først i 2. divisjon, klokka 12.00. Vi spelte &laqno;The Standard og St. George», Berceuse», &laqno;Bohemian Rapsody» og &laqno;Cornets a-go-go». Arne Torskangerpoll dirigerte. Trond Eklund Johansen og John Brakstad var dommarar. Vi fekk femteplass, og 92 poeng. Vi vart eit poeng bak Kjølsdalen Musikklag. Vi var godt fornøgd med den høge poengsummen, og fekk konstruktive og positive kommentarar frå dommarane.
Resultat 2. divisjon:
Nr.1 Trondheim Politi´s Brassband 100 poeng
Nr.2 Skodje Ungdomskorps 98 poeng
Nr.3 Harøy Musikklag 96 poeng
Nr.4 Kjølsdalen Musikklag 93 poeng
Nr.5 Torskangerpoll Musikklag 92 poeng
På festmiddagen om Kvelden så underheldt Eikanger Bjørsvik Musikklag. Her var det 300 personar samla. Torskangerpoll Musikklag overraska heile forsamlinga med flott fleirstemt sang. Midt under premieutdelinga reiste vi oss og framførte ein spesialdikta &laqno;For seg sjølv»-sang til vill applaus. Glimrande korframføring av eit korps. Etter premieutdelinga var det dans. Vi reiste heim søndag i middagstida. På bussturen var det konkurransar, diplomutdeling, og svært god stemning.
Desse var med på konkurransen i Tomra: Audun Færestrand, Bjarte Færestrand, Helene Færestrand, Jan Magne Færestrand, Tor Åge Gravdal, Trond Viggo Gravdal,
Anne-Mari Knotten, Birthe Kråkenes, Johan Kråkenes, Stine Kråkenes, Sølvi Ann Loen, Rune Andre Myklebust, Tove Nerland, John Vidar Svarstad, Arne Torskangerpoll, Ivar Torskangerpoll, Kjell Torskangerpoll, Roar Ståle Vedvik, Laila Nyborg, Johanne Velle
John Inge Våge, Lisbeth Helen Våge, Terje Våge, Erling Wåge, Johan Einar Wåge, Lina Wåge, Arne Øvrelid.
 
Lotteri og konsert
I eit nydeleg vér så var det god stemning sentrum av Måløy lørdag 16. mai. Torskangerpoll Musikklag hadde kakelotteri på to plassar, ved Sentrumsparken og på Måløy Brygge. I løpet av eit par timar var alle kakene borte, og lodda selde ut. Torskangerpoll Musikklag marsjerte gjennom Gate 1. Mykje folk rundt gjorde dette til ein flott tur. I Sentrumsparken og inne i andre etasje på Måløy Brygge heldt vi minikonsertar, pluss innlagt sang. Vi fekk mykje skryt, og følte sjølv at vi hadde fått til ein flott konsert.
 
17. mai
Sola strålte frå ein skyfri himmel, og flagga vaia i den lette nordaustlege brisen. Ramma for nasjonaldagen var perfekt. Dagen vart arrangert på tradisjonelt vis. Vi starta i Oppedal klokka 07.00 med Ja vi elsker og morgonprosesjon til kaia i Vågvsåg. Etter det bar det til skulen i Vågsvåg, og nydeleg frukost med god stemning. Klokka 10.15 var det barnetog frå byggjefeltet til skulen der det vart arrangert barneleikar. Nytt av året var samarbeid med Holvik Skulekorps. Vi spelte saman som eit stort felleskorps. Mykje folk, gjorde dette til eit flott korps. Torskangerpoll Musikklag kvitterte med å spele saman med Holvik i folketoget i Holvik klokka 14.30. Dette var svært positivt. Folketoget i Vågsvåg starta klokka 16.00 på Vestro, gjekk til Vågsberget og returnerte til skulen i Vågsvåg der det var samla mykje folk til folkefest. Vi heldt ein minikonsert, pluss at vi framførte sangen vår.
 
