Dette har Torskangerpoll gjort i 2000

Øvingshelg
Fredag, lørdag og søndag 7. 8. og 9. januar hadde vi øvingshelg og øvde på stykket til NM i Bergen. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på skulen i Deknepollen. Fredag var det ordinær øving. Lørdag var det gruppeøving, og søndag var det ordinær øving igjen. Lørdag kveld var fleire medlemmer i korpset samla hos Gun Tove Gursli.

Årsfest
Lørdag 22. januar arrangerte vi årsfest for 1999 i Turnhallen. Litt over hundre deltakarar vart ønskt velkommen til ein koseleg pynta festsal med nydeleg Johan-punch. Asbjørn Våge leia festen. Etter lett underhaldning bar det matøkt ­ nydeleg koldtbord som var tillagt av Jensen i Kjølsdalen. Seinare på kvelden var det kaffi og eit bugnande kaffi og dessertbord. Formann Johan delte og ut ei gåve til samtlege i styret. Det var allsang og mykje moro. I tillegg så sang Helene Færestrand og Lina Wåge to Abba-låtar. Helene, Lina, Ane, Birthe og Stine hadde og dikta ein sang som dei fremførte på ein glimrande måte. John Inge deltok med vakker kornettspel. Etterpå vart det dans til flott musikk av «Purple Rain» frå Stryn. Festen varte til klokka 02.00. Då kunne dei som ville komme seg heim med buss. I komiteen var John Inge Våge, Gun Tove Gursli, Birthe Kråkenes, John Svarstad. Det var tillaging lørdag klokka 15.00 og opprydding søndag klokka 15.00.

Øvingshelg
Fredag, lørdag og søndag 4. 5. og 6. februar hadde vi øvingshelg og øvde på stykket til NM i Bergen. Eirik Gjerdevik var instruktør. Vi øvde på skulen i Deknepollen. Luis Santiago Ruiz var innom øvinga og dirigerte litt. Søndag ettermiddag hadde vi minigjennomgang med tilhøyrarar i salen. Sjølv om ikkje var på plass slik vi hadde håpa på, så var det svært bra spelt.

NM i Bergen
Torsdag 10. februar reiste 35 spente musikantar med ekspressbåten med kurs for NM for brassband i Grieghallen i Bergen. Vi reiste klokka 15.55 med eit fela vêr, sludd og storm. På kaia i Bergen venta Asbjørn med sin varebil. Han køyrde oss til hotellet, Holdberg Comfort Hotell. Vi hadde ei øving klokka 22.00 i eit av hotellet sine møterom. Fredag var konkurransedagen. vi møttest klokka 14.00. Klokka 14.30 var det trekkning, og vi vart trekt til å spele som nummer to.
Vi møttest umiddelbart i eit av hotelet sine møterom til ei kort øving. Ein time før vi skulle på scena tok vi drosje til Grieghallen. Etter ei oppvarming på 20 minutt, så entra vi den enorme scena i Grieghallen. Vi spelte svært godt, og var godt fornøgd med innsatsen. Vi fekk og svært mykje skryt for vår tolking av det vanskelege og stemningsfulle stykket, «Resurgam».
Fredag kveld hadde vi fellespizza ogpub-runde.
Lørdag var vi i Grieghallen og høyrde på dei beste korpsa. Torskangerpoll Musikklag hadde i tillegg eigen stand i Grieghallen der vi reklamerte for stormfestivalen. Vi hadde med oss bilder, garnkuler, not, og brosjyrer.
Lørdag kveld var det underhaldningskonsert i grieghallen som oppvarming til premieutdelinga.
Vi var spente, og alle jubla då vi ikkje var sist. Men i ein divisjon der vi visste at det var svært mange enormt gode korps, hadde vi all grunn til å vere fornøgd med 81 poeng. Dommarane rosa også vår framføring.
Etter dette var det fest i Grieghallen. Og sjølvsagt vart det eit etterpåselskap på hotellet. Søndag slappa vi av, og reiste heim med hurtigbåten om kvelden. Vi kom til Måløy klokka 01.00 om natta.
Første øving etter NM fekk vi spandert kake av Inger, Rune og Oddbjørg Færestrand. her høyrde vi og gjenom opptaket frå Grieghallen.

Resultat:
Elitedivisjon:
poeng pliktnr poengselvvalgt sum poeng
1 Sandefjord Brass Symposium 95 94 94,5
2 Eikanger-Bjørsvik Musikklag 92 96 94
3 Krohnengen Brass Band 93 93,5 93,25
4 Manger Musikklag 91 90,5 90,75
5 Stavanger Brass Band 90 88 89
6 Tertnes Brass 87 91 89
7 Ila Brass Band 84 92 88
8 Tomra Brass Band 85 89 87

1. divisjon
poeng selvvalgt
1 Oslofjord Brass 96
2 Jaren Hornmusikkforening 92
3 Vennesla Kristne Brass 90
4 Molde Brass Band 89
5 Radøy Brass 88
5 Trondheim Politis Brassband 88
7 Kleppe Musikklag 87
8 Sagvåg Musikklag 85
9 Brøttum Musikkforening 84
10 Oster Brass 83
11 Askøy Brass Band 82
12 Musikkorpset Gjallarhorn 80

 

2. divisjon
poeng selvvalgt
1 Sola Brass Band 95
2 Ørskog Brass 93
3 Tromsø Brass 92
4 Sem Musikkorps 91
5 Hornorkesteret Stavanger 89
5 Stangaland Brass 89
5 Sørum Musikklag 89
8 Alexander Brass 88
9 Flesland Musikklag 86
9 Haukås Musikklag 86
9 Kopervik Musikkorps 86
12 Austrheim-Lindås Musikklag 84
13 Eidsberg Brass Band 83
14 Torskangerpoll Musikklag 81
15 Skodje Ungdomskorps 80

 

3. divisjon
poeng selvvalgt
1 Tysnes Musikklag 95
2 Laksevåg Musikkforening 93
3 Oltedal og Ålgård Musikkorps 92
4 Stavanger Kommunes Korps 91,5
5 Skittenelv Musikkorps 91
6 Jølster Musikklag 90
7 Bergen Brass Band 89,5
8 Randaberg Musikkorps 89
9 Rong Musikkorps 88,5
10 Harøy Musikklag 88
11 Grenland Brass 87,5
12 Rosendal Musikklag 87
13 Bamble Musikkorps 86
14 Nes Musikkforening 85
15 Brumund og Nordaasen Musikkforening 84,5
16 Lismarkens Musikkforening 84
17 Eikelandsfjorden Musikklag 83
18 Frei Hornmusikk 80
19 Langhus Brass 79
20 Hasle Ungdoms Brassband 78

Desse var med å spelte;
Færestrand, Bjarte Færestrand, Helene Færestrand, Jan Magne Gjerdevik, Eirik Gravdal, Tor Åge Gravdal, Trond Viggo Gursli, Gun-Tove Hopland, Tom Andre Knotten, Anne-Mari Kråkenes, Birthe Kråkenes, Johan Kråkenes, Stine Loen, Sølvi Ann Lunde, Anbjørg Løvseth, Ane Myklebust, Rune Andre Nerland, Terje Nerland, Tove Steinagard, Andreas Strengenes, Lars Bjørnar Svarstad, John Vidar Torskangerpoll, Ivar Vedvik, Roar Ståle Velle, Johanne Våge, Asbjørn Våge, Britt Hilde Våge, John Inge Våge, Lisbeth Helen Våge, Terje Wåge, Alice Haus Wåge, Erling Wåge, Johan Einar Wåge, Lina Øvrelid, Arne

Frelsesarmeen
Fredag 10. mars spelte vi på Frelsesarmeen sin første vårfest for året. Vi spelte to avdelingar. Vi var 23 musikantar, og sjøllv om vi ikkje hadde øvd så mykje på programmet, så gjekk det heile greit.

Johan Wåge 50 år
Lørdag 15. april feira Johan Einar Wåge sin 50-års-dag på Vågsberget. Tradisjonen tru så stilte nesten heile korpset opp og spelte, og sang sjølvdeikta song til jubilanten som i sitt femtiande år er leiar i korpset. Johan Einar Wåge fekk eit sølvkrus med inskripsjon i gave frå korpset.

Øvingshelg
Fredag til søndag 28. til 30 april hadde vi øvingshelg med Eirik Gjerdevik som instruktør. Vi øvde fredag og lørdag i skulen i Vågsvåg, og søndag i Turnhallen i Måløy.

Bryllaup Petter Oksholen
Lørdag 29. april klokka 21.00 stilte korpset opp for å hylle eit tidlegare korpsmedlem, Petter Oskholen som gifta seg, i Samfunnshallen i Måløy. petter gifta seg med lena frå Eidsvoll som han traff under ein tidlegare stormfestival. Vi marsjerte inn, fremførte ein sjølvlaga sang, og spelte ein marsj til slutt. Vi hadde og med mindre gaver til brudeparet. Brudeparet visste ikkje om innslaget, og vart svært gledeleg overraska.

Jubileumskonsert
Søndag 30. aprilklokka 15.00 heldt vi jubileumskonsert i Måløy. Bortimot hundre frammøtte kvitterte med trampeklapp eter konserten som varte i 1 time og tre kvarter. Vi spelte to avdelingar med Eirik Gjerdevik som dirigent. Gjerdevik var og solist på eit stykke som vi framførte til ære for eit tidlegare medlem, Bjørn Vidar Oppedal som døde i 1995. Kvalheim Songlag var gjestekor, og hadde ei avdeling midt i konserten. Helene Færestrand framførte to soliststyker med sang og piano.

Lotteri, marsjering konsert
Lørdag 13. mai stilte vi klokka 12.00 i Måløy ved Spiralen. Vi marsjerte gjennom Gate 1 i nydeleg sol, og sommartemperatur. Vi spelte marsjar, og hadde lystig følge av russen som marsjerte bak. Ved Sentrumspareken stansa vi, og heldt ein friluftskonsert med lett svingande stoff. Etter konserten marsjerte vi vidare til Måløy Brygge der vi spelte to melodiar.

Opning Vågsberget
Lørdag 13. mai klokka 14.00 spelte vi to melodiar i samband med den offesielle opninga av Vågsberget. Vi spelte ein marsj, og «Vestland, Vestland)

17. mai
Nasjonaldagen i Vågsvåg, Torskangerpoll og Oppedal vart annleis på mange måtar. For det første var dagen prega av surt vèr, regn og litt vind ut på dagen. For det andre så hadde 17. mai komiteen endra på opplegget rundt nasjonaldagfeiringa. Dagen starta med ein våtsam tur frå Oppedal klokka 07.00. Morgonprosesjonen gjekk til kaia i Vågsvåg. Etter dette toget, fekk korpset frukost på skulen i Vågsvåg. Det litt spesielle på turen var Sigrid Torskangerpoll, tidlegare mangeårig medlem som hadde rigga seg til i fjellsida, og spelte «No livnar det i lundar».
Klokka 11.00 var det kombinert barne- og folketog frå byggefeltet, til Fjellsenden og til skulen i Vågsvåg. Her stilte Holvik skulekorps og Torskangerpoll musikklag eit felles korps. Her heldt regnet seg borte. På skulen i Vågsvåg var det barneleikar, og sal av rømmegraut, pølser, is, kaker og kaffi. Klokka 13.309 var det folkefest med underhaldning. her spelte Torskangerpoll Musikklag til sangar, og hadde ei avdeling. Eirik Silden heldt tale for dagen. Jan Ivar Bøe leia festen.
Klokka 15.00 stilte Torskangerpoll Musikklag saman med Holvik Skulekorps til folketog i Holvik. Her kom regnet og vi vart godt våte.

Vedvik -25 års-jubileum
Lørdag 20. mai spelte vi på Vedvik Brass Band sitt 25-års-jubileum som vart markert med konsert på Raudeberg klokka 15.00. Torskangerpoll Musikklag opna konserten med ei avdeling på seks melodiar. Vidare var, i tillegg til arrangørkorpset, koret Stormklang og Selje skulekorps med. Konserten varte i 3,5 timar. Torskangerpoll Musikklag gav Vedvik Brass Band ei rosemala fat i gave. Seinare på kvelden var det dans der fleire av medlemmene i vårt korps var med.

Blåtur
Fredag 2. og lørdag 3. juni var vi på blåtur. Folk hadde fått beskjed om å møte på Fiskerikaia i Måløy klokka 20.00. I ein time køyrde vi fram og tilbake i Måløy for å forvirre folk. Vi var 33 stykker. Klokka 21.30 stoppa vi på Skavøypoll skule. Her hadde vi konkurransar, og kosa oss med reker, loff og allsang.
Klokka 04.00 om natta vart folk vekte. Vi tok buss til Måløy, og der gjekk vi om bord i nordgåande hurtigrute «Nordlys». Vi følgde denne til Ålesund. Trass i at veret var grått og det var tung sjø rundt Stadt, så var det ein fin tur. Ved kai i Ålesund heldt vi ein konsert på bakre dekk. Etter ein times stopp ved kai, fortsette turen mot Geiranger klokka 10.00. Kloka 14.00 kom vi til Geiranger. Her heldt vi ein lett konsert, skapte stor stemning, og fekk myukje applaus. Vi reiste vidare med ferja til Hellesylt, der bussjåfør Falkevik venta. Han køyrde oss til Hornindal der vi stansa på låven til Anne Mari Tomasgard. Her fekk vi servert nydeleg rømegraut, spekemat, surmelk og saft. Låven var koseleg pynta og bortsett frå litt kald trekk gjennom den gresne kledninga, hadde vi ei fin stund i Hornindal. Vi heldt også her ein konsert og tilhlyrarane var musikarar frå eit korps på Blakset. Vi fekk mykje skryt. Vi fortsette turen klokka 19.45 og etter eit kort stopp på Expedetionen på Nordfjordeid, så sette vi kursen heim etter ein vellukka tur, der ingen kasta tida bort med soving. Klokka 23.45 var den siste blåtur-passasjeren komen heim.

Jonsokafta
Fredag 23. juni spelte vi under opptog i samband med jonsokfeiring i Vågsvåg. Sjølv om vi var få så marsjerte vi og spelte frå kaia til Vågsberget. Der var det bål, grilling og sal av røøegraut og spekemat. På Vågsberget hadde bygdelaget ansvaret for arrangementet.

Øvingsstart
Tirsdag 15. august hadde vi den første øvinga i haustsemesteret.

Bordspikredugnad
Mandag 7. august starta vi med å lage 40 nye ti-personers bord som skal brukast til stormfestivalen. Ti personar brukte seks kveldar på å lage borda og totalt eig laget 80 slike samanleggbare bord.

Stormfestival 2000
Fredag 8. lørdag 9. og søndag 10. september arrangerte vi Stormfestival 2000.
19 korps deltok. i tillegg kom det to personar frå det 20. korpset som og var påmeldt. Korpsa som deltokk var: Batnfjord Musikklag, Blank Messing, Brattvåg Janitsjarkorps, Eidsvoll Værk Musikkorps, Ellingsøy Hornmusikk, Fræna Musikkorps, Gjøvik Bykorps, Gloppen Janitsjar, Herøy Janitsjar, Kråkstad Musikkorps, Musikklaget Melshorn, Ottestad Brass, Raufoss Musikkorps, Rudsbygd Musikkforening, Seim Musikklag, Vigra og Valderøy Ungdomsmusikk, Vik Musikklag, Ørsta Hornmusikk, ØSS´N Ørskog Storblåsarsamband, Østre Aker Musikkorps

Kvart korps hadde sin korpsvert som tok imot korpsa når dei kom, og som hadde ansvaret for å vere kontaktperson i korpset gjennom helga. Dei første korpsa, Eidsvoll og Østre Aker kom allereie fredag morgon. Det var dårleg vêr heile helga, men ingen sure miner for det. Heller tvert imot. Veret vart svært godt motteke. Fiskebåtane i Torskangerpoll vart avlyst på grunn av dårleg ver. Til gjengjeld så var bussruta vi sette opp til Kannesteinen svært populær. Her vart det frakta over 200 personar.
Vi fekk mykje skryt for opplegget og gjennomføringa av denne 4. stormfestivalen som vart arrangert ti år etter den første. Det som var minuset var at det var langt fleire som var påmeldt, enn det som kom til festivalen. Når den endelege fristen hadde gått ut var 22 korps og 572 personar påmeldt. Vi enda opp med 20 korps og rundt 400 deltakarar. Korpsa overnatta på Måløy Vidaregåande skule, og på Skavøypoll skule, på hotell hytter og pensjonat.

Programmet:
Fredag 8. september
15.00: Festivalkontoret opnar. Ankomst, mottaking og innsjekking.
19.30: Stormmiddag i Samfunnshallen. Vi serverte biff stroganoff. Folk forsynte seg når dei kom.
21.30: «Trubadurkveld» i Samfunnshallen med trubadur «Drengen» frå nordmøre. I tillegg spelte Blank Messing og Dixielanders. Fanfare, Knut Ole´«Fritjof» Frantzen, Lina og Helene og ein enkel korpspresentasjon. Ein person frå kvart korps var framme på scena og vart intervjua av kveldens konfransier, Erling.
Korpspresentasjon, underhaldning, musikk og mykje moro.
Klokka 01.00: God natt......
22.30: Ledertreff for korpsledere og korpsvertar i kafeteriaen.

Lørdag 9. september
08.00: Frukost (til kl.10.00).
10.30: Kostymeopptog gjennom handlegata i Måløy
12.00: Opning på Torget i Måløy med dei to fellesnummera, «Tromboneking» og «Festivalen». Den første dirigerte Østre Aker sin dirigent og den andre dirigerte Arne Torskangerpoll.
12.30: Karnevalsmusikk i gata
14.00: Rorbufest i Torskangerpoll. Korpsa parkerte sine bussar på ferdigbetongen i Vågsvåg, og vart køyrt til Torskangerpoll med våre tre bussar. Vi hadde og ein buss som gjekk til Kannesteinen. Vi hadde servering frå Vikabu og frå ei bu på Holmaneset. Her var det underhaldning, musikk og mykje moro.
Stormsuppe, tørrsild, musikk, fisketur, konkurranse.
15.30: Stormstafett i Torskangerpoll.
20.00: Havets festbord i Samfunnshallen. Folk åt når dei kom. Då sat Blank Mesdsing og spelte taffelmusikk.
21.30: Lyn og torden i Samfunnshallen
Underhaldning - pratekafe, karaoke MIL-turnjenter, Per Inge Torkildsen.
Dans med «Afore ye go».
Klokka 02.00: God natt.......

Søndag 10. september
08.30: Frukost
Rist laus
12.00: Avslutning på Torget i Måløy.
Fellesnummer og utmarsj.

Desse var med i hovedkomiteen som hadde hovedansvaret for planlegginga: Erling Wåge (leiar/pr), Johan Kråkenes (sekretær), Terje Våge (sosial), Johan Wåge (konsert), John Svarstad (økonomi/overnatting), Tove Neralnd (mat/pynting).

Frelsesarmen
Fredag 30. september klokka 19.00 spelte vi på Frelsesarmeen sin haustfest. Dette var første arrangementet til vår nye dirigent Luis Santiago Ruiz. Vi spelte ei avdeling, og sjølv om vi var lit redusert mannskap, så let det godt, og vi fekk mykje skryt.

Øvingshelg
Fredag 6. lørdag 7. og søndag 8. oktober hadde vi øvingshelg i Skavøypoll skule. Luis Santiago Ruiz var instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen i november.

Musikkbasar
Søndag 22. oktober arrangerte vi Musikkbasar på skulen i Vågsvåg. Basaren var lagt opp etter tradisjonelt mønster med tradisjonelle aktivitear som loddsal, åresal, bøker, lynlotteri, pilkast, lykkehjul, over / under sju og kafeteria. Litt mindre folk på basaren kan TV-innsamlingsaksjonen som kolliderte på denne dagen ta, pluss ei del andre arrangement. Det vart ein flott basar med mykje folk og godt sal. Brutto kom det inn litt over 30.000 kroner. Hovedpremien var ein flott duk frå musikklubben, og reise for to tur-retur Bergen med ekspressbåten. Trekkinga var ferdig omlag klokka 21.30.Torskangerpoll Musikklag underheldt med to avdelingar.

Øvingshelg
Fredag 6. lørdag 7. og søndag 8. oktober hadde vi øvingshelg i Skavøypoll skule. Luis Santiago Ruiz var instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen i november.

Haustkonsert Bryggja
Søndag 12. november deltok vi på Ytre Nordfjord Brass sin haustkonsert på Bryggja Grendahus. Konserten starta klokka 16.00. Vi spelte ei avdeling i starten. Vi spelte fire nummer - programmet som vi skal bruke på Sogn og Fjordane Meisterskapen. Vi spelte: Consert Prelude, If, Cute og Thundercrest.

Sogn og Fjordane Meisterskap for korps
Lørdag 18. november deltok vi i Sogn og Fjordane meisterskapen for korps i Sogndal. Vi reiste med buss frå Vågsvåg fredag klokka 17.00. Vi budde på Trudvang skule. Med Roar Ståle Vedvik bak rattet vart det ein humørfyllt tur innover med bingo og greier.
Framme i Sogndal rigga vi oss til på skulen, før vi gjekk i kulturhuset og fekk ein halv times øving. Etterpå hadde vi ei kort øving i eit rom på skulen. Lørdag starta konkurransen klokka 12.00 med fire korps i janitsjar. Sogndal musikklag, Måløy Musikklag, Førde Ungdomskorps og Årdal Janitsjar/Leikanger Musikklag. I brass var det og fire korps; Jølster Musikklag, Torskangerpoll Musikklag, Kjølsdalen Musikklag og Flore Hornmusikk. Trass i at vi ikkje hadde hatt ei einaset øving med komplett korps før vi møttest til den siste prøva fredags-kvelden, så spelte vi godt, og alle gjorde sitt beste. Dirigent var Luis Santiago Ruiz. Vi starta med «Consertprelude», fortsette med «If», med Lisbeth Helen Våge som solist på horn. Vidare spelte vi «Cute» med ein ny trønder i korpset, William Mitei Dagsvik, som solist på slagverk. Vi avslutta med marsjen «Thundercrest».
Vi fekk mykje skryt, og hamna på ein andreplass med nest mest poeng i heile klassen. Vi var to poeng bak vinnande Jølster, og eit poeng framfor Kjølsdalen.
Dommere var Arnfinn Dalhaug (Ulsteinvik) og Arne Ottar Øde-gård (Åndalsnes).
Om kvelden var det meisterskapsfest i kulturhuset i Sogndal. Etter konsert med korps og kor frå Årdal, var det den spennande premieutdelinga. Vi var godt fornøgd med plasseringa, og feira dette med ein flott fest i kulturhuset der blant anna aure, spekemat, salat og spesialetiketta Lerrum-øl stod på menyen.
Klokka 11.30 sette vi kursen heimatt etter ei flott helg. Og takka være kjempegod service av FSF så nådde vi ferja, og alle kom seg trygt heim etter ei velukka helg.

Resultatliste:
Brass

1. Jølster Musikklag 90 + 7 = 97 p
2. Torskangerp Musikklag 88 + 7 = 95 p
3. Kjølsdalen Musikklag 87 + 7 = 94 p
4. Florø Hornmusikk 85 + 6 = 91 p
Janitsjar
1. Sogndal Musikklag 88 + 7 = 95 p
2. Måløy Musikklag 87 + 7 = 94 p
3. Førde Ungd.korps 86 + 7 = 93 p
4. Øvre Årdal Janitsjarkorps/Leikanger Musikklag 84 + 7 = 91 p

Vurderingsklasse: Fjordbrass.
Vandrepremie til korpset med høyest poengsum uansett klasse: Jølster musikklag.

Desse var med å spelte:
Berg, Synnøve - Færestrand, Bjarte - Færestrand, Helene - Gravdal, Trond Viggo - Halnes, Marius - Hopland, Tom Andre - Knotten, Anne-Mari - Kråkenes, Birthe - Kråkenes, Johan
Kråkenes, Stine - Loen, Sølvi Ann - Lunde, Anbjørg - Løvseth, Ane - Nerland, Tove - Oppedal, Harald - Ruiz, Luis Santiago - Svarstad, John Vidar - Vedvik, Roar Ståle - Våge, Asbjørn - Våge, John Inge - Våge, Kåre Jostein - Våge, Lisbeth Helen - Våge, Terje - Dagsvik, William Mitei - Wåge, Alice Haus - Wåge, Erling - Wåge, Johan Einar - Wåge, Lina - Øvrelid, Arne

Julegrantenning
Søndag 3. desember deltok vi på tenning av julegran på skulen i Vågsvåg. Sjølv om vi var redusert mannskap, og det var surt og regnfullt, så klarte vi å skape julestemning. Terje Våge dirigerte oss. Bygdelaget arrangerte tenninga saman med Våge/Oppedal skule.

Lysmesse
Søndag 10. desember klokka 17.00 spelte vi på lysmesse i Sør-Vågsøy kyrkje. Vi spelte preludium, postludium, til to salmar og eit soliststykke i midten. Vi hadde ein times øving klokka 14.30.

Juletrefest
Onsdag 27. desember klokka 19.00 arrangerte vi juletrefest i Våge Oppedal skule. Vi samarbeidde også i år med Frelsesarmeen. Det møtte opp mykje folk og festen varte i 3,0 timar. Det var stor stemning. Tradisjonen tru så starta Torskangerpoll Musikklag med ei eiga avdeling. Asbjørn Våge leia festen. Luis Santiago Ruiz dirigerte. Kaptein Heidi Epeland held andakt. Etterpå gjekk vi rundt juletreet geleida av den energiske Alv og Ester Låstad med sang og Terje Våge på trekkspel. Etter kaffipause og julenissebesøk, vart det lotteri, konkurranse og meir juletregang. Den trivelege kvelden vart avslutta med «Deilig er jorden». I komiteen var: Alice H. Wåge, Kåre Våge, Asbjørn Våge, Gun-Tove Gursli, Ivar Torskangerpoll og Audun Færestrand.

Årsfest
Lørdag 30. desember klokka 20.00 arrabgerte vi årsfest i Turnhallen i Måløy. Over hundre personar var påmelde, men beklagelegvis var det mange som ikkje møtte opp, og som heller ikkje gav beskjed om at dei ikkje kom, slik at det var rundt 80 på festen. Men dette la ikkje noko dempar på stemninga. Dei fleste såg ut til å like seg godt. Terje Våge leia festen som vart opna av komiteen med sjølvdikta sang. Så var det allsang før folk kunne forsyne seg frå eit nydeleg og bugnande koldtbord levert av Jens Cilleborg Jensen. Så var det underhaldning. Formann Johan Einar Wåge hylla styret, dirigent og andre som har stått på for korpset. Så var det dei unge, Ane Løvseth, Birthe og Stine Kråkenes, Lina Wåge og Helene Færestrand, sin tur. Dei framførte ein flott sjølvdikta og fleirstemt sang. Så var det dei litt meir vaksne sin tur. Gun Tove Gursl, Tove Nerlend, Sølvi Loen, Anne-Mari Knotten og Alice H. Wåge som sjarmerter med eit feiande og frodig ABBA-show. «Party Ekspress» frå Ålesund spelte. Komiteen bestod av Terje Våge, Anne-Mari Knotten, Erling Wåge og John Inge Våge.

 

Sist oppdatert:29-11-2000 klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt