Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2010

 

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning:
Leder: : Johan Einar Wåge
Nestleder : Tor Åge Gravdal
Sekretær : John Inge Våge
Kasserer : Eli Refvik
Styremedlem : Tove Nerland
1. varamedlem : John Svarstad
2. Varamedlem : Laila Mykland

Noteutvalg: : Lisbeth Våge, Johanne Velle, Ola Refset, Anne M. Knotten
Husansvarlege : Harald Oppedal, Arne Øvrelid, Tor Åge Gravdal
Uniformsansvarleg : Eli Refvik
Materialforvalter : Terje Våge
Noteforvalter : Harald Oppedal
Bordforvalter : Arne Øvrelid
Revisorar . Helge Oppedal
Valnemnd : Sondre Nerland, Erling Wåge, Stine Kråkenes

2. AKTIVITETER
I 2010 arrangerte Torskangerpoll musikklag nyttårskonsert i januar. Tpm deltok TPM i NM for brassband. Her blei det 11. plass i 3. dvisjon og laget beheldt dermed plassen i divisjonen. Det var to øvingshelgar i forkantav NM og ei øvingshelg i november. 17. mai deltok TPM som vanleg både i Holvik og Vågsvåg. I mai var TPM på blåtur til gammalostfestivalen i Vik. I juni blei nyrestaurert Gravdal med museumsutstilling opna. I september var vi på utenlandstur til Edinburg. På Raudeberg deltok TPM på ”Heim i haust” med parade og konsert. I Vågsvåg hadde TPM basar og juletrefest, og spelte på julegrantenning. Det blei arrangert jubileumskafe i Gravdal i november. I desember deltok TPM på julekonserten i Sør-Vågsøy kyrkje. Også dette året har Lisbeth Helen Våge dirigert for TPM. Harald Oppedal, Roar Ståle Vedvik og Eirik Gjerdevik har og dirigert.
Styret har hatt 8 styremøter med referat i 2010.
Nærare omtale av TPM sine aktivitetar står som eige avsnitt sjå neste punkt.

3. ÅRSMELDING PÅ ARRANGEMENT
Sjå s. 5 og utover.

4. RAPPORT FRA HUSSTYRET FOR GRAVDAL SKULE
Husstyret jobbet i 2010 med innvendig renovering av Gravdal skole og oppsetting og klargjøring av utstilling. Renoveringsarbeidet har pågått hele året og det er utført mange dugnadstimer på Gravdal skole i 2010. Av viktig arbeid som ble utført kan nevnes: Innkjøp av hyller og utstillingsmonter. Oppsetting av utstilling. Printing av foto ved Hans Ole Færestrand. Diverse tegninger og maleri ved Rune Færestrand. Utsmykking (opphengig av gardiner, lamper etc.). Oppdatering av det elektriske anlegget. Innkjøp av 51 sammenleggbare stoler. Installering av varmepumpe i hovedetasje. Oppmontering av varmeovner i kjeller. Montering av takplater i kjøkkenet, oppsett av delevegg ved kjøkken. Omlegging av rørsystemet til toalettene. Uteområdet (grusing av plassen og sprøyting av ugras)
Takk til støttespillere og sponsorer Gravdal:
Vi ønsker å rette en stor takk til sponsorer og støttespillere. Disse har i stor grad bidratt med at Gravdal skole er i den gode tilstanden den er i dag. Vi har mottatt midler og støtte fra følgende i 2010:
Snorre Seafood AS, Norsk Kulturråd, Kvalheim Kraft AS, Statens Landbruksforvaltning, Sparebanken Sogn og Fjordane, Måløy Vekst, Vågsøy Historielag, Myrestrand Eiendom AS, Glassmagasinet, Bekka AS, Gangsø Møbler, Vest Servise A/S, Bjørn Oppedal, Princess Interiør og Fjordenes Tidende.
Viktige arrangementer Gravdal:
12. juni Gravdal: Offisiell åpning vart gjennom ført med stor suksess
Mange av de tidligere elevene som har gått på Gravdal deltok og spesielt fornøyd var husstyret med at så mange som var utflytta valgte å delta. Det var også invitert gjester frå det offentlige og sponsorer. Festen vart gjennomført med et rikholdig program av musikk, taler, hilsener og god mat. Blåsegruppe fra musikklaget deltok med «gammelmusikk» utført på instrument fra 1930- åra. Den offisielle åpninga vart utført av Johan Sandvik, tidligere elev og sønn av første lærer ved Gravdal Skule, Ivar Sandvik. I sin tale fortalte han om faren sitt sterke samfunnsnyttige engasjement utenom skolen, bl.a. Som kirketjener og i andre offentlige verv. Stor takk til ”damene” som stilte opp som medhjelpere.
20. november Gravdal: Dette arrangementet var et ledd i forbindelse med feiringa av TPMs 90-års jubileum. Det ble en koselig jubileumskafé med tilbakeblikk på TPMs historie og skolens historie. Johan hadde redigert en film for anledningen, ”Torskangerpoll Musikklag før år 2000”. Filmen viste litt i fra korpsets turer og arrangement fra de tidligere tider og den var en stor suksess. Harald Oppedal spilte på trøorgel frå 1920- tallet og munter sang skapte god stemning. Etter sangen var det tid for et kåseri ved en tidligere elev på skolen, Inge Sandvik. Dette hadde han kalt ”Musikk og dagligliv gjennom 90 år”, og han fortalte om ulike akter fra korpset den tida han var aktiv medlem. Han hadde mange gode og artige historier, og smilet og latteren frå de frammøtte kom fram. Oppmøtet var meget bra og det var god gammeldags stemning i skolen denne kvelden.

5. NOTEUTVAL
Årsrapport manglar.

6. ØKONOMI
Budsjettet har også i år vore verktøy for økonomistyring. Nyttårskonserten gav litt netto og basaren gav et fint overskudd. Korpset har i år ikkje hatt dei store investeringane hverken når det gjelder uniformer, instrument eller anna utstyr. Det
har gått ein del ekstramidler til instruksjon. Vi brukte og litt øyremerka midlar frå tidlegare arrangement for å reise på korpstur til Edinburg.

7. MEDLEMMER
I løpet av 2010 var 40 aktive medlemmer i Torskangerpoll musikklag.
I tillegg hadde korpset 83 støttemedlemmer som abonnerte på Vredens Gnag.

8. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Vi har denne sesongen hatt samarbeid med bygdelaget Våge/Oppedal og Alice Haus Wåge har møtte på alle styremøta. Torskangerpoll musikklag har spelt for Våge-Oppedal bygdelag på jonsokafta og julegrantenning . Det har og vore samarbeid med Holvik skulekorps om speling 17. mai.

9. REPRESENTASJON
Torskangerpoll musikklag har vore representerte på julekonsertmøte og i Våge-Oppedal bygdelag.

10. UTMERKINGAR
Der har ikke vore delt ut utmerkinger 2010. Styret er i gang med arbeidet å sjekke ut kva medlemmer som står for tur slik at ein kjem i ”rute”.

