Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2005

ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2005:

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning:

Leder: : Johan Wåge
Nestleder : Terje Våge
Kasserer : Evy Loen
Sekretær : Laila K. Berg
Styremedlem : Eli Refvik

1. varamedlem : Ingunn Kvalheim
2. Varamedlem : Tove Nerland

Noteutvalg: : John Inge Våge, Erling Wåge, Anne Mari Knotten Gunn- Tove Gursli, dirigent Lisbeth HelenVåge
Revisorer . Kåre Våge, Marianne Lund

Valgnemn : John Inge Våge, Erling Wåge (Gunn Tove - permisjon)

Husansvarlig : Arne Øvrelid, John Inge Våge

Uniformsansvarlig : Gunn-Tove Gursli

Materialforvalter : Terje Våge

Repr. i Bygdelaget : Alice Haus Wåge tok over midt i forrige sesong. Styret skulle
velge en representant. Johan Wåge har møtt.

2. AKTIVITETER/ ARRANGEMENT
1. halvår hadde korpset god aktivitet med ein flott nyttårskonserten som ein god start. Vi var også representert i anledning støttekonsert same månad.for tzunamiramma i Østen. Av andre konsertar nemnast kyrkjekonsert i Nord-Vågsøy saman med Kvalheim Songlag i april, minikonsert på Frelesarmeens vårfest same måned. Andre arrangement som vi har delteke på er Tall Ship Race-speling i Måløygata og i sentrum i lag med andre korps i mai, musikkstemne i Ålesund i juni. Vi hadde sesongavslutning på skuleplassen Vågsvåg med speling og grilling. 2. halvår var prega av mykje øving og forbereding til nyttårskonserten. Vi hadde to øvingshelger der Idar Torskangerpoll dirigerte. På ei øving i desember fekk musikantene utdelt lykter til å ha på notestativet og dessuten nydelige kaker av Klubbens venner. Av faste/tradisjonelle aktiviteter dette året nevnast 17. mai, musikkbasaren i oktober, julegrantenning og juletrefesten. Også dette året har Lisbeth Helen Våge dirigert oss.
Sjå arrangementlista side 5

3. NOTEUTVAL
Noteutvalet har i sesongen 2005/2006 bestått av John Inge Våge, Erling Wåge, Anne Mari Knotten, Gunn-Tove Gursli (permisjon) og dirigenten Lisbeth Helen Våge. Dei har hatt jernlige møter der repertoar for dei større arrangementa har vore behandla. Nyttårskonserten hadde følgande repertoar: An der schønen blauen Donau, Florentinermarsj, The rose, Oregon, En natt forbi, Festive marsj, Epluribus Unum, You raise me up, Hip to be square, Stormy Weather, Pomp & Circumstance No. 1. På kyrkjekonserten spelte vi: Eg veit i himmelrik ei borg, Gammal Fåbodspsalm frå Dalarne, The Adagio, Amazing Grace, Swing low, sweet chariot, You raise me up, Bådnlåt, En natt forbi. Fellesnummer i lag med kvalheim Songlag på same konserten: Conquest of Paradise, Hallelujah, Abide With me. På Ålesundsturen var følgande plukka ut som konsertrepertoar: Oregon, En natt forbi, Sons of the Brave, Hip to be square. Av marsjer i tillegg til Sons of the Brave: Disiplin, With swing and beat, Epluribus Unum, Festive march, Anchors Aweigh. Elles: Florentimermarsj, You raise me up, Swing low, sweet chariot, Gammal Fåbodpsalm, Amazing Grace, Hey Jude. Repertoar til basaren: Suril, Suril, The floral Dance, Rev. Archie Beaton, Florentinermarsj, Cute, Share my yoke, Death or Glory. På julekonserten spelte TMP: Share my yoke, Det lyser i stille grender og Vitae Lux.

4. ØKONOMI
Det har vore eit labert år når det gjeld inntekter. Musikkbasaren og nyttårskonserten har gjeve dei inntektene vi har hatt. Overskotet av nyttårskonserten gjekk i si heilheit til Tsunamikatastrofen i Asia. Vi har ikkje hatt store invisteringar i instrument, men derimot har vi gjort eit stort løft når det gjeld fornying av uniformene. Her har vi måtte teke av oppsparte midlar frå sist stormfestival, slik at årsrekneskapen er i balanse.