Hagekonsert
Fredag 22. mai klokka 19.30 heldt vi hagekonsert hos Per Hamnaberg og Helga Lindvik. Konserten var ein premie som vart lodda ut på basaren i november 1997. Den vart vunnen av Magda Larsen. Ho takka for konserten, men ville spandere den vidare til Per Hamnaberg. Vi heldt ein førti minutters populærkonsert, med lett underhaldningsmusikk og mykje sang. Etterpå var det grilling på storgrillar. Folk hadde med seg grillmat og drikke, pluss at Helga hadde laga til ein god del. Veret var flott, og det vart ein triveleg kveld.
 
Dugnad
Mandag 25. mai klokka 18.00 var det ryddedugnad på skulen. Mange folk møtt opp. Vi fekk rydda, vaska, malt litt, tetta deler av holet etter skorsteinen. I tillegg jobbe ein gjeng med registrering av notearkivet på data. Det var svele, kaffi og brus, og stor stemning.
 
Blåtur -98
Lørdag 6. juni var det blåtur. 32 smilande blåturdeltakarar samlast forventningsfulle ved InterComTerminalen i Måløy klokka 13.50. Kun blåturkomitéen, Johan og Erling, visste kvar turen skulle gå. Alle gjekk om bord i skyssbåten &laqno;Øyglimt». Alle måtte tippe kvar turen skulle ende. Forslaga og tipsa var mange. Turen med &laqno;Øyglimt» gjekk via fiskerikaia, og ein akterutsegla blåturist, og rett til Måløy Fiskeindustri si kai på Trollebø. Her hadde Helge Oppedal og Terje Våge rigga seg til med trekkspel, kostyme og aperetiff. Tiltaket vart svært godt motteke og stemninga var perfekt frå første stund. Etter litt seremoni, sette vi oss i to minibussar, som vi på grunn av streik blant bussjåførar hadde fått låne. MIL-bussen og Skavøypoll-bussen. Instrumenta plasserte vi på ein hengar. I eit aldeles nydeleg ver, bar turen innover fjorden, heilt til Olden. Der var det planlagt speling om bord i eit fransk turistskip, &laqno;Costa Marina». Vi heldt ein svingande og humørfylt konsert på soldekk, og fekk stor applaus frå franske luksusturistar. 300 turistar kosa seg på det flotte soldekket med svømmebasseng. Etterpå fekk vi spandert på oss øl og mineralvatn. Frå kaia spelte vi fanfare då skipet majestetisk la frå kai. SÅ gjekk turen vidare til Loen, og hotell Alexandra. Her spelte vi konsert i hagen, og for det fekk vi hall pris på middag i restauranten. Så var vi i restauranten og kosa oss til vi sette kursen heim litt over klokka 02.00. Heime var alle samde om at dette hadde vore ein flott opplegg. På turen var det konkurransar, sang og mykje godt humør.
 
Jonsokafta
Tirsdag 23. juni klokka 17.30 letta det tunge skydekket, for å sleppe fram sola. DÅ starta jonsokfeiringa med kostymeopptog frå kaia i Vågsvåg til Vågsberget. Mykje folk møtte opp. Etter ein vellukka marsj, var det rømmegrautsal, kaffi og kaker på Vågsberget. Torskangerpoll Musikklag heldt konsert. T.poll var, av ulike årsaker svært redusert besetning. På Vågsberget kosa folk seg med eit voldsomt stort bål. Det var konkurransar og lotteri. Torskangerpoll Musikklag og U.L. Klovningen samarbeida om arrangementet. Så gjekk folk heim og såg at Norge slo Brasil med 2-1 i ein spennande kamp.
 
Frelsesarmeen
Fredag 11. oktober klokka 19.00
 
Skalldyrfestival
Lørdag 26. september klokka 10.00 spelte vi i Måløy i samband med skalldyrfestival. I lett duskregn marsjerte vi i gata, og stansa ulike plassar og spelte. Vi var 20 i korpset.
 
