Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2004

2. januar: Generalprøve Nyttårskonsert
Fredag 2. januar starta vi med tillaging, lysrigging og øving/generalprøve før den store nyttårskonserten. Alle var veldig spente på korleis dette skulle gå, fordi vi visste kva slags publikumsoppslutning vi brukar å få på slike konsertar. Eirik var på plass som dirigent, og han var like spent som oss. Gjennomkjøringa gjekk fint og vi følte at vi hadde bra kontroll på det vi skulle gjere.

3. januar: Nyttårskonsert
Laurdag 3. januar møtte vi opp kl. 14.00 for å varme opp instrumenta og lippene, og forberede oss på den store konserten. Allereie over ein halvtime før konserten, som starta klokka 16.00, tok Samfunnshallen til å fylle seg opp. Rett før konserten måtte det settast inn ekstra stolar. Det vart seld over 250 billettar, noko som var over all forventning for alle i korpset. Dette gjorde at vi fekk endå meir lyst til å gjennomføre ein kjempekonsert. Rolf Erling Bøe var konferansier, og haldt konserten saman med små og store kommentarar. Torskangerpoll Musikklag hadde to avdelingar. Ei litt meir seriøs, og ei lettare avdeling til slutt. I midten hadde Måløy Songlag ei avdeling. Songlaget fekk stor applaus og mykje skryt for sine melodiar. Korpset spelte knallbra og det var veldig mange som kommenterte etter konserten at dei hadde hatt ei fantastisk oppleving. Eirik Gjerdevik var gjestedirigent og markerte seg med sin korte kropp. I løpet av konserten fekk vi høyre kornettsolistar, sandpapirsolistar, songsolistar og baritonsolist. Og alle gjorde ein kjempejobb, også drilljentene som hadde eit heidundrande show til dei flotte tonane av Gammel Jegermarsj. Under konserten delte leiar, Johan Kråkenes, ut Norges Musikkorps Forbund sin fortenestemedalje for mange års medlemsskap til fem medlemmer i korpset. Desse var; Asbjørn Våge (40 år), Johan Wåge (30 år), Erling Wåge (30 år), Lisbeth Våge (20 år) og John Inge Våge (20 år). Etter mange timars øving, arbeid og gjennomføring, kunne vi seie oss godt fornøgde med konserten og glede oss til årsfesten om kvelden på Måløy Brygge. Her manglar litt om årsfesten på kvelden???????

6. januar: Første øving
Tirsdag 6. januar var første øving etter Nyttårskonserten. Vi øvde i Frelsesarmeen sitt lokale og det var bra oppmøte på øvinga.

29. februar: Huskonsert i Vågsvåg
Denne dagen samla vi oss i det nye grendahuset i Vågsvåg og hadde ein liten hus-konsert. Det var masse bygdafolk på konserten, for dette var fyrste gong grendahuset vart tatt i bruk som konserthus etter nedlegging av skulen. Til ære for gamle musikantar hadde vi blant anna tatt med ein god gamal marsj til denne konserten. Dette var March The 18’th Regiment, og denne falt godt i smak hos publikum ilag med mykje anna fin musikk. Vi hadde fått besøk av koret Heming frå Flø i Ulsteinvik, som var på blåtur i disse trakter denne helga. Dei hadde ei avdeling med sprudlande korsang.

2. mars: Årsmøte
Tirsdag 2. mars hadde vi årsmøte i korpset i Frelsesarmeen. Årsmøtet starta med eit minutts stillheit, for å minnast Ivar Torskangerpoll som brått og uventa gjekk bort i fjor. 23 medlem møtte og det vart behandla ordinære årsmøtesaker, som rekneskap, budsjett og val. I tillegg vart kontingenten drøfta og denne uendra.

2. mars: Harald Oppedal 70 år
Tirsdag 2. mars fylte Harald Oppedal 70 år. Etter årsmøtet gjekk vi opp til Harald for å spele utanfor huset. Ein fugl må ha kvitra, fordi Harald sto klar med både lyskastarar ute, og god mat og drikke inne. Det vart ei koseleg stund, der korpset overrekte ein fin blomsteroppsats til jubilanten.

2.–4. april: Øvingshelg
Denne helga brukte vi til å finne og øve inn nye notar som vi skulle bruke til repertoar ut over hausten. Det vart ei kommeigang-øvingshelg for alle. Lisbeth var instruktør og vi øvde i frelsesarmeen.

23.–25. april: Blåtur
Turen starta fredag klokka 12 frå Vågsvåg. Mange tippa at vi skulle ta av på Bryggja mot Møre. Men turen gjekk vidare innover mot Eid. På bussen var det møkje liv og røre. Eli og John Inge hadde laga til fleire kjekke konkurransar (bl.a. bingo, spørrekonkurransar og hjernetrim). Isbytta var og på plass. Då vi kom på Eid var det ny gjetting. Noken ville til Stryn og andre ville til Sunnfjord. Sunnfjord var det foreløbige svaret. Då vi var komen over til Anda med ferja, fekk vi oss ein god latter. Vi var komen nesten opp til flyplassen då William oppdaga at sidemannen mangla. Det viste seg at han John Inge hadde hatt seg ei god dopause som varte lenger enn ferjeturen. Bussen måtte snu og vi fann igjen mannjen ståande nede på kaia å haike (utan verken lommebok eller telefon). Det vart ein strabasiøs tur med hentestopp i Førde, før vi havna i Askvoll. Der vart det også plukka opp fleire folk og det vart og tid til litt speling i bygda, til alle dei mange publikummarane si store begeistring. No var det også fleire som hadde skjøna kor vi skulle henne, og turen gjekk gjennom grauttjukke skodde med tåkelur ut til Værlandet. Ferjeturen vart livleg med song, spel, moro og mykje latter. Erling fekk oppfylt sin store draum om å være ferjeskippar (Han fekk til og med tute med tåkeluren). Vel framme i tåkeheimen vart vi innkvartert på eit fantastisk hotell. Dei fleste budde i villaen, og bare nokre få heldige utvalte fekk bu i luksussuiten rett ved sida av villaen. Her var god plass, god lukt og masse varmt vatn. Gode sanitærforhold. Vertskapet som eigde buplassen gjorde ein kjempejobb med å oppvarte oss og var smilande og i godt humør heile tida. Seinare på kvelden spaserte vi gjennom det tåkebelagte sentrum bort til spisesalen, der vi fekk ein fortreffeleg god kvelds. På menyen stod det fiskesuppe med tilbehør. Utover kvelden kosa vi oss med musikk og prat og god drikke. Dette vart ein fin kveld. På laurdag etter frokosten starta vi dagen med musikkøving der vi hadde med oss gjestar ifrå det lokale musikkorpset. Etter musikkøvinga hasta vi oss av garde til kjøpesenteret for å bunkre inn til kveldens festivitas. På kjøpesenteret åt vi vaflar, drakk kaffi og hadde ein minikonsert med trekkspel, gitar, vaskebytte, song og spiseskeider. Skeider vart for øvrig Johanne sin nye musikkhobby etter denne konserten. Vel tilbake igjen til Hotellet vart det tid til både kvil og hesteriding. Dei som ridde hadde ei kjempeoppleving, sjølv om Tove kanskje burde øve litt meir på å stige av hesten. Om kvelden hadde vi ein flott konsert, med utlodning og Åge Samuelsen i pausa. Publikum var kjempebegeistra og ville helst ikkje gå heim. Følgande repertoar vart brukt på konserten: Festive Marsj, Buster Strikes Back, Only Time, Våren av Grieg, Hip to be Square, Circle of Life, Svor 2.sats; Vuggesang, Hey Jude, Marsj The 18th Regiment og Hello Dolly. Etter konserten vart det grilling av laks, pølser og koteletter. Vi kosa oss med musikk, pilkast, dansing og prating til langt på natt. På søndag føremiddag fekk vi ein flott guida tur over heile Værlandet og Bulandet. Der fekk vi sjå alle dei nye vegane og bruene. Det vart også tid til ein konsert utanfor butikken på Bulandet. Vi spiste lunsj på Pernillestø gjestebrygge, der vi fekk gryterett, salat og heimebaka rundstykker. Vi fekk og sjå det fine museumet som var laga av lokale kunstnarar, og steinsliperiet med masse nydelege steinar av fleire slag. Så var det tid for heimreise. Alle var godt fornøgde etter ein vellukka og kjempekjekk blåtur. Terje fekk mykje skryt for planlegginga av denne turen. DETTE VIL VI HA MEIR AV!

22. april: Lindis Kvernevik sin bortgang
Fylgjande minneord vert sitert frå Vredens Gnag nr. 5-2004:
Mangeårig medlem i TPM, Lindis Kvernevik er død. Etter ein tøff sjukeperiode måtte ho gje tapt mot den alvorlege kreftsjukdommen. Berre 28 år gammal sovna gode og positive Lindis inn torsdag 22. april. Lindis var ei triveleg jente som alle blei glad i. Vi hugsar godt tida då ho var med i Holvik Skulekorps, og seinare Torskangerpoll Musikklag. Lindis var ei ja-jente som alltid hadde godt humør, og som var oppteken av at dei rundt henne hadde det godt og var fornøgd. Lindis spreidde glede og optimisme rundt seg. Det makta ho også etter at sjukdommen tok overhand og kreftene tok til å bli svakare. Tankane går til familien og alle rundt som saman med oss andre vil sakne Lindis so sårt. Fred over ditt minne.

30. april: Bent-Henning Færestrand 50 år
Fredag 30. april fylte mangeårig fanebærar i Torskangerpoll Musikklag, Bent, 50 år. Korpset spelte og fekk servering frå eit bugnande matbord. Vi hadde ein fortreffeleg kveld.

17. mai: Nasjonaldagen
Nasjonaldagen starta endå ein gong med vått og surt veir. Like fullt stilte eit nesten fulltallig korps opp i Oppedalen til morgenprosesjon. Det nye i år var at vi sat oppe på lasteplanet til Lillejord bruk sin lastebil, hakka tennje, spelte nasjonalsongar og marsja om ein annan. Vi fekk faktisk betre tid på grunn av bilen, og kunne derfor spele også i Kjeila og på Færestranda til stor glede for dei innfødde. Etter ein nydeleg frokost med egg, kaffi og kvit dame, var det ny prosesjon frå skulen til Vågsberget og tilbake. Denne gongen gjekk vi og like våte vart vi. Når vi kom opp til skulen var det fest i grendahuset med song, spel, leikar, is, kjøttsuppe, kaffi og kaker. Seinare på dagen stilte dei fleste frå TPM som støttespelarar når Holvik Skulekorps hadde sitt folketog i Holvikja. Dagen vart lang og våt, men vi ville ikkje vert han foruten likevel.

5. juni: Vår-konsert i gata i Måløy
Lørdag 5. juni spelte vi gatekonsert i Måløy sentrum. På same måte som 17. mai vart det ein fuktig seanse, men det hindra ikkje korpset frå å prestere. Musikken vi spelte vart plukka frå same repertoaret som vi hadde til blåturen og 17. mai. Tross dårleg veir, var det fleire publikum som møtte opp for å høyre på oss.

18. juni: Sesongavslutning
Vårsesongen vart avslutta med ein triveleg grillfest på Vikabu i Torskangerpollen. Her var det grilling, mimring, underhaldning og konkurransar. Bulandsfilmen, med mange morsomme scener og hemningslaus latter, var verdt å sjå. Ut i dei små timane pjaska folk seg so smått heim att og tok ferie etter avslutninga på nok ein grei vårsesong i korpset. Hepp hepp.

23. juni: Jonsokafta
Jonsokafta vart feira på vanleg måte med prosesjon frå kaia i Vågsvåg og ned til Vågsberget. Vi spelte marsjar og ungane hadde kledd seg ut i kostymer. Bålet sto klart og rømegrauten var heit og god. Nydeleg veir sette ei fin ramme rundt ein tradisjonell dag.


24.–26. august: Øvingshelg/Tur
Siste helga i august hadde vi øvingshelg og konsert. Vi tok turen til Ulsteinvik og eit feriesenter på Flø, der vi budde og kosa oss i tre dagar. Sjølv om vi mangla nokre i korpset denne helga, så vart det ei flott helg med mykje øving og sosialt samvær. Vi hadde og ein triveleg laurdagskveld saman med det lokale koret på Flø. Her hadde vi først konsert før vi fekk servert masse god mat og kosa oss i mange timar. På turen heim att på søndag, bestemte vi oss for å kjøre innom Mork like ved Volda, for å besøkje Arne Torskangerpoll. Han fekk slag i byrjinga av august, vart lam i høgre sida og fekk redusert taleevne. Etter at vi hadde helst og prata med Arne, så heldt vi ein konsert. Vi fortalde også dei andre på senteret kva Arne har gjort for dette korpset og musikkskapinga hans. Arne gav klart uttrykk for at han vart glad både for å sjå og helse på medlemmane i korpset, og ikkje minst at vi heldt ein konsert som gledde både han og dei andre på senteret. Dei tilsette var også glade for innslaget, og korpset vart invitert på kakefest med Arne som heidersgjest. Etter konserten så hadde Terje og Erling eit lite muntert innslag på trekkspel og song. Arne fekk ei gåve frå korpset. Etter nesten to timar saman med Arne tok vi farvel, og bad Arne vere flink til å trene slik at han kan komme på øvingar igjen. No er Arne på øving med oss kvar tirsdag og det går framover med han.

31. oktober: Musikkbasar
Søndag 31. oktober arrangerte vi vår årlege musikkbasar. I år var planane å ha basaren i skulen i Holvikja, pga oppussing i gamleskulen i Vågsvåg. Dette vart endra då oppussinga av grendahuset vart utsett i siste liten. Vi la oss i selen og starta med tillaging klokka 13.30, og klokka 16.00 starta basaren. Vi hadde tradisjonelle aktivitetar som pilkast, over-under 7, lykkehjul, aftentrekning, tipping, loddbøker, åresal og kafeteria. Vi spelte to avdelingar, og Holvik skulekorps spelte ei avdeling mellom våre to. Vi spelte følgande stykker: Diciplin, Från gamla glada tider, A perfect day, Tyroler Landler, E Pluribus Unum, Bådnlåt, Florentinermarsj, En natt forbi og Festive marsj. I år hadde vi og besøk av Terje sine aspirantar. Dei markerte eit år med vaksenopplæring med premiærekonsert på basaren. Korpset imponerte og fekk trampeklapp. Vi håpar på at vi får nytte av desse aspirantane i korpset i framtida. Vinnar av Hardangerduken vart Elly Oppedal og vinnar av Bergensturen vart Svein Verpeide. Dette vart ein svært velukka basar som varte i over fem timar, og med førehandssal på bøkene kom det inn fantastiske over 40.000 kroner. Direkte imponerande, sa leiar i korpset, Johan Wåge.

12.-14. november: Øvingshelg
Denne helga samla vi oss i skulen i Holvikja for å øve inn repertoar i hovudsak til julekonserten og nyttårskonserten, i tillegg til kyrkjekonserten ut på nyåret. Vi starta øvinga på fredag kl. 19.30 og øvde til kl. 22.00. Vi øvde 4 timar både på laurdag og søndag. Dette vart ei intens og hektisk øvingshelg, men veldig effektiv og nødvendig for innøving av repertoaret. Lisbeth hadde ansvaret for opplegget og hadde laga ein kjøreplan som vi klarte å fullføre utan store endringar. På søndag hadde vi hengelippe og øyresus, men vi hadde ein god følelse og kunne være fornøgde med at vi alle hadde gjort ein god jobb denne helga.

28. november: Julegrantenning
Søndag 28. november spelte Torskangerpoll Muiskklag til tenning av julegrana i Vågsvåg. Det var kaldt og surt ver i år også. Vi spelte julesongar ute og folk gjekk rundt juletreet. Det var stor oppslutninga frå bygdafolket. Lisbeth sveiva stokken. Etter spelinga var det førjulskos med kaffi og litt å tygge på i grendahuset.


19. desember: Julekonsert i Sør-Vågsøy
I år var det vår tur til å arrangere julekonsert i Sør-Vågsøy kyrkje. Vi møtte opp kl. 15.30 for tillaging og ei gjennomkjøring av programmet. Konserten starta kl. 17.00. Som vanleg var det full kyrkje og mykje fin musikk. Vi spelte fylgjande stykke: Carol of the Sheperds, Joy to The World (arr. Arne Torskangerpoll), The Lost Chord og til slutt spelte vi til allsangen, Deilig er jorden. Kollekta ved utgangen gjekk i år til Frelsesarmeen.

28. desember: Juletrefest
Tirsdag 28. desember kl. 18.00 var det igjen klart for den berykta juletrefesten i bygdahuset i Vågsvåg. Som vanleg var det frelsesarmeen som var på besøk med godt humør, mykje medfølelse og varme ord. Vi spelte ei avdeling, der vi presenterte julekonsert-programmet og juletonane. I år var vi ekstra spente på frelsesarmeen sin kaptein, Kim med frue, som var her for fyrste gong på juletrefest. Han hadde høyrt mykje godord om denne festen frå tidlegare kaptein Heidi. Han vart ikkje skuffa og hadde bare gode tilbakemeldingar å gje oss. Som vanleg var det gang rundt juletreet med Terje og Låstad i spissen. Vi fekk også i år være med å synge til ”fold det gamle merket ut” mens Låstad dirigerte det heile høgt oppe under taket. Julenissen(Johan K) hadde reist langt i år, og kom med pakkar til dei minste. Det vart servert fortreffeleg god mat og kaffi. Frelsesarmeen stod for lett underhaldning og solgte hjertelodd. I år valgte vi å ta kollekt for å dekkje inn utgiftene for mat og kaffi. Dette vart ein tradisjonell kveld med mykje moro og god julestemning. Etter festen stilte alle opp og rydda vekk juletreet og vaska vekk grannålene frå golvet. Etter opprydninga sa formannjen: Vel heim og ha ei fortsatt god jul og eit godt nyttår!