Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2009

 

ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2009:

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt fylgjande samansetning:
Leiar : Johan Wåge
Nestleiar : Roar Ståle Vedvik
Sekretær : John Inge Våge
Kasserer : Eli Refvik
Styremedlem : Tove Nerland
1. varamedlem : John Svarstad
2. Varamedlem : Laila Mykland

Dirigent og alle styremedlem har etter krav frå NMF lagt fram politiattest.

Noteutval: : Roar S. Vedvik, Johanne Velle, Ola Refseth, Anne M. Knotten
Husansvarlege : Harald Oppedal, Arne Øvrelid, Tor Åge Gravdal
Uniformsansvarleg : Eli Refvik
Materialforvaltar : Terje Våge
Noteforvaltar : Harald Oppedal
Bordforvaltar : Arne Øvrelid
Revisorar . Helen Tungevåg, Arnhild Welzien
Valnemnd : Erling Wåge, Bjarte Færestrand, Stine Kråkenes


Komite for ”Stormfestival 2009” :
Leiar :Erling Wåge
Kasserer :Merete Eliasen
Sekretær/Sponsor :Tor Åge Gravdal
Innkvartering :Sølvi Loen
Matansvarleg :Reidunn Øksdal
Sosialansvarleg :Johan Einar Wåge
Konsertansvarlege :Roar Ståle Vedvik og Ola Refseth
Pynting :Eli Refvik

2. AKTIVITETER
I 2009 deltok Torskangerpoll musikklag i NM for brassband. Det blei 11. plass i 3. dvisjon og TPM beheldt dermed plassen i divisjonen. Korpset arrangerte Stormfestival i september. Nyttårskonserten vart vellukka . Det har vore fire øvingshelgar. Den eine øvingshelga var som blåtur til Flø med ny instruktør, Christian Tennfjord. 17. mai deltok TPM som vanleg både i Holvik og Vågsvåg. I Vågsvåg hadde TPM basar og juletrefest, og spelte på julegrantenning. Medlemmane deltok på innsamling i Vågsøy til redningsselskapet. Også dette året har Lisbeth Helen Våge dirigert TPM. Roar Ståle Vedvik og Eirik Gjerdevik har og dirigert.
Styret har hatt 11 styremøter med referat i 2009.
Nærare omtale av TPM sine aktivitetar står under punkt tre i årsmeldinga.

3. ÅRSMELDING PÅ ARRANGEMENT
Sjå s. 6 og utover.


4. RAPPORT FRA HUSSTYRET FOR GRAVDAL SKULE
Torskangerpoll Musikklag står som eier av Gravdal Skule og økonomien til skolen ligger under Musikklagets regnskap. Husstyret har som klar målsetning at prosjekt som blir igangsatt ikke skal belaste økonomien til Torskangerpoll Musikklag og at disse prosjektene skal dekkes av midler utenfra og/ eller være selvfinansierende.
Husstyret har i 2009 jobbet med innvendig renovering av Gravdal skole og innhenting av lokalhistoriske dokumenter og effekter som etter planen skal brukes i en utstilling som skal åpnes i mai 2010. Renoveringsarbeidet har pågått hele året og det er utført 415 dugnadstimer på Gravdal skole i 2009 og anslagsvis 100 timer ellers i tilknytning til prosjektet. Ved årsskiftet 09/10 var loftsetasjen ferdig oppusset med oppsetting av nye hyller for lagring av korpsets effekter og samtidig var det meste av hovedetasjen også ferdig oppusset, med totalrenovering av alle flater fra gulv til tak. Husstyret og økonomiansvarlige i Torskangerpoll Musikklag gikk på høsten gjennom alle inntekter til prosjektet Gravdal skole og alle utgifter datert tilbake til 2008. Det ble da avgjort at differansen skulle betales inn på kontoen til prosjektet. Det som da mangler på kontoplan for 2009 for Gravdal Skule er et beløp på 3000,- fra Båtbygg og et beløp på 5000,- som mangler i SMIL- midler for 2008.
I 2009 fikk vi bevilget 40.000,- fra Norsk Kulturråd til innhenting gjenstander og tillaging av utstilling. Disse midlene blir utbetalt når vi har lagt frem et regnskap for bruk av midlene. Vi har en rest på 8000,- av en totalbevilgning på 30.000,- fra 2008 som ikke er utbetalt (SMIL). Vi forutsetter da at vi totalt får inn 48.000,- i midler på budsjett for 2010. Husstyret hadde 8 møter i løpet av 2009. I oktober ble det holdt Arbeidsmøte i Gravdal med representanter fra Nordfjord Folkemuseum, der husstyret fikk veiledning i forhold til den planlagte utstillinga og det ble samtidig utført arkivarbeid av Hermund Kleppa fra Fylkesarkivet. De som deltok ellers var representanter fra Vågsøy Historielag, Ingunn Kvalheim fra Prinsess og alle medlemmene i husstyret/ prosjektgruppa. Den. 7.9 og 10.9 ble det hentet historiske gjenstander fra dødsboet til Magnar Oppedal i samarbeid med Vågsøy Historielag.
I 2008 og 2009 har Prosjekt Gravdal fått sponset varer og tjenester for ca. 15000.
De som har sponset oss er Måløy Vekst(konsulenttjenester), Verlo A/S, Farge og Interiør, Brunsvik eft. og Byggmakker.

