Dette har Torskangerpoll gjort i 2002

Protokoll 2002

8. Januar: Første øving
Tirsdag 8. januar var første øving etter Nyttår. Vi øvde i Frelsesarmeen sitt lokale og det var bra oppmøtte på øvinga.

27. Januar: Øvingssøndag
Søndag 27. januar hadde vi øvingssøndag i Frelsesarmeen sitt lokale. Dirigent Luis Santiago Ruiz var instruktør, og vi øvde på stoff til samarbeidskonserten med Kvalheim Songlag. Det var godt oppmøte og vi fekk ein effektiv søndags føremiddag.

16. Februar: Konsert/Låvefest
Laurdag 16. februar møtte vi opp i turnhallen i Måløy og hadde konsert i lag med Kvalheim songlag. Luis var dirigent og vi la opp til to avdelingar. Første avdeling var med roleg musikk og solostykker. Så hadde Kvalheim songlag ei avdeling i midten. Dei song veldig klart og reint og publikum var med. Siste avdelinga slutta vi av med meir underhaldningsmusikk med fart og spenning. Vi avslutta i lag med Kvalheim med Hey look me over med nyskreven tekst for anledningen. Det vart ei flott avslutning på konserten. Terje Våge var programleiar og sydde i hop konserten med vitsar og annonseringar av stykka. Salen var omtrent full med publikum, og dei storkoste seg og klappa. Bernt Reed var representant for Norges Musikkorps forbund og delte ut to medaljar til Arne Øvrelid og Erling Wåge. Arne for 40 års medlemsskap og Erling fekk NMF sin fortenestemedalje for lang og tro tjeneste.

På kvelden var det låvefest på Vågsberget. Komitèen hadde laga til og pynta på Vågsberget med langbord, mat og god drikke. Det var musikk av den Norgeskjende gruppa Wåges med pausemusikk av MP3-band John Inge Våge. Utover kvelden vart det lett underhalding med dei ”unge kule” og dei ”syngende husmødre”. Johan W. delte ut krus til alle i styret og dirigenten og andre som har vert til stor hjelp i løpet av året. Det var oppimot 90 frammøtte personar på festen. Det vart ein flott og minnerik kveld for alle.

17. Mars: Syng med oss på Raudeberg
Søndag ettermiddag møtte vi opp i samfunnshuset på Raudeberg i lag med Kvalheim songlag til sang og musikk. Vi hadde lagt opp til to avdelingar med variert underhaldningsmusikk. Kvalheim songlag hadde ei avdeling mellom. Som avslutning spelte vi, Hey look me over, i lag med Kvalheim som song. Ragnar Furnes var konferansier og Terje Våge introduserte stykka etter kvart som vi spelte. Det var kake, kaffi og loddsal i pausa. Det var masse folk og det heile vart ein vellukka ettermiddag og ein fin konsert.

14. April: Øvingssøndag
Søndag 14. april møtte vi opp i Frelsesarmèen til øvingssøndag. Vi hadde leigt inn Eirik Gjerdevik som instruktør. Han var i distriktet i forbindelse med konsert i lag med Vedvik og Ytre Nordfjord Brass, så det passa fint med øving denne dagen. Eirik hadde med seg masse ny musikk, og vi spelte gjennom mykje nytt ”stoff” denne søndagen. Det var variert underhaldningsmusikk og nokre stykker tenkt til ein eventuell konkurranse til hausten. Det vart ei god øving med godt oppmøte og Eirik var godt fornøgn med innsatsen.


26. til 28. April: Blåtur
Fredag 26. april klokka 1700 satte vi oss i bussen og starta ferden til ukjente farvatn. Bussen kjørte over brua og til fastlandet. Kanskje skulle vi til Breim?? Vi svinga av mot Åheim og turen gjekk vidare mot Møre. På ein busshaldeplass ein stad etter Åheim sto ein prest(Rolf) og ei nonne(Børre) klar med punsj. Dei serverte oss fruktpunsj og det smakte fortreffelig godt. Så gjekk turen til Ulsteinvik Radison Hotell for ein bedre middag, biff stod på menyen. Etter at alle var godt mette reiste vi vidare til ein campingplass ved Flø. Der innlosjerte vi oss på hytter. Der grilla vi på kvelden og kosa oss. Trekkspelet til han Terje og gitaren til han Erling fekk ikkje kvile den natta. Laurdag føremiddag reiste vi til Ullsteinvik sentrum og heldt ein konsert utanfor ”Det blå huset”. Utpå ettermiddagen hadde vi fotballkamp på eit jorde ved campingplassen. Etterpå hadde vi ein minikonsert utanfor huset til familien til ho Anne-Mari. Utover kvelden kosa vi oss på hyttene og hadde det sosialt ilag. Trekkspelet og gitaren fekk ikkje kvile denne kvelden heller. Vi reiste heim Søndag føremiddag etter ein god frokost. Det var ei gjevandes helg. (Lambadakurs til han John)

11. Mai: Speling i gata
Laurdag 11. mai møtte vi opp i spiralen med uniform og godt humør. Vi marsjerte gjennom gata og stoppa fleire plassar og spelte marsjar. Han Terje styrte oss med fløyta si og trommene ga oss rytma igjennom gata. Vi marsjerte gjennom gata til Verlo og svinga ned til Bryggen. Der hadde vi ein halvtimes minikonsert. Vel blåst!!

17. Mai: 17. mai-feiring
Fredag 17. mai hadde vi den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen. Vi starta ut i Oppedalen kl. 07.10 (Litt forsinka, men godt). Deretter gjekk turen opp bakkane og ned bakkane til kaia i Vågsvåg. 17. mai-komitèen hadde laga til ein utsøkt frokost til musikantane i skulen i Vågsvåg. Som vanleg sang vi for jubilanten Audun Færestrand som fylte 75 år denne dagen. Deretter var det barnetog frå skulen til Vågsberget og tilbake. Kl. 12.00 spelte vi til flaggborg i skulen. Vidare stilte vi opp i Holvikja kl. 14.30 og spelte i lag med Holvik skulekorps. I år fekk vi spørsmål om å spele på Silda, då Måløy Musikklag meldte avbud i siste liten. Vi reiste med Øyglimt kl. 16.15 til Silda. Der spelte vi på Skjærbuda eit par marsjar og nasjonalsangar. Vidare gjekk turen gjennom bygda med sang og musikk. Vi enda nedanfor skulen og heldt ein minikonsert medan vi venta på at Øyglimt skulle legge til kai. Nesten heile bygda var samla og gjekk i tog i lag med oss. Vi sang, spelte og hygga oss i lag med bydgefolket. Dette var eit sprell som vi gjerne kunne tenkt oss fleire gongar. Vi reiste tilbake med Øyglimt og gjekk kvar for oss.

2. Juni: Speling i Sør Vågsøy Kyrkje
2. juni var TPM med å spele på familiegudsteneste i Kyrkja. Vi spelte Whitburn, Eg veit i himmelrik ei borg, Share My Yoke, eit par salmer og til slutt ”Våren” med etterfylgjande applaus. Lisbeth Våge var vikar for Luis i hans fravær. Seinare same dag spelte vi til marsjering på turnstevne på Måløy Stadion. Vi marsjerte frå Ungdomsskulen og heilt til Stadion.

3. Juni: Dugnad i Gravdal skule
Tirsdag 3. juni var det stor dugnad på Gravdal skule. Vi fiksa bord og benkar, og alle stod på. Det var rydding av notar, bygging av lagerrom for bordene og jaging av mygg. Og sjølvsagt vart det servert kaffi og nydelege sveler. Forutan har det vore bord og benk-dugnadar.

11. juni: Avslutning på Husevåg med grilling og minikonsert/Avskjed med Luis
Tirsdag 11. juni var vi invitert til Husevåg for å ta avskjed med Luis og for å avslutte sesongen. Der hadde Eli og Dag Husevåg laga til eit fint arrangement. Eit fylgje på 50 reiste over med småbåtar. På Husevåg hadde vi konsert og grilling. Litt regn på slutten av kvelden la ikkje nokon dempar på stemninga. Vi gjekk i hus og fylte opp skulehuskjellaren. Under konserten fekk Luis mykje skryt for jobben han har gjort for korpset, og fekk tildelt blomster. Luis takka for ei fin tid i lag med oss.

15. Juni: Bjarte 50 år
13. juni vart mangeårig medlem i TPM, Bjarte Færestrand 50 år. Jubiléet vart feira med stor fest på Vikabu laurdag 15. Juni. Mykje folk og høg stemning til langt ut i dei små timar. Bjarte fekk ein krystallvase i gåve frå korpset. Vi spelte og song for jubilanten.

22. Juni: Sommardans på Vikabu
Laurdag 22. juni var det sommardans på Vikabu i Torskangerpollen. John Inge Våge stilte opp med sitt populære einmanns variert ”MP3-dansemusikkband”, og det var sal av grillmat. Karane i laja hadde bygd danseflake mellom budene. Det vart litt regn utpå kvelden, og oppmøtet var ein smule redusert. Men dei som var til stades var i godt humør og det var fin stemning og mykje moro.

20. August: Sesongstart
Tirsdag 20. august starta vi første øvinga for i år. Og på plass med dirigentstokken var Lisbeth Helên Våge. Lisbeth sprudla og såg ut til å kose seg i rolla.

6. 7. og 8. September: Øvingshelg med Eirik Gjerdevik
Denne helga hadde vi hyrt inn Eirik Gjerdevik som instruktør. Vi brukte tida til å finne stykke til Sogn og Fjordane meisterskapen og til innøving av nytt repertoar til bruk utover hausten. Det var godt frammøte og vi fekk mykje positivt ut av denne samlinga. På laurdags kvelden samla vi oss til fest i nyegarasja til Erling og Alice. Der var det dekka til langbord og på menyen stod det krabbe og reker med tilbehør. Utover kvelden vart det underhaldning av det nystarta enmanns-mp3-karaoke-bandet med John Inge i spissen. Dette vart stor suksess og folk kosa seg utover dei seine nattetimar. Takka være nyinnkjøpt avansert karaokeutstyr frå dei fremste leverandørane i Østen.

20. September: Haustfest på Frelsesarmêen
Fredag 20. september spelte vi på Frelsesarmêen sin årlege haustfest. Her spelte vi lett Frelsesarmê-musikk. I tillegg framførte vi to melodiar arrangert av Arne Torskangerpoll, Sommersol til siste stund og Armêmarsj. Den siste var for øvrig urframføring av ein ny marsj Arne har arrangert. Lisbeth Våge var dirigent.

21. September: Anne-Mari 40 år
Anne-Mari Knotten feira sin 40-års dag denne kvelden. Det vart ein stor fest på Låven på Vågsberget der kameratar i Torskangerpoll Musikklag var med på å sette farge på den store dagen. Vi spelte , åt, dansa og kosa oss til seint på natt. Anne-Mari sa at denne dagen ville bli hugsa som noko av det største ho har opplevd. Den store bursdagen var den 25. september.

20. Oktober: Musikkbasar
Søndag 20. oktober arrangerte vi vår årlege basar på skulen i Vågsvåg. Vi starta tillaging klokka 13.30 og klokka 16.00 starta basaren. Vi hadde tradisjonelle aktivitetar som pilkast, over-under 7, lykkehjul, aftentrekning, tipping, loddbøker og åresalg. Kjøkkengjengen var også på plass med nydeleg kaffi og mykje god mat. Det var godt med folk. Vi spelte to avdelingar. Det var mange fine gevinstar, og vi fekk inn rundt 37.500 kroner brutto.

8. 9. og 10. November: Øvingshelg
Denne helga var det klart for ei ny økt med speling og blåsing. Dette var ei rein oppkøyring til fylkesmeisterskapen for amatørkorps. Som instruktør hadde vi Helge Haukås frå Bergen. Det vart mykje speling og terping på få melodiar, men vi fekk veldig mykje ut av denne helga. Haukås likte seg godt og ville veldig gjerne komme tilbake ved ei anna anledning seinare. Vi fekk mange nye og positive impulsar frå Helge denne helga.

15. November: Ekstraøving
Fredag 15. november var det satt opp ekstraøving for gjennomkjøring av programmet til Sogn og Fjordane Meisterskapen. Dette vart ei god og effektiv øving der vi var nesten alle oppmøtte.

16. November: Sogn og Fjordane Meisterskap
Torskangerpoll Musikklag deltok på Sogn og Fjordane Meisterskap for korps på Nordfjordeid 16. november. Vi reiste tidleg inn om morgonen laurdag. Vi gjekk på scena klokka 16.00 og framførte fylgjande stykke: Army of the Nile, Macushla med solist Asbjørn Våge på euphonium, 1. sats på Svor-Springdans, Sheperds song med solist Helene Færestrand og til slutt ”It dont mean a thing”.
Jølster musikklag var suverene og gjekk altså til topps i brassklassen for niande gong på rad.
Vi kom på 3. plass etter Kjølsdalen musikklag. Her er resultatlista:
Brass
1 Jølster Musikklag 94 + 8 = 102 p
2 Kjølsdalen musikklag 89 + 6 = 95 p
3 Torskangerpoll musikklag 87 + 6 = 93 p

Janitsjar
1 Gloppen janitsjar 90 + 7 = 97 p
2 Sogndal musikklag 88 + 7 = 95 p

Vandrepremie: Jølster musikklag (Til korpset med høgaste poengsum uansett klasse)
Solistpris : Knut Johan Mikkelsen, Esstuba, Jølster musikklag
Arrangør : Kjølsdalen musikklag

1. Desember: Julegrantenning
Søndag 1. desember spelte Torskangerpoll Muiskklag på tenning av julegrana i Vågsvåg. Det var fint vêr men kaldt og besetninga var ganske bra. Vi spelte mange julesangar ute og folk gjekk rund juletrêet. Oppsluninga frå bygdefolket var stor denne gongen. Lisbeth Våge dirigerte.

15. Desember: Julekonsert
Søndag 15. desember spelte vi på julekonsert i Sør-Vågsøy Kyrkje. Dette vart ein særdeles flott og utradisjonell julekonsert med både korsang, korpsmusikk, spele og sangsolistar. Dette var ein av dei finaste julekonsertane på lang tid. Alle korps og kor hadde valgt musikk dei meistra godt og det vart ei fin musikalsk oppleving. Måløy Musikklag var arrangør. TPM spelte fylgjande melodiar: Deilig er den himmel blå, Sheperds song og Panis Angelicus med Terje Våge og Helene Færestrand som sangsolistar. Vi fekk veldig god respons frå publikum for programmet og framføringa vår.

27. Desember: Juletrefest
Fredag 27. desember klokka 18.00 var det klart for musikklaget sin tradisjonelle juletrefest i skulen i Vågsvåg. Vi starta med ei avdeling. Lisbeth Helen Våge dirigerte, og vi framførte to stykker arrangert av Arne Torskangerpoll, Jeg så mamma kysse nissen og Blue Christmas, dei stykka vi hadde på julekonserten i kyrkja + julesangar frå juleheftet. Frelsesarmeen med Alf Laastad og Heidi Epland deltok og heldt andakt. Det var nydeleg kaffi, julebrødskive og stor stemning. Mange hadde møtt opp. Det var gang rundt juletreet med flott sang leia av blant andre Alf Låstad og Terje Våge på trekkspel. Og sjølvsagt dukka nissen opp med gåver til dei yngste.


 

Sist oppdatert:29-11-2000 klikk her for å komme tilbake til aktivitetsoversikt