5. MEDLEMMER
Vi har i 2005 hatt 35 Betalende aktive medlemmer. I tillegg har vi 72 Som abonnerer på Vredens Gnag.

6. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Vi har hatt samarbeidd med Våge – Oppedal bygdelag, der ein representant for korpset har vore med i styret. Samarberidde med Kvalheim Songlag om kyrkjekonsert på Raudeberg. Samarbeid med Holvik skulekorps om speling 17. mai. Samarbeid med frelsesarmeen om juletrefest. Måløy songlag var med på vår nyttårskonsert. Musikklubben har støtta oss med basargevinst og flotte notelys.

7. REPRESENTASJON
Vi var ikkje til stades på Musikkrinsen sitt årsmøte. Korpset har vore representert på styremøta i Våge – Oppedal bygdelag. Vi var tilstades på kommunalt møte om disponering av Samfunnshallen.

8. UTMERKINGAR
Ingen i korpset har fått formelle utmerkingar dette året.

9. INFORMASJON
Informasjon er viktig med medlemer spreidd over heile landet. Torskangerpoll Musikklag har si eiga informasjonsavis, «Vredens Gnag», som går til aktive og passive medlemmer. Avisa kjem ut kvar månad, og har nyttig korps-informasjon, aktivitetsplanar, konkurransar, annonsar, faste spaltar og ein god del humor. I 2005 var det 12. året den kom ut. Erling har hatt ansvaret for avisa og har hatt god hjelp av, Alice, Lina, Thomas, Petter, Johan W, Arne Ø, Terje, John S, Rune F og John Inge m.fl.
Torskangerpoll Musikklag har òg eiga heimeside på internett. Den vart lagt ut i desember -96. Erling har hatt ansvaret for oppdatering av sidene. Han oppfordrar folk til å sende inn morosame bilder, tips og stoff både til nettsida og til Vredens Gnag. Nettadressa er; www.torskangerpoll.no.

10. SAMLA OPPSUMMERING FRÅ STYRET
Styret har hatt hatt 4 styremøter, pluss fleire kortare møter i pauser på musikkøvingane. Vi har jobba for å tilrettelegge den daglige drifta og arrangementa. Av arrangementlista ser vi at det har vore nok ein hektisk sesong med mange aktivitetar. Stormfesetivalplanlegginga tok ei gruppe fatt på allereide før sommarferien, og i haust har vi stått på for fullt med hovedkomitearbeid. I hovudkomiteen denne gongen sit: Inger Færestrand, Terje Våge, Laila Berg, Erling Wåge, Eli Refvik, Rune Færestrand, Johanne Velle, Evy Loen og Johan Einar Wåge. Vi har vore i rute med planlegginga, og korpsinvitasjonane gjekk ut i oktober/ november. Vi har tru på å få til ein god festival også denne gongen. Styret lyt gje og motta både ros og ris. Ros til alle som er positive og flinke til å møte opp på øvingar og arrangement. Ros til alle som føl godt med i aktivitetslista bak i kvar VG så vi unngår arrangementskollisjonar. Ros til alle som tar på seg viktige ansvarsfunksjonar. Styret takkar med dette for musikkåret 2005.

Laila Berg Terje Våge Evy Loen Eli Refvik Johan Wåge

Vedlegg 1 til årsmeldinga 2005
ARRANGEMENT 2005


8-9. Januar. Øvingshelg.
Øvingshelg til Nyttårskonserten. Vi hadde tenkt å ha ein raud tråd gjennom heile konserten, men det ser ut til å bli litt hummar og kanari i staden. Konserten får nokre avbrekk med små sketsjer av ymse kategorier, litt sang og….m.m.

14. Januar. Tillaging og generalprøve Nyttårskonserten.
Her er det litt å finpusse på, særlig felene. Asbjørn hadde med fin senepynt - sjøllaga stakittgjerde og lyktestolper. Det tok seg flott ut.

Lørdag 15. januar. Nyttårskonsert og årsfest.
Om lag 200 møtte fram til den etterkvart tradisjonelle nyttårskonserten. Vi åpna med ”An der schønen blauen Donau”. Flinke dansarar frå ei dansegruppa dansa vals til i elegant stil og fiolinistane gjorde seg godt bemerka. Vi hadde ei god bredde i repertoaret og publikum likte variasjon av spøk og alvor. Avslutnings-nummeret var Pomp and Circumstance og etterpå fekk vi ståande applaus. Overskotet går til Røde Kors som vil bruke pengene til å hjelpe dei katastroferamma etter tzunamien i Østen.

På festen etterpå kunne vil senke skuldrene og nyte suksessen. Litt intern underholdning av unge kule og dei andre kule blei servert etter eit godt måltid.

Lørdag 22. januar. Støttekonsert.
Fleire korps spelte i Samfunnshallen på en Støttekonsert for Tsunami-ramma i Østen.
TPM spelte 3 stykker med solistane: Terje, Johanne og John-Inge.
Omtrent like mange publikum som på Nyttårskonserten.

Tirsdag 5. februar. Fellesøving med Kvalheim Songlag.
Her var det fullt hus og mykje tyting. Planlegginga er i full gang til kirkekonserten på Raudeberg som vi skal ha i lag med koret. Vi skal ha nokre fellesnummer som må øvast på, mellom anna Hallelujakoret.

Tirsdag 8. Mars. Årsmøte.

Fredag 15. April. Generalprøve til kyrkjekonserten.
Gjennomkjøyring av programmet til kyrkekonserten. Vi øvde i kyrkja og det let etter kvart svært bra.

Lørdag 16. April. Kyrkjekonsert.
Kyrkjekonsert i lag med Kvalheim Songlag.
Veret var strålande og ca. 75 personer fant veien til konserten.
TPM startet med ein roleg sekvens. Deretter overtok Kvalheim Songlag med nokke nydelige salmer. TPM fortsatte med litt lettare musikk og til slutt hadde vi 3 fellesnummer: Conquest of Paradise, Hallelujah og Abide with me. Vi fekk god omtale i lokalavisa som beskreiv konserten som vakker og stemningsfull med ”Hallelujakoret” som det absolutte høgdepunkt.

Fredag 22. april. Vårfest på Frelsesarmeen.
Vårfest på Frelsesarmeen i regi av Frelsesarmeen.
Her blei det som vanleg loddsalg, bevertning og det som høyrer med. Men fyrst starta TPM kvelden med ein liten konsert.

Lørdag 14. mai. Tall ship Race.
I forbindelse med at Måløy har fått status som ein av innseglingshavnene i Tall Ship Race 2008, ble dette markert med ordfører, fylkesordfører m.m samt lokale korps, kor etc. TPM marsjerte og spilte fra Spiralen og entra torget med erkjennelse av at vi nok skulle ha øvd litt meir på marsjering. På torget spelte vi eit par marsjer, fellesnummer med blant andre Måløy Musikklag.

Tirsdag 17. mai.
Dagen opprant med litt tvilsomt ver. Vi starta som vanleg i Oppedalen på lastebil og spelte litt her og der innover mot Vågsvåg, via Færestranda. I grendahuset venta ein betre frukost. Seinare på formiddagen marsjerte vi i lag med Holvik Skulekorps fra grendahuset mot Vågsberget og tilbake. Det blei både vått og surt og då var det godt å komme seg i hus. Vi samlet oss til fest i grendahuset med sang, spel, bevertning og det som høyrer med. På ettermiddagen samlet vi oss i Holvik og spilte i lag med Holvik Skulekorps frå skulen til Matrogen og tilbake. Været slo heilt om, sola kom fram, det blei varmt og fint. Det blei ei fin 100-årsmarkering for unionsoppløysinga trass surt ver tidlegare på dag.

3-5 juni. Musikkstemne i Ålesund
Fredag ettermiddag sette vi (25 personer) kursen mot Ålesund i buss. Her skulle vi delta på stemne i lag med 4 andre korps fra Ålesundsdistriktet. Vi bue på Volsdalen Camping, ca 10 min gange fra sentrum. Fredags kvelden laga vi til gryterett med ris og salat. Vi prøvde å samle oss litt, men med små veranda og ulendt terreng rundt, blei det vanskelig med langbord.
Lørdag formiddag var det parade i bygatene til korpsene blei samla og spelte litt kvar. Veret var ikkje av det beste og særlig betre skulle det ikkje bli resten av året! Senere på ettermiddagen var det konsert i Parken Kulturhus med alle korpsene. Det var ein fin konsert og TPM gjorde ein fin innsats. Stemninga var litt høytidelig men då vi entra sena, endra stemninga litt karakter. Det er mulig at Erling og Terje bidro litt der. Kvelden ble avsluttet med Baccalao og storbandmusikk i Sunnmørshallen. Det var fryktelig kald vind ute og hallen var fryktelig stor. Den store varmen i hallen uteble, men ute i kantina var det varmt og godt og noen av oss gikk ut der for å varme oss og josse litt. Det var mye flott musikk, men det bli kanskje lite sosialt.
Søndag var veret betre og på programmet sto speling ute på Atlanterhavsparken. Der fekk vi servert fiskesuppe som betaling. Vi rigga oss til like innenfor inngangen. Då vi hadde spilt et par nummer fikk vi beskjed om å slutte å spele. Det var nemleg tid for mating av fiskene (eller var det noko anna som skulle skje?). Ja ja. Vi satte oss i bussen og kom vel heim til kvelds. Vi hadde en fin tur og kunne sei oss fornøgde med oppgradering av burholdene etter Værlandet.


