Arrangement 2003

4. og 5. januar: Årsfest på Selje Hotell
Denne helga hadde vi årsfest på Selje Hotell med overnatting. Her var det mykje god mat, dans og underhaldning. Johan Wåge og John Inge Våge stod for programmet. Vi kosa oss og slappa av med god mat og drikke og dei som ville tok seg ein dukkert i bassenget. Dette vart ein kjekk kveld for dei som var påmelde. Erling Wåge, Johan Wåge og Johan Kråkenes fekk kvar si vinflaske som takk for god innsats.

7. januar: Første øving
Tirsdag 7. januar var første øving etter Nyttår. Vi øvde i Frelsesarmeen sitt lokale og det var bra oppmøte på øvinga.

29. januar: Alfred Færestrand 80 år
Ein markant personlegheit i TPM si historie fylte 80 år 29. januar. Han var med i lang tid i korpset, heilt frå 1940 til 1985. Representantar frå korpset stilte opp i Alfred Færestrand sitt selskap for å heidre den mangeårige musikanten.

9. februar: John Inge Våge 30 år
Ein annan markant musikant og mangeårige medlem i TPM, John Inge Våge vart 30 år søndag 9. februar. Dagen vart feira laurdag på Låven på Vågsberget. Dei i frå korpset som var der spelte. Det var nydeleg mat, taler, song og underhaldning.

20. februar: Sildeflekkingdugnad
Rundt 300 sild vart flekt og hengt opp til tørk. Desse skulle brukast som delikatesse under Stormfestivalen til hausten. Ingolf Oppedal, Magnar Våge, Trygve Vedvik og Johan Wåge var ”sildekongar” som gjorde ein kjempejobb med sildedugnaden.

4. mars: Årsmøte
Tirsdag 4. mars kl. 20.30 vart det avholdt ”årsmøte i laja”. 23 møtte og årsmøtet var dermed lovleg satt. Det vart behandla ordinære årsmøtesaker som val, rekneskap, budsjett og innkomne saker. Det vart servert kaffi og noko attåt. Møtet varte utover kvelden til vi var ferdige med alle sakene og utruleg nok vart alle sakene avslutta der og då, til og med formannsvervet.

28. og 29. mars: Øvingshelg
Fredag og laurdag 28. og 29. mars hadde vi øvingshelg i Frelsesarmèen. Denne vart i hovudsak brukt til å øve inn repertoar til ”Light”-konserten i samfunnshallen helgen etter. Lisbeth Helèn Våge var instruktør denne helgen.

5. april: ”Light”-konsert
Laurdag 5. april var det klart for konsert i Samfunnshallen. Konserten hadde tittelen ”Brelett”. Vi hadde invitert Kjølsdalen Musikklag til å spele i lag med oss. Dette vart ein suksess, 250 betalande og masse skryt ifrå publikum. Mellom musikkinnslaga var det humoristiske innslag, bl.a. brelett-dama, lekre drillpiker som øvde til 17. mai, fanfare, jazzduet og sketsj. Rolf Bøe sydde det heile i hop som konferansier. Kjølsdalen spelte som vanleg godt og gjorde eit godt inntrykk. Etter konserten var det sosialt samvær mellom TPM og Kjølsdalen i kafeteriaen. Der hadde vi ”Noteknekk”, mp3-musikk, Erling- og Terje-musikk og mykje godt humør i lag. Dette vart ein fin dag og kveld.
26. april: Dugnad Gravdal skule
Laurdag 26. april var det dugnad på Gravdal skule. Sjølv om oppmøte ikkje var det beste, så gjorde dei som møtte opp ein flott innsats. Det vart spikra, mala, tetta tak, drukke kaffi og ete vaflar. Dette er noko som må til for at vi skal ta vare på dette mangeårige øvingslokalet for TPM.

17. mai: Feiring av Nasjonaldagen
Laurdag 17. mai hadde vi den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen. Vi starta ut i Oppedalen kl. 07.00 med nasjonalsongen, før vi byrja på den lange marsjen mot kaia i Vågsvåg. I uvanleg fint 17. mai-vèr vart dette ein fin tur som blei avslutta med nasjonalsongar, før musikantane fekk innta ein velfortent utsøkt frokost på skulen i Vågsvåg. Deretter var det barnetog frå skulen til Vågsberget og tilbake. Torskangerpoll spelte og marsjerte i lag med Holvik Skulekorps. Etterpå var det fest og barneleikar på skulen. Kl. 15.00 stilte vi opp i Holvikja i lag med Holvik Skulekorps for å gjere dei ei gjenteneste, fordi dei spelte i lag med oss før på dagen. Toget gjekk frå skulen, inn til Halneset og ut igjen. Så gjekk alle kvar til seg, vaska og plastra føtå, før dei gjekk på dans på Vågsberget.

24. mai: Blåtur
Laurdag 24. mai reiste vi med buss til ein plass som berre nokre få visste om. Johan K sto i spissen for planlegging av turen. Vi starta i 10-tida, og turen gjekk innover fjorden. På bussen var det konkurransar, song og underhaldning. Erling hadde med seg gitaren, og Terje trekkspelet. Øvren hadde tatt med gode gåsko i tilfelle han vart igjengløymd. Lisbeth hadde draksa med seg stort berbart kjøleskap, som vart til latter for mange. Litt å knaske på og noko å drikke på hadde vi også med oss i veska. Turen gjekk til Stryn, der folk i frå Stryn Musikklag hadde stolar klare slik at vi kunne spele ein minikonsert for handlelystne folk i Stryn. Utruleg nok var det ganske bra med publikum som hørte på, og begeistringa var også stor over det dei fekk høyre. Etter ei stund med speling og mulegheit til å ”bunkre” for siste gong, gjekk turen vidare til Kjenndalen. På vei inn oppdaga vi at veiane var smalare enn Oppedalsveien, til Alice’s store skrekk. Det var høgt ned og flott utsikt. For dei som ikkje har høyrt Kjenndalshistoria før, fekk dei seg ein flott historisk oppleving. Vel framme fekk vi servert nydeleg Blomkålsuppe med brød attåt på Kjenndalshytta. Etter maten vart det tid til litt avslapning, song og musikk ute i det fine vèret. Der var også andre gjestar på Kjenndalshytta denne dagen, til Endre’s store begeistring. Han fekk nemleg prøvesitte ein diger motorsykkel med sidevogn. Så gjekk turen vidare oppover til Strynsvatn Camping, der vi endeleg fekk rulle ut soveposane på hyttene. Vi slappa av ei lita stund og rigga oss til på hyttene, før vi spelte ein liten minikonsert for dei begeistra campingturistane (ca. ein 7-8 stykker). Om kvelden kosa vi oss med nydeleg grillmat og god drikke nede ved vatnet. Det vart også tid til song, musikk, kanopadling og kos. Dette vart ein hyggeleg kveld. Når alle endeleg hadde stått opp søndags morgon (vi venta ei stund på Gun-Tove), gjekk turen tilbake til Loen og ein nydeleg lunch på Alexandra Hotell. Mette og fornøgde avlutta vi turen og reiste heim.

1. juni: Marsjering til turnstemne
Søndag 1. juni stilte vi opp, ilag med Holvik skulekorps, ved Rimi i Deknepollen for å gje musikk til Turnstevnet sitt hovedopptog som gjekk til Samfunnshallen. Dette var eit oppdrag vi tok for å støtte opp om skulekorpset som trengte litt hjelp. Der spelte vi til både innmarsj og utmarsj i fotballhallen.

17. juni: Konsert/Grilling avslutning på Osmundsvåg
Tirsdag 17. juni reiste vi ut på moloen ut i Osmundsvåg. Der hadde folk ifrå bygda og andre korpsvener samla seg. Dei hadde rigga seg til med campingstolar, eingongs grillar, god mat og god drikke. Folk frå bygda stilte opp med heimelaga kake til stor jubel frå korpsmedlemmane. Der spelte vi ei lita avdeling med underhaldningsmusikk (John Inge kom litt seint i gang, hadde glømt notane heime). Dette vart ei koseleg stund og ei fin avslutning på sesongen.

23. juni: Jonsokfeiring
Måndag 23. juni var det tid for jonsokopptog igjen. Utkledde ungar hadde møtt opp og gjekk i lag med oss frå kaia og ned til Vågsberget. Som vanleg spelte vi litt, før vi fekk oss ei skål med feit rømegraut og kunne sette oss ned for å sjå på det store bålet. Det vart og tid til grilling og konkurransar.

1. september: Ivar
Måndag 1. september fekk vi den triste og sjokkerande meldinga om at vår kjære musikant Ivar var død. Erling skreiv desse orda i Vredens Gnag på vegne av korpset:

Kornetten er stille. Stolen er tom. Saknet er stort. Ivar er borte. Det er noko som ikkje stemmer. Så alt for tidleg og så altfor ung har du forlete oss. Vi var ikkje klar for dette, kjære Ivar. Vi hadde så mykje meir vi kunne gjort. Du hadde så mange vener, så mange som var så inderleg glad i deg. Kakene dine, kommentarane dine, ja-instillinga di. Alt ved deg gjorde andre glad. Du gledde deg mest over å glede andre. Mandag 1. september var din kveld komen. I di eiga ånd, i teneste for andre, slik du alltid var, sovna du stilt og fredeleg inn. I all sorga er det godt å tenkje på at du, som var så god, fekk sleppe å forlate oss andre med liding og smerte. Vi veit at Torskangerpoll Musikklag betydde mykje for deg. Du la ned ein stor innsats, både som ein eminent musikar og trufast støttespelar. Ditt lune smil vil vi alltid bere i oss. Kjell, Turid og Inger-Alice ber oss om å ta deg Ivar med vidare. Det skal vi gjere. Vi skal snakke om deg. Vi skal prøve å vidareføre dei mange gode sidene ved deg. Vi skal la interessa di; Vredens Gnag, leve. Du betydde mykje også for oss. Sjølv om vi ikkje lenger kan spørje deg Ivar, tek vi fram ditt gode smil og dei gode og slåande replikkane dine. Ingen kan fylle tomrommet etter deg. Tirsdag 9. september fylte gode musikkvener kyrkja i Måløy med kveldssong – din kveldssong.
Vi unner deg kvile.
Du skal aldri bli gløymt.
Takk for alt, gode Ivar.

5. 6. og 7. september: Stormfestival
Denne helga var det klart for nok ein Stormfestival, den femte i rekkja. Som vanleg hadde vi mange og lange timar med forberedingar. Bygdefolk, andre hjelparar og korpset sine medlemmar stilte opp også denne gongen, sjølv om dei visste at det var mykje arbeid i vente. Vi set stor pris på den fantastiske innsatsen. Over 400 deltakarar kosa seg i Måløy og Torskangerpoll denne helga. Det var korps ifrå nesten heile landet, også eit som hadde vore med på alle festivalane. Desse (Raufoss Musikklag) vart heidra med 5-års medalje av papp og aluminiumsfolie til publikums store begeistring. Det meste glei smertefritt og festivalen vart ein stor suksess. Nokre av høgdepunkta var karnevalsopptoget, rorbufesten i Torskangerpoll og havets festbord på laurdags kvelden. Under den offisielle opninga av festivalen, på torget, hadde vi eit minutts stillhet for å heidre vår gode ven Ivar. Det nye på denne Stormfestivalen var avslutningen i fotballhallen, der korpsa marsjerte inn og spelte fellesnummera, før festivalen vart offisielt avslutta. Deretter marsjerte alle korpsa ut, gjekk til bussane sine og reiste heim att. To av korpsa, Bispehaugen Ungdomskorps og Kleppe Musikklag blei igjen for å ha kyrkjekonsert i Måløy for det lokale publikum. Dette vart ein spesiell Stormfestival og ei sterk konsertoppleving for oss i korpset, fordi alt dette gjekk føre seg før vi fekk tatt eit skikkeleg farvel med Ivar.

9. september: Ivar sin begravelse
Musikklaget deltok i Ivar sin begravelse både i kyrkja og på kyrkjegarden i Vågsvåg. Vi spelte salmar som familien hadde plukka ut, og Arne Torskangerpoll deltok som dirigent på nokre av stykka. Idar og kona var også med og spelte i korpset. Dette vart ein tung dag for både musikantar, vener og familie.

10. 11. og 12. oktober: Øvingshelg
Dette var korpset si fyrste øvingshelg. Mykje ny musikk vart prøvd ut og stemninga var god. Eit godt oppmøte og engasjement gjorde at nok ein sesong starta godt. Vi fekk utdelt mykje artig stoff som Eirik Gjerdevik, helgas instruktør, hadde teke med seg. Mange ”vekkebuarar” hadde teke turen heim for å vere med å spele. Det var kjekt både for dei og for korpset. På laurdags kvelden samlast vi hos Gun-Tove som hadde ”mannjefri og ongefri”, for å ha vår tradisjonelle ”øvingshelgsamankomst”. Denne helga vart både musikalsk utfordrande og veldig kjekk for alle saman.

17. oktober: Haustfest på Frelsesarmèen
Fredag 17. oktober spelte Torskangerpoll Musikklag på Frelsesarmèen sin haustfest i Måløy. Det vart ein flott kveld med masse folk, fin stemning og godt humør. Ekstra artig var det å synge til det nye husorkesteret som hadde fått eit nytt medlem for andledninga; Terje Våge på trekkspel.

26. oktober: Musikkbasar
Søndag 26. oktober arrangerte vi vår årlege basar på skulen i Vågsvåg. Vi starta tillaging klokka 13.30 og klokka 16.00 starta basaren. Vi hadde tradisjonelle aktivitetar som pilkast, over-under 7, lykkehjul, aftentrekning, tipping, loddbøker og åresal. Kjøkkengjengen og klubben var også på plass med nydeleg kaffi og mykje god mat. Det var godt med folk. Vi spelte to avdelingar. Holvik skulekorps spelte ei avdeling mellom våre to. Det var mange fine gevinstar, og det vart igjen eit godt resultat.

18. november: Helge Oppedal, 60 år
Tirsdag 18. november fylte Helge Oppedal 60 år. Korpset hadde fyrst vanleg musikkøving, men brukte siste delen av den til å reise opp i gate 5 for å spele for Helge. Vi spelte i pøsregn og vart invitert inn på kaffi, kaker og ein god prat.

30. november: Julegrantenning
Laurdag 30. november spelte Torskangerpoll Muiskklag til tenning av julegrana i Vågsvåg. Det var kaldt og surt ver, og stemninga var rar, fordi skulen vår nettopp var blitt nedlagt. Vi spelte julesongar ute og folk gjekk rund juletrêet. Det var stor oppslutninga frå bygdefolket, kanskje fordi dette var bygdelaget sitt fyrste arrangement i nytt bygdahus. Arne Torskangerpoll dirigerte fordi Lisbeth var sjuk denne dagen.

5. 6. og 7. desember: Øvingshelg
Denne helga vart brukt i hovudsak til å øve inn julekonsertmusikk og repertoar til nyttårskonserten. Instruktør var Eirik Gjerdevik. Folk var nervøse på grunn av all musikken vi skulle øve inn. Det var mange som meinte at vi ”hadde tatt oss vatn over haudet”. I løpet av helga vart denne stemninga snudd til forventning og godt humør, fordi folk var veldig flinke og effektive. Før vi tok juleferie var alle sikre på at vi skulle gjere vårt beste både på julekonserten og nyttårskonserten.

21. desember: Julekonsert
Søndag 21. desember stilte vi opp til den tradisjonelle julekonserten i sør Vågsøy kyrkje. Vi spelte fyrst, og vi spelte godt og fikk masse positive tilbakemeldingar frå mange som hadde vore på konserten. Måløy songlag var arrangør. Det er lenge sidan korpset har fått så mykje god kritikk som vi fekk etter denne konserten. Vel blåst!

28. desember: Juletrefest
Søndag, 4. juledag hadde vi den årlege juletrefesten i bygdahuset i Vågsvåg. Her var det langbord, julebrødskiver, stappfullt med folk, god stemning og ”fold det gamle merket ut” minst 4 gongar. Låstad dirigerte det heile mens han sto høgt oppe under taket på ein stol. Terje Våge hadde på seg Frelsesarmè-hue og spelte trekkspel til song rundt juletreet. Julenissen kom som vanleg med pakkar til dei minste. ”Denne festen er den beste juletrefesten av alle juletrefestar”, sa kaptein Heidi.

2. januar-04: Generalprøve Nyttårskonsert
Fredag 2. januar starta vi med tillaging, lysrigging og øving/generalprøve før den store nyttårskonserten. Alle var veldig spente på korleis dette skulle gå, fordi vi visste kva slags publikumsoppslutning vi brukar å få på slike konsertar. Eirik var på plass som dirigent, og han var like spent som oss. Gjennomkjøringa gjekk fint og vi følte at vi hadde bra kontroll på det vi skulle gjere.

3. januar-04: Nyttårskonsert
Laurdag 3. januar møtte vi opp kl. 14.00 for å varme opp instrumenta og lippene, og forberede oss på den store konserten. Allereie over ein halvtime før konserten, som starta klokka 16.00, tok Samfunnshallen til å fylle seg opp. Rett før konserten måtte det settast inn ekstra stolar. Det vart seld over 250 billettar, noko som var over all forventning for alle i korpset. Dette gjorde at vi fekk endå meir lyst til å gjennomføre ein kjempekonsert. Rolf Erling Bøe var konferansier, og haldt konserten saman med små og store kommentarar. Torskangerpoll Musikklag hadde to avdelingar. Ei litt meir seriøs, og ei lettare avdeling til slutt. I midten hadde Måløy Songlag ei avdeling. Songlaget fekk stor applaus og mykje skryt for sine melodiar. Korpset spelte knallbra og det var veldig mange som kommenterte etter konserten at dei hadde hatt ei fantastisk oppleving. I løpet av konserten fekk vi høyre kornettsolistar, sandpapirsolistar, songsolistar og baritonsolist. Og alle gjorde ein kjempejobb, også drilljentene som hadde eit heidundrande show til dei flotte tonane av Gammel Jegermarsj. Under konserten delte leiar, Johan Kråkenes, ut Norges Musikkorps Forbund sin fortenestemedalje for mange års medlemsskap til fem medlemmer i korpset. Desse var; Asbjørn Våge (40 år), Johan Wåge (30 år), Erling Wåge (30 år), Lisbeth Våge (20 år) og John Inge Våge (20 år). Etter mange timars øving, arbeid og gjennomføring, kunne vi seie oss godt fornøgde med konserten og glede oss til årsfesten om kvelden på Måløy Brygge.