Basar
Søndag 27. september klokka 17.00 arrangerte vi musikkbasar i skulen i Vågsvåg. Grunnen til at basaren i år er tidlegare enn vanleg, er at vi i november skal arrangere Sogn og Fjordane Meisterskapen for korps. Det vart ein flott basar med mykje folk og godt sal. Brutto kom det inn 37.000 kroner. Holvik skulekorps og Raudeberg skulemusikk var gjestekorps. Hovedpremien var ein flott duk frå musikklubben, og reise for to tur-retur Bergen med ekspressbåten. Den morsomme premien var hagekonsert, som vart vunnen av Per Hamnaberg. Det var tradisjonelle aktivitetar. Trekkinga var ferdig omlag klokka 21.30
 
Øvingshelg
Fredag 16. lørdag 17. og søndag 18. oktober hadde vi øvingshelg. Med Eirik Gjerdevik som instruktør.
 
Øvingshelg
Lørdag 07. og søndag 08. november hadde vi øvingshelg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Lørdag var vi i skulen i Vågsvåg. Søndag var vi i Samfunnshallen.
 
Informasjonsmøte
Søndag 8. november arrangerte vi informasjonsmøte om Sogn og Fjordane Meisterskapen for korps på skulen i Vågsvåg.
 
Sogn og Fjordane Meisterskap for korps
Etter mange månader med planlegging arrangerte vi fredag 13. november, lørdag 14. og søndag 15. Sogn og Fjordane Meisterskap for korps. Det heile starta fredag med solist og ensemble-konkurranse i Turnhallen. Terje leia konkurransen med Johannes Mangarsnes og Erling Myrset som dommarar. Lisbeth Helen Våge var einaste deltakar frå vårt korps, og ho stilte i solistkonkurransen og vann si klasse.Denne konkurransen vart avslutta med premieutdeling og trekking av rekkjefølgja i korpskonkurransen. Terje Våge var konferansier på denne konkurransen. Samstundes som denne konkurransen pågjekk, så var det mykje folk i sving i Turnhallen for å lage til den. Folk jobba der inne til tre om natta. Lørdag morgon var det frukost i Samfunnshallen. Torskangerpoll Musikklag hadde øving med gjestedirigent Eirik Gjerdevik klokka 08.00 om morgonen. Klokka 09.30 var det informasjonsmøte. Lørdag opna korpskonkurransen der det deltok åtte korps.
Fem i brass og tre i janitsjar. Desse deltok på konkurransen:
Janitsjar: Måløy Musikklag, Førde Ungdomskorps, Gloppen Janitsjar.
Brass: Jølster Musikklag, Kjølsdalen Musikklag, Salhus Musikklag, Ytre Nordfjord Brass, Torskangerpoll Musikklag. Stryn Musikklag var og påmeldt, men melde avbod på grunn av at dei mangla dirigent.
Solistar
Silje Støfring Vassenden Skulemusikk, Monica Stensaker Vassenden Skulemusikk, Elin Holme Gloppen Janitsjar, Hildegunn Gilleshammer Kjølsdalen Skulemusikk, Lisbeth H. Våge Torskangerpoll Musikklag, Otto Søvik, Florø Hornmusikk, Sigyn Solberg Florø Hornmusikk
Ensamble
Skei Skulemusikk, Florø Hornmusikk, Solund Skulemusikk, Solund Skulemusikk 2
Divisjonsmusikken Vestlandet
Klokka 10.50 opna korpskonkurransen med ordførar Liv Henjum, krinsleiar Bodil Bjørlo Takle og leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge. Johan Kroken frå Flatraket var konferansier. Klokka 11.00 starta første korps i brass, Jølster Musikklag. Torskangerpoll spelte som nummer to.
Etter konkurransen, omlag klokka 16.00, var det full jobb med å forandre samfunnshallen frå konsertlokale, til koprsbankett og langbord. Denne jobben gjekk raskt, og klokka 17.30 fekk Divisjonsmusikken Vestlandet sleppe til med øving. Klokka 19.00 opna dørene til ein nydeleg pynta samfunnshall. Presis klokka 19.30 så vart divisjonsmusikken ønskt velkommen av kveldens konferansier Erling Wåge. Dei heldt ein festkonsert som dei festpynta musikarane og gjestene sette stor pris på. Dei fekk ståande trampeklapp. Etterpå var det premieutdeling, middag, som bestod av nydeleg speketalerken, og så vart det dans med Steinar Engelbrektson. Klokka 02.00 var det slutt, og då var mykje folk med å rydda opp det meste. Resten vart teke søndag. Då vart det og servert frukost i kafeteriaen i Samfunnshallen for korpsa som overnatta på skule. Heile lørdag var det kafeteria i kantina i Samfunnshallen. I det heile eit vellukka arrangement som gjekk knirkefritt etter planen. Vi fekk mykje skryt som arrangørar, og ingen klager. Konsertlokalet fungerte topp, takka vere nyinnkjøpte lydveggar. Maten var topp. Festkvelden sat som den skulle og underhaldninga var akkurat slik folk ville ha den. Dansemusikken fekk og mykje skryt. Det vart og kommentert positivt informasjonen i forkant. Norges Musikkorps Forbund, Sogn og Fjordane, som var medarrangør av meisterskapen, var og svært godt fornøgd med gjennomføringa.
Program for konkurransen:
Fredag 13. november
kl. 17.00: Sekretariatet i Samfunnshallen opnar
kl. 19.00: Solistar/ensemble konkurranse i Turnhallen i Måløy. 10 minutt innslag. Ny solist kvart kvarter.
kl. 22.15: Konkurransen slutt.
Trekking av spelerekkjefølgje i korpskonkurransen.
Premieutdeling
kl. 22.30: Arrangement for ungdom under 20 år på ungdomsklubben &laqno;Goggen».
 