Tirsdag 14. juni. Sesongavslutning.
Kvelden var satt av på plassen utanfor grendahuset i Vågsvåg. Her sto grilling og speling på programmet. Ein del folk frå bygda var møtt opp og vi startet med ein liten konsert. Etterpå tok vi fram medbrakt mat for grilling. Veret var litt kaldt men tørt.

Tirsdag 23. august. Sesongstart.
Vi starta opp igjen på Frelsesarmeen med godt oppmøte. Et par har meldt frå om permisjon. Vi øvde gjennom litt nytt stoff og det var godt å komme i gang igjen. Det er i alle fall flott ver å spille inne i!!!!

14.-15.-16. oktober. Øvingshelg.
Idar Torskangerpoll var leigd inn denne helga til øving. Det var kjempegodt oppmøte og vi fekk ei svært inspirerande øvingshelg. Vi øvde på ein god del nytt stoff, men også på kjent stoff. Ein del med tanke på nyttårskonserten og noko til basaren. Det blei sett fram ønske om Idar kunne dirigere oss på nyttårskonserten og styret gikk inn for dette.

Søndag 6. november. Musikkbasar.
Basaren i år blei avvikla som vanleg med åresalg med mange fine gevinster, kafeteria med kaffe/kaker, pølser/brød, pilkas og div. tipping. Korpset spelte bra med variert stoff som var øvd inn i løpet av høsten. Holvik Skulekorps var invitert og hadde ein fin, liten konsert. Korpset sitt 85-års jubileum var tenkt å markeras på basaren, men det blei bestemt å utsette dette til nyttårskonserten.

3. og 4. desember. Øvingshelg.
Denne helga var satt av til å øve på repertoar til nyttårskonserten. Idar Torskangerpoll dirigerte oss også denne helga, og oppmøte var godt. Nok ei inspirerende helg!

27. november. Julegrantenning.
1. søndag i advent er det som vanlig tid for tenning av julegrana i Vågsvåg. Det var litt kaldt både å spele og gå rundt treet og det var derfor godt å komme innom hus. Her spelte vi et par julenummer.

13. Desember. Lykter og kaker.
Denne tirsdagen fikk musikantane overraskande besøk av Inger Færestrand, Merethe Eliassen, Margaret Øvrelid og Sigrid Torskangerpoll som representanter for Klubbens venner. Dei delte ut batteridrevne lykter til å feste på notestativet. I tillegg hadde dei med nydelige kaker som vi koste oss med i pausen. Kjempehyggelig!!

18. desember. Julekonsert.
I år var det Måløy Musikklag som arrangerte konserten og Torskangerpoll Musikklag åpna konserten. Vi spelte: Share my yoke med Terje som solist - vakkert! Det lyser i stille grender med koring av deler av korpset. Til slutt spelte vi Vitae lux der John Inge spelte nydelig solo. Vi fekk gode tilbakemeldinger etter konserten.

20. og 27.desember. Øving med Idar.
Før jul flytta vi tirsdagsøvinga til onsdag av den grunn at Idar var komt. Han hadde med kona Anette og dattera Sunniva som var gode støttespelarar. Vi hadde også ei øving i romjula. Her måtte det terpas på nyttårskonsertrepertoaret.

28. desember. Juletrefest.
No var det tid for den årlige juletrefesten i lag med Frelesarmeen. Dessverre kunne ikke herr Låstad komme denne gangen men kaptein Kim Blakstad framsatte sitt budskap med stor humor. Det blei servert julebrød, tebrød og kaffe for ein fullsatt sal og til og med ein liten nisse kom på besøk og hadde med godt til dei minste og til noken store. Og gang rundt juletreet blei det også i år. Terje trakterte trekkspelet på en som vanlig framifrå måte.