5. NOTEUTVAL
Vi har hatt jevnlige møter, der vi har plukka ut musikk for heile året (5 møter). I tillegg har noteutvalet vert representert på andre møter, bl.a. i lag med styret. Vi har også hatt tett kontakt med instruktørar angåande musikkstykke til NM 2010. Nye stykker kjøpt inn i år: Dei fire kattane, Kraken, Borage, Mr. Jums og Black Sam. Irish Tune, Irish Blessing, Windows of the world, Fest i Dovregubbens Hall, Sweedish folk song.

6. ØKONOMI
Budsjettet har også i år vore verktøy for økonomistyring. Nyttårskonserten gav litt netto, vi fekk litt inntekter på ein jobb for redningsselskapet, basaren gav et fint overskudd og Stormfestival 2009 gav eit flott overskot. Korpset har i år ikkje hatt dei store investeringane hverken når det gjeld uniformer, instrument eller anna utstyr. Det har gått litt ekstramidler til instruksjon. Turar har stort sett blitt dekka av medlemmane.

7. MEDLEM
I løpet av 2009 var 47 personar aktive medlemmar i Torskangerpoll musikklag.
I tillegg hadde korpset 83 støttemedlem som abbonerte på månadsskriftet Vredens Gnag.

8. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Vi har denne sesongen hatt samarbeid med bygdelaget Våge/Oppedal og Alice Haus Wåge har møtte på alle styremøta. Torskangerpoll musikklag har spelt på jonsokafta og julegrantenning. Det har og vore samarbeid med Holvik skulekorps om speling, Frelsesarmeen med juletrefest og Redningsselskapet med innsamling.

9. REPRESENTASJON
Torskangerpoll musikklag har vore representerte på NMF Nordvest sitt årsmøte, på julekonsertkomitemøte og i Våge-Oppedal bygdelag.

10. UTMERKINGAR
Det har ikke vore delt ut utmerkinger dette året.

11. INFORMASJON
Vredens gnag og nettsida Torskangerpoll.no er viktige medium for å nå ut til alle våre medlem med informasjon. VG har gått til 130 mottakarar. Det har og vore fin kommunikasjon gjennom gjesteboka på nettet. I snitt er 1000 personar innom kvar veke. Det er sendt ut foto og pressemeldingar i samband med arrangement som korpset har hatt, både konsertar og stormfestival. Erling Wåge og hans stab, m.a. Rune Færestrand, har gjort ein fin innsats her.

Takk frå styret
Styret vil rette stor takk til medlemmane for positiv haldning og godt frammøte på øvingar og arrangement. Vi vil og i årsmeldinga takke bedrifter og enkeltpersonar som har støtta oss økonomisk , og alle som har møtt fram på arrangemanga våre. Stor takk til alle som hjelp til på Stormfestivalen, spesiell takk til Merete Eliasen som tok på seg kasserarvervet for Stormfestival 2009.

Referat frå arrangement 2009

NYTTÅRSKONSERTEN 3. JANUAR 2009:
For 7. året på rad vart det i år også arrangert nyttårskonsert i Samfunnshallen. Det vart ein vellukka konsert der vi både imponerte og sjarmerte publikum.
I år valgte vi å ikkje rigge Samfunnshallen før lørdags morgon. Vi starta kl 09.00 og dette gjekk fort og kjapt unna, og litt over kl 10.00 var vi i gang med øving på NM stykket. I år hadde vi valgt stykket Music For a Festival under dirigering av Eirik Gjerdevik. Ca kl 14.30 var det øvingspause før konserten.

