Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2006

ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2006:

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning:
Leder: : Johan Wåge
Nestleder : Terje Våge
Sekretær : Laila K. Berg
Styremedlem : Eli Refvik
Styremedlem : Tove Nerland
1. varamedlem : Ingunn Kvalheim
2. Varamedlem : John Svarstad
Reknskapsfører : Evy Loen
Noteutvalg: : John Inge Våge, Erling Wåge, Anne Mari Knotten Joakim Rønhovde.
Revisor . Kåre Våge, Marianne Lund
Valgnemnd : John Inge Våge, Erling Wåge, Johanne Velle
Husansvarlig : Arne Øvrelid, Harald Oppedal, Tor Åge Gravdal
Uniformsansvarlig : Eli Refvik
Materialforvalter : Terje Våge
Noteforvalter : Harald Oppedal
Repr. i Bygdelaget : Styret peikar ut ein representant og Johan Wåge har møtt.

2. AKTIVITETER
1. halvår starta korpset med ein flott nyttårskonserten som ein god start med Idar Torskangerpoll som dirigent. Av andre aktiviteter nemnast gjesting til basaren som Ytre Nordfjor Brass heldt på grendahuset på Bryggja. Ei øvingshelg vart avvikla dette halvåret, dugnad på Gravdal Skule, feiring av Arne Torskangerpoll sin 75 års dag i Våge og Oppedal Grendahus. I starten på juni var vi på blåtur til Sogn, ei triveleg helg. Vi hadde sesongavslutning på skuleplassen i Vågsvåg med speling og grilling. Både hovedkomiteen og underkomiteane for "Stormfestival 2006" har hatt mykje møtevirsomhet dette halvåret. 2. halvår starta med mykje arbeid i forbindelse med "Stormfestival 2006". Det vart ei vellykka helg også denne gongen. Denne hausten var korpset med på Sogn og Fjordanemeisterskapet som vart halde på Sandane. Vi fekk ein fin 3. plass.Dagen før gjesta vi Skram Skules Musikkorps sin konsert/basar der vi spelte meisterskapsrepertoaret. Av faste/tradisjonelle aktiviteter dette året nevnast 17. mai, basaren i oktober, julegrantenning, kyrkjekonserten og juletrefesten. Også dette året har Lisbeth Helen Våge dirigert oss. Styret har ikkje hatt så mange styremøter dette året grunna Stormfestivalen, men det har vore behandla 25 saker fordelt på 4 styremøter samt ein del styrebehandling under musikkøvingar, m.a. innkjøp/økonomi, planar for året som tur, dugnad, øvingshelger m.m.


3. ÅRSMELDING/ARRANGEMENT
Sjå vedlegg.

4. NOTEUTVAL
Noteutvalet har i sesongen 2006 bestått av John Inge Våge, Erling Wåge, Anne Mari Knotten, Joakim Rønhovde og dirigenten Lisbeth Helen Våge.
Dei har hatt jevnlige møter der repertoar for dei større arrangementa har vore behandla. Nyttårskonserten hadde følgande repertoar: Lokk frå den grøne aya, Dovregubbens hall, Suril Suril, Cute, De to trompeter, Berne Patrol, Enstonig ringer den lille klokke, Excellentia marsj, Nåde over nåde, Death or Glory, Share my Yoke, Don`t let the sun... , Fantasy on Brithish sea songs, Florentinermarsj, Rev. Archie Beaton. På Ytre Nordfjord Brass sin basar: Suril Suril, De to trompeter, Share my Yoke, Excellentia Marsj, Death or Glory og Cute. På blåtur var repertoaret mest trulig: Suril Suril, Cute, Storbystev, Death or Glory, Share my Yoke....Repertoar på basaren var mykje godt det same som til kyrkjekonserten og S & Fj meisterskapet.
På Sogn og Fjordane meisterskapet deltok vi med: Death or Glory, Storbystev, Suril Suril og Oregon. Dette spelte vi og fredag før mesterskapet på Skram Skules Musikkorps sin konsert/basar på ungdomsskulen. Under kyrkjekonserten spelte vi Christmas Interlude og Himmel på jord.

5. ØKONOMI
Det har vore ein del utgifter til uniform og uniforsrekvisittar. Innkjøp av et instrument (baryton), Arkivskap til notearkivet. Gravdal skule er påkosta ein del dette året.
Stormfestivalen blei dyrare enn berekna og festivalen hadde færre gjestar enn berekna. Overskudd for 06 vart kr.41.640,-

6. MEDLEMMER
Vi har i 2006 hatt 36 stk. betalande medlemmer. I tillegg har vi 67 som abonnerer på Vredens Gnag.

7. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Også denne sesongen har det vore eit samarbeid med bygdelaget Våge/Oppedal, m.a. på 17. mai. Vi har hatt ein representant der frå korpset som var formann Johan Wåge. Han møtte på alle styremøtene. Vi har som tidlegare år hatt samarbeid med Frelsesarmeen på juletrefesten. Frå musikklubben har vi hatt god hjelp og støtte også dette året.

8. REPRESENTASJON
Dette året vart det ikkje utsending til kretsårsmøtet grunna kollisjon med anna arrangement.

9. UTMERKINGAR
Der har ikkje vore utmerkingar dette året.

10. INFORMASJON
Informasjon er viktig med medlemar som er spreidde over heile "verda". Torskanger- poll Musikklag har si eiga informasjonsavis, "Vredens Gnag", som går til aktive og passive medlemmer. Avisa kjem ut kvar månad, og har nyttig korpsinformasjon, aktivitetsplanar, konkurransar, annonsar, faste spaltar og ein god del humor. I 2006 var det det 13. året den kom ut. Erling har hatt ansvaret for avisa og har hatt god hjelp av Alice, Lina, Thomas, Petter, Johan, Arne, Terje, John, Rune og John Inge m.fl. TPM har og eiga heimeside på internett. Den vart lagt ut i desember -96. Erling har hatt ansvaret for oppdatering av sidene. Han oppfordrar folk til å sende inn morosame bilder, tips og stoff både til nettsida og til Vredens Gnag. Nettadressa er: www.torskangerpoll.no.

Laila K. Berg, sekretær


ARRANGEMENTER 2006.

Lørdag 7. januar. Nyttårskonsert
Dagen før hadde vi øva til seint på kveld etter at hallen var laga til for konsert. Idar var så langt godt fornøgde med innsatsen. Laurdag starta vi ei lita øvingsøkt på formiddagen. Så var det å gå heim og roe ned/lade opp til konserten. Åpningssekvensen var ikke akkurat typisk TPM. Åpningsmelodien heitte “Lokk frå den grøne øya” og tankene er meint å vandre til grøne enger med beitande kyr der budeia står og lokker på dyra. (spørsmål etter konserten: var det sauer vi skulle forestille - vi som sang altså?). Vi fortsatte i same nasjonalromantiske sjanger med Dovregubbens Hall. Etter kvart blei det internasjonalt sus over konserten. Av solister nevnes: John Inge (Suril Suril), John Inge og Lina (De to trompeter), Anette (Enstonig ringer den lille klokke), Terje (Share my Yoke) Erling - sang (Don`t let the sun go down), Asbjørn (ekstranr.: Rev. Archie beaton).To av Arne Torskangerpoll sine arrangement var representert med: “Enstonig ringer den lille klokke” og “Excellentia Marsj” som han også har komponert. I tillegg spelte vi i 1. avdeling: Cute, Berne Patrol. Etter fyrste avdeling framførte Måløy Songlag, som var invitert til å delta, vakker kormusikk med solist. I pausa var det loddsalg. Etterpå spelte vi siste avdeling med 7 stykker av variert kategori: Nåde over nåde, Death or Glory, Fantasy on British sea songs, Florentinermarsj. På storskjerm bak korpset blei det vist bilder bl.a. frå tidlegare tider i korpset si historie. Helge Oppedal sto for den tekniske delen av dette. Vi fikk gode tilbakemeldinger etter konserten, både fra tilskuere og i lokalavisa. Om lag 250 hadde møtt fram på konserten.