11. INFORMASJON
Vredens gnag og nettsida Torskangerpoll.no er viktige medium for å nå ut til alle våre medlemmer med informasjon. VG har gått til 130 mottakarar. Det har og vore fin kommunikasjon gjennom gjesteboka på nettet. Det er sendt ut foto og pressemeldingar i samband med arrangement som korpset har hatt.. Erling Wåge og hans stab, m.a. Rune Færestrand, har gjort ein fin innsats. Styret brukar for det meste e-post når det gjeld kjapp informasjon og beskjedar.

12. Takk frå styret
Styret vil rette stor takk til medlemmane for positiv haldning og godt frammøte på øvingar og arrangement. Vi vil og i årsmeldinga takke bedrifter og enkeltpersonar som har støtta oss økonomisk , og alle som har møtt fram på arrangementa våre i 2010.

13. Referat frå arrangement 2010:
Lørdag 2. januar Nyttårskonsert i Samfunnshallen
I år starta vi tidleg om morgonen med tillaging i samfunnshallen. Vi starta klokka 0900. Rigging av lyd og lys, sceneoppsett, pynting, koroppsett, amfi og stolar og korpsoppsett. Når rigginga var ferdig øvde vi ei lita økt til klokka 14. Deretter hadde vi fri til konserten starta kl 17. I år hadde vi fått med oss Viltkoret som gjestar. Denne konserten var fyrste markering på starten av jubileumsåret der vi fyller 90 år i 2010.
Starten på konserten skulle gjenspeile starten av TPM for 90 år sidan. Ni musikantar spelte på gamle instrument for å vise korleis det høyrde ut for 90 år sidan. Dei spelte ein gamal tysk marsj. Deretter kom korpset masjerande inn og sette seg ned og spelte Bernard Castle. Alice ønskte velkommen og introduserte vidare Perlefiskduetten der Asbjørn og Tor Åge spelte solo. Så spelte vi Borage før Viltkoret kom inn og framførte 3 fine nummer leda av dirigenten Frode Helgestad. Dei song flott og reint og fekk med seg publikum med sine fine tonar. No var det tid for pause og lotteri leda av Ingunn. Vi fekk inn nesten 10000 kroner på dette lotteriet, så det var gode ekstra inntekter. Etter pausa var det tid for det store eksperimentet, urframføring av det nye NM-stykket, Renaissance. Vi valgte å framføre dette sjølv om vi ikkje var heilt ferdig med øvinga og stykket ikkje var heilt ferdig pynta som Eli forklarte i introduksjonen til stykket.
Årsfest laurdag 2. Januar:
Etter nyttårskonserten samlast vi i grendahuset i Vågsvåg for å feire det siste året med speling og arrangement. Stroganoff gryte, potetstappe med salat servert av Kokk Jensen stod på menyen. Det vart underhaldning av husmødrene med lekker dans, dei unge kule med heimelaga song, dei unge svoltne hadde stilig songinnslag og til slutt så kom karanja med eit godt innøvd songnummer. Vi hadde ein veldig fin fest der vi prata og kosa oss utover dei seine timar.
Øvingshelg 15. – 17. Januar:
Vi møtte til øving i Skavøypoll skule i gymsalen fredag klokka 20.30. Oppvarming ved Lisbeth med pusteøvelsar og koralar, så kom ”Storingen” med Bergens-båten, Eirik Gjerdevik, til stor applaus ifrå allje i hop. Endeleg kom Eirik tilbake og skulle ”piske” oss i form til NM. NM stykket Rennessanse stod på repertoaret. Vi spelte igjennom stykket nokre gongar fredagen, og Eirik var godt fornøgd med ”stoda” og framgangen vår frå sist NM. Laurdagen vart brukt til gruppeøvingar med alle gruppene. Lisbeth stod for oppvarminga av gruppene og Eirik tok seg av grovarbeidet. Det vart ei lang økt for Eirik og Lisbeth denne dagen. Som vanleg vart det samling på kvelden Laurdagen. Denne gongen var det hos residens Refseta, hos Ola og Lina alle samla seg. Ein kjekk og sosial kveld vart det, med mykje god drikke og mykje lausprat. Søndagen samla vi oss alle til fellesøving og samspel for å snekre i hop eit godt resultat. Erling stod for opptak med profesjonelt utstyr og vi hadde fleire gjennomspelingar utover søndagen. Godt trøtte og fornøgde hadde vi ei generalprøve for publikum i tretida søndagen. Eirik var kjempefornøgd med tistanden denne helga. Han reiste med båten til Bergen i firetida utan haudeverk og større bekymringar.
Øvingshelg 29. – 31. Januar:
Skavøypoll skule var plassen denne helga også. Caddy-klubben møtte på frelsesarmèen klokka 20 for å hente slagverk og Gong. Vi hadde leigt inn Gong frå Jølster Musikklag til begge øvingshelgane. Som vanleg kom Eirik med båten fra Bergen og vi satt spente på stolane og lurte på korleis dette skulle gå. Som forventa skrudde Eirik forventningane opp eit par hakk, og dette viste seg å få resultater utover helga. Vi måtte konsentrere oss ekstra og legge inn eit ekstra gir for at Eirik skulle bli fornøgde med oss. Terping, pisking, samspel, øyrebruk og hjernetrim var nøkkerord her. Omtrent alle i korpset fekk kjøre seg ekstra mykje denne helga. På laurdags kvelden var det samling hos Anne-Mari. Der hadde kremen samla seg, husmødrene, nokre av dei unge kule, og Eirik, Johan, Tor Åge og Sondre ifrå det andre kjønn. Lett prat og god hygge vart det denne kvelden. Ingen ustadige bevegelsar vart registrert denne Laurdagen. Søndag vart brukt mykje til gjennomspeling og ”pynting” av stykket. Nok ein gong vart det ei vellukka og god øvingshelg. Eirik var begeistra og ubekymra roleg når han entra båten tilbake til Bergen. No var neste møte i Bergen på NM.
NM for Brassband i Bergen 4. – 7. Februar:
Klokka 15.50 stod heile gjengen oppstilt på lekteren på torget og venta på ”ferja” til Bergen. Johan hadde på forhånd krangla seg til ein god gruppepris på reise med hurtigbåten. Vi samla oss på alle konferanseborda som var i båten og rigga oss til med pc, strikkerier, barnevogner, kortspel og andre ”duppedingsar”. Mange spente og smånervøse sjeler var å betrakte blant passasjerane. Ein uproblematist tur, litt forseinka men trygt i land steig vi ut på promenaden i Bergen. Vi spaserte opp til Comfort Holberg hotell gjennom gågata. Dei største instrumenta hadde forhåndsbestilt Taxi som venta ved båten. Vi innkvarterte oss kjapt på rommene og gjekk direkte til auditoriet for ei lita øving i lag med Eirik. Ein litt nervøs start på øvinga men Eirik klarte kjapt å løyse opp musklar og ledd og nervøsiteten forsvant etterkvart. Litt småterping og klangøving var viktig her. Etter øvinga samla vi oss ved baren og tok ein liten seans der for å slappe av før vi gjekk forholdsvis tidlig til sengs alle mannj. Fredags morgon var John Inge og Bjarte dei fyrste som stod opp og gjekk til frokost. Etterkvart kom den eine etter den andre ramlande inn frokostsalen. Ein god hotellfrokost med egg vart slukt av dei fleste, bortsett fra ein kar som kom for seint. Skal ikkje nevne navn men Tor Åge klagde over at han var svolten etter frokosten. Dei fleste slappa av på hotellet medan nokre få engasjerte shopping-entusiastar tok seg ein tur til byen. Klokka 13.00 møtte vi i auditoriet for øving i lag med Eirik. I dag var kvaliteten mykje betre enn dagen før. VI hadde to gode gjennomspelingar og Eirik var smilande og glad og klar for den store framførelsen. Johan hadde på forhånd bestilt buss til klokka 15. 36 spente sjeler satte seg i bussen som kjørte mot Grieghallen. Der gjekk vi til garderoba og gjorde oss klar til oppvarming. Vi gjekk til signering klokka 15.50 og til oppvarming klokka 16.00. Der finpussa vi litt på starten og på klang. Litt før 16.20 kom vakta og henta oss, og vi gjekk mot scena. No var det ingen vei tilbake, no var det bare å gje full gass og håpe på det beste. Vi marsjerte strakt inn i salen og satte oss ned, der var utruleg nok korpsoppsettet feil slik at vi måtte omrokkere stolane før vi kunne sette i gang. Vi satte oss ned, Eirik kom inn og vi reiste oss opp. Han helsa og vi satte oss ned, han heva stokken….1-2-3 så var vi i gang. Starten gjekk greit og dermed gjekk stykket av seg sjølv utover. Vi gjorde ei god framføring, sjølv om vi ikkje hadde ein perfekt dag. Publikum i salen var fornøgde og klappa godt etterpå. No var vi letta og endeleg ferdig med plikta. No kunne vi senke skuldrane og slappe av resten av oppholdet. No var det FEST!!! Enkelte gjekk no på byen for shopping, andre gjekk for å høyre andre korps i dei ulike divisjonane, ein gjeng gjekk til Håkonshallen der Eirik i lag med Forsvarets Musikkorps Vestlandet hadde ein gratiskonsert. Der spelte Eirik urframføring av eit solostykke. Dette var ei fin oppeving av dei som var på denne konserten. Folk var sletne etter ein lang dag, så det vart tidleg køying på dei fleste. Bare den harde kjerne samla seg ved hotellet og holdt hotell tradisjonane våre ved like. I år hadde ikkje nattevakta ei einaste klage på tradisjonane våre. Lørdagen starta som vanleg med ein god hotellfrokost med egg. I dag kunne vi slappe av og gjøre det kvar enkelt ville. Shopping, høyre på andre korps i Grieghallen, gå på byen, barbesøk og avslapning på hotellet. Klokka 17.00 samla alle i korpset seg ved Dolly Dimples for eit felles måltid. Det var pizza som stod på menyen. Her fekk alle ete og drikke til alle var fornøgde. Det vart til og med pizza til overs som vi pakka ned og tok med oss tilbake til hotellet for nattmat. Vi gjekk tilbake til hotellet, pynta oss med finstasen og gjekk til Grieghallen for festkonsert og premieutdeling. Klokka 20.00 var vi i foajeen i Grieghallen, der eit band fra Sør-Afrika spelte svingande rytmer mens vi venta for at dørene skulle åpne til festkonserten. Det var Eikanger-Bjørsvik som holdt festkonserten, der den engelske Euphoniumisten Steeven Mead var solist. Reid Gilje var dirigent. Dette vart ein flott konsert som gjekk over i premieutdeling. Det vart ei nervøs stemning i salen no og ein representant frå kvart korps skulle gå fram og ta imot eventull pokal, heider og ære. Først var det evalueringsklassen, deretter 4. Divisjon. Så kom vår tur. No måtte vi fram og ta imot dommen. John Inge var som i fjor og året før og året før der kåra til den som måtte gå fram. Han hadde kledd seg standsmessig i uniformsjakke frå 50-tallet og gjekk fram. 15. Plass….nei ikkje oss. 14. Plass….nei ikkje oss heller. 13. Plass….forsyne meg ikkje no heller. 12. Plass….jo der ropa dei opp, Torskangerpoll Musikklag. Jau vi kom på 12. Plass. Litt skuffa fjes, først trudde vi at vi hadde rykka ned til 4. Divisjon. Johan gjekk til sekreteriatet og sjekka opp, og vi fekk meldinga om at vi ikkje hadde rykt ned. Det vart ein stor lettelse som redda resten av kvelden for dei fleste. No var det tid for fest. Alle gjekk til foajeen og starta festinga. Etter ei stund gjekk dei fleste, nokre til hotellet medan nokre gjekk til ein pub i byen. Der satte vi oss ned for å slappe av og koble av frå alt som hadde med konkurransen å gjøre. Festen fortsatte på hotellet til dei seine timar utover natta. Godt humør, god sangglede og ustødig gange prega denne natta. Søndagen kunne vi sove lenge, frokosten varte heilt til klokka 12. Fotografering på trappa før vi fekk ein fortreffeleg lunch på hotellet. Der serverte dei ein ny rett som dei kalla lasagne-suppe med salat. Endeleg var det tid for heimreise. VI gjekk ned mot båten og rigga oss til ved bordene. Mange slitne og trøtte fjes var å betrakte på turen. Ein kjekk og fin tur igjen der vi hadde eit høgt sosialt og kulturelt nivå.
23. mars: Årsmøte 2010
Som vanleg har vi hatt dei siste årsmøta på ei tirsdagsøving på Frelsesarmèen. Her vart det behandla ordinære årsmøtesaker som valg, rekneskap, budsjett og innkomne saker. Styret si samansetjing vart som følger:
Leiar Johan Wåge
4 styremedlem Tor Åge Gravdal, Tove Nerland, Eli Refvik og John Inge Våge
2 varamedlem John Svarstad og Laila Mykland
Noteutval/Musikkutval Ola Refseth, Anne Mari Knotten, Johanne Velle og Roar Ståle Vedvik, i tillegg til dirigent Lisbeth Helen Våge
Dirigent Lisbeth Helen Våge
Instrumentforvaltar Terje Våge
Noteforvaltar Harald Oppedal
Uniformsansvarleg Eli Refvik
Bordansvarleg Arne Øvrelid
Husnemnd Gravdal Harald (husansvarleg), Arne Øvrelid og Tor Åge Gravdal
Revisorar Alice Haus Wåge og Harald Oppedal
Årsmøtet godkjende rekneskapen, men budsjettet for 2010 vart ikkje godkjend pga. ein del manglar. Dette vart utsett inntil vidare og Styret måtte utarbeide eit nytt budsjett og legge dette fram til medlemmane på ei musikkøving.
17. mai: Nasjonaldagen
Vi møtte opp i Oppedalen til klokka 0800 der vi som tradisjon tru spelte Ja vi elsker dette landet og ein marsj. Derfra gjekk turen i buss rundt på den vanlege runda til bygdene omkring. Klokkargården var fyrste stopp. Der spelte vi Ja vi elsker og ein marsj. Vidare gjekk turen til Oddbjørg Færestrand der vi spelte utover fjorden, Fagert er landet. Færestranda var neste stopp, Ja vi elsker vart spelt også her i tillegg til ein marsj. Norge i rødt kvitt og blått på skaret måtte vi også ha med oss på ruta. Over skaret og ned til øvre våge, mellom Per og Asbjørn, der Ja vi elsker og ein marsj vart spelt. Deretter tok vi bussen ned til Hamna i Vågsvåg ved betonganlegget der vi spelte foran heile bygda, Eg veit meg eit land og Ja vi elsker dette landet. Folk i heile bygda fekk høyre vakre tonar sveve gjennom fjella i lang tid etter vi var ferdige. No var tida komen til frokosten som dei fleste hadde venta på. Komitèen hadde laga ein fortreffande frokost i grendahuset i Vågsvåg der vi samla oss alle til frokost med egg og kake. Stranden var sjølvsagt med, han feira endå ein bursdag i lag med korpset denne morgonen.
I år var det barnetog i Holvik som stod på programmet. Dei siste åra har vi hatt eit fint samarbeid med Holvik skulekorps. Dei som hadde anledning stilte opp i Holvik der vi marsjerte rundt i bygda og spelte Holvik-marsjar. Det vart eit flott og stort korps som let bra. Klokka 15 var det tid for Holvikarane til å komme til Vågsvåg for å gå i folketog i lag med oss. Toget starta frå svingen i byggefeltet, ned til Vågsberget og tilbake opp bakkane og opp til grendahuset i Vågsvåg. Her var det barneleikar og folkefest inne med blant anna flaggborg, speling med TPM, tale ved Sondre Nerland. Flotte unge jenter fra bygda stilte opp og dansa Thaidans, aspirantane spelte, allsang og kafè i toppetasjen. Høgdepunktet på dagen var når Ingrid Lade sang heilt aleine songen 17. mai er jeg så glad i. Godt veir, is og pølse med brød høyrer med på ein slik festdag.
18. mai: Ekstraordinært årsmøte
Denne halve tirsdagsøvinga brukte vi til ekstraordinært årsmøte der vi tok opp budsjettet. Denne gongen vart budsjettet godkjent og vedtatt utan særlege merknadar.
28. – 30. mai: Blåtur
Fredag:
Blåturen i år gjekk til Sogn, på gamalostfestival i Vik. Vi reiste innover med buss med Roar Ståle bak rattet. Vi kom ikkje langt før vi fekk trøbbel med bussen. Det kom røyk ut sida på bussen. Vi måtte stoppe og mekke litt før vi fekk bussen i gang igjen. Vidare gjekk turen problemfritt heilt inn til Vik. Der innkvarterte vi oss på luksushytter på campingen. Alle fekk greie hytter bortsett frå ein trio av dei eldste i korpset. Dei fekk tildelt ei campingvogn frå 70-80 talet utan vatn, straum eller toalett. Og i tillegg lukta det som om den ikkje var vaska sidan den var ny. Tre av dei unge gutane tilbydde seg ganske fort å byte med dei vaksne. Dette var Petter, Sondre og Lasse. Dei har budd i verre kår enn dette før sa dei.
Etter at vi hadde rigga oss til på hyttene var det tid for felles måltid utanfor hyttene. Det var reker med loff og salat som stod på menyen. Som alltid i slike hyggjelege stunder blir væske inntaket deretter. Stemninga steig utover kvelden og trekkspelet og gitaren var ikkje tung å be. I år hadde vi også rullestol-kjøre konkurranse, der gjekk Anne-Mari og Erling av med seieren, og det gjekk fort føre seg i svingane. Seinare på kvelden var det festarrangement med dans i samfunnshuset i bygda. Der gjekk nokre av oss for å sjekke forholda. Dei andre vart værande på campingen utover dei seine nattetimar.
Laurdag:
Om morgonen var det laga til felles gratisfrokost i sentrum med gamalost og mange andre ostetypar. Dette vart ein utradisjonell, men fortreffeleg frokost. Etter frokosten var det tid for speling og konsert. Den første konserten hadde vi utanfor eit motormuseum. Der var det nesten ingen tilskuere som høyrde på oss, men det var like greit fordi det bar preg av at vi var på musikkøving. Ukonsentrerte og fulle av gamalost gjorde at vi ikkje presterte maks her.
Hovudkonserten hadde vi framfor scena på torget i sentrum. Her var det veldig mykje folk, rundt 1000 stk, og vi måtte ta oss saman for å gje eit betre inntrykk enn vi gjorde på forrige konsert. Vi spelte lett underhaldningsmusikk og vi spelte godt. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå fleire som hadde hørt oss spele. Etter denne konserten spaserte vi oppover gatene forbi det ny-nedbrente hotellet i bygda og heldt ein minikonsert i området der. Då vi skulle spele fyrste marsjen merka Petter at han hadde gløymd munnstykket. Han måtte derfor springe ned til campingen og hente dette. Han rakk opp igjen akkurat til siste marsjen. Siste speleoppdraget for dagen var oppmarsj gjennom Vik sentrum. Vi vart stua oppe på eit lasteplan tett i tett med ein nymoderne traktor i front. Dette gjaldt også alle dei andre korpsa som var med på denne oppmarsjen. Turen gjekk gjennom heile sentrum og opp gatene forbi fengselet i Vik og tilbake til torget. Vi spelte marsjar i utradisjonell korps oppstilling.
Etter paraden var det felles grilling med festlig lag ved hyttene, til andre gjester sin store begeistring. Trekkspel og gitar var sjølvsagt med. Det vart også denne kvelden festing til seine nattetimar.
Søndag:
Denne morgonen spiste vi frokost kvar for oss ved hyttene. Etter frokost pakka vi i hop pjasket vårt og starta turen heimover. Men vi kom ikkje langt, midt i sentrum stoppa bussen. Vi fekk motorstopp. Dei motorkyndige mekka på bussen lenge men fant straks ut at her var det ikkje liv å få. Vi måtte tilkalle hjelp frå det lokale bussselskapet. Der fekk vi låne ein buss og vi måtte flytte over alt pjasket til denne bussen. Omsider kom vi oss av garde mot Nordfjord. Vi hadde planlagt eit stopp på Fjærland ved Bremusèet, der vi fekk omvisning og såg ein spesiell 3D film. Det var også tid for dei svolte å gå på kafè. Vi hadde avtalt om å spele ein minikonsert utanfor bremuseet. Vi hadde håpt på mange publikum, men det viste seg at alle gjestane hadde reist heim. Vi måtte derfor spele for oss sjølve enda eingong. Etter dette gjekk vi inn i bussen og satte kursen heimover mot Vågsøyna. Vi kom vel heim og gjekk rett å la oss allje mann.
Det vart ei strålande helg med mykje speling, grilling, sang, musikk, minneverdige akter, artig overnatting, god mat og gamalost.
5. juni: Speling til Songarstemne i Måløy
Måløy Songlag stod som arrangør for songarstemne, og dette skulle åpnast på torget i Måløy. Vi var inviterte til oppmarsj gjennom gata. Vi stilte opp ved spiralen og marsjerte gjennom gata mot torget medan vi spelte marsjar frå marsjheftet. Vi marsjerte ned på torget der vi stilte oss opp i lag med Måløy Musikklag som også var med på oppmarsjen. Der spelte vi eit fellesnummer i lag, Fagert er landet. Fleire kor frå fylket var også med og song i lag på fleire fellesnummer. Etter dette gjekk vi kvar for oss og tilbake til det kvar enkelt måtte gjere på ei frihelg.
12. juni: Opning Gravdal skule
Det vart ein flott opningsfest av Gravdal skule laurdag 12. juni. Det gamle skulehuset har blitt eit flott museum. Dugnadsgjengen med Harald Oppedal i spissen, fortener stor honnør for å ha sett i stand huset og laga ei unik samling av historia til musikklaget. Dei har samla historiske samlingar av jordbruksredskaper, fiske og fangst redskaper, gjenstandar frå hushaldet i bygdene, leikar og mange interessante ting frå lag og foreiningsdrift. Harald har leia arbeidet og er idèskaparen og eldsjela bak prosjektet. Det har også vore fleire dugnadar for å få til dette. Harald har fått økonomisk støtte frå stat, fylke, bank, næringsliv og privat.
Det vart invitert alle gjenlevande tidlegare elevar frå skulen. Det heile starta med at TPM marsjerte ned bakkane frå Skaret og til Gravdal medan dei spelte marsjar. Etter dette var det samling i skulestova der ei musikkgruppe frå korpset spelte gamle tonar iført gamle klede og instrument. Velkomsttale og offisiell åpning ved Johan Sandvik, son av tidlegare lærar i Gravdal. Kommunen var representert ved leiar i kulturvalet, Jan Holvik. Det var også representantar frå næringslivet til stades, Måløy Vekst, som kom med helsingar og støtte til arbeidet med prosjektet. Det var godt over hundre besøkande innom denne dagen. Dei fekk oppleve kultur, dei studerte den unike historiske samlinga av gamle gjenstandar og ikkje minst så fekk dei treffe gamle kjende. Det var bevertning for deltakarane i åpningsseremonien. Frå klokka 16 var det åpent hus med kafè.
8. – 12. sept: Utanlandstur til Edinburgh i Skottland
Tysdag og Onsdag:
Vi møtte opp i spiralen ved brua tirsdags kveld kl. 22.30. Innlasting av bagasje og setefordeling gjekk utan problemer. Avgang var satt til kl. 23.00, men vi var i farta allereie kl. 22.50. Johan kjørte fyrste etappe mot Stryn, og der skulle Roar Ståle ta over rattet heilt fram til Gardermoen. Det var mange trøtte fjes etter ein lang dag med jobb, pakking og stress for dei fleste. Stillheten la seg fort i bussen, det var ikkje så lett å få sove i ein kald og trong buss. Turen gjekk fint heilt fram til Gardermoen, som vi ankom ca. kl. 06.50. Vi fekk sjekka inn nesten med ein gong vi kom og dei fleste slappa av til flyavgang kl. 11.10.
Flyturen gjekk utan nødlanding og vi var vel framme bare 7-8 min. forseinka. Alle kom seg gjennom tollen og alle fant bagasjen sin. Det viste seg at ein tuba hadde fått hard medfart under flyturen og hadde store skader. Heldigvis så har vi god forsikring som dekker slike skader.
Ein lokal bussjåfør sto klar på flyplassen og henta oss. Han starta innlasting av bagasjen. Ein etter ein, ein til og så enda ein til. Han var ikkje akkurat ein topptrena idrettsutøvar og han vart raudare og raudare og svetten rann for kvar bagasje som skulle innlastast. Men vi kom i mål til slutt og kunne gå i gang med turen mot hotellet.
Vi kjørte gjennom byen mot hotellet og fekk eit fantastisk fyrste inntrykk av byen. Det eine murhuset etter det andre. Då vi kom til hotellet innkvarterte vi oss to og to på kvart rom. No kunne vi slappe av litt før vi skulle på byvandring kl. 15.30 lokal tid.
Byvandringa kunne by på mykje rullestoltrilling, spasering, årstal og mykje god historie frå tidlegare tider av Edinburgh. Etter mykje trakking gjekk vi tilbake til hotellet for å slappe av, før vi gjekk til felles middag på Italiensk restaurant. Her fekk vi tradisjonell Italiensk mat av ein meny vi ikkje forstod eit ord av. Det vart forrett, hovudrett og dessert, med mykje god drikke attåt. John fekk eit spesielt godt auge til den eine kvinnelege kelneren. Mykje latter, god prat og godt humør hadde vi denne kvelden. Det vart seint på kveld før vi rusla tilbake på hotellet. Dei fleste slokna tidleg etter ein lang dag med mange timars reise med både buss og fly.
Torsdag:
Vi stod tidleg opp torsdags morgon og fekk i oss ein grei, lett Skotsk frokost, før vi sette oss i bussen for nye opplevingar. Nesten alle gjekk inn i bussen utan problem bortsett frå to tre sjeler som prøvde å gå inn bussen på feil side. Den eine av desse vart irritert på bussjåføren fordi han hadde flytta døra til andre sida. Vi fekk også eit lite teknisk problem med mikrofonen i bussen, og dette førte til at vi måtte vente på ein ny buss. Då vi endeleg kom i gang kunne vi sette kursen mot ”Stirling Castle”. Dette vart ei historisk reise der ”Krossen” guida oss rundt, og mata oss med masse årstal og historiske hendingar knytta til det flotte slottet.
Vidare gjekk turen til eit lokalt Whiskey destilleri. Der inntok vi ein lett lunsj sponsa av ”Krossen”. Etter lunsjen fekk vi ei guida omvisning av produksjonen på destilleriet. Her fekk vi ei innføring i korleis ein lagar god Whiskey, og sjølvsagt fekk vi ei smaksprøve på godsakene. Vi sette oss i bussen igjen og kjørte mot hotellet igjen. Før vi kom til hotellet stoppa vi på eit glas- og krystall- sliperi der dei kjøpelystne fekk utfolde seg og dei kaffetrengde fekk seg ein kopp. Vi kom tilbake til hotellet rundt kl. 16. No hadde vi eit par timar å slappe av på og lade batteria, til vi skulle til felles middag kl. 18. Vi inntok ein lett middag før vi gjekk ei pub runde på byen. Vi enda opp i resepsjonen på hotellet der gitaren kom fram. Allsang og godt humør prega kvelden utover dei seine timar. Dei to siste som la seg var Eli og May. Dei hadde visst rydda heile resepsjonen, vaska ned tak og veggar, og tømde alt tomgodset før dei humpa seg til sengs.
Fredag:
Vi måtte stå tidleg opp til frukost og bussavgang kl. 09.10 for nye opplevingar guida av ”Krossen”. I dag skulle vi til New Lanark for å besøke eit spinneri museum. Vi var trøtte etter gårsdagens utskeiingar, så vi hadde ei kjapp og grei omvisning der vi fekk nye historiske inntrykk. Vi hadde ein lett lunsj før vi kjørte tilbake til hotellet ca- kl. 13.30. Erling og rullestolen kom seg både ned og opp dalen med god hjelp frå lokale ”gampar”. Dei samarbeidde godt for å få han sikkert på plass.
No var det tid for turens fyrste spelingsøkt. Kl. 15.15 samla vi oss utanfor hotellet og gjekk opp i hovudgata, Royal Miles, i byen. Der rigga vi oss til for speling, men vart avviste og jaga vekk. Vi prøvde to plassar men vart jaga vekk begge plassane. Det viste seg at det ikkje var lov med korpsmusikk i denne gata. Vi gjekk derfor tilbake til hotellet, rigga oss til i parken utanfor og spelte ein god og vellukka konsert. Vi fekk mykje skryt frå publikum som ville høyre meir av oss. No hadde vi fri fram til felles middag kl. 20.
No var tida komen for middag igjen, og vi gjekk til same restauranten som vi var på fyrste kvelden. Det var Italiensk restaurant. Dette skulle vise seg å bli ein middag utan sidestykkje. Eli skrudde på sjarmen sin og alle kelnerane flokka seg rundt henne. Det vart handbak med ein kjempehyggjeleg kvinneleg kelner. Ein annan mannleg kelner prøvde imponere Eli med tryllekunstar og ballong blåsing. Men Eli hadde eit trumfkort på hand. Ho allierte seg med Asbjørn og trylla fram dei utrulegaste figurane på rekkje og rad. Dette vart ei kjempehyggjeleg og minneverdig middags stund som vi kjem til å huske i lang tid, i alle fall kjem kelnerane til å huske oss. Song, latter, gjøglerier og god mat prega det heile. Restauranten låg berre 5 min. frå hotellet, men for ein av oss tok turen ein halv time tilbake. Vi skal ikkje nemne namn, men Laila var den siste som kom seg tilbake til hotellet.
Denne kvelden vart Lasse onkel. Tommy hadde fått seg ei stor dotter på over 4 kg. I tillegg hadde ”Krossen” bursdag same kveld. Dette var grunn nok å feire, så vi samla oss i resepsjonen og hadde ei koseleg stund med gitar, song og trekkspel. ”Krossen” hadde ikkje hatt ein slik fin bursdagsfeiring på mange år og var rørt til tårer.
Laurdag:
Denne dagen hadde vi fri til handling fram til kl. 13.30. Då var det felles lunsj på vår Italienske stamrestaurant. Princess Street, den største handlegata i byen, var målet for mange handlelystne denne formiddagen. Kl. 15.00 tok vi buss til festkonsert ved ein lokal konkurranse, der vi skulle spele konserten. Dette vart eit stressopplegg med stramt skjema. Vi hadde ein grei konsert med ok framføring tatt i betraktning. Tidspress gjorde at vi ikkje fekk fullføre siste marsjen vår og ekstranummeret vi hadde skrevet song til. Dette vart ein liten nedtur for fleire. Buss tilbake til hotellet der vi fekk 10 min. til å skifte og gjere oss klare for Skotsk aften. Her fekk vi tradisjonell Skotsk musikk og dans med smaksprøve på den Skotske retten ”Haggis” (Innvoller). Som vanleg sette vi vårt preg på kvelden med fleirstemt allsang til stor begeistring frå publikum. Etter ei fin økt med Skotske tradisjonar gjekk vi tilbake mot hotellet. Der samla vi oss i foajeen for ei uformell avslutnings- stund på turen.
Roar Ståle fylte 50 år denne dagen, og dette måtte vi feire på hotellet. Sjøldikta songar, gåver og taler prega denne kvelden. Damene hadde kjøpt komplett Kilt-antrekk til Roar. Dei kledde på han dette og song ein flott heimedikta song til han. Roar Ståle var i storslag og kosa seg med gåvene han fekk. ”Karane” hadde kjøpt han sekkepipe og song ein flott song med den kjende artisten Oddvar Torsheim i spissen, innleigd for anledninga. ”Krossen” var godt i farta og song med for full hals og var i storslag. Dette vart ei fin avslutning på turen.
Søndag:
Som vanleg var det frukost på hotellet før vi pakka saman tinga våre og gjorde oss klare for avreise. Bussen gjekk kl. 11.15. Mykje styr med altfor mykje bagasje inn i bussen, ut av bussen og inn på flyplassen. Dette førte til at Roar Ståle sin bagasje forsvann i kaoset. Vi stod på flyplassen utan bagasjen hans. Vi ringde hotellet og busselskapet. Den var sporlaust forsvunne. Då alle hadde sjekka inn kom bussjåføren springande med bagasjen hans i handa. Den hadde blitt stua vekk innerst inne i bussen. Heldigvis kom den til rette. No gjekk vi inn i flyet, men det viste seg at flyet vart forseinka pga. mykje bagasje. Etter ein halv time forsinkelse kom vi oss endeleg av garde. Flyturen gjekk fint og vi landa på Gardermoen bare nokre minutt forseinka. Piloten hadde gitt full gass for å hente inn forsinkelsen. Endå ein gong måtte vi stue bagasjen inn i bussen før vi sette kursen heimover. Alle hadde vore på Taxfree’en og fylt opp alle kvotar.
Bussturen heim gjekk fint. Konkurransar, vitsar og morosam prat var hovud ingrediensane. Vi hadde eit kort stopp på Kvam før vi kjørte vidare og kom heim over midnatt. Jammen er det kjekt å reise på tur, men det er godt å kome heim til normale tilstandar. Vi gler oss allereie til neste tur med korpset…
23. oktober: Heim i haust på Raudeberg
Laurdag 23. oktober møtte vi opp på kapellneset (parkeringsplassen til Båtbygg). Frå der skulle vi marsjere gjennom sjøgata og til samfunnshuset. Tidlegare på dagen var det regn, så vi hadde tatt på oss uniform med regnfrakkar. Då vi skulle marsjere vart det opplett og fint ver. Vi spelte marsjar medan vi marsjerte. Vi spelte godt og kontrollert, bare så synd at ingen publikum var til stades. Vi gjekk forbi hus etter hus utan å sjå ei einaste sjel. Rett før vi kom til gamlebuda til Domstein var der ein person på ein altan som stod og høyrde på oss. Vi ga inn eit ekstra gir når vi gjekk forbi det huset. Det vart ei fin øving langs gata for oss. Når vi kom fram til samfunnshuset skulle vi inn og halde ein mini konsert der. Det var masse folk i gata utanfor Coopen. Vi gjorde oss klare til konsert der vi spelte lett underhaldningsmusikk. Det var mykje som skjedde av arrangement på Rauderberg denne dagen, så det var ikkje så veldig mange som hadde møtt opp for å høyre på oss. Men vi spelte godt likevel. Marsjar, soliststykker og andre svisker stod på repertoiret. Kaffi og kaker vart det etterpå.
24. oktober: Basar
Denne søndagen var det klart for vår tradisjonelle musikkbasar. Fleire av medlemmane hadde gått rundt i bygdene med loddbøkene på førehand. Vi hadde også i år invitert Holvik skulekorps som gjestar til basaren. Speling, kafèteria, åresal, loddsal, over/under sju, lykkehjul og ein ny aktiviter for året, ballkasting på sentrale Stortings-politikera. Det var som i fjor masse fine gevinstar på bøkene. Det vart ein flott basar med mykje folk og kjærkomne inntekter for korpset. Flott innsats av Holvik Skulekorps. Det vart eit godt resultat også i år.
29. oktober: Opning av Vindparken Mehuken 2
Fredag 29. oktober var TPM med på opninga av Vindparken Mehuken 2 på fjellet mellom Kvalheim og Kråkenes. 8 nye vindmøller er bygd på fjellet og denne fredagen var det offisiell opning av parken. Tre medlem frå korpset framførte ei stormfanfare i regn og vind. Etter fanfare og tale frå dagleg leiar i Kvalheim kraft, Olav Rommetveit, spelte korpset ein marsj og marsjerte opp bakkane til bussane. I dårleg ver var dette litt av ei utfordring. Kaldt og vått, men vi spelte uansett.