Konserten starta kl 17.00 med flott framføring av velkomstsang av John Inge. Vidare spelte vi Castell Caerfili, Watch Your Step, Thorn-Erics song (Eirik), Bunch O` Bones (Silje, Johanne, Laila, Yvonne og Harald). A Nightingales Sang in Berkeley Square (Ola).
Vi hadde også fått to ungdommer Kristoffer Støylen Refvik og Simon Garshol som spelte gitar og song. Dyktige unge lokale musikarar som også komponerer sjølve med urframføring på konserten.
Etter dette hadde vi framføing av NM stykket Music For a Festival under dirigering av Eirik. Deretter var det pause med loddsal, kr 10 per lodd.
2. avdeling starta med flott kornett trio med Ola, Terje og John Inge som hadde ablegøyer på scena, Vidare vart det framført stykket Be a Clown (Flott klovnekledd dirigent), Suril, Suril (John Inge), Be Still My Heart av Lina og Ane, The Bass in the Ballroom (Eirik), Endearing Young Charms (Joakim), Carneval of Venice ( Eirik) og Circle of life (Joakim sangsolist).
Vi fikk mange fine tilbakemeldingar etter konserten både fra publikum og Fjordenes Tidende med førstesides oppslag. Ca 220 personer hadde møtt fram på konserten.

Kvelden vart avsluttet med fest i Grendahuset i Vågsvåg med ca 65 frammøtte og god gryterett servert av Jacob Jensen. Pris per person for festen var kr 200. Seinare på kvelden vart det mykje flott framtreden av dei Unge Kule, Husmødrene, Unge Svoltne og Karanje.
Nok ein gong eit glimrande gjennomført arrangement takka være flinke korpsmedlem med ei flott ståpåvilje.

Øvingshelg til NM 23. – 25. Januar:
Samla til fellesøving fredags kveld frå kl 20.30 – 22.30 i Skavøypoll skule.
Gruppeøving lørdag der alle gruppene hadde øving med Erik Gjerdevik, nokre hadde i tillegg oppvarming/gruppeøving med Lisbeth. Ein må heller ikkje gløyme pusteøvelsane ?
Søndag var det fellesøving kl 11, der vi hadde ein uformell konsert som avslutning. Vi fekk jobba grundig og godt denne helga.

Øvingshelg til NM 30. Januar – 1. Februar:
Fellesøving heile helga med fokus på å spele saman. Erik var godt fornøgd med korpset denne helga. Han hever nivået etter kvart som vi presterer. No gleder vi oss og er svært spente til NM og Bergenstur. Vi hadde ein uformell konsert på søndag kl 14.30, der publikum gav gode tilbakemeldingar. Korpset har hatt stor framgang frå forrige øvingshelg! Kjekt ?.


NM i Bergen 5. – 8. Februar:
Vi reiste nedover til Bergen med buss torsdag ettermiddag. Vi innkvarterte oss på Comfort Holberg hotell. Denne kvelden vart det tidlig kveld fordi vi skulle lade opp til morgendagens konkurranse. Ei lita økt i foajeen var det tid til før vi gjekk tidleg til køys.
Lisbeth og Asbjørn var ute for ein bilkollisjon rett før vi skulle reise og måtte melde avbud. Dette var eit av samtaleemna denne kvelden. Fredagen var det sett av tid til øving på konferanserommet i lag med Eirik i 10-tida. Vi hadde ei kjempegod øvingsøkt med Eirik og han var storfornøgd. Stykket vi skulle spele var Music for a Festival, av Philip Sparke. Etter øvinga hadde vi fri fram til vi skulle spele ut på kvelden. No kunne vi gjere det vi ville. Mange av oss var nervøse og spente på korleis dette skulle gå. Vi møtte opp i foajeen i god tid der vi tok felles buss bort til Grieghallen. Der gjekk vi til registrering og oppvarming 20 minutter før vi toga inn på scena alle mann. Vi var så mange at ein skulle tru vi var to korps. Konferansieren fortalde litt om korpset før han introduserte Norges høgaste dirigen, Eirik Gjerdevik. Han sette oss i gang og vi spelte kjempeflott. Eirik var godt fornøgd. Det var ein stor lettelse å bli ferdig med plikta. No var det bare avslapning og festen igjen. Vi gjekk heimover til hotellet der vi samla oss utanfor resepsjonen for korpssang, trekkspelmusikk og mykje glede utover natta, til stor irritasjon for nattevakta. Vi stod tidlig opp laurdagen og spiste ein god hotellfrokost. Denne dagen hadde vi heilt fri og folk styrte seg sjølve. Nokre for til Grieghallen for å høyre på korps medan andre gjekk på byen for å shoppe. På ettermiddagen samlast dei fleste frå korpset til felles pizza måltid på torget. Klokka 20.00 gjekk vi til Grieghallen for festkonsert med premieutdeling. Vi fekk 11. plass i vår divisjon, og med det vart vi nest beste korps ifrå fylket. No var det tid for Brass Night og fest i foajèen i Grieghallen. Her vart dommarkommentarane nøye studert og lest opp. Dei fleste av oss gjekk tidleg tilbake til hotellet for vidare festing i resepsjonen. Nattevakta hadde fortsatt ikkje gløymt oss sidan forrige natt. Dette vart ei lang og festlig natt med mykje song, trekkspel og gitar musikk. Søndagen spiste vi god frokost for dei som rakk det, og så var det samling på trappa ute for felles fotografering. Deretter runda vi av opphaldet og reiste heimover med buss. Vi kom heim seint søndags kveld sletne og fornøgde.

Sildedugnad fredag 13. Februar:
Denne dagen var det sildedugnad i Torskangerpollen. Det var flekking og opphenging av sild. Godt med folk møtte opp på denne dugnaden.

Årsmøte 2. April:
Torsdag klokka 20.00 vart brukt til årsmøte i TPM. Viser til årsmøtereferatet.

Speling på Frelsesarmeen fredag 18. April:
Vi møtte opp litt før klokka 19 og gjorde oss klare til ei fin og sjeleberoande kveldsstund.
Vi åpna kvelden med ein fengjande marsj, Soldiers of Christ. Deretter ønskte kaptein Christian alle velkommen med gode ord, etterfulgt av ein allsong til musikk av musikklaget. Denne allsongen vart henta frå frelsesarmeen si hymnebok.
No var det tid for musikklaget si fyrste avdeling, der vi spelte Suril Suril, I don't know how to love Him og Watch Your Step. Etter vår avdeling spelte vi til ein allsong frå frelsesarmè-heftet.
Som alltid, på slike tilstelningar er det andakt, og denne var det Christian som gjennomførte. Hovudpoenga han la fram var: «at ein ikkje skal strø salt i boblene» og «drepe andre si glede».
Eit av høgdepunkta på ein slik fest seiast det å være kaffi og mat med loddsal. No var det tid for hygge. Det vart informert frå lokale frelsesarmè-medlem at i år hadde dei firkanta hjertelodd, dette pga. akutt hjerteproblem på forrige frelsesarmè fest. Alle hjerteloddene hadde forsvunnet. I tillegg til firkanta hjertelodd solgte dei årar til våres store begeistring. Åresal er noko av det kjekkaste vi veit. I år som i fjor var det stor ståhei om kven som vann den store vinnekonkurransen. Dette vart Sølvi med tre premiar. Etter kaffi, kake, skjeve og saft var det tid for andre avdeling med speling.
Her spelte vi The rocky road to Dublin, Fagert er Landet og marsjen Death or Glory. Til slutt spelte vi til salmen «Bred dine vide vingar», og Christian avslutta det heile med bibelske ord før alle gjekk godt mette og fornøgde heim att.

17.mai Nasjonaldagen
Dagen starta som vanleg kl. 0745 på skuleplassen ved grendahuset i vågsvåg, der stod bussjåfør Torskangerpoll og venta på oss med bussen. Vi kjørte ut til Oppedalen der alle gjekk ut og spelte Ja vi elsker dette landet og ein marsj klokka 0800. Deretter gjekk turen vidare til klokkargården (Vestro), der stod som vanleg dei innsette og venta på oss med dyne rundt kroppen og trøtte i trynet. Der spelte vi også Ja vi elsker og ein marsj. Så kjørte vi til Vikabu og spelte ein marsj der, så kjørte vi oppover bakkane til ho Oddbjørg Færestrand, der spelte vi utover polljen fagert er landet og ein marsj, som tradisjon tru. No var turen komen til Færestranda der vi stilte oss opp mellom han Bent og han Dagfinn Færestrand. Vi spelte ein marsj og Ja vi elsker dette landet endå ein gong. Skaret var neste stopp. Marsj speling og Norge i rødt, kvitt og blått stod på repertoaret her. Ei speling i øvre våge med Ja vi elsker og marsj nedanfor han Per Torskangerpoll før vi enda opp nede i hamna ved betonganlegget og spelte utover bygda. Heilt vindstille og flott veir skapte ei magisk stemning med klangen hengjande igjen i fjella i fleire sekund etterpå. No var det frukost i grendahuset der vi feira «Stranden» sin dag med bløtkake og norgesslips. Han var sjølvsagt med. Bygdalaget hadde stilt opp og laga flott frokost til oss.
Ein liten times pause før Holvikjarane kom ut til oss for å gå i barnetog frå byggefeltet i Vågsvåg, inn i «Myra» og opp til grendahuset. Her spelte vi Holvikmarsjar. Dette vart eit stort og godt tog.
Når vi kom opp var det ei økt nede med underhaldning, musikk av TPM og tale for dagen ved Marte Iren Lade. Flaggborg og songar vart gjennomførte som vanleg. Folk sat ute i finveiret og koste seg, spiste is, pølse med brød, og prata med kvarandre. Alt var som ein 17. mai skal være. Klokka 15 var det folketog i Holvik, der vi igjen marsjerte innover bygda og tilbake og spelte marsjar som det ljoma etter. Holvik skulekorps heldt ein minikonsert inne på skulen etter marsjeringa.

Marsjering i gata og speling i sentrumsparken 23. Mai:
Vi starta ved spiralen, gjekk innover gata og stoppa på ulike plassar og spelte marsjar. Det var godt oppmøte og vi spelte godt og marsjerte fint. John Inge blåste i fløyta og William og Anders slo kongeleg paradamarsj på trommene. Dette var flott. Rett etter marsjeringa stilte vi oss opp i parken og spelte ein minikonsert. Repertoaret her var marsjar, og lett underhaldningsmusikk. Eit lokalt lag hadde stand i parken og lokka oss med ferske vaffler med sylte på. Igjen ei koseleg stund med korpset.


Speling i Asbjørn Våge sin 60 års-dag 31. Mai:
Dei som hadde anledning stilte opp ved grendahuset i Vågsvåg klokka 18.45. Der marsjerte vi ned bakkane til Asbjørn sitt hus. Der spelte vi ein marsj før vi gjekk ned i hagen og spelte eit par marsjar til. Der hadde Asbjørn og avkomet laga til kaffi, kaker og lefse. Dette smakte godt og gjorde godt. På ladeveggen var det tillaga pilkast og pistolskyting for dei konkurranse lystne. Godt veir og godt humør satte sitt preg på denne stunda. Asbjørn var godt fornøgd med besøket denne dagen.

Turhelg til Flø 5. – 7. Juni:
Denne helga vart brukt til å lukte på nye NM-stykker. Vi hadde hyrt inn instruktøren Christian Tennfjord, ein dyktig instruktør og slektning av Wåge-familien. Vi reiste frå Måløy med buss etter jobb fredagen og turen tok i overkant av 2 timar med masse pauser på vegen. Vi installerte oss på campingen på Flø før vi gjekk til øving i samfunnshuset på flø (Moods of Norway – huset). Vi var litt spente på om den nye instruktøren takla vår kultur og måten vi øvde på. Vi oppdaga fort at Christian passa inn i dette miljøet. Han gav gode råd, og var oppmuntrande og inspirerande. Vi spelte gjennom to stykker vi hadde valgt ut på forhånd, Trittico og Renaissance i tillegg til eit part stykker som Christian hadde med seg. Etter øvinga på fredagen gjekk vi til hyttene for å slappe av og kose oss og lade opp til ny øving neste dag.
For nokre vart det mange timar med opplading utover natta. På campingen vart vi publikum til teltoppsetting på høgt plan, med bukseseg.
Laurdagen starta vi med øving før vi for til Ullsteinvik og hadde ei lang og god shoppingpause. Folk koste seg og gjorde det dei ville før vi tok turen tilbake til Flø for litt meir øving. På kvelden hadde vi grillfest utanfor hyttene med laks, hamburger, pølse og salat. Vi hadde så mykje mat at det var nok til nattmat laurdag og frokost på Søndag. Vi kosa oss med god drikke og mat, og nokre vikingar var nede og kjente på temperaturen i vatnet. Det såg frykteleg kaldt ut. Etter grillinga marsjerte vi og spelte marsjar opp til Lada til Anne-Mari sin familie. Tennfjord var også med som fyrste triangelist. Der hadde dei laga til låvefest for oss og det lokale koret på Flø. Vi song og mora oss til langt på natt før vi gjekk tilbake til hyttene for å avslutte festen. Ein av medlemmane i korpset hadde fått med seg nattmat på vei ned igjen frå lada – ein stamp full av potetsalat.
Søndagen brukte vi til å bestemme oss for kva stykke vi skulle bruke. Det vart mykje om og men og til slutt bestemte fleirtalet seg for at vi skulle satse på Renaissance. Vi hadde ei kjekk helg med mykje sosialt og litt speling, der alle var godt fornøgde men trøtte.

Speling på jonsokafta 23. Juni:
Medlem frå Torskangerpoll og Holvik skulekorps var med å sette musikk til jonsokfeiringa. Vi starta ved kaia i Vågsvåg og marsjerte opp bakkane til grendahuset der vi hadde tradisjonell jonsokfeiring med grilling, bål og leikar.

Oppstart øving hausten tirsdag 11. august:
Vi starta opp øvinga etter sommarferien denne tirsdagen. Oppmøtet var bra. Nokre fråfall og nokre tilkomande og nokre som fortsatt var på ferie. Alt i alt eit godt oppmøte. Denne øvinga vart brukt til å spele igjennom stykker som vi skulle spele på Stormfestivalen. Noteutvalet og dirigenten hadde plukka ut eit repertoar som vi spelte delvis igjennom. Stort sett stykker vi hadde spelt før og som vi kunne godt. Utruleg nok så let det fint etter ein lang sommarferie. Dette lovar godt for Hausten framover. Vakre tonar og uthaldande lepper...
Stormfestival 4.-6. September:
No var det klart for Stormfestival nr. 7 i rekka. 13 korps og rundt 300 deltakarar var påmelde. Planlegginga av festivalen hadde pågått i over eit år og no var alt klart til den store festen. Bare små detaljar stod igjen denne helga. No var vi alle spente. I år som i fjor og året før og året før der igjen var det veiret alle snakka om dei siste dagane. Utruleg nok var veirgudane med oss i år også. Opplett, vindstille og sol prega desse tre dagane. Etter innsjekking ved festivalkontoret var det Stormmiddag i Samfunnshallen fredag klokka 19.30. Rømegraut stod på menyen, til stor begeistring for nokre og til stor ergrelse for andre. Klokka 21.30 var det tid for ”blikjentkveld” i Samfunnshallen. Der vart det korpspresentasjon der kvart korps hadde kvar sitt sjøldikta vers. Vi song ein ny versjon av Shallala på scena, karaoke, underhaldning og mykje moro. Jacob Hals var trubadur for kvelden og gjorde ein flott figur for dei svingomlystne. Kl. 22.30 var det treff for korpsleiarar og korpsvertar der vi informerte om innhaldet på festivalen resten av helga. Kvelden tok slutt kl. 01.00 og folk gjekk spente og fornøgde heim til sitt.
Laurdagen var komen og etter frukosten i Samfunnshallen var det opning av Stormfestivalen på torget i Måløy kl. 12.00. Der hadde Ordføraren møtt opp og heldt ei kort og fin tale før vi spelte fellesnummera ”Festivalen” og ”Solskinnsdag”. No gjekk turen ut i gatene med kostymeopptog og minikonsertar. Deltakarkorpsa hadde kledd seg ut i kreative og flotte kostymer. Det vart delt ut premiar til dei tre beste kostymene. Fræna Musikkorps vant, med Måløy Musikklag hakk i hel på andre plass (dei stilte opp med nissefestkostymer med kaptein sabeltann i spissen kjørande i en båt). På tredje plass kom Raufoss Musikkforening utkledd som meksikanarar (som for øvrig var med for 7. gong. Dei har vert på alle festivalane). Klokka 14.00 var det tid for det store høgdepunktet for dei fleste på Stormfestivalen, Rorbufest i Torskangerpollen. Der vart det servert Stormsuppe, tørrsild og forfriskande drikke (som det vart konsumert ein del av ja). Redningsskøyta hadde også i år stilt opp og var stasjonert ute på pollen. Musikk, fisketurar, god mat og godt humør var det masse av denne laurdags førdmiddagen. Terje spelte trekkspel på buda og eit anna høgdepunkt var Stormstafetten. I år hadde vi fylgjande etappar. Starten ved Vikabu var skigåing med stavar. Så kom andre etappe med styltegåing og pilkast på lettkledde ballongdamer. Vidare var det ned til fjøra med palleløp over til ein lekter som lå 50m ut på sjøen. Herfra var det roing rundt ei bøye og tilbake til lekteren, så var det palleløp tilbake. Så var det siste etappe med svømmeføtespringing tilbake til Vikabu. Dette vart ein kjempestafett med mykje moro og god underhaldning. Stor honnør til komitèen for stormstafetten. Vinnarane i år vart Raufoss Musikkforening (sjølv om dei fekk ei skade på mannjen som gjekk skigåing, han fekk staven i ansiktet og måtte til Eid og sy nokre få sting, men han kom fort tilbake og fortsatte festen i lag med oss). På grunn av at eit av deltakarkorpsa meldt avbud i siste liten, som skulle spele Stormfanfare, måtte vi lage ei krisefanfare. Dette gjorde John Inge, Ola og Anders på kort varsel. John Inge og Ola oppe i skauen og Anders på Redningsskøyta med oljefat. Det vart suksess og let bra. Etter ein fin og avslappande stund i Torskangerpollen var det rett bort til Samfunnshallen for Stormgalla klokka 20.00. Der var det dekka til havets festbord. Nok eit høgdepunkt på festivalen. God underhaldning, karaoke og konsert med Måløy Musikklag sitt Blues Brothers show. Dette svinga kjempebra. Etterpå var det dans med Voldingane til seine natta. Ca. klokka 02.00 sa vi god natt og folk stampa seg heim og vi starta med opprydding.
Søndag skulle vi gjere eit nytt sprell vi aldri har gjort før på Stormfesitvalen. Vi skulle ha frolunch-konsert der vi skulle spele sjølve. Dette hadde mange korps spurt etter og no fekk dei ynskjene sine oppfylde. Vi spelte godt til tross for at alle var trøtte og sletne etter ei hard og lang arbeidshelg. Klokka 11.30 var det tid for avslutning i Nordfjordhallen med premieutdeling, fanfare, fellesnummer, avslutningstaler og utmarsj. Dette var gratis for publikum og mange hadde møtt opp for å få med seg dette. Dette vart nok ein suksess og ein perfekt gjennomført Stormfestival. Korpsa reiste heim med eit minne for livet fram til neste festival.

Bøsseinnsamling til Redningsselskapet Tirsdag 15. September:
Øvinga denne tirsdagen brukte vi til å samle inn pengar til Redningsselskapet. Det var satt opp ulike ruter vi skulle gå med bøssene. Vi delte oss opp to og to personar i kvar gruppe. Oppmøte var dårleg, bare 17. personar møtte opp, 14 var fraværande denne dagen. Vi fekk ein våt og trasig kveld. Det «hølja» ned og vi vart kliss våte tvers igjennom. Men litt pengar fekk vi «tigga» til oss. Resultatet vart greitt nuk.

Øvingshelg 16. – 17. Oktober:
På grunn av redusert mannskap og barnedåp øvde vi bare på fredagen og laurdagen. Vi øvde i grendahuset i Vågsvåg. Fellesøving der vi øvde på repertoir til musikkbasaren og litt julestoff. På laurdagen hadde vi bestilt pizza frå amaroza og vi spiste så mykje at vi orka neste ikkje spele meir, og enda var det pizza til overs. Lisbeth var dirigent og dette vart ei fin helg med god øving og gjennomkjøring før basaren.

Musikkbasaren 17. Oktober:
Laurdag 17. Oktober klokka 16.00 var det den årlege basaren i grendahuset i Vågsvåg. Mange fine gevinstar og premiar som vanleg. Kvar korpsmedlem hadde sponsa ein gevint på bøkene i tillegg til 10 åregevinstar. Nokre hadde laga kaker og aftentrekningar. Folk som møtte opp støtta godt opp og brukte masse penger på lodd og årar. Holvik Skulekorps var gjestekorps og satte ein spiss på den trivelege kvelden. Dette er alltid eit høgdepunkt i bygda. Det vart eit godt resultat i år som tidlegare år. Basaren er ei av hovudinntektskildene til korpset utanom Stormfestivalen, og vi set stor pris på den støtta folk gjev ved å stille opp og ta mykje lodd.