Kvelden blei avslutta på Vågsberget der vi hadde den årlige årsfesten. Her fekk vi spise “så mykje vi ville” av pinnekjøtt, laks, torsk, pastasalat og surkål som vi bare orka, og dessert fråtsa vi i. Litt underholding av ymse slag blei det også etterkvart. Idar serverte pubquiz av det meir avanserte slaget.

Søndag samlast vi i Samfunnshallen til ei kort ryddeøkt. Ei travel men kjekke helg.

Søndag 26. Februar. Gjestekorps på basar til Ytre Nordfjord Brass.
Kl.16.00 ankom vi grendehuset på Bryggja. Her var det bra oppmøte i korpset. Ytre Nordfjord brass åpna med ein fin sekvens av variert musikk. Og naturligvis var det åresalg, og stemninga steig etterkvart som gevinstene blei delte ut til heldige vinnarar. Så var det tid for Torskangerpoll Musikklag. Vi hadde lite peiling på kva vi skulle spele men med Nyttårskonserten ferskt i minne, måtte jo noko av repertoaret være brukbart. Vi spelte jamt bra og starta med å varme opp med Hymne nr. 10. Så var det solist John Inge i Suril, Suril - nydelig som vanlig. Deretter John Inge og Terje i De to trompeter. Det høyrer med hovudplagg av varierende oppfinnsomhet. Terje fortsatte med Share my yoke like vakkert som alltid. Av marsjer spelte vi “Excellentia” marsj og Death or Glory. Anders på slagverk briljerte i Cute. Kaffi blei servert og mange gode kaker var å få kjøpt. (Var det nokon som visste at vi skulle betale for kakene?)

Søndag 5. Mars. Øvingshelg.
Etter planen skulle TPM denne helga ha øvingshelg ilag med lokal ungdom som likar å spele. Helga skulle avsluttast med ein konsert. Dyktig instruktør frå Frelsesarmeen skulle komme. Dette blei imidlertid avlyst, og i staden enda vi opp med ei totimars økt søndag. Dessverre hadde vi ikkje nokon på tromme denne dagen, og på bassida mangla ein del. Men vi som møtte hadde ei bra økt der vi spelte nokre marsjar som vi ikkje har vore mykje bort i. Vi spelte Storbystev, Fantasy on British Sea Songs, The Black Diamonds, Born Free. Vi kan vel seie at å spele uten slagverk var ei stor utfordring som ikkje freistar fleire gonger. Johan flaug som piska skinn frå bass til rytmeinstrument og gjorde så godt han kunne, stakkar!

29. april, 6. mai, dugnad Gravdal Skule.
Huskomiteen saman med dei frammøtte har gjort ein stor innsats desse dagane pluss nokre dagar til. Arbeidet som har vore gjort er maling utvendig, skifting av dårleg utvendig bordkledning og ferdiggjering av skuret/tilbygget på nordsida. Det har vore mykje godt humør og god trivsel.

2. mai, uteprøvemarsjering.
Det var tid for litt repetering på marsjering, stopp og start og sjølvsagt speling. Vi spelte ein heil marsj og det let ikkje så veldig bra....Men veret var fint!

15. mai, feiring av Arne Torskangerpoll sin 75 års dag.
Øving tirsdag 16. mai gjekk ut då vi istaden skulle vere med og feire Arne sin dag i grendahuset i Vågsvåg. Vi stilte i uniform og spelte nokre nummer. Vi fekk servert nydelige smørbrød, kake og kaffi.

17. mai.
Dagen starta som i fjor, på lasteplan i Nord-Oppedal kl. kl.7.30. Veret var litt kaldt så tidlig på morgonen, men ka gjer vel det for slike hardhausa som oss? Nydelig frukost venta oss i grendahuset etter fyrste økta. Sol og strålande temeperatur etterkvart laga ei flott ramme rundt nasjonaldagen i Vestre Krets. Dette året vart det litt byting på marsjeringa. I år var det tog på formiddagen i Holvik og på ettermiddagen i Vågsvåg.

3.-5. juni, blåtur.
Etter endt arbeidsveke, bar det rett i bussen til ukjende reisemål. Det var mange gode forslag undervegs kvar vi kom til å ende. Og at vi skulle ende i tjukkaste Sogn, ja kven kunne ane det? Vi budde på Westerland Camping like utanfor Sogndal i koselige hytter. På kveldstid var det grilling, karaoke og elles mykje kjekt ilag. (Det er litt uoversiktelig lenger ut i dei små timer....)
Av aktiviteter denne helga kan nemnast speling i Sogndal Sentrum. Det vanka gratis mat og drikke på kafeen like ved etter dette innslaget. Vi tok Flåmsbana og fekk ei flott naturoppleving og vakker sang av huldrene i fossen. Vi spelte på kaia i Flom for masse turister i fint ver. Her vart vi akkompagnert av fløyta til eit turistskip. Fløyta var dessverre ikkje stemt førut, så heilt nøgde var vi nok ikkje med det innslaget. I tillegg fekk vi spesialomvisning på Lerum. Vi fekk og sjå ei unik samling veteranbilar som tilhøyrer Bjarne Lerum. Retur søndag etter ei flott helg!!

13. juni, sesongavslutning.
Johanne med fleire organiserte den vanlige avslutninga i Vågsvåg. Grilling og speling sto på programmet. Dessverre vart det eit surt ver, så matagildet vart holdt innandørs. Alle som ville kunne komme og delta, og litt folk vart det til tross for veret.

16. juni, Vågsberget.
Grunna litt lite mat på festen etter nyttårskonserten, vart det avtalt med Rita Andal at TPM skulle få komme og spise gratis mot at vi holdt ein liten konsert. Denne kvelden vart annonsert og grovt rekna vart det omlag 4 personar som kom og overvar konserten, men maten var god og alle vart mette.

22. august, sesongstart.
Sesonge starta med dels øving og dels planlegging i forbindelse med den foreståande Stormfestivalen. Av repertoar planlegg ein framover mot julekonsert og nyttårskonserten. Her var godt oppmøte.

8. - 10. september, "Stormfestival 2006".
Denne helga har vore gjenstand for mykje og god planlegging. Hovedkomiteen og alle underkomitteane har gjort ein kjempejobb. Det same kan seiast om alle dei frivillige som har stilt opp. Planlegginga av dette arrangementet starta allereie på eit styremøte 8. september 2005 etter klarsignal frå årsmøtet. Hovedkomiteen vart valgt, og deretter vart dei forskjellige underkomiteane etablerte med ansvarspersonar fordelt på desse. Påmeldingsbrosjyre vart utarbeidd og utsendt tidleg. Mange korps var tidleg ute med påmelding og nokre korps kjem igjen og igjen. Totalt var det 27 korps som hadde meldt interesse for arrangementet og det vart til slutt 15/16 korps som deltok. Desse kom mest frå vestlandet, frå Trondheim i nord til Bergen i sør. Og så er det Raufoss som kjem igjen gong på gong.

Formann Johan Wåge som var ansvarlig for hovedkomiteen jobba godt og systematisk med opplegget. Han hadde god kontroll på det som skulle og måtte gjerast innanfor dei tidsrammer ein arbeidde utifrå. Under festivalen filma han mykje, så det skal vere god dokumentasjon på det som foregjekk.

Rune Færestrand hadde ansvar for overnatting til deltakarane. Han hadde fått tinga Skavøypoll Skule og Måløy Vidaregåande Skule. Resten av deltakarane budde på hotell og kampingplass. Dette året vart det ikkje lånt feltsenger, så dei som overnatta på skulane måtte ta med seg liggeunderlag. Dermed vart mykje arbeid spart. I tillegg har Rune gjort ein kjempejobb med å utarbeide arbeidsliste til bruk under festivalen.

Inger Færestrand assistert av Laila Berg har hatt ansvar for maten under festivalen. Ho har leda matkomiteen på ein framifrå måte. Det var ikkje alt som gjekk på skinner, men det var ikkje noko matkomiteen hadde herredøme over, som då vi fekk lovnad om mat hos ei større bedrift til havets festbord som under tidlegare Stormfestival, . I siste liten vart dette endra på slik at ein plutselig måtte svinge seg rundt og hanke inn andre mulige sponsoraktørar. Dette ordna Inger som den ansvarlege personen ho er. Mat blei det og godt var det, men det vart ein god del dyrare enn ein rekna med. Det var forøvrig rikelig med poteter....Skjenkeløyvet sto i Inger sitt navn også dette året. Reglar for skjenkeløyvet må takast høgst alvorleg, noko Inger gjorde.

Eli Refvik som sponsoransvarlig har gjort ein dugande innsats. Ho har fått sponsormidlar frå lokale bedrifter - både små og store. Etter samanlikning med prisar på Tine sine produkt, vart det billigare å handle med Bunnpris. Gilde vart og brukt.

Terje Våge som ansvarleg for sosialkomiteen har teke hand om underholdninga fredag kveld og laurdag kveld. Tillaging og pynting har lagt under denne komiteen i tillegg til lys og lyd.

Johanne Velle, som ansarleg for konsertkomiteen, tok hand om hovedopptoget og åpninga på torget, vegsperring, lage sene på torget, avslutning søndag i Måløy og rundt torget, parkering i gata/bussar, konsertane med Krohnengen på torget og Bispehaugen i teltet, fellesnummera: Ut mot havet og Festivalen. Alt har vore vellykka, men hovedopptoget kunne med fordel vore spredd litt vidare utover.

Erling Wåge har sørga for informasjon ut til korpsa i forkant, laga Stormfestivalbrosjyre. Han gjorde i tillegg ein god jobb som konferansier under arrangementa på kveld og i Torsangerpollen.

Evy Loen har hatt ansvar for økonomien og bidratt med å holde oversikt og budsjett.


Programmet under Stormfestivalhelga har vore variert og bygd litt opp under same lest som tidlegare. Fredag fekk deltakarane gryterett etterkvart som dei ankom hallen. Korpsa vart presenterte, TMP sang velkomstsang, innslag med Seim Musikklag, korpsleiartreff, karaoke m.m. Erling gjorde ein fin innsats som konferansier.

Laurdag starta med frukost i kantina. Deretter samla korpsa seg til kostymeopptog i Måløy. Det var fellesnummer med korpsa på torget og konsert med Krohnengen. I teltet til Tall Ship Race holdt Bispehaugen konsert. Som tradisjonelt var det rorbufest i Torskangerpollen. Her var det servering av stormsuppe og drikke. Litt konkurranse sto på programmet for dei som ville delta, musikalske innslag av deltakande korps. Her spelte Krohnengen Stormovertyre av Idar Torskangerpoll. Veret holdt seg bra - lite storm og regn! Om kvelden var det havets festbord. Det vart straks stor kø, så det er tydelig at maten fell i smak. Krohnengen hadde ein flott festkonsert. Seinare spelte Spik Adel til dans. Fin stemning heile dagen, kvelden og tidlig natt.

Søndag under frolunch spelte Bispehaugen ein flott konsert. Stormfestival 2006 vart avslutta med parade mot torget og eit fellesnummer. Her var det dessverre lite folk som hadde møtt opp.

Etter oppryddinga var det godt å kvile skrotten litt. Ei kjekk men travel helg var over. Stormfestival 2006 har gått svært bra også denne gong. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane.

22. oktober, basar i Våge-Oppedal grendahus.
Musikkarane møtte kl.13.30 og basaren begynte kl. 16.00. På basaren hadde vi desse aktivitetane: Åresal, aftentrekningar, loddbøker, pilkast, over-under-sju, tipping av lengde på tau, musikk og kafe. Det var mange mennesker på basaren, og inntektene kom opp i 40000 kr. Holvik Skulekorps og Torskangerpoll Musikklag underholdt med musikk. TPM spelte to avdelingar. Det var fine gevinstar på loddbøkene, m.a. stor duk frå klubben og tur til Bergen. Kaibutikken, Nordea og Byggmakker sponsa oss med gevinstar. Vi fekk og mange loddbokgevinstar frå bygdefolk. På kafeen hadde vi pølser, brus, smørbrød og kaker. Slutt om lag kl. 21.30. Styret var komite for basaren.

3. november, skalkevest etter stormfestivalen på Vikabu.
Etter oppmoding frå fleire i hovekomiteen bad styre inn til skalkefest på Vikabu fredag 3. november. Om lag 40 personar kom og fekk servert stroganofgryte. Det var vist billeter og film frå festivalen. Horn og trombone var komite for skalkefesten.

3. - 5. november, øvingshelg.
Det vart øvd til Sogn og Fjordanemeisterskapet og til nyttårskonserten. Vi var så heldige å ha Reid Gilje som instruktør, svært inspirerande. Laurdags kvelden inviterte John Inge og Vereia til sosialt samvære med nydelig thaimat.

17. november, gjestespeling for Skram Skules Musikkorps.
Skulekorpset hadde basar på ungdomsskulen og TPM var inviterte til å spele. Det var naturleg at repertoaret var meisterskapstoff. Musikkorpset spelte ei flott avdeling, vi gjorde ein skapeleg innsats og det var kaffi og kaker og loddsal. Etterpå satte vi oss i bussen og dro innover fjorden med mange gryande sommarfuglar i magen.

18. -19. november, Sogn og Fjordanemeisterskap, Sandane.
Dette var helga med litt nervar for nokre av oss som ikkje hadde vore med på likande før. Vi gjorde ein solid innsats og fekk gode tilbakemeldingar på det vi framførte. Av seks brasskorps i 4. divisjon spelte vi som nr. 5. Vi kom på ein 3. plass med ein poengsum på 97 og var storleg nøgde (3 poeng bak Kjølsdalen Musikklag). I bussen på vei til festen om kvelden var det eit solj uten like. Vi sang like godt repertoaret og det let sikkert aldeles grufullt for uinnvidde, men det var heldigvis ingen av dei i bussen. Om kvelden var det premieutdeling, middag og dans på Breim. Heldigvis var det noko av kjøtet som var gjennomsteikt/kokt og det av sosekjøtet som var ferdig før servering var svært godt. Johan kjørte oss i buss til og frå som den flinke sjåføren han er.

3. desember, tenning av julegrana i Vågsvåg.
Som tidlegare år spelte vi til gange rundt grana utanfor Våge og Oppedal grendahus.

17. desember, julekonsert.
Under julekonserten framførte vi 2 stykker med solist Tiffany Huston som sangsolist på eit stykke. På same stykket hadde vi fått med oss Eirik Halsen på el-gitar. Han har sidan blitt verande, men då på slagverk.

28. desember, juletrefest.
Juletrefesten i Våge og Oppedal grendahus samla mykje folk. Frelsesarmeen deltok med Alf Låstad og Inger Osmundsvåg m/fleire. Terje var som vanlge behjelpeleg med akkompagnement på trekkspel. Barytongruppa var komite for festen.

Laila K. Berg
--sekretær--