12. november: Speling på Kulturnatt i Samfunnshallen
Vi var invitert til å spele på ”Kulturnatt” i samfunnshallen fredags ettermiddag. Dette var eit arrangement som skulle vise fram bredden og mangfaldet i kulturen i Vågsøy kommune. Både korps, kor, dans, solistar og andre kulturelle innslag stod på programmet. Vi spelte i andre avdeling, og vi spelte to melodiar. Vi opna med Swedish Folk Song og slutta av med Barnard Castle. Harald Oppedal var gjestedirigent for anledninga. Vi gjorde ein fin figur og spelte godt. Harald var godt fornøgd med framføringa. Etter at vi hadde spelt, måtte vi gå vidare til øvingshelg med Eirik som kom med båten frå Bergen.
12.-14. november: Øvingshelg
Denne helga var satt av til innøving av NM stykket, ”Lake of the moon”. Instruktør var som tidlegare år, Eirik Gjerdevik. No var det ei stund sidan Eirik hadde vert på desse trakter, og det var jammen meg på tide at han kom. Nokre av dei ferskaste medlemmane i korpset hadde aldri hatt han som instruktør, så det var mange som var spente på korleis dette skulle gå. Vi møtte opp i gymsalen på Skavøypoll skule fredags kvelden. Vi gjorde oss klare og sette i gang oppvarminga. Eirik kom med båten frå Bergen, der Johan stod og venta på han. Eirik kom inn døra og tok pinnen. No var det rett på gjennomkjøring av stykket. Han måtte få høyre kor langt vi var komen med innøvinga. Fyrste gjennomkjøring var ikkje den beste vi har prestert, men Eirik var likevel fornøgd med ”stoda”. Resten av fredagen brukte vil til litt grunnleggande pusteteknikkar og klangøvingar. Han pirka litt på nokre plassar i stykket, og hadde ei gjennomkjøring på slutten av øvinga. Denne gjekk mykje betre enn fyrste gong. Slagverk og tuba fekk mykje pes denne kvelden. Eirik var litt bekymra for at slagverket ikkje skulle meistre alle dei ulike instrumenta som var i stykket. Han trengde ei gruppeøving der organisering og fordeling av stemmene måtte gjerast.
Laurdagen starta vi klokka 10 med oppvarming. Etterpå var det i gang igjen med NM stykket. Denne dagen gjekk med til å plukke frå kvarandre stykket og øve inn del for del i saktare tempo. Dette i tillegg til gruppeøving for slagverk gjorde underverker. Vi heva oss fleire hakk bare på desse to dagane. Vi hadde også fleire gjennomkjøringar på slutten av dagen. Eirik var godt fornøgd med framgangen denne dagen.
Som vanleg på ein laurdagskveld på øvingshelg, vart det ei lita samling. Denne gang samla den harde kjerne seg hos Anne-Mari Knotten for litt sosialt samkvem. Etter ei stund gjekk turen til det lokale utestedet ”Kraftstasjonen”. Der møtte vi på ein god gjeng frå Måløy Musikklag, med Finn i spissen, som også hadde havna på uføret. Det vart ein triveleg kveld med song, humør og iskald drikke.
Søndagen kom og alle måtte opp til øving igjen. Vi starta kl. 10.30 og holdt på til ca. klokka 15. Eirik jobba mykje med klang, presisjon, konsentrasjon og prestasjon. Han sydde i hop stykket og satte opp tempoet, han fortalde oss kva vi skulle øve på til neste øvingshelg. Gjennomkjøring og opptak på slutten av helga høyrer også med. Vi hadde stort utbytte av denne helga og lærte mykje på kort tid. Det er utruleg at Eirik etter så mange år fortsatt har overskudd og kunnskap å lære oss. Eirik tok farvel og gjekk om bord i båten til Bergen, medan vi stod igjen med opprydding og mange timars øving fram føre oss. Vel blåst!
20. november: Jubileumskafè i Gravdal
Dette arrangementet var eit ledd i høve feiringa av TPM’s 90-års jubileum. Dette skulle vise seg å bli ein koseleg jubileumskafè med tilbakeblikk på TPM si historie og skulen si historie.
Komitèen møtte i ”gamleskulen” klokka 14.30 for tillaging og klargjering av kafèen. Det viste seg at fleire i komitèen ikkje kunne møte av ulike grunnar, så panikken kom som eit skot frå klar himmel. Men etter kvart som vi fekk organisert oss gjekk det ganske effektivt og hurtig føre seg. Mesterkokken, Eli tok ansvaret i kjellaren utan å blunke. Ho sette i gang traktaren og sveletakka og lot sleiva gå. John Inge og Johan rigga til Kafèen, bord og stolar og videoutstyr. Etter kvart kom eit par andre i komitèen til unnsetning og hjalp til med pynting og klargjering. Fyrste steikja vart i overkant svart, men smakarane lot seg ikkje lure av fargen, det smakte fortreffeleg.
Klokka passerte 16.00 og dei fyrste gjestane kom. Rune og Audun Færestrand var dei to fyrste innom døra. Dei fekk smake på svelene og kaffien. Fyrste klasses sveler var ein av kommentarane frå ein av gjestane. Jau, Eli har godt håndlag med svelene. Fleire gjestar kom litt etter litt, hovudtyngda av den eldre garde i bygdene omkring. Johan hadde redigert ein film for anledninga, ”Torskangerpoll Musikklag før år 2000”. Denne vart satt på kl. 17.00 og varte i ca. 40 minutter. Denne viste litt i frå korpset sine turar og arrangement frå dei tidlegare tidene. Gamle bilete og filsnuttar som Johan hadde tatt opp gjennom årene. Dette vart ei fin reise med mange gode minner gjennom tidlegare år frå korpset si historie.
Det kom stadig fleire gjestar , og vi måtte rigge til ekstra bord og stolar for at alle skulle få plass. No var det tid for song og musikk. 8 utvalgte songar frå den gamle skulesongboka til Mads Berg skulle vi prøve å synge oss gjennom. Harald Oppedal på trøorgel frå 1920 talet og Johan som forsanger. Harald hadde lagt i hardtrening 14 dagar i strekk på førehand med trøsykkel heime, for å klare å halde ut trakking i 8 songar utan stopp. Det er jammen ikkje lett å trø og spele orgel samtidig, men Harald meistra dette utmerket.
Etter songen var det tid for eit kåseri ved ein tidlegare elev på skulen, Inge Sandvik. Dette hadde han kalla, ”Musikk og daglegliv gjennom 90 år”, og fortalde om ulike akter frå korpset den tida han var aktiv medlem. Han hadde mange gode og artige historiar, og smilet og latteren frå dei frammøtte kom fram.
Eit lotteri hadde pågått under heile arrangementet, og vi slutta av med å trekkje vinnarane. Juleskinke og fenalår var nokre av gevinstane. Alt overskuddet frå dette arrangementet gjekk uavkorta til det vidare arbeidet med Gravdal skule. Etter trekkinga var folk fornøgde og gjekk heim kvar for seg. No stod det igjen bare ryddinga. Som vanleg i regi av musikklaget gjekk dette fort og effektivt føre seg. Komitèen var og no meir enn fordobla i forhold til tidlegare. Tilbakemeldingane frå gjestane var gode og alle hadde hatt ei triveleg og minneverdig stund. Dette er eit arrangement som vi burde tenke på å gjenta fleire gongar og kanskje gjere det til eit fast arrangement i framtida. Det var god gammeldags stemning i skulen denne kvelden….
28. november: Tenning av julegrana ved Grendahuset
For mange er tenning av julegrana fyrste ledd i feiringa av jula. Søndag 28. november kl. 17 stilte vi oss opp utanfor Grendahuset i desembermørket og leita fram juletonar heftet. Vi hadde kledd oss i varme klede, både under og over. Nissehue som standard haudeplagg og varme hanskar. Mange av bygdefolket hadde møtt opp og dei flokka seg rundt juletreet. Treet vart tent og vi spelte ”Du grønne glitrande tre goddag”, etterfulgt av ”Glade jul”, ”O jul med din glede”, ”Et barn er født og ”Deilig er jorden”. Det vart ei av dei kaldaste julegrantenningar på fleire år, og vi hadde ein 3-4 tilfeller der instrumenta fraus til is (to tuba, ei trombone og eit althorn). Etter ei kald og god økt gjekk vi inn i grendahuset. Der var det varmt og godt og vi fekk tint opp fingrar og instrument. Vi spelte ei lita avdeling, der ”Det kimer nå”, ”Eg er så glad hver julekveld”, ”Her kommer dine arme små” og ”Deilig er den himmel blå vart spelt. Etterpå var det servering av gløgg, kaffe, småkaker, sveler og brus. Det var også eit lite loddsal. Vi kosa oss, prata og heldt varmen før vi slutta av med trekking av loddsalet og gjekk heim.
17. desember: Julespeling i gata
Denne ettermiddagen var det fredagsspeling i gata for å lage førjulsstemning. Vi stilte i nissehuer og samla oss ved Bekka, vi spelte songar frå juleheftet. Turen gjekk gjennom gata der vi stoppa og spelte ved Bekka, Brunsvik, midt på torget, Sporten, Fargerike og til slutt i andre etasje på Måløy Brygge.
19. desember: Julekonsert i Sør-Vågsøy kyrkje
Arrangør for årets julekonsert var Viltkoret. Det vart ein tradisjonell konsert med mykje god song og korpsmusikk. Organist Hans-Joachim Schüttke åpna med Preludium. Fyrste korps ut var Holvik Skulekorps med høggravide dirigenten Lina. Vidare var det Skavøypoll Skulekorps og Måløy Musikklag som spelte, med tradisjonelle felles julesongar mellom kvart korps. Lisbeth dirigert Skavøypoll, medan Hans-Joachim dirigerte Måløy Musikklag. Alle desse tre korpsa spelte godt og sistnemnte spelte klassiske julestykker som dei aldri har gjort før. Tale for dagen var det Frelsesarmèens kaptein Christian som stod for. Det vart ei fin og kort tale før Gospelkoret Sweet Spirit gjorde seg klare med dirigent Hans-Joachim. Dei song vakker julegospel musikk som fekk julestemninga opp på dei fleste i kyrkja. Etter Gospelkoret var det Viltkoret med dirigent Frode Helgestad sin tur, og dei song tradisjonelle julesongar med god korklang. Det er noko som alltid gir god stemning i ei travel juletid. Som siste korps var det oss, Torskangerpoll Musikklag som skulle slutte av heile konserten. Lisbeth dirigerte og vi framførte fyrst ”Julesang” med solist Terje, etterpå var det Glade Jul med solistar John Inge og Ola på galleriet, eit arrangement som Lisbeth hadde laga. Dette vart flott og mektig med organist med på siste verset. Til slutt spelte vil til allsongen Deilig er Jorden med Ola på obligat stemme på siste verset. Dette vart også ei fin og mektig avslutning på ein vel gjennomført julekonsert. Dette vart ein av det betre julekonsertane vi har hatt på lenge, og mange kom med gode tilbakemeldingar. Den som ikkje hadde fått julestemning før, fikk det i alle fall etter denne konserten.
28. desember: Juletrefest i Grendahuset i Vågsvåg
Tysdag 28. desember klokka 17 var det igjen klart for vår tradisjonelle juletrefest i Grendahuset. I år hadde vi valgt å arrangere denne utan åndeleg hjelp frå Frelsesarmèen. Komitèen starta tillaginga allereie kvelden før av bord, stolar og pynting av juletre. Påsmøring av julebrødskiver vart gjennomført ein time før festen starta med Sondre som ansvarleg. Litt før klokka 17 begynte folk å komme. Bygdefolk i alle aldrar og fasongar kom strøymande til , og det gjekk ikkje lenge før alle borda var fylt opp. John Inge hadde laga ein heimedikta song med melodien ”musevisa”, der han song kva som skulle skje utover kvelden. Etter åpningssongen var det tid for korpset si avdeling. Lisbeth var fråverande og Harald hadde steppa inn som vikar. Vi starta med eit eksperiment av ein julesang, ”Det hev ei rose sprunge” der vi tok på sparket Harald sine instruksjonar. Neste stykke var Julesang med solist Terje, etterfulgt av Glade Jul med solistar John Inge og Ola og Deilig er Jorden som avslutning.
No var det tid for kaffi, kaker og julebrødskiver. I tillegg hadde vi valgt å ha eit lotteri for å dekkje inn utgiftene til festen. Hjertelodda til Frelsesarmèen var ikkje tilgjengelege så vi hadde funnet fram nokre gamle treårar som Hans Wåge hadde laga i si tid. Det var fleire seriar med ulike fargar. Salet gjekk strålande og vi solgte unna 4 seriar på eit blunk. Folk kosa seg med god mat, drikke og god juleprat ei stund før John Inge tok mikrofonen og fekk med seg alle ungane for å rope på nissen. 1 2 3, N I S S E M A N N !! Etter ein to tre gongar kom endeleg nissen med pakkar til borna. Han såg litt pjusken ut i år, skulle tru han ikkje hadde fått mat i år. Vi slutta av matøkta med å trekkje på årane.
No var det tid for kveldens høgdepunkt, gang rundt juletreet. Asbjørn hadde for anledninga fått laga og trykt opp nye hefter med alle dei kjende og kjære julesongane. Terje hadde tatt med seg ”rukka” si (trekkspelet altså), medan Johan og Asbjørn stod på kvar si side og var forsangarar. Vi song alle dei kjende songane og gjekk rundt trèet ei god stund. Fold det gamle merkje var også med på repertoiret. Etter gang rundt trèet velsigna Johan oss med nokre gode ord før alle gjekk ut døra og heim. Dette vart ein fin fest som vi håpar vil forbli i mange juler framover. Som siste verset i songen John Inge skreiv kan vi oppsummere:
Mel. Musevisa
No è vi allje glade, fornøgde kvar og ein.
Nok ein fest è over, no skal vi snart gå heim.
Vi håpar allje får ei, trivleg juletid.
Ta med humøret heim, så blir jo alle blid….

Årsmeldinga vedteka i styret 9. mars 2010
Tor Åge Gravdal – Tove Nerland – John Inge Våge – Eli Refvik – Johan Einar Wåge.