Spling i Alice sin 50-års dag 21. november:
Alice feira dagen sin laurdag 21. November i grendahuset i Vågsvåg. Der hadde slekt og vener møtt opp for å feire dagen. Masse god mat blant anna ribbe med tilbehør og masse gode kaker og kaffi. Taler, bildeframvisning, song og mange kjekke innslag stod på programmet. Korpset møtte klokka 19.30 og vi spelte nokre marsjar der jubilanten sjølv fekk dirigere til stor glede for dei frammøtte gjestane. Johan delte ut det tradisjonelle 50-års kruset og ynskte henne mange fleire gode år i lag med korpset. Broren til Ola, Karl Ivar spelte ein flott og fengjande minkonsert på vibrafon der ein av songane var dedikert til jubilanten Alice. Etterpå fekk alle som møtte opp kaffi og kaker.

Julegrantenning ved grendahuset 29. November:
Tradisjonsrik tenning av grana utanfor grendahuset. Her stilte vi med nissehuer og hanskar og spelte til gang rundt juletreet og tenning av lysa. Julesongar frå julesongheftet spelte vi her, og bygdafolket hadde møtt opp og gjekk rundt treet og song i lag medan vi spelte. Etterpå var det samling nede i salen med underhaldning, song og litt god mat og drikke.

Julekonsert i Sør-Vågsøy kyrkje Søndag 20. Desember:
Denne søndagen var det skikkeleg julestemning med minusgrader og snø ute. Det var tid for den tradisjonelle Julekonserten i Kyrkja. Vi var satt opp til å spele fyrst i år. Det var kyrkjemusikar Hans-Joachim Schüttke som åpna med Preludium etterfulgt av tenning av lys. Deretter var det vår tur. Vi åpna med eit stykke skrevet av Goff Richards, Away in a Manger med solist på kornett Sondre Nerland og eit minikor frå nokre i korpset. Vi hadde ei mektig avslutning med stykket Sweedish Folk Song arrangert av Peter Graham, som førte til at dirigenten vår måtte felle ei tåre eller to. Ho var godt fornøgd med framførelsen vår denne ettermiddagen. Etter oss kom korps og kor på rekke og rad med lystige og fine julemelodiar som vi alle kjenner frå før. Viltkoret, Skram Skoles Musikkorps, Skavøypoll Skulemusikk, Holvik Skulekorps, Måløy Songlag, Gospelkortet Sweet Spirit og Måløy Musikklag var dei andre aktørane. Frelsesarmèen hadde ei lita kort tale ved Kristian. Det var arrangøren Måløy Musikklag som avslutta det heile med ein ny variasjon på Deilig er Jorden, der det oppstod litt forvirring blant kyrkjelyden om kor mange vers denne skulle inneholde. Trur det vart 5 vers totalt. Ved utgangen var det kollekt til Frelsesarmèen. Dette var nok ein Julekonsert som fikk oss i fin julestemning før ei travel førjulstid.

Juletrefest i Grendahuset Søndag 27. Desember:
Vi møtte opp i grendahuset klokka 15.30 for tillaging, pynting av juletre, lage til bord og stolar og lage til julebrød-skiver og kringler. Vi starta festen kl. 17.00 med ei avdeling med speling av korpset, der vi spelte julemelodiar og julekonsert stykkene i tillegg til Bernard Castle, (dirigert av Roar Ståle Vedvik). Vi slutta av avdelinga med Deilig er Jorden med obligatstemme på siste verset. Det var ikkje så veldig mange folk denne kvelden. Frelsesarmèen var på plass med andakt og salg av hjertelodd. Etter andakta var det kaffi med julebrød og kringler og julebrus. Nissen kom som vanleg med pakkar til borna. Etter maten fortalte Lisbeth ei julehistorie frå Alf Prøysen før vi rigga til juletreet og gikk rundt juletrèet og song julesongar. Vi klarte også i år å stille med to ringar rundt juletreet. Terje stod for det musikalske og spelte trekkspel til songane. ”Merkje” var også ein av songane vi song denne kvelden. Det heile var over på ca. 3 timar.