Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2011

ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2011:

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning:
Leder: : Johan Einar Wåge
Nestleder : Tor Åge Gravdal
Sekretær : John Inge Våge
Kasserer : Eli Refvik
Styremedlem : Tove Nerland
1. varamedlem : Laila Mykland
2. Varamedlem : Laila K. Berg

Noteutvalg: : Lisbeth Våge, Ola Refset, Terje Våge, Petter Lund Wåge
Husansvarlege : Asbjørn Våge, Tor Åge Gravdal, Harald Oppedal.
Uniformsansvarleg : Reidunn Øksdal.
Materialforvalter : Terje Våge.
Noteforvalter : Ola Refset.
Bordforvalter : Asbjørn Våge.
Revisorar . John Svarstad, Helge Oppedal.
Valnemnd : Sondre Nerland, Erling Wåge, Stine Kråkenes

2. AKTIVITETER
8. januar årsfest i Vågsvåg. 21. – 23. januar øvingshelg i Skavøypoll. 4. – 6. februar øvingshelg Skavøypoll. 10. – 13. februar NM for brassband Bergen. Her blei det 7. plass i 3. dvisjon og TPM fekk vist at laget høyrer heime i divisjonen. 22. mars årsmøte på frelsesarmeen. 29. april idedugnad og sosialkveld Gravdal. 15. mai speling til Arne Torskangerpoll 80 år Gravdal. 17. mai deltok TPM som vanleg både i Holvik og Vågsvåg. 11. juni konsert i sparebankparken Måløy og på storsenteret i Deknepollen. 19. – 21. august turhelg til Runde, Ulsteinvik og trebåtfestival. 2. oktober basar Vågsvåg. 21. oktober Heim i haust Raudeberg. 29. oktober NV meisterskap Tennebø. 10. desember julespeling Måløy brygge og Måløy storsenter. 18. desember kyrkjekonsert Sør-Vågsøy kyrkje. Også dette året har Lisbeth Helen Våge dirigert for TPM. Harald Oppedal, Roar Ståle Vedvik og Eirik Gjerdevik har og dirigert.
Styret har hatt 10 styremøter samt fleire styresamlingar på øvingar.

3. ØKONOMI
Budsjettet har også i år vore verktøy for økonomistyring. NV meisterskapen gav eit kjærkome overskot og basarkomiteen gjorde grep som auka det økonomisk utbyte på basaren. TPM har heller ikkje dette året hatt store investeringar hverken når det gjelder uniformer, instrument eller anna utstyr. Det gjekk ein del ekstramidler til instruksjon i samband mned NM. Ulike komitear har vore flinke i å hindre at arrangement har gått med underskot.

4. MEDLEMMER
I løpet av 2011 var det 35 aktive medlemmer i Torskangerpoll musikklag.
I tillegg hadde korpset 95 støttemedlemmer som abonnerte på Vredens Gnag.

5. NOTEUTVAL
Disse har vært aktive i noteutvalget for 2011: dirigent Lisbeth Helen Våge, Ola Refseth, Johanne Velle (frem til årsmøtet 2011), Anne Mari Knotten (frem til årsmøtet 2011), Roar Ståle Vedvik (frem til årsmøtet 2011), Terje Våge (etter årsmøtet 2011), Petter Lund Wåge (etter årsmøtet 2011).Det har vært avviklet 5 møter for å diskutere repertoar og konserter. I tillegg til disse møtene har det vært mange småmøter på tirsdagsøvelsene for å ta mindre avgjørelser. Komiteearbeidet har hovedsaklig vært gjort på de oppsatte møtene, men det har også vært mye korrespondanse på telefon, sms og epost. Repertoaret dette året har bestått av et NM stykke (Lake of the Moon) og en god del klassisk brass,band musikk. På høstparten har vi også vært innom en god del storbandmusikk som vi har fremført både på nordvestmesterskapet og på nyttårskonsert.
6. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Alice Haus Wåge har vore TPM sin representant i styret i Våge-Oppedal bygdelag, og har møtt på styremøta. Torskangerpoll musikklag har spelt for Våge-Oppedal bygdelag på jonsokafta og på julegrantenning . Det har og vore samarbeid med Holvik skulekorps om speling 17. mai. TPM samarbeida med «Aktiv Raudeberg» om fredagskonsert under «Heim i haust»

7. REPRESENTASJON
Torskangerpoll musikklag har vore representerte på julekonsertmøte (Johan W.), i Våge-Oppedal bygdelag (Alice W.) og på årsmøtet i NMF Nordvest (Tor Åge G. og Johan W).

8. UTMERKINGAR
Der har ikkje vore delt ut utmerkinger 2011. Styret er ikkje i mål med å komme i rute på dette området.

9. INFORMASJON
Vredens Gnag og nettsida torskangerpoll.no er viktige medium for å nå ut til medlemmer, støttespelarar og andre med informasjon. Nettsida blir oppdatert med jamne mellomrom og når det skjer noko. VG har gått til 130 mottakarar. Medlemsavisa kjem ut ein gong i månaden utanom sommaren. Avisa har kome ut i 18 år. Mange bidreg til å lage avisa som har både historikk, aktuelle saker, aktivitetsplanar, hjernetrim, foto og humor.. Det er sendt ut foto og pressemeldingar og laga programhefter i samband med arrangement som korpset har hatt. Styret brukar for det meste e-post når det gjeld kjapp informasjon og beskjedar.

10. RAPPORT FRÅ HUSSTYRET FOR GRAVDAL SKULE
Gravdalgruppa har i 2011 bestått av Harald Oppedal, Tor Åge Gravdal og Asbjørn Våge.
Det har vore eit aktivt år i gruppa, og det gode arbeidet med opprusting av huset har halde fram. Etter pålegg frå el-tilsynet måtte vi skifte ut det elektriske inntaket i huset, og det er elles gjort store utbetringar på elektriske installasjonar. Vi fekk installert elektrisk varmepumpe, som er energisparande og gjev god oppvarming på kort tid.
Det har i lengre tid kome sterk kloakklukt både utanfor og inne i kjellaren, og på seinhausten var dette blitt ei stor belastning i høve til utleige av lokaler og eigen bruk, og vi bestemte oss for å finne ut kva dette var. Etter å ha grave opp for å avdekke eventuelle sprukne rør, oppdaga vi at skaden var større enn vi trudde, og det resulterte i at vi måtte skifte den delen av kloakkledninga som gjekk frå huset og omlag 10 meter nedover. Vi har vi fått utarbeida planer for vidare opprusting og utbetring av huset, og dette er vi no i gong med å søkje etter midlar til.
Det har vist seg at det er stor interesse for dei historiske samlingane i huset når folk først får greie på at dei er der. Difor er det no teke initiativ til å legge til rette for at vi kan få besøk av skuleklasser som skal få ei levande innføring i lokal historie.
Huset har i året vore flittig nytta til arrangement og møteverksamheit, og det er veksande interesse for å leige lokala.
Desse tilskipingane har vore i 2011:
14. Jan. Juletrefest på gamlemåten
16. Mars Hobby/aktivitetstreff
8. Mai Konfirmasjon
15. Mai 80 års dag for Arne Torskangerpoll
3.Sept. Nordfjord Sogelag møte
24.-26. Okt. Beredsskapsøving IUA Nordfjord Havn
9. Nov. hobby/aktivitetstreff
29. Des. Juletrefest på gamlemåten
I tillegg til dette har laget hatt ein heil del komite- og styremøter i huset.
For Gravdalgruppa Asbjørn Våge

11. ARRANGEMENTSREFERAT 2011:

8. januar, Årsfest: I år valgte komitêen å halde festen på Grendahuset i Vågsvåg. Dei hadde satsa på heimelaga sosekjøt med tilbehør. Det vart ein tradisjonell årsfest med god mat, proff underhaldning med flotte innslag, dessert med kaffe og kaker. Det vart ei stemningsfull opning med sang frå komitèen. Det var og mange andre flotte innslag, quiz med Tor Åge med mange finurlige spørsmål. Husmødrene hadde kledd seg i skotsk antrekk og framførte ein heimedikta song til stor jubel fra salen. ”Karane” stilte som vanleg med song, i år litt redusert men med ein vikar frå nabobygda Holvik. Han klarte seg fint i dette miljøet. Dette vart ein roleg og grei fest, med som vanleg godt humør utover de seine nattetimar.

21.-23. januar, Øvingshelg: Denne helga brukte vi til gruppeøvingar i forbindelse med NM. Eirik var innleid som instruktør. Vi gjorde oss klare til øving i gymsalen i Skavøypoll skule fredags kveld kl. 20.30. Eirik kom med båten som vanleg og vi hadde ei fellesøkt fredag der vi spelte gjennom NM-stykket, og Eirik fikk ein peikepinn på kor vi står musikalsk. Laurdagen var satt av til gruppeøvingar heile dagen. Slagverk starta fyrst og så gikk det slag i slag utover dagen. Lisbeth hadde alle gruppene til oppvarming ein time på forhånd. Som vanleg vart det sosialt samkvem for spesielt inviterte laurdags kvelden. Denne gongen hadde Veeraya stilt opp og laga nydeleg Thaimat til Ola si store begeistring. Vårruller må vere Ola sin livrett, då han klarte å trykke i seg 14 stykk. Eirik likte seg godt i thailandske omgivelser. Søndagen brukte vi til fellesøving og innøving av NM-stykket. Eirik reiste heim med båten og alle var godt fornøgde med progresjonen denne helga.

4.-6. februar, Øvingshelg: Fredagen brukte vi til tillaging og rigging av slagverk og stolar i gymsalen på Skavøypoll skule. Eirik kom ikkje før laurdagen. Han starta med gruppeøving for slagverkgruppa. Dette NM-stykket er veldig krevande for slagverkgruppa, og han ville ha ei ekstra økt med dei for å få med alle ulike slagverkinstrumentene som dette stykket krevde. Fellesøvinga starta kl. 10 og varte utover til langt på dag. Denne helga hadde Eirik skrudd opp forventningane fleire hakk, og kjørte oss ganske hardt med terping. Mange av musikantane strevde med å ”holde tritt” denne dagen, og frustrasjonen satt kanskje litt lausare enn vanleg. Som mange gongar før var det samling hos Anne-Mari på kvelden for dei som var pratesjuke og tørste. Søndagen fortsatte i samme spor, men det løsna litt etter kvart. Mange gjennomspelingar med ein avslutnings konsert for familie og venner før Eirik tok båten tilbake til Bergen. Neste steg var no NM i Bergen.

10.-13. februar, NM-helg: Nok eit NM i Bergen var no neste målet på programmet. Vi reiste som vanleg med båten til Bergen torsdags ettermiddag. Vi skulle spele på fredagen i år. Vi kom fram til Bergen og gjekk til hotellet som i år og i fjor og året før var Comfort Holberg Hotel ved enden av gågata. Vi sjekka inn på rommene og gjekk til øving på konferanserommet nede. Der hadde vi ei god øke ilag med Eirik. Vi merka fort at mange var litt spente og nervøse, men Eirik fekk oss fort ned på jorda slik at vi fekk legge siste finpussen på stykket, som i år var «Lake of the Moon». Dei fleste var trøtte etter ein lang arbeidsdag og vi gjekk til ro i skapeleg tid, sjølv om nokre sjeler hadde samling i foajèen etter øvinga.
God hotellfrokost er alltid viktig på eit NM. Vi skulle ha ei øvingsøkt med Eirik midt på dagen, så det vart ikkje mykje tid til shopping før det. Dei fleste slappa av på hotellet før vi hadde siste øving og oppvarming med Eirik. Vi skulle spele kl. 16 og vi traska oss mot Grieghallen i god tid før det. Dei fleste av oss har vore med på dette nokre år no, så opplegget i Grieghallen hadde vi god kontroll på. Vi fekk tildelt garderobeplass der vi la fra oss instrument og andre rekvisita. No var det bare å gå rundt og sjå og høyre på andre, bygge opp nervøsiteten i kontrollerte former, før vi gjekk til registrering og oppvarming.
Vi skulle spele i Per Gynt salen, slik vi gjorde året før. Vi gjekk på scena, framførte stykket på best mulig måte etter forholda. Etter siste tonen var det ein lettelse og befrielse for oss alle. Mange månaders slit og øving på dette stykket var no endeleg over. No kunne vi senke skuldrane og slappe av resten av turen. Eirik var fornøgd med prestasjonen, og no var det bare å vente på dommen. Nokre av oss gjekk for å høyre på andre korps, andre gjekk på byen for shopping medan nokre gjekk på hotellet for å slappe av. God mat på restaurant var no målet for ein del av oss.
Det vart nok ein kveld med god mat og drikke for å feire at no var vi ferdige med jobben vi hadde reist ned for å gjere. Kos på hotellet med song, trekkspel og gitar prega kvelden.
Laurdagen hadde vi fri til å gjere det vi ville. Shopping på klesbutikkar for dei fleste damene og nokre motebevisste unggutar. Dei godt vaksne gutane havna på Clas Ohlson og musikkbutikk. Dei mest «ihuga» av oss gjekk til Grieghallen for å høyre på 1. og Elite-divisjonskorpsa.
På kvelden var det festkonsert med premieutdeling. I år var det verdas beste Brassband som skulle halde festkonsert, Black Dyke Brassband frå England. Dette vart ein utruleg flott og imponerande festkonsert. Etter konserten var det som vanleg premieutdeling. 4. divisjon først, så 3. og 2. divisjon og tilslutt 1. og Elite-divisjon. Vi havna midt på treet i vår divisjon. Vi fekk 90 poeng og delt 7. plass. Dette må vi seie oss fornøgde med. Dirigent Eirik Gjerdevik meinte at nivået på korpsa hadde heva seg, og vi hadde all grunn til å vere fornøgde med utviklinga og prestasjonen vår.
Etter premieutdelinga var det fest i foajèen i Grieghallen. Det såg ut som dei fleste av oss hadde fått nok av alt styret rundt NM så vi for mot hotellet for å kose oss der istaden. På grunn av at vi fekk ut festlegheitane i oss på fredagen vart det ikkje den store festen denne kvelden. Vi kunne muligens reist heim på laurdagen istaden for søndagen.
På søndag var det for dei som ville, og som hadde kjøpt billett på førehand, kyrkjekonsert med Black Dyke Brassband. Dei som møtte opp der fekk ein opplevelse for livet. Det vart ein utruleg stemningsfull og flott konsert som vi sjelden får oppleve i vår tid. Dette vart ei fin avslutning på dette årets NM. Vi reiste heim med båten på ettermiddagen og kom heim i «nitidine» søndags kvelden.

16. mars, Hobbytreff i Gravdal: Dette var det første hobbytreffet i Gravdal skule arrangert av Gravdalgruppa. Målet var å samle alle med ein eller annan hobby eller handtverksaktivitet til å møtast i hyggjeleg lag, for å utveksle erfaringar og kanskje lære noko av kvarandre. Målet er å vidareføre gamle gode tradisjonar. Oppgåvene denne kvelden var bl. anna laging og sal av vårrullar og seising av garnkuler. Det var godt med folk, sjølv om gjennomsnitts-alderen var vel høg. Dette er også eit arrangement som dei eldre i bygdene kan stille på, sjølv om målet er at vi får med oss folk i alle aldrar. Det vil bli fleire slike treff framover med ulike aktivitetar kvar gong.

22. mars, Årsmøte: Årsmøtet vart som vanleg gjennomført på ei tirsdagsøving på Frelsesarmèen. Her vart det behandla ordinære årsmøtesaker som valg, rekneskap, budsjett og innkomne saker. Det vart også diskutert om vi skal satse på ein nytt NM neste år. Årsmøtet godkjende rekneskapen og budsjettet for 2011 utan merknadar frå revisorane.

2. april, Vårkonsert: Av ulike grunnar, blant anna mannskapsmangel denne helga, vart konserten avlyst.

29. april, tenkelurtkveld i Gravdal: Denne kvelden vart brukt til å vise litt video som Johan hadde laga til. Det vart også snakka laust omkring idèar til arrangement og kva vi skal gjere framover. Ikkje mange møtte opp denne kvelden, så utfallet av kvelden vart ikkje heilt som planlagt, men det vart ei kjekk stund for dei som var tilstede med litt knask, god drikke og sosialt samvær.

15. mai, speling til Arne Torskangerpoll sin 80-års dag: Når gamledirigenten vår, Arne Torskangerpoll fyller 80 år, er det sjølvsagt at korpset set sitt preg på feiringa av dagen. Dagen vart feira i Gravdal skule søndag 15. mai klokka 17. Vi stilte oss opp utanfor skulen ikledd full uniform med sløyfe. Komitèen med Sigrid i spissen hadde laga til stolar og benkar til korpset og alle gjestane. Jubilanten, som hadde venta inne, vart henta ut der vi sat klare, og minikonserten kunne starte. Vi hadde sjølvsagt valgt ut bare ”Arnemusikk” til denne konserten, og vi starta med «Congratulations». Deretter spelte vi eit potpurri av songen «I det fjerne jeg skuer». Ein god marsj må alltid vere på repertoiret, og til stor begeistring for jubilanten spelte vi marsjen « I toppform». Etter krav frå publikum måtte vi spele eit ekstranummer, og det var «Norge i rødt hvitt og blått».
Etterpå vart alle invitert inn til høge smørbrød og gode kaker i alle fasongar. Dei fleste åt nok litt meir enn dei hadde plass til, fordi utvalget var enormt. Serveringa gjekk nesten knirkefritt, bortsett fra eit smørbrødfat som brotna då Kåre skulle servere Stranden. Det datt ned tre smørbrød på fatet hans. Då utbraut Stranden, ”det et bra, eg tar allje i hop, hehe”. Dette vart ei fin markering med allsong akkompagnert på ”trakkeorgel” av Harald, taler og helsingar.

17. mai, Nasjonaldagen: Vi starta denne dagen med buss fra Grendahuset i Vågsvåg kl. 07.15 ut til Oppedalen. Der spelte vi, Ja vi elsker dette landet og Jubilant marsj. No gjekk morgenprosesjonen ( i buss) vidare til Anny Angelshaug, som hadde besøk av familien Lillian. Der spelte vi marsjen, The thin red line før vi kjørte vidare til ”Vestro”. Her møtte bebuarane oss i ulikt kostyme, nokre i dongeri, andre i finkle og andre bare inntulla i dyna. Her spelte vi, Ja vi elsker for andre gong og marsjen 18`th Regiment. Tredje gong vi spelte ja vi elsker var inne i Vikja før vi stoppa utanfor Oddbjørg Færestrand og spelte, Fagert er landet og The Middy. Som vanleg stod Sigrid nede ved husveggen og vinka for harde livet. Neste stoppestad var på Færestranda utanfor han Bent. Her spelte vi, Ja vi elsker og marsjen Colonel Bogey. På skaret har vi hatt tradisjon kvart år og spelt Norge i rødt hvitt og blått. Olaf fekk også i år høyre denne melodien. No gjekk turen over skaret og ned til han Per Torskangerpoll. Her vart det spelt, Gud signe Norigs land og Hey look me over. Ned bakkane og bort utanfor John Inge og Veeraya vart neste stopp. Ja vi elsker for fjerde gong og marsjen 18`th Regiment vart spelt her. Siste stopp på ruta i år vart ute på kaia. Her spelte vi utover bygda, Å eg veit meg eit land og Gud signe vårt dyre fedreland. Når vi kom inn i bussen og var på vei opp bakkane til Grendahuset kom dei fyrste regndråpane på frontruta. Og det gjekk ikkje lenge før det tok skikkeleg laust.
Oppe på Grendahuset venta det oss ein nydeleg frokost med egg og bløtkake. Stranden var sjølvsagt med på feiringa av dagen sin.
Klokka 11.00 var det barnetog fra svingen i byggefeltet i Vågsvåg. Regnet ausa fortsatt ned, så paraplyar og regnfrakkar var ein del av antrekka i dette toget. Holvik skulekorps hadde møtt opp og vi marsjerte i lag og spelte Holvik marsjar. Vi gjekk inn til hamnaberget, snudde der og gjekk tilbake gjennom bygda og opp bakkane til Grendahuset. Det regna gjennom heile turen og akkurat når vi nådde skuleplasse stoppa regnet. Utanfor Grendahuset spelte Holvik ein mini konsert før vi gjekk inn til flaggborg leda an av ungdommar i bygda og Torskangerpoll spelte, De unge slekter. Etterpå holdt TPM ein minikonsert der vi spelte, Ja vi elsker, 3 vers, så spelte vi Norge i rødt hvitt og blått og marsjen 18`th Regiment. Vi avslutta med Gud signe vårt dyre fedreland. Ei flott tale for dagen vart overraskende holdt av Erling Wåge.
Neste post for dagen var folketog i Holvik i lag med skulekorpset. No hadde veirgudane skifta side og gav oss skinnande sol og opphaldsveir. Vi marsjerte inn til halneset, tilbake gjennom bygda og opp til skulen medan vi spelte Holvik marsjar. Her hadde Holvik skulekorps ein utekonsert og spelte god underhaldningsmusikk. No gjekk folk trøtte i beina heim for å kvile seg og nyte resten av denne nasjonaldagen, som vart bare finare og finare.

11. juni, Måløy-speling: Denne laurdagen hadde vi samla oss i Sentrumsparken for å vise oss fram litt for det lokale publikum. Det var strålande veir og perfekt for utekonsert. Vi rigga oss til og spelte lett underhaldningmusikk med bl. a. Våren av Grieg. Det var lite tilhøyrarar som hørte på, men vi spelte godt og hadde ei fin stund for oss sjølve. Kanskje vi burde spelt litt seinare på dagen når det var meir folk i gatene.

19.- 21. august, Turhelg/Øvingshelg: Turen starta i år frå Vågsvåg grendahus med buss klokka 16.15 og vidare innover til Holvikja, Måløy, Polljen og gjennom tunnellen. Bussen kjørte mot Bryggja og stoppa ved krysset til Åheim. Skal vi svinge her sa han Johan, som for tida var bussjåfør. Rett fram mot Eid eller svinge mot åheim? Jaggu vart det mot Åheim….Stor stemning og godt humør, med tippekonkurransar. Gode vitsar og konkurransar er alltid på plass når vi er på tur. Vi kjørte mot fiskå, ferja Koparnes– Årvik. Vi kjørte til ferjekaia på Larsneset og stoppa der. Store spørsmålet no var om vi skulle ta ferja over. Vi sto iro i ein halv time, der nokre gjekk på butikk og snopa medan andre slappa av med røyk og kaffi ved bussen. Det viste seg at vi ikkje skulle ta ferja, og starta bussen og kjørte vidare. Turen gjekk vidare til Herøy kommune og vi tok av ytterst mot havet mot Runde. Turen enda på Christineborg der vi skulle tilbringe resten av kvelden. Fin uteplass der vi rigga oss til med reker, majones og fineskjeve, med salat og spekemat for dei som ikkje likte reker. Song, latter, gitar og godt humør som vangleg på eit slikt kveldsarrangement i laja sin regi.
Lørdagen spiste vi frokost ute i det fri, før vi reiste mot Ulsteinvik der det var trebåtfestival i sentrum. Der spelte vi konsert i eit stort partytelt. Vi spelte lett underhaldningsmusikk. Etterpå tok vi med oss instrumenta ned mot sjøen, vi spaserte gjennom byen mot kaia der trebåtane låg laina opp side om side. Der låg MS Nybakk for anledninga og vi gjekk om bord, stilte oss på dekk og spelte ein minikonsert der.
Etter spelinga var det shopping og trasking i gatene. Det var mykje artig å sjå med mange gateselgarar. God middag på restaurant med god drikke attåt måtte vi også ha. Ut på dagen, når vi var leide av bylivet, reiste vi tilbake til Christineborg konferansesenter. No hadde vi oss ein god kvil på senga før vi rigga til grillen ute på terrassen. Der grilla vi laks, karbonader, pølser med salattilbehør og rømmedressing til laksen. Vi var godt tyrste etter dagen så det var ingen fulle glas å sjå. Det var nokre andre gjestar på huset samtidig som oss. Det var eit 50-års konfirmantjubilèumstreff der og ut på kvelden fekk vi synge for dei til stor begeistring. Det likte dei så godt at vi fekk kaker av dei. Vi kosa oss ute under tak og vifta vekk myggen til langt på natt. Gitar og trekkspet var sjølvsagt med. På eit av romma til ungdommane hadde dei samla inn alle drikkevarene og laga til bar. Der kunne vi gå inn og bestille det vi ville ha utan at det kosta fem øre. Dei unge sat mykje inne og spelte kort, president og boms.
På søndag stod vi nokonlunde tidleg opp, hadde oss ein god frokost ute i det fri, før vi alle gjekk på fjelltur på fuglefjellet Runde. Det vart ei spesiell fin naturoppleving sjølv om stigninga i starten var litt i overkant bratt. Då vi kom ned til bevertninga samlast vi utanfor og stilte oss opp for speling. Vi spelte for «konfirmantana» og det likte dei så godt at vi fekk spise restar frå middagen kvelden før med kaker til dessert. Etter det pakka vi i hop og reiste heimover med bussen. No visste vi kor vi skulle så det vart ei roleg og avslappa stund i bussen heim.

2. oktober, Basar: Det vart ein kjempevellukka basar med kaker, kaffi, skjeve, åresalg, lykkehjul, over/under 7, pilkast, aftentrekning og bøkene søndag 2. oktober. I år hadde vi invitert Holvik Skulekorps til å spele ei avdeling med Lina Wåge som dirigent. Vi spelte ei avdeling som vanleg. Nytt av året var at vi hadde hatt loddsal med aftentrekningar fleire dagar i forkant av basaren på Måløy Brygge og ved Storsenteret i Polljen. Dette viste seg å vere veldig effektivt på inntektene til basaren. Ei stor takk til alle som har gitt gevinstar og bidratt til eit veldig godt resultat med gode inntekter til korpset.

21. oktober, Heim i haust på Raudeberg: Som i fjor hadde vi bestemt oss for å stille på arrangementet Heim i Haust i år. Dette vart også ei gjennomkjøring på programmet vi skulle ha til Nordvest Meisterskapen helga etterpå. Vi møtte opp i samfunnshuset på Raudeberg. Der hadde komitèen, beståande av raudebergarar og vedvikarar, gjort klart alt. Vi trengte bare rigge oss til og gjere oss klare til speling. Fyrste avdeling spelte vi meisterskap repertoiret: Cute, Birdland, Misty, Hello Dolly og We`ll meet again. Vi var ein del redusert mannskapsmessig, men hadde fått litt hjelp frå vikar frå Måløy Musikklag. Det vart ikkje den heilt store prestasjonen, men Raudebergarane var fornøgde med det vi presterte. I pausa var det salg av drikkevarer, kaffi og kaker. Loddsal med flotte gevinstar, og nokre heldige sjeler frå vårt korps stakk av med eit par av gevinstane. Komitèen hadde bestemt at alle inngangspengane og pengane frå loddsalet skulle gå uavkorta til korpset vårt. Det set vi pris på etter alt arbeidet det har hatt med å lage til denne kvelden.
I andre avdeling spelte vi fylgjande: Strangers in the night, Ashokan farewell, En natt forbi (Terje solistvikar), The Middy og Bernard Castle som ekstranummer. Denne avdelinga fekk vi opp kvaliteten og spelte betre og stødigare. Publikum likte det dei fekk høyre. Vi pakka i hop og gjekk heimover til trygge omgivelsar med om lag 10 000 kroner i korpskassa. Vel blåst!

29. oktober, NordVest meisterskap: Komitèen hadde jobba godt på førehand med planlegginga av konkurransen. Fredagen var satt av til rigging og tillaging av samfunnshallen. Lys,lyd, sceneoppsett og salsrigging var nokre av oppgåvene. Etter sjauinga var det tid for å teste lyden i hallen. Generalprøve med gjennomgang av programmet vårt, der vi spelte gjennom det heile utan stopp. Det var litt nølande og tamt, men det er heilt vanleg på ei slik generalprøve.
Laurdagen måtte nokre av oss tidleg opp for å lage til frokost til dei korpsa som hadde overnatta på skular. Resten av oss møtte klokka 0900. Vi hadde fått hjelp av hyggjelege hjelparar utanfrå slik at vi kunne ha fri medan vi spelte på konkurransen. Vi starta først sidan vi skulle være arrangørar. Klokka 10 gjekk vi i garderoba og gjorde oss klare til oppvarming. Vi skulle i elden ca. klokka 10.30. Dei fleste av oss klarte å kople tankane vekk frå arrangement og dei oppgåvene som fulgte med det. Vi spelte godt og gjorde ein god figur med temaet «Swingradius». Vi spelte fylgjande stykker: Cute, Birdland, Misty (solist John Inge på Flygelhorn), Hello Dolly (sangsolist Terje Våge, ala Luis Armstrong) og til slutt We’ll meet again. Vi fekk mykje applaus frå publikum, sjølv om det ikke var så mange oppmøtte så tidleg ein laurdags morgon. Etter oss var det Florø Hornmusikk, Fræna Musikkorps og Kjølsdalen Musikklag i 2. divisjon. Ytre Nordfjord Brass stilte i Vurderingsklasse. Alle korpsa spelte godt og gjorde ein god figur. Vi var litt etter tidsskema, men no var det tid for pause og vi kunne hente inn igjen det tapte. Rolf Bøe hadde fått ansvaret for å sy alt i hop som konferansier og presenterte korpsa og stykkene dei spelte på ein god og stødig måte.
Etter pausa var det tid for Janitsjar korpsa. Stordal og Vatne Hornmusikklag var fyrst ut. Deretter var det Musikklaget Brage. Til slutt var det tid for 1. divisjon Brass, høgdepunktet som mange hadde venta på. Molde Brass Band var fyrst ut og Jølster Musikklag avslutta konkurransen. Dei spelte glimrande og applausen sat laust hos publikum. God kvalitet og morosamt programvalg prega desse korpsa.
Dommarane var for anledninga, Trond Brenne og Morten Fagerjord. Ca. klokka 16.00 var det heile over. No var det rett i sjauinga igjen. No skulle vi rydde vekk og lage til salen for festkveld. Mesterskapsgalla med underhaldning og premieutdeling, middag og dans. Amfiet skulle vekk og langbord skulle riggast. Jølster skulle spele ei avdeling med dansemusikk og Molde Brass Band skulle ha festkonsert. Klokka 19.30 opna dørene til festen.
Det starta med litt sang og prating frå Asbjørn som ønskte velkommen. Deretter hadde Molde ein kjempekonsert med blant anna Euphonium Solo frå dirigenten deira. Dei spelte som eit elitekorps verdig. No var det klart for middag. Laks med poteter og grønnsaker stod på menyen. Matkomitèen hadde gjort ein formidabel jobb med maten og vi fekk mange gode tilbakemeldingar om at dei likte maten. Stor honnør til matkomitèen som klarte å lage grønnsaker med tyggemotstand til så mange personar. Ein god dessert er sjølvsagt på plass ved ei slik anledning. Baren hadde stor pågang etter middagen.
Dans med Jølster Musikklag som spelte storband dansemusikk leda av dirigent Arvid Anthun. Dei spelte godt og folk dansa som aldri før. Dei holdt ut til seine kvelden før bandet for kvelden fikk sleppe til. Det var eit innleid tomanns -(mann og dame) band som spelte svingande dansemusikk til klokka 0130. Det vart ein lang dag og folk var trøtte. Vi rydda heila salen på under ein time og gjekk heim rundt klokka 0230. Ein vel gjennomført konkurranse var unnagjort. No gjenstod bare frokost for dei overnattande søndags morgon før dei reiste heimover. Etter det var det opprydding på skulane for dei som var oppsatt til det.Vi fekk bare gode tilbakemeldingar frå deltakarar og frå musikkrinsen om eit godt arrangert mesterskap.

27. november: Tenning av julegrana ved Grendahuset: Søndag 27. november kledde vi oss i varme klede, nissehue som haudeplagg og varme hanskar. Det viste seg at i år hadde juletrèet blåst over ende og knust alle juletrelysene, så vi måtte gå ned i salen på grendahuset og spele julesongar der. Vi spelte frå juletonar heftet og spelte gjennom nesten heile heftet, bl.a. «Du grønne glitrande tre goddag», «Glade jul», «O jul med din glede», «Et barn er født» og «Deilig er jorden». Etter spelinga var det kaffi, kaker, gløgg og anna godteri . Utlodning med fine gevinstar var det også. Vi kosa oss, småprata med kvarandre og fekk opp litt julestemning i ei hektisk førjulstid.

10. desember: Julespeling ved Måløy Brygge og ved Måløy Stormarked: Denne laurdags føremiddagen samlast vi inne ved Måløy brygge kl. 12. Vi stilte oss opp nede ved rulletrappa med nissehuer og gode kle. Plana var å spele ute, men pga. dårleg vær spelte vi innendørs. Vi spelte songar frå juleheftet. Vi spelte godt og lagde fine tonar. Vi fekk skryt av dei som høyrde på oss, dei likte spelinga vår og kom i julestemning. Etter spelinga satte vi oss i bilane og reiste bort til Måløy Stormarked, der vi spelte dei same julesongane inne ved MX-sport og Europris.

18. desember: Julekonsert i Sør-Vågsøy kyrkje: Arrangør for årets julekonsert var gospelkoret Sweet Spirit. Konserten starta søndag 18. desember kl. 17 med Organist Hans-Joachim Schüttke på orgel med «Halleluja» som Preludium. I år var vi fyrste korps og vi opna med stykket «Sleigh Ride», etterfulgt av «The Lost Chord» ilag med organist Schüttke. Dette vart mektig stemning ilag med orgel, og vi spelte godt. Hans-Joachim spelte salmar mellom kvart skifte og neste korps ut var Skavøypoll Skulemusikk med Lisbeth som dirigent. Holvik Skulekorps med Lina Wåge som dirigent var neste skulekorps i ilden. Begge desse korpsa spelte stødig og godt. No var det tid for song, Viltkoret med dirigent Frode Helgestad song fine julesongar. Andakt høyrer med til ein kirkekonsert. I år som i fjor og året før der var det kaptein Christian H. Eilertsen som heldt andakta. I år hadde han ei bøn om å få meir spalteplass i Fjordenes Tidende i åra som kjem. Han brukte nesten heile tala til dette innspelet. Elles var det kort og grei andakt.
Meir song stod for tur. Sweet Spirit med Hans-Joachim som dirigent song fine gospelsongar som alltid slår an i kyrkja. Måløy Songlag med same dirigenten var neste innslag. Schüttke var veldig aktiv i dei fleste innslaga denne dagen, og han sprang som ein tulling opp og ned til galleriet under heile konserten. Han måtte opp og spele til alle fellessangane mellom innslaga.
Måløy Songlag hadde eit felles innslag ilag med Måløy Musikklag, dei spelte Ave Verum Corpus. Dette var eit fint stykke med korps og kor. Dette var fint å høyre på. Til slutt som avslutning på heile konserten, og kanskje dagens høgdepunkt, stod Måløy Musikklag føre. Dei hadde fått med seg to songsolistar, Gunnar Domstein og Stian Hjelle som framførte ein nydeleg versjon av Amazing Graze. Dette var til å få frysningar av og ei verdig avslutning på ein variert og god julekonsert. Som tradisjon var det fellessongen Deilig er jorden akkompagnert av Måløy Musikklag som avslutning.

28. desember, Juletrefest: Denne vart i år avlyst i siste liten på grunn av dødsfall i bygda. Det var mangeårig medhjelpar for korpset, Ellinor Inselseth som vart gravlagt denne dagen.

12. Takk frå styret
Styret vil rette stor takk til medlemmane for positiv haldning og godt frammøte på øvingar og arrangement. Vi vil og i årsmeldinga takke bedrifter og enkeltpersonar som har støtta Torskangerpoll musikklag økonomisk , og alle som har møtt fram på arrangementa våre i 2010.

Årsmeldinga blir lagt fram i styret februar 2012.

Helsing:
Tor Åge Gravdal – Tove Nerland – John Inge Våge – Eli Refvik – Johan Einar Wåge