Lørdag 14. november
kl. 08.00: Sekreteriatet og kantina i Samfunnshallen opnar
kl. 09.30: Konkurranseinfomøte for korpsleiarar
kl. 10.30: Oppvarminga for første deltakar i korpskonkurransen. Kvart korps får oppvarming. Innmarsj på scena fem minutt før speling.
kl. 10.50: Offisiell opning.
kl. 11.00: Start korpskonkurranse ­ Brass ­ Korps Nr 1
kl. 13.45: Pause
kl. 14.30: Start korpskonkurranse ­ Janitsjar ­ Korps Nr 1
kl. 15.50: Konkurranseslutt
kl. 19.00: Mesterskapsbankett i Samfunnshallen
kl. 19.30: Divisjonsmusikken Vestlandet - konsert
Premieutdeling,
Middag. Sal av etterkorpskonkurranseforfriskingar.
Dans.
 
Søndag 15. november
Kl. 09.00: Sekretariatet opnar
Kl. 09.00: Frukost i kantina i Samfunnshallen for dei som har bestilt.
 
 
Resultatliste:
BRASS: Framføring Program Totalt
1 Jølster Musikklag 94+ 8= 102p
2 Kjølsdalen Musikklag 92+ 8= 100p
3 Salhus Musikklag 91+ 7= 98p
4 Torskangerpoll Musikklag 87+ 7= 94p
4 Ytre Nordfjord Brass 88+ 6= 94p
 
 
JANITSJAR:
1 Måløy Musiklag 91+ 7= 98p
2 Gloppen Janitsjar 90+ 7= 97p
3 Førde Ungdomskorps 89+ 7= 96p
 
Solist klasse 2
1 Silje Støfring, Vassenden Skulemusikk 94p
2 Elin Nikoline Holme, Gloppen Janitsjar 92p
3 Hildegunn Gilleshammer, Kjølsdalen Skulemusikk 90p
 
Solist klasse 3
1 Lisbeth H Våge, Torskangerpoll Musikklag 92p
2 Otto Søvik, Florø Hornmusikk 91p
3 Sigyn Solberg, Florø Hornmusikk 90p
 
Ensemble klasse I
1 Skei Skulemusikk 86p
2 Solund Skulemusikk 85p
 
Ensemble klasse 2
1 Solund skulemusikk 84p
 
Ensemble klasse 3
1 Florø Hornmusikk 85p
 
Vandrepremie til korps med høgast poengsum uansett klasse:
 
Jølster Musikklag 102 p
 
Juletretenning
Søndag 29. november spelte Torskangerpoll Musikklag til tenning av julegrana på skulen i Vågsvåg. Arrangementet starta klokka 17.00 med speling ute og gang rundt juletreet. Sjølv om veret var surt, var der møtt fram ein god del folk, og stemninga var god. Inne var det U.L. Klovningen og samarbeidsutvalet ved skulen som hadde ansvaret for arrangementet.
 
Julekonsert
Søndag 20. desember klokka 17.00 deltok Torskangerpoll Musikklag på julekonsert i Sør Vågsøy kyrkje. Ytre Nordfjord Brass var arrangør. I tillegg deltok Måløy Musikklag, Holvik/Raudeberg skulekorps, Vågsøy Ten Sing og Måløy Songlag. Bråten i Frelsesarmeen heldt andakt. Vi spelte som andre aktør; &laqno;Jeg er så glad hver julekveld», &laqno;Sonjas sang til julestjernen» og &laqno;Glade jul» ­ alle stykka arrangert av Arne Torskangerpoll.
 
Juletrefest
Mandag 28. desember arrangerte vi juletrefest i samarbeid med frelsesarmeen i skulen i Vågsvåg. Det møtte opp mykje folk og festen varte i 3,0 timar. Det var stor stemning. Tradisjonen tru så starta Torskangerpoll Musikklag med ei eiga avdeling. Lars Bråthen held andakt. Etterpå gjekk vi rundt juletreet geleida av den energiske Alv Låstad, Terje Våge på trekkspel og Bjørg Bråten på gitar. Etter kaffipause og julenissebesøk, vart det lotteri og meir juletregang. Torskangerpoll Musikklag avslutta den trivelege kvelden med lett julepotpurri før folk reiste seg og sang &laqno;Deilig er jorden» til tonar frå Torskangerpoll Musikklag.
 
Årsfest
Lørdag 2. januar arrangerte vi årsfest for 1998 i Turnhallen. Folk vart ønskt velkommen til ein koseleg pynta festsal med nydeleg Johan-punch. Bjarte Færestrand leia festen. Komiteen opna festen med å synge ein velkomstsang. Så var det matøkt ­ nydeleg koldtbord som var tillagt av Jensen i Kjølsdalen. Seinare på kvelden var det kaffi og eit bugnande kaffi og dessertbord. Formann Johan delte ut Torskangerpoll Musikklag sin 40-års-medalje til Helge Oppedal. Helge starta i korpset i 1958. Terje Våge fekk Torskangerpoll Musikklag sin 30 års-medalje. Han starta i korpset i 1968. Johan delte og ut ei rose til samtlege i styret. Det var allsang og mykje moro. I tillegg så sang Helene Færestrand ein sang åleine, og ein saman med Lina Wåge. Helene, Lina, Ane, Birthe og Stine hadde og dikta ein sang som dei framførte på ein glimrande måte. Etterpå vart det dans til flott musikk av &laqno;Cates» frå Stryn. 120 personar deltok, og det vart ein svært koseleg kveld. Festen varte til klokka 02.00. Då kunne dei som ville komme seg heim med buss. I komiteen var Bjarte Færestrand (leiar), Johanne Velle, Gun Tove Gursli, Anne Mari Knotten, Jan Magne Færestrand, Trond Viggo Gravdal. Det var tillaging lørdag klokka 15.00 og opprydding søndag klokka 15.00.
 

Sist oppdatert:01-01-99 klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt