Dette har Torskangerpoll gjort i 2001

 

Protokoll 2001

Første øving

Tirsdag 9. januar var første øving etter nyttår. På grunn av at Frelsesarmeen sitt lokale var oppteke, så øvde vi i Sør-Vågsøy Kyrkje.

 

Korpsmøte

Fredag 26. januar arrangerte vi korpsmøte i Gravdal skule. Møtet var for korpsmedlemmer of starta kloka 21.00. Knapt 20 medlemmer møtte. Tema for møtet var idedugnad om aktivitetar frammover, dirgentevaluering, øvingslokale-debatt og utanlandstur til England i sommar. Komitéen, Johan W, Johan K, og Roar Ståle V. orienterte om planane i siste sak.

 

Øvingshelg

Lørdag 27. og søndag 28. januar hadde vi øvingshelg på Skavøypoll skule. Dirgent Luis Santiago Ruiz var instruktør. Vi øvde på stoff til arrangement framover våren.

 

John Svarstad 50-år

Lørdag 17. februar spelte vi i John  Svarstad sitt femti-årslag. John har bursdag mandag 19. februar, men dagen vart altså feira to dagar på førehand. Festen var på låven på Vågsberget. Vi spelte ei avdeling. Korpset har og fått laga eit tinnkrus slik alle som blir femti år får.

 

Deltaking gudsteneste

Søndag 25. februar klokka 11.00 spelte vi under høgtidsgudsteneste i Sør-Vågsøy Kyrkje. Vi spelte preludium, eit stykke midt i gudstenesta og eit stykke til slutt som postludium. I tillegg spelte vi til salmane. Ola Døhl var prest. LuisSantiago Ruiz var vår didirgent.

 

Årsmøte

Tirsdag6. mars gjennomførte vi vårt årlege årsmøte. Møtet starta klokka 20.00 og vart halde i Frelsesarmeen sitt lokale. 23 møtte opp på møtet. Det vart gjort vedtak i alle sakene bortsett frå val. Her hadde valnemnda fått problem med å fylle opp alle verva i siste liten. Dermed vart denne saka utsett til eit tillyst ekstraordinært årsmøte tirsdag 20. mars 2001.

 

Øvingshelg - konsert i Olden

Fredag 9. lørdag 10. og søndag 11. mars hadde vi øvingshelg i Olden. Vi reiste inn i privatbilar fredag kveld. Vi øvde og budde på skulen i Olden. Olden Hornmusikk med Gunnar Skarstein i spissen ordna med det praktiske rundt øvingshelga. Men vi ordna med mat og resten sjølve. Eirik Gjerdevik var instruktør. Lørdag klokka 16.00 heldt vi konsert i gymsalen på skulen. Konserten var annonsert og det møtte opp 60 personar. Planen var at Olden skulle vere med på konserten, men det fekk dei ikkje til. Så derrmed heldt vi ein variert og feiande konsert på 50 minutt. Dei oppmøtte var godt fornøgde, og vi fekk mykje skryt. Midt i konserten så spelte Eirik Gjerdevik eit solostykke på tuba.

Om kvelden hadde Olden Hornmusikk laga til sosialt treff i kjellaren i Aldahem. Dei stilte med nydeleg lapskaus, og vi hadde ein kjempekoseleg kveld med mykje spontan underhaldning.

Søndagen øvde vi til klokka var 15.00 før vi takka for oss, vaska og rydda, og sette kursen heim.

 

Ekstraordinært årsmøte

Tirsdag 20. mars gjennomførte vi ekstraordinært årsmøte. I tillegg til ordinære konstituerande saker, var det kun val som stod på sakskartet.

 

Frelsesarmeen - Vårfest

Fredag 30. mars klokka 19.00 spelte vi på Frelsesarmeen sin vårfest. Vi starta festen med ei avdeling dirigert av Luis Santiago Ruiz. Vi spelte godt og fekk mykje skryt.

 

Dugnad

Lørdag 21. april hadde vi dugnad på Gravdal skule. 15 personar deltok og vi fekk rydda, vaska, malt og jobba med notearkivet.

 

Dugnad

Lørdag 28. april hadde vi igjen dugnad på Gravdal skule. Det var litt mindfre folk denne dagen. Arbeidet bestod i maling og reperasjon av ein vegg.

 

17. Mai

Nasjonaldagen vart feira på tradisjonelt vis med tog, mat, leikar og hurrarop. Veret var skiftande skydekker og periodar med sol. Vi vart heldigvis ikkje våte. Første toget starta i Oppedal klokka 07.00. Toget gjekk til kaia i Vågsvåg. Så bar det til skulen i Vågsvåg der 17. mai-komiteen hadde laga til frukost. 10.30 var det tog frå byggjefeltet til skulen i Vågsvåg. Her spelte Torskangerpoll og Holvik i lag. På skulen var det barneleikar. Klokka 14.00 stilte Torskangerpoll Musikklag saman med Holvik skulekorps i Holvik der det var felles opptog gjennom bygda. 15.30 var det folketog i Vågsvåg, og her spelte Torskangerpoll åleine. Sola skein og det vart ein fin tur frå Vågsberget til skulen i Vågsvåg. Der var det folkefest og Torskangerpoll spelte Ja vi elsker, Vågsvågsangen og Norge i Rødt, hvitt og blått. terje dirigerte korpset.

 

Konsert /Kakelotteri

Lørdag 19. mai hadde vi kakelotteri på Måløy Brygge. Klokka 11.30 stilte korpset i regnfrakkar under Måløy-brua. Vi marsjerte gjennom sentrum. Sjølv om veret var surt, så gjennomførte vi marsjeringa utan regn. Vi heldt såp ein konsert i sentrumsparken.

 

Arne Torskangerpoll 70 år.

Tirsdag 22. mai stilte vi opp ved Måløy Brygge då ekspressen klappa til kai. Vi spelte tre marsjar då Arne Torskangerpoll og kona Aasta kom heim frå tur der feiringa av Arne sin 70-års-dag var innlagt. Etter at vi hadde spelt og sunge for ein takksam og smilande jubilant, hadde vi kakefest sang og gåveutdeling på Frelsesarmeen. Kaptein Heide hadde dekka på og lagt forholda ypperleg til rette.

 

Songarstemne i Måløy

Lørdag 26. mai spelte vi på songartog under songarstemne i Måløy med Måløy Songlag som arrangerte. Vi stilte klokka 11.30 ved Br. Myhre og vi marsjerte til Torget. Der var det opning og fellesnummer. Etter seremonien marsjerte vi frå Torget til Sentrumsparken.

 

Jonsokspeling

Lørdag 23. juni marsjerte vi i nydeleg jonsokveir frå kaia i Vågsvåg til Vågsberget. Der heldt vi ein lett konsert i samband med jonsokarrangementet.

 

Jonsokdans

Lørdag 23. juni arrangerte vi ein svært så vellukka jonsokdans mellom husa ute på Vågsberget. Nesten 200 møtte opp i nydeleg ver, og stemninga var magisk. Wåges spelte til dans, og vi serverte grillmat, kaffi og brus. Vi lbygde flake på fredag, og søndag var det opprydding. Alle var fornøgde etter ein hektisk men vellukka dansekveld.

 

Konsert Måløydagane

Søndag 1. juli i lett regn, men vindstille stilte vi i regnfrakkar i Måløy sentrum. Vi starta med Gangsø og marsjerte oss gjennom eit folketett sentrum. Vi enda opp i Sentrumsparken der vi heldt ein vellukka konsert med Luis som dirigent. Berre så synd at slutten av konserten vart øydelagt av støy frå eit anna orkester i nærleiken. Det var mykje folk å hørde på, og vi fekk mykje skryt. Korpset talde 30 stykker denne dagen.

 

Cutty Shark

Søndag 22. og mandag 23. juli spelte musikantar frå Torskangerpoll Musikklag saman med musikantar frå Måløy Musikklag under seglregattaen Kutty Shark. Det vart både marsjering og konsert i eit folksamt Måløy. Dei som var med tykte samarbeidet var positivt.

 

Havbruksdag

Søndag 2. september spelte Torskangerpoll Musikklag på Vågsberget i samband med 4H-sin havbruksdag. Vi spelte fem marsjar inne på låven på Vågsberget.

 

Bergensweekend

Fredag 28. september klokka 09.00 sette knapt 30 musikantar, nokon med følgje, på bussen med kurs mot Bergen. Dette var meint å vere ei sosialhelg der vi skulle slappe av. Vi hadde kontakt med Kleppe Musikklag som er dirigert av Eirik Gjerdevik. Dei hadde laga til eit flott opplegg for oss. Første stopp var heime hos Gjerdevik i Knarvik. Vi budde på Strand Hotel. Fredag kveld var vi på teater, To fruer i ein smekk.

Lørdag var det avslapping. Klokka 16.00 stilte vi med instrument og dirigent Luis Santiago Ruiz for ein miniøving. Klokka 17.00 var det felles konsert med Kleppe Musikklag. Vi spelte ei avdeling, før dei hadde si.

Om kvelden hadde dei laga til ein koseleg fest i eit selsapslokale i by`n. Vi kosa oss og hadde det kjekt i lag med allsang, konkurransar og god mad frå havet.

Søndag i middagstida sjekka vi ut av hotellet og sette kursen heimover.

 

Konsert Raudeberg kyrkje

Søndag 21. oktober deltok vi på Raudeberg Skulemusikk sitt 40 års-jubileum. Vi spelte ei avdeling i konserten som varte i 2 timar og 35 minutt. I till.egg til oss og jubileumskorpset, så spelte Stormklang, Vedvik Brass, Selje skulekorps og Holvik skulekorps.

 

Musikkbasar

Søndag 28. oktober arrangerte vi vår årlege basar på skulen i Vågsvåg. Vi starta klokka 13.30. Klokka 16.00 starta basaren. Vi hadde tradisjonelle aktivitetar. Det var godt med folk. Vi spelte to avdelingar. Vi hadde og besøk av Vedvik Brass som gledde oss med ei avdeling. Det var mange fine gevinstar, og vi fekk inn rundt 38.000 kroner brutto.

 

Øvingshelg

Fredag til søndag 2. til 4. november hadde vi øvingshelg på skulen i Skavøypoll med Luis som instruktør. Vi øvde på stoff til Sogn og Fjordane Meisterskapen.

 

Sogn og Fjordane Meisterskap for korps

 

Solistpris til Sogndal

Jølster musikklag gjekk altså til topps i brassklassen for åttande gong på rad. Dei siste to åra har Torskangerpoll musikklag kome på andreplass, i år overtok Kjølsdalen musikklag denne plasseringa. Florø hornmusikk og Fjordbrass Lavik følgde på dei neste plassane.

Nytt av året var ein solistpris på 1000 kroner frå NMF Sogn og Fjordane. Denne gjekk til Gunnar Onarheim frå Sogndal som spelte nydeleg på altsaksofon på "Ved Nesland kyrkje".

Dommarar var Svein Henrik Giske og Jane Westervik.

 

Heider og ære

  Per Mardal frå Gloppen fekk tidlegare i haust Kongens Fortenestemedalje i sølv. På festkvelden laurdag vart han heidra av ein fullsett sal - med ståande applaus.

  Dirigent Geir Eikenes i Gloppen Janitsjar hadde altså mange grunnar til å juble i helga. Han fekk tildelt NMF sitt heidersteikn for dirigentar på festkvelden laurdag. Også han vart heidra med ståande applaus frå festlyden. Geir har dirigert ulike korps i 25 år, dei fleste av dei i Gloppen.

 

Resultatliste:

 

Brass

Fylkesmeistrar brass: Jølster musikklag

1 Jølster musikklag 90 +    7 =      97 p

Dirigent Gunnar Smaadal

2 Kjølsdalen musikklag       87 +    9 =      96 p

Dirigent Helge Øren

3 Torskangerpoll musikklag           85 +    7 =      92 p

Dirigent Luis Santiago Ruiz

4 Florø hornmusikk 84 +    7 =      91 p

Dirigent Trond Haugen

5 Fjordbrass Lavik   80 +    7 =      87 p

Dirigent Sjoerd Tolsma

 

Janitsjar

Fylkesmeistrar janitsjar: Gloppen Janitsjar

1 Alvøens musikkforening  93 +    6 =      99 p

Dirigent Knut Riser

2 Gloppen janitsjar   88,5 +             9 =      97,5 p

Dirigent Geir Eikenes

3 Sogndal musikklag           88 +    8 =      96 p

Dirigent Vilhelm Einen

4 Strusshamn musikkforening        88 +    7 =      95 p

Dirigent Jan Roger Øren

5 Måløy musikklag   87 +    7 =      94 p

Dirigent Luis Santiago Ruiz

6 Førde ungdomskorps       83 +    7 =      90 p

Dirigent Johan Bengtsson

 

Vandrepremie: Gloppen janitsjar (til korpset med høgast poengsum uansett klasse)

 

Solistpris: Gunnar Onarheim, Sogndal musikklag

 

Julegrantenning

Søndag 2. desember spelte Torskangerpoll Muiskklag på tening av julegrana i Vågsvåg. Sjølv om veret var surt og besetninga ikkje den beste, så spelte vi julesangar ute, og folk kosa seg og gjekk rundt treet.

 

Julekonsert

Søndag 16. desember klokka 17.00 var vi teknisk arrangør av årets julekonsert i Sør-Vågsøy Kyrkje. Dei seom deltok på konserten var Skram Skoles Musikkorps, Skavøypoll Skulemusikk, Holvik Skulekorps, Måløy Songlag og Torskangerpoll Musikklag. Frelsesarmeen heldt andakt og fekk med pengane frå ofringa. Vi spelte til slutt og framførte: «Vitae Lux», «Julesong» og «Joy to the world». Konserten vart avslutta med Deilig er jorden

 

Juletrefest

Torsdag 27. desember klokka 18.00 arrangerte vi den tradisjonsrike juletrefesten i skulen i Vågsvåg. Masse snø, måneskinn og fleire minusgrader var ei perfekt ramme rundt. Vi starta med ei avdeling. Lisbeth Helen Våge og Arne Torskangerpoll dirigerte. Frelsesarmeen deltok og heldt andakt. Det var nydeleg kaffi, julebrødskive og stor stemning. Mange hadde møtt opp. Det var gang rundt juletreet med flott sang leia av blant andre Alf Låstad og Terje Våge på trekkspel. Og sjølvsagt dukka nissen opp med gaver til dei yngste.

 

 

Sist oppdatert:29-11-2000 klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt