Dette har Torskangerpoll gjort i 1999

Årsfest
Lørdag 2. januar arrangerte vi årsfest for 1998 i Turnhallen. Folk vart ønskt velkommen til ein koseleg pynta festsal med nydeleg Johan-punch. Bjarte Færestrand leia festen. Komiteen opna festen med å synge ein velkomstsang. Så var det matøkt ­ nydeleg koldtbord som var tillaga av Jensen i Kjølsdalen. Seinare på kvelden var det kaffi og eit bugnande kaffi og dessertbord. Formann Johan delte ut Torskangerpoll Musikklag sin 40-års-medalje til Helge Oppedal. Helge starta i korpset i 1958. Terje Våge fekk Torskangerpoll Musikklag sin 30 års-medalje. Han starta i korpset i 1968. Johan delte og ut ei rose til samtlege i styret. Det var allsang og mykje moro. I tillegg så sang Helene Færestrand ein sang åleine, og ein saman med Lina Wåge. Helene, Lina, Ane, Birthe og Stine hadde og dikta ein sang som dei fremførte på ein glimrande måte. Etterpå vart det dans til flott musikk av &laqno;Cates» frå Stryn. 120 personar deltok, og det vart ein svært koseleg kveld. Festen varte til klokka 02.00. Då kunne dei som ville komme seg heim med buss. I komiteen var Bjarte Færestrand (leiar), Johanne Velle, Gun Tove Gursli, Anne Mari Knotten, Jan Magne Færestrand, Trond Viggo Gravdal. Det var tillaging lørdag klokka 15.00 og opprydding søndag klokka 15.00.
 
Øvingsstart
Mandag 4. januar var første øving i 1999. Øvinga var på skulen i Vågsvåg.
 
Øvingshelg
Fredag 8. lørdag 9. og søndag 10. januar hadde vi øvingshelg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Vi trente på stoff til NM. Vi hadde samlinga på skulen i Vågsvåg.
 
Øvingshelg
Fredag 5. lørdag 6. og søndag 7. februar hadde vi øvingshelg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Vi trente på stoff til NM ­ &laqno;Labour and Love». Vi hadde samlinga på skulen i Vågsvåg. Søndag var vi på skulen i Deknepollen.
 
Norgesmeisterskapen 1999
12. og 13. februar deltok Torskangerpoll Musikklag på sitt første Norgesmeisterskap i Grieghallen i Bergen. Og Torskangerpoll Musikklag vann 3. divisjon suverent!!
Torskangerpoll Musikklag var den store overraskinga under meisterskapen
for Brassband i Grieghallen i Bergen 12. og 13. februar 1999 som samla korps frå heile landet. Jublande korpsmusikantar storma scena etter premieutdelinga. NM-debutanten
som få kjente namnet til før mesterskapet, hadde danka ut alle dei andre 18 korpsa i 3. divisjon. Dei to dommarane var fulle av lovord, noko den imponerande poengsummen 96 av hundre oppnåelege var eit synleg bevis for.
­ De har ingenting i denne divisjonen å gjere, skreiv dommarane.
 
Det var totalt 52 korps med omlag 1.600 musikarar som deltok i årets norgesmesterskap for brassband i Grieghallen. Deltakaranee kom frå Hordaland, Rogaland, Oppland, Hedmark, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Vestfold, Agder, Troms, Nordland, Sogn og Fjordande, Akershus og Oslo, 17 av korpsa kom fra Hordaland. Det vart konkurrert i fire divisjoner: elite, 1.-, 2.- og 3.divisjon.
Norgesmestertittelen i elite gjekk til Eikanger-Bjørsvik Musikklag, Hordaland,
med suverene 97,5 poeng av 100 mulige. På andreplass kom Krohnengen
Brass Band, også fra Hordaland og på tredjeplass fjorårets vinnarar
Sandefjord Brass Symposium fra Vestfold.
1.divisjon vart vunnen av Tomra Brass band fra Møre og Romsdal, med 96
poeng, foran Tertnes Brass, Hordaland og Askøy Brass Band også Hordaland.
Seieren i 2.divisjon gjekk til Brøttum Musikkforening frå Hedmark, foran
Musikkorpset Gjallarhorn fra Rogaland og Trondheim Politis Brassband fra
Sør-Trøndelag.
3.divisjon blei vunnen av nykommaren Torskangerpoll Musikklag fra Sogn og
Fjordane foran Haukås Musikklag fra Hordaland og Skodje Ungdomskorps fra Møre og Romsdal.
 
Resultatlista vart slik:
 
3. divisjon (selvvalgt) fylke poeng
1. Torskangerpoll Musikklag Sogn og Fjordane 96
2. Haukås Musikklag Hordaland 94
3. Skodje Ungdomskorps Møre og Romsdal 90
4. Harøy Musikklag Møre og Romsdal 89
5. Frei Hornmusikk Møre og Romsdal 88,5
6. Laksevåg Musikkforening Hordaland 88
6. Stavanger Kommunes korps Rogaland 88
8. Tysnes Musikklag Hordaland 87,5
9. Jølster Musikklag Sogn og Fjordane 86,5
10. Rosendal Musikklag Hordaland 86
11. Eikelandsfjorden Musikklag Hordaland 85
11. Skittenelv Musikkorps Troms 85
13. Hasle Ungdomsbrassband Oslo 84
14. Oltedal Musikkorps Rogaland 83
14. Rong Musikklag Hordaland 83
16. Kjølsdalen Musikklag Sogn og Fjordane 82
17. Nes Musikkforening Hedmark 81,5
18. Lismarken Musikforening Hedmark 81
19. Langhus Brass Akershus 79
 
Elitedivisjon Fylke pliktnr selvv. snitt
1. Eikanger-Bjørsvik Musikklag Hordaland 98 97 97,5
2. Krohnengen Brass Hordaland 93 96 94,5
3. Sandefjord Brass Symposium Vestfold 94 93 93,5
4. Manger Musikklag Hordaland 91 91 91
5. Ila Brass Band Sør-Trøndelag 90 88 89
6. Stavanger Brass Band Rogaland 87 90 88,5
7. Molde Brass Band Møre og Romsdal 88 86 87
8. Oslofjord Brass Oslo 86 84 85
 
1. divisjon (selvvalgt) Fylke Poeng
1. Tomra Brass Band Møre og Romsdal 96
2. Tertnes Brass Hordaland 95,5
3. Askøy Brass Band Hordaland 93
4. Vennesla Kristne Brass Agder 92
5. Radøy Brass Hordaland 91,5
6. Jaren Hornmusikkforening Oppland 91
7. Oster Brass Hordaland 90
8. Sagvåg Musikklag Hordaland 89
9. Sola Brass Band Rogaland 88
10. Kopervik Musikkorps Rogaland 87
11. Alexander Brass Rogaland 86
12. Tromsø Brass Troms 84
 
2. divisjon (selvvalgt) Fylke Poeng
1. Brøttum Musikkforening Hedmark 95
2. Musikkorpset Gjallarhorn Rogaland 94
3. Trondheim Politi's Brassband Sør-Trøndelag 92
4. Laukvik Brass N. Nordland 91
4. Sørum Musikklag Akershus 91
6. Kleppe Musikklag Hordaland 90
7. Stangaland Brass Rogaland 88
8. Austrheim-Lindås Musikklag Hordaland 87
9. Ørskog Brass Møre og Romsdal 86
10. Sem Musikkorps Vestfold 85
11. Flesland Musikklag Hordaland 84
12. Hornorkesteret Stavanger Rogaland 82
13. Bergen Brass Band Hordaland 81
 
Desse var med å spelte: Terje Våge, Roar Ståle Vedvik, John Inge Våge, Helene Færestrand, Lina Våge, Bjarte Færestrand, Gun Tove Gursli, Sølvi Loen, Endre Oldeide, Rune Andre Myklebust, Lisbeth Helen Våge, ANe Løvseth, Tove Nerland, John Svarstad, Anne Mari Knotten, Tor Åge Gravdal, Britt Hilde Våge, Johanne Velle, Johan Einar Wåge, Lars Bjørnar Strengenes, Asbjørn Våge, Terje Nerland, Erling Wåge, Trond Viggo Gravdal, Andreas Steinargard og Arne Øvrelid. Eirik Gjerdevik var dirigent.
 
Vi reiste frå Måløy torsdag ettermiddag med ekspressen klokka 15.55. På kaia i Bergen venta Asbjørn med varebilen og Britt Hilde og Lars Bjørnar Strengenes. Vi budde på hotel Holberg Comfort hotell. Vi øvde med Eirik Gjerdevik klokka 22.00. Ei lett øving, og mest prating. Etter øvinga roa vi ned med lett sang og avslapning i resepsjonen. Fredag klokka 10.00 møttest vi til øving på hotellet, og fekk då vite av Johan, som var med på rekkefølgetrekninga i Grieghallen, at vi skulle spele som korps nummer fem. Dette passa oss bra, meinte dirigent Eirik Gjerdevik. Vi skulle møte til registrering og oppvarming i Grieghallen klokka 11.40. Etter ei lett øving, Lisbeth sine pusteøvingar og ein del prating, så tok vi drosje i lag opp til Grieghallen.
Etter formalitetane, venting og nervøs tripping, hadde vi oppvarming, før vi entra den enorme scena. Alt sat frå første tone, og dette var eit utruleg lokale å spele i. Publikum gav oss mykje aplaus etter endt framføring av &laqno;Labour and Love». Ekspertane i salen storma til fort å gratulere Eirik med det ukjende og velklingande korpset sitt. Om kvelden var vi på felles eting på Peppes Pizza. Lørdag slappa vi av til vi om ettermiddagen pynta oss og gjekk i Grieghallen for å høyre elitekorpsa.
Klokka 22.00 var det tid for premieutdeling. Med 3.000 i salen, var det høgtideleg då ein representant frå kvart korps stod på scenen. John Inge Våge var vår representant. Tom Brevik, som leia premieutdelinga, starta på korps 19 og leste nedover. Og då to korps var igjen, og eit av dei oss, trudde vi knapt det vi opplevde. Og då vinnaren, Torskangerpoll Musikklag vart lest opp, sleppte jubelen laus. Resten av kvelden hagla det med gratulasjonar, og vi feira grundig. Vi avslutta med å ta Johan sitt skjegg og Terje sin bart etter at vi kom tilbake på hotellet. Søndag slappa vi av. Nokre spelte bowling før vi samla gjekk på Kinarestaurant. Klokka 20.30 sette vi oss på båten med kurs heimatt. Einaste som mangla var Gun Tove, som vart for sein etter å ha besøkt ei veninne. Ho måtte ta hurtigruta heim. På Kaia i Måløy klokka 01.00 hadde mange møtt opp med flagg og jubel då vi kom til lands.
 
 
Etter-NM-fest i Gravdal skule
Tirsdag var det stor kakefest i Gravdal skule etter at vi spelte ein time. NM-heltane vart heidra med kaker, blomar og taler. Ein stolt ordfører Liv Henjum møtte opp med kjede, vimpel, taler og blomar. I tillegg kom Lars Bråten frå Frelsesarmeen med blomar. Vidare fekk vi telegram og gratulasjonar frå mange. Vi fekk blomar frå Holvik Skulekorps, Kjølsdalen Musikklag, NMF, Sogn og Fjordane, Måløy Musikklag, Vågsøy kommune, Eid kommune, Stryn Musikklag, Anita Kvernevik, Inger og Rune Færestrand. Vi mimra over den fantastiske turen og opplevinga i Bergen.
 
NMF Sogn og Fjordane Årsmøte
Torskangerpoll Musikklag er påmeldt med ein person på årsmøte på Nordfjordeid 20. og 21. februar. Terje Våge var representant.
 
Årsmøte
Tirsdag 2. mars gjennomførte vi vårt årlege årsmøte i Gravdal skule.
 
Frelsesarmeen
Lørdag 17. april spelte Torskangerpoll Musikklag på musikkfest på Frelsesarmeen. Med på festen var Frelsesarmeen sitt korps på Tistedal. Arne Torskangerpoll dirigerte, og vi spelte fire arrangement av Arne Torskangerpoll.
 
Avslutningskonsert Arne Torskangerpoll 24-04-99
Lørdag 24. april klokka 16.30 arrangerte vi avskjedskonsert for Arne Torskangerpoll i Samfunnshallen på Tennebø. Torskangerpoll Musikklag, Måløy Musikklag, Måløy Songlag og Kvalheim Songlag deltok. I tillegg Helene Færestrand med sang og Erling Wåge på synth. Kåre Våge var konfransier. Konserten varte i 2,30 timar.
Korpset møtte opp i Samfunnshallen klokka 11.00 for tillaging. Klokka 13,00. Hadde vi ei øving.
Mykje folk møtte opp, og dette vart ei høgtideleg og flott stund, der vi spelte Arne Torskangerpoll sine arrangement, og han dirigerte.
Dei vtjande korpsa og kora gav Arne gåver og helsingar. I tillegg var ein representant frå NMF Sogn og Fjordane til stades og helsa frå krinsstyret og NMF sentralt.
 
Program:
Torskangerpoll Musikklag
Dirigent: Arne Torskangerpoll
1 EXCELLENTIA Arne Torskangerpoll.
2 FANTASI OVER GUBBEN NOA Arne TorskangerpoII
3 ENSTONIG RINGER DEN LILILLE KLOKKE Russisk folkemelodi. Arr: Arne Torskangerpoll.
Solo på trombone: Idar Torskangerpoll.
4 RALLAREN Potpourri. Arne Torskangerpoll.
 
Måløy Songlag
Dirigent: Trygve Solvang
1 SYLVIAS VISA Gabriel Linsen.
2 MATONA MIA CARA Orlando Di Lasso.
3 GJE MEG HANDA DI, VEN Irsk Folketone. Arr: Per Indrehus.
4 GRUSING DOWN THE RIVER EiIy Beadell.
5 DANSE MOT VÅR R. Løvland. Arr; Trygve Solvang.
 
Måløy Musikklag
Dirigent: Rol f Jakob Vedvik
1 FANFARE FOR A NEW AGE Goff Richards.
2 OREGON Jacob de Haan.
3 FESTIVALEN Arne Torskangerpoll.
4 ATLANTA '96 Wim Laseroms.
 
Kvalheim Songlag
Dirigent: Leif Arne Berg
1 OH, FREEDOM. Negro spiritual. Arr: Øyvind Riisé.
2 DEN LYKLIGA NUDISTEN. Evert Taube. Arr: 5. Herrnannsen.
3 SUSSEBASS. E. Brutus. Stephen~ Carter. Arr: Bjarne Volle.
4 SØNNAVINDSVALSEN. PrøysenlAmdahl. Arr: Nils G. Abrahamsen.
Torskangerpoll Musikklag
Dirigent: Arne Torskangerpoll
1 EG RODDE Norsk folketone. Arr: A. Torskangerpoll.
2 FANTASI OVER LONG LONG AGO Arne Torskangerpoll. Solo på euphonium: Britt Hilde Våge.
3 NAR BASUNENS TONER LYDER J. M. Black. Arr: A. Torskangerpoll.
4 AVSKJEDSTONER, TANGO H. Skilbred. Arr: A. Torskangerpoll.
5 FOR EVIG OG ALLTID Fra nz Winkler. Arr: A. Torskangerpoll.
 
Fest for Arne Torskangerpoll
Noko forseinka, på grunn av litt lang konsert, så arrangerte vi fest for Arne Torskangerpoll i kafeteriaen i Samfunnshallen. Omlag 100 personar deltok. Først var det allsangar og nydeleg mat. Etter maten var det taler, og underhaldning. Så var det kaker og kaffi. Etterpå var det dans til musikk av Wåges og John Inge sine CD-plater.
Festen slutta klokka 02.00.
 
Kakelotteri / Konsert
Lørdag 15. mai hadde vi kakelotteri og konsert på Måløy Bryggem Dette var første konserten som Terje Våge hadde det musikalske ansvaret for. Vi spelte og hadde lotteriet i andre etasje i kjøpesenteret.
 
17. mai
Sola strålte frå ein skyfri himmel, og flagga vaia i den lette nordaustlege brisen. Ramma for nasjonaldagen var perfekt. Dagen vart arrangert på tradisjonelt vis. Dette var første 17. mai på 50 år at Arne Torskangerpoll ikkje hadde det musikalske ansvaret. Terje Våge var dirigent, medan Arne var bortreist på dagen. Lisbeth var ansvarleg på to av toga der Terje ikkje kunne vere med. Vi starta i Oppedal klokka 07.00 med &laqno;Ja vi elsker» og morgonprosesjon til kaia i Vågvsåg. Etter det bar det til skulen i Vågsvåg, og nydeleg frukost med god stemning. Klokka 10.15 var det barnetog frå byggjefeltet til skulen der det vart arrangert barneleikar. Her spelte vi saman med Holvik Skulekorps som eit stort felleskorps. Mykje folk, gjorde dette til eit flott korps. Torskangerpoll Musikklag kvitterte med å spele saman med Holvik i folketoget i Holvik klokka 14.00. Dette var svært positivt. Folketoget i Vågsvåg starta klokka 16.00 på Vestro, gjekk til Vågsberget og returnerte til skulen i Vågsvåg der det var samla mykje folk til folkefest. Vi heldt ein minikonsert.
 
Blåtur
Fredag 28. mai arrangerte vi blåtur.37 personar var med. Det var oppmøte ved Måløy Brygge. Roar Ståle Vedvik køyrde bussen. Erling og Johan Wåge var komite. Ingen andre visste kvar vi skulle. Det planlagde målet var speling på cruise-båt i Olden, og at vi skulle følgje denne ut til Måløy . Men på grunn av sikringsproblejm, så måtte vi lage eit nytt opplegg. Turen gjekk til Sandane der Steinar og Ingemund Sægrov og Knut Hansen stilte i uniformer, med flagg og spesialdikta sang. For anledninga opna restauranten Fjæra opp, og der inne heldt vi ein populærkonsert. Halv åtte reiste vi vidare, og halv ni var vi framme i Innvik der vi uventa dukka opp på redningsselskapsbasar, der mannskapet på redningsskøyta &laqno;R.S. Platou» deltok. Vi sang for skipper Magne Sætren som runda 60 år. Han vart overraska, og takksam. Vi heldt konsert, og spelte og sang. Vi fekk mykje skryt og stor applaus. Så gjekk turen vidare til Loen, og Sande Camping der vi grilla og kosa oss til langt på natt - til den vellukka turen gjekk heim.
 
Asbjørn Våge 60 år
Søndag 30. mai klokka 18.00 spelte korpset til Asbjørn Våge i samband med hans 50-års-dag. Sjølv om korpset var noko redusert, så gjekk spelinga greit, og vi vart bedne inn på kaker og kaffi etterpå. Korpset gav Asbjørn eit sølvkrus.
 
Øvingshelg
11. 12. og 13. juni hadde vi øvingshelg på skulen i Vågsvåg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Vi lukta på nytt NM-stykke, pluss musikk til SOgn og Fjordane Meisterskapet.
 
Hagekonsert
Lørdag 12. juni.
Myggen likte seg godt i sommarvarmen då Torskangerpoll Musikklag rigga seg til i hagen til Per og Helga. Lørdag 12. juni fekk hamnabergarane hagekonserten dei hadde vunne på musikkbasaren i fjor. Per og Helga hadde sagt at dei ville ha konserten denne kvelden. I nydeleg vêr, vart det ei triveleg stund, med musikk og grilling. Vi fremførte også ein av våre mange sjølvdeikta sangar, med vers tileigna Per og Helga.
 
Jonsokafta
Onsdag 23 juni. var det tradisjonell Jonsokaftfeiring med opptog gjennom Vågsvåg, frå kaia til Vågsberget. Her spelte vi nokre nummer, sjølv om vi var få. Det var bål, grilling og sal av rømmegraut. U.L. Klovningen var med å arrangerte.
 
Midtsommardans
Lørdag 17. juli arrangerte vi midtsommardans på Vågsberget. Fredag møtte 20 personar opp for å byggje flake, sette opp bord, stolar og grillar. Dansen var planlagt ute. Fredagen og mesteparten av Lørdag var det nydeleg ver. Men dessverre. Når alt var klart til å starte, og Wåges hadde rigga opp anlegget og skulle starte å spele, så kom regnet. Dermed vart det bestemt å flytte i hus, opp i låven og fjøsen. Trass regnet, så kom det godt med folk, over hundre betalande, pluss oss sjøælve, så arrangementet var koseleg, og gav eit bevis på at Vågsberget er glimrande på satse på både til ute og inne-arrangement.
Øvingsstart
Tirsdag 24. august starta vi øvingane etter sommarferien. Vi var 24 stykker på denne øvinga
 
Øvingshelg
15. 16. og 17. oktober arrangerte vi øvingshelg i skulen i Vågsvåg. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen. Lørdag kveld var alle i korpset invitert til Anne-Mari Knotten på sosialt samvær.
 
Basar
Søndag 17. september klokka 17.00 arrangerte vi musikkbasar i skulen i Vågsvåg. Grunnen til at basaren i år vart tidlegare enn vanleg, er at vi i november skal arrangere Sogn og Fjordane Meisterskapen for korps. Det vart ein flott basar med mykje folk og godt sal. Brutto kom det inn omlag 40.000 kroner. Holvik skulekorps var gjestekorps. Hovedpremien var ein flott duk frå musikklubben, og reise for to tur-retur Bergen med ekspressbåten. Det var tradisjonelle aktivitetar. Trekkinga var ferdig omlag klokka 21.30
 
Opning K-bank
Lørdag 30. oktober spelte Torskangerpoll Musikklag i samband med reopning av Kreditkassen sine lokaler i Måløy. Vi var 23 musikantar, og vi møtte opp klokka 12.00 og spelte seks marsjar og svingmarsjar.
 
Basarfest Frelsesarmeen
Fredag 5. november spelte vi på basarfest på Frelsesarmeen i Måløy. Vi spelte ei avdeling klokka 19.30. Fem melodiar med Terje Våge som dirigent. Vi var 26 musikarar.
 
Øvingshelg
12. 13. og 14. november arrangerte vi øvingshelg på Skavøypoll skule. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen. Lørdag kveld var alle i korpset invitert til Tove og Terje Nerland på sosialt samvær.
 
Sogn og Fjordane Meisterskap for korps -99
Lørdag 20. og søndag 21. november 1999 var Torskangerpoll Musikklag teknisk arrangør for andre året på rad for Sogn og Fjordane Meisterskapen for solistar, ensemble og korps. Seks korps deltok, fem i brass og eit i janitsjar. Korpsa som var med var: Jølster Musikklag, Kjølsdalen Musikklag, Fjordbrass, Torskangerpoll Musikklag, Florø Hornmusikk, Sogndal Musikklag.
STyret i Torskangerpoll var hovedkomite. Først var påmeldinga så laber, at Torskangerpoll Musikklag ikkje ville ta på seg arrangementet. Men etter press frå krinsen, der dei gjekk med på å dekke krions- og dommarkostrnadane, pluss at dei halverte krinsavgifta, så bestemte styret at vi skulle ta arrangementet likevel. Sjølv om vi prøvde å stå for det meste av arrangementet med korpset sine medlemmer, så måtte vi ha litt hjelp, og det fekk vi frå trufaste støttespelarar og medlemmer i Vedvik skule- og ungdomskorps.
Fredag klokka 18.00 var det orienteringsmøte med alle medhjelparar i Samfunnshallen. 18.30 starta vi arbeidet med tillaging av konsertlokalet. Klokka 21.30 hadde Torskangerpoll Musikklag ei øving med Eirik Gjerdevik.
Korpskonkurransen starta lørdag klokka 11.00. Rolf Bøe var konfransier. Brass spelte først. Dommarar var Jan Roger Øren og Arnfinn Dalhaug. Klokka 16.00 var det solist og ensemblekonkurranse i frelsesarmeen sitt lokale i Måløy. Konfrianser var Lisbeth Våge. Klokka 19.00 opna vi Samfunnshallen til festgalla. Klokka 19.30 dukka Tomra Brass Band opp på scena, og heldt ein forykande konsert. Etter konserten dukka heile Torskangerpoll Musikklag opp i salen, og då var ordførar Roger B. Silden til stades for å dele ut Kongens Fortensestemedalje i sølv til Arne Torskangerpoll. Torskangerpoll Musikklag spelte fanfare.
Etter denne høgtidelege seansen, så var det premieutdeling. Etter premieutdelinga var det middag som bestod av nydeleg koldtbord. Etter den flotte middagen var det dans til Wåges, og stor stemning. Erlin g Wåge var konfransier.
Søndag så var det opprydding. Klokka 13.30 heldt Tomra Brass Band ein flott konsert i Nord-Vågsøy kyrkje på Raudeberg.
 
Resultatliste
Sogn og Fjordane meisterskapen 1999
Måløy, 20. november
Brass
1 Jølster musikklag 92 + 8 = 100 p
2 Torskangerpoll musikklag 89 + 7 = 96 p
3 Kjølsdalen musikklag 87 + 8 = 95 p
4 Florø hornmusikk 84 + 5 = 89 p
5 Fjordbrass 83 + 5 = 88 p
Janitsjar
1 Sogndal musikklag 90 + 8 = 98 p
Solist klasse 1
1 Sølvi Mari Fløtre, Svelgen 86 p
2 Renate Storøy, Smalsarhorn 84 p
2 Line Kjøsnes, Svelgen 84 p
Solist klasse 2
1 Helene Færestrand, Torskangerpoll 90 p
2 Monika Stensaker, Jølster 88 p
3 Ola Jørgen Kyrkjeeide, Stryn 87 p
3 Harald Fagerheim Bugge, Eid 87 p
Solist klasse 3
1 Sigyn Solberg, Florø 91 p
2 Otto Søvig, Florø 89 p
Ensemble klasse 1
1 Skei skulemusikk, klarinettkvartett 86 p
2 Hjelle skulemusikk 85 p
3 Solund skulemusikk 84 p
4 Skei skulemusikk, messingkvintett 83 p
Ensemble klasse 2
1 Vassenden skulemusikk 90 p
2 Skei skulemusikk, klarinettduo 86 p
Vandrepremie
til korpset med høgast poengsum: Jølster musikklag ­ til odel og eige
Arrangørar: Torskangerpoll musikklag og Norges Musikkorps Forbund - Sogn og Fjordane
 
Julegrantenning
Søndag 28. november deltok vi på tenning av julegran på skulen i Vågsvåg. Sjølv om vi var redusert mannskap, og det var surt og regnfullt, så klarte vi å skape julestemning. Arne Torskangerpoll dirigerte oss.
 
Sparebankopning
Lørdag 4. desember spelte vi i samband med at Gjensidige og Sparebanken Sogn og Fjord<ne opna ny bank i Måløy. Vi spelte fem melodiar utanfor banken. Sjølv om det var kaldt, så spelte vi utanfor banken. Spelinga gjekk godt, og vi fekk mykje skryt. Korpset fekk 5.000 kjærkomne kroner for oppdraget.
 
Julekonsert Sør-Vågsøy kyrkje
Søndag klokka 18.00 var det julekosert i Sør-Vågsøy kyrkje. Vi spelte som første korps. Arne Torskngerpoll skulle dirigere eit nytt arrangemnent, &laqno;Julegleder». Men han var sjuk og Terje, som skulle spele solo, måtte dirigere. I staden fekk vi med Silje Solvang som spelte ein fin solo. Vi spelte to musikkstykke. Vi øvde tirsdagen før konserten i kyrkja. I tillegg øvde vi ein halvtime frå klokka 15.30 på søndagen.
 
Juletrefest
Tirsdag 28. desember klokka 18.00 arrangerte vi juletrefest i Våge Oppedal skule. Vi samarbeidde også i år med frelsesarmeen. Det møtte opp mykje folk og festen varte i 3,0 timar. Det var stor stemning. Tradisjonen tru så starta Torskangerpoll Musikklag med ei eiga avdeling. Arne Torskangerpoll dirigerte. Lars Bråthen held andakt. Etterpå gjekk vi rundt juletreet geleida av den energiske Alv Låstad, Terje Våge på trekkspel og Lars Bråten på gitar. Etter kaffipause og julenissebesøk, vart det lotteri og meir juletregang. Under denne seansen så vart ein nyskriven julesong av Elly Oppedal presentert for første gong. Dette avr det Terje Våge og Helene Færestrand som stod for. Torskangerpoll Musikklag avslutta den trivelege kvelden med ein marsj før folk reiste seg og sang &laqno;Deilig er jorden» til tonar frå Torskangerpoll Musikklag.
 

Sist oppdatert:01-01-99 klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt