Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2013

ÅRSMELDING FOR SESONGEN 2013:

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning: Leder: : Johan Einar Wåge
Nestleder : Terje Våge Sekretær : John Inge Våge Kasserer : Eli Refvik Styremedlem : Reidunn Øksdal
1. varamedlem : Laila Mykland
2. Varamedlem : Laila K. Berg


Noteutvalg: : Lisbeth Våge, Ola Refseth, Terje Våge, Petter Lund Wåge

Husansvarlege : Asbjørn Våge, Tor Åge Gravdal, Harald Oppedal.

Uniformsansvarleg: Anne Mari Knotten.
Materialforvalter : Terje Våge.
Noteforvalter : Ola Refseth.
Bordforvalter : Asbjørn Våge.
Revisorar . John Svarstad, Helge Oppedal.
Valnemnd : Erling Wåge, Stine Kråkenes og Ingunn Kvalheim.

2. AKTIVITETER
Torskangerpoll musikklag hadde ein svært aktiv sesong 2013. Vi har spelt på 11 eigne arrangement og 5 opptredenar som gjester ved andre arrangement. Av høgdepunkt kan nemnast Stormfestival 2013, Nordvestmeisterskapen, Heim i haust, Syng med oss, basar, nyttårskonsert og blåtur med cruiseskipspeling. Torskangerpoll musikklag haustar eit godt rykte med gode tilbakemeldingar på spelinga. Det er kjekt. Årsmøte var 19. mars utan kontroversielle saker, og vi har hatt to arbeidsdugnader i Torskangerpoll. Det var og gjennomført medlemshøyring der over 90 % av dei aktive deltok. Medlemshøyringa gav gode innspel til styre, noteutval og dirigent om vegen vidare. Meir utfyllande om aktivitetane i avsnittet arrangementsreferat lenger ute i årsmeldinga.
Lisbeth Helen Våge har vore lønna dirigent TPM også i 2013 og Lina Wåge har
dirigert når Lisbeth har vore borte. Vikarieringa har Lina gjort gratis og takk til henne for det. Det har vore ei øvingshelg med gjestedirigent.
Styret har hatt 6 styremøter samt fleire styresamlingar på øvingar. Styret har hatt ein god del sakskommunikasjon via e-post. Vi har og hatt utvida styremøte der dirigent og alle tillitsvalde har vore innkalla.

3. ØKONOMI
Budsjettet har også i år vore verktøy for økonomistyring. TPM har ikkje hatt

store investeringar hverken når det gjelder uniformer, instrument eller anna utstyr. Dei sosiale arrangementa i korpset har stort sett vore sjølvfinansierande. Vi har vore flinke og halde utgiftene nede ved eigne arrangement, noko som viser igjen på overskota. Stormfestivalen gav gode inntekter og basaren gav
også i år eit flott overskot. Styret sin filosofi er at overskotet frå festivalen skal
vere med å styrke økonomien over neste treårsperiode, altså tidsintervallen
mellom festivalane.

4. MEDLEMMER
Det er 32 betalande korpsmedlemmer i 2013 det er 120 VG-abonentar

5. NOTEUTVAL
Noteutvalget har bestått av Lisbeth, Ola R, Terje og Petter. Det har vore 4 møter i 2013 pluss en del mindre møter i pauser på musikkøvinger. Følgande program er tatt opp på møtene, og brukt på forskjellige arrangement: PROGRAM FOR NYTTÅRSKONSERTEN 2013: Torskangerpoll musikklag:
«Radetsky March”, “Little brown jug”, «Bugler’s Holiday», solister: John Inge
Våge, Terje Våge og Petter Lund Wåge «To a Wild Rose”, solist: Asbjørn Våge
«Oregon», «Møkkamann», PAUSE VESTAVIND MED CA 15 MIN
UNDERHOLDNING “The Show must go on”, “Queen Medley No. 3” Inneholder:
“The Show must go on”, “ Under Pressure”, “We Will Rock You”, “We are the Champions” . “Bohemian Rhapsody”, “Bring Back That Leroy Brown” “In the Bleak Midwinter”, solist: Terje Våge. “Barnard Castle”, “Hey look me over”. NOTEUTVALGMØTE 10. APRIL 2013 Ola, Petter, Terje og Lisbeth møtte. Marsjer/program til 17. mai: The new Colonial March. On the Mall. The Thin
Red Line. Sons of the Brave. Festive march. Nasjonalsangane. Norge i rødt, hvitt og blått. Vestland, vestland. Jeg vil verge mitt land (nasjonalhymne nr. 11) til flaggborga. Holvikmarsjer. Program til evt. konsertering resten av våren: Møkkamann. Buglers Holiday. Bring Back That Leroy Brown. Abba Gold. Hello Dolly. Misty
NOTEUTVALGMØTE 19. AUG. 2013 Disse møtte: Ola og Lisbeth. Program til Blåtur høst 2013: The Thin Red Line. The New Colonial March. Abba Gold. Møkkamann. Bring Back That Leroy Brown. On the Mall. Elefantsatsen fra Circus Suite. Coast Guards
NOTEUTVALGMØTE 26. SEPT. 2013 Disse møtte: Ola, Terje og Lisbeth. Program til mesterskapet: Processional for an Occasion. Ankan och Hackspetten. Bådnlåt. Barnard Castle. Program til Heim I haust: Mesterskapsprogrammet. Windows of the World, Amazonia. Let Me Try Again. Blåklokkevikua. The Rocky Road to Dublin. Abba Gold. Tittel på konserten: ”På cruise”

NOTEUTVALGMØTE 21.nov. 2013 Disse møtte: Ola, Terje og Lisbeth. Program til basaren i rekkefølge: Barnard Castle. Ankan och Hackspetten, solist; John Inge Våge. Bådnlåt. Blåklokkevikua. The New Colonial March. Program til julekonserten: Julesang, solist; Terje Våge. Den store stjerna, solist; Lina Wåge. Program til Frelsesarmeen: Åpning: Processional for an Occasion. Midt i: Misty, solist; Ola Refseth. Blåklokkevikua. Slutten: The New Colonial March. I tillegg spelte vi på salmane, 3 stk. Program til nyttårskonserten 2014: Avd. 1: March Praise. Bådnlåt fra Lyriske stykker, Op. 68, No. 5 av Edvard Grieg. Processional for an Occasion. Cornets a-go-og. Solister: John Inge Våge, Terje Våge, Lina Wåge, Petter Lund Wåge og Ola Refseth. One voice av Barry Manilow, Solist: Asbjørn Våge. March Mühledorf. Pauseinnslag: Margot Kiis med elever framfører litt av sitt repertoar. Avd. 2: Hanen stend på stabburshella Sjefshane: John Inge Våge. I Hønsegården Fantasi over Pål sine høner, Mikkel rev og Småsporven. Sjefshane: Terje Våge. Ankan och Hackspetten. And: John Inge Våge, Hakkespett: John Inge Våge. Stormy Weather, Solist: Margot Kiis. Abba Gold Potp. over ”Dancing Queen”, ”Mamma Mia”, ”Fernando” og ”The winner takes it all”. Ekstranr.: Radetsky March.

6. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Alice Haus Wåge har vore TPM sin representant i styret i Våge-Oppedal bygdelag, og har møtt på styremøta. Torskangerpoll musikklag har spelt for Våge-Oppedal bygdelag på jonsokafta og på julegrantenning . Det har og vore samarbeid med Holvik skulekorps om speling 17. mai. TPM samarbeida med
«Aktiv Raudeberg» om fredagskonsert under «Heim i haust».

7. REPRESENTASJON
Torskangerpoll musikklag har vore representert på julekonsertmøte ved Eli Refvik. I styret for Våge-Oppedal bygdelag har Alice møtt. Johan Einar Wåge har vore på møte med Helge Hjelle om Elvisfestival 14. til 16. august.

8. RAPPORT FRÅ HUSSTYRET FOR GRAVDAL SKULE
Gravdalgruppa har i 2013 jobba vidare med planene for ivaretaking og opprusting av eigedomen i Torskangerpoll. Vi har fått utarbeida teikningar og kalkyler for å setje huset i betre stand til å huse den aktiviteten som er i huset i dag, og for å imøtekomme den interessa som er for å leige lokaler til møter, konfirmasjonar, bryllaup og liknande.
Utbetringane er delt opp i fleire prosjekt, som til dømes: Reparasjon av tak,
skifting av vindauge og bordkledning, kjøkeninnreiing, og opprusting av tilbygg med sanitæranlegg. Vi er i gong med å søkje etter midlar til dette, og planane går ut på og tilpasse arbeidet etter dei midlane vi får inn.

Når det gjeld dei aktivitetane som har vore i huset dette året, kan vi nemne at det var betydeleg møteverksemd i samband med Stormfestivalen, det har i året vore to juletrefestar og huset har vore utleigd til ymse møteverksemd.
Det har også vore utført mykje dugnadsarbeid på eigedomen dette året. Det vart lagt pukk og grus på heile nederste delen av skuleplassen, noko som rusta opp parkeringsmogelegheitene monaleg. Det har også vore ein del utleige av bord og benkar.
For Gravdalgruppa: Asbjørn Våge

9. Referat frå INFORMASJON/ VG
Vredens Gnag og nettsida torskangerpoll.no er viktige medium for å nå ut til medlemmer, støttespelarar og andre med informasjon. Nettsida blir oppdatert med jamne mellomrom og når det skjer noko. VG har gått til 120 mottakarar. Medlemsbladet kjem ut ein gong i månaden utanom sommaren. Bladet har kome ut i 20 år. Mange bidreg til å lage bladet som har både historikk, aktuelle saker, aktivitetsplanar, hjernetrim, foto og humor. Det er sendt ut foto og pressemeldingar og laga programhefter og plakatar i samband med arrangement som korpset har hatt. Styret brukar for det meste e-post når det gjeld kjapp informasjon og beskjedar. Erling

10. Status instrument/ utstyr
Status Instrument februar 2014 : Vi har kun noken få instrument på lager som kan brukast dersom det dukker opp nye medlemmer. Dette er godt brukte instrument, men brukandes.
Dersom vi går til anskaffelse av 3 nye instrument som planlagt i styret, vil dei 3
instrumenta som blir bytta ut også kunne brukast som reserve midlertidig. Det
er foreslått å kjøpe inn 1 stk. trombone, 1 stk. baritone og 1 stk. ess-kornett. Pris: 60-70000. Lager ser da slik ut: 2 stk. kornetter, 1 stk. trombone, 2 stk. horn, 1 stk. euphonium, 1 stk. baritone. Terje

11. Status notearkiv


12. ARRANGEMENTSREFERAT 2013:

Laurdag 5. januar: Nyttårskonsert i Samfunnshallen
Ikkje eige referat


Laurdag 5. januar: Årsfest i Grendahuset i Vågsvåg
Ikkje eige referat


Søndag 17. mars: Syng med oss i Grendahuset på Bryggja

Vi var så heldige å bli invitert til Vestavind sitt syng med oss arrangement på Bryggja. Det er alltid kjekt å komme til "duk og dekka bord" der vi bare set oss ned og spillar flott musikk til kjekt publikum. Og dekka bord var der. Der var et enormt utvalg av dei flottaste kaker og smørbrød. Torskangerpoll skulle bare ta føre seg og ikkje betale. Det var aldelse nydelig. I tillegg til vår konsert sang vi med på allsang og høyrte på Vestavind fremførte fleire stykker for alle oppmøtte. En kjekk søndag ettermiddag.


Tirsdag 19. mars: Årsmøte på frelsesarmeen
Etter pausa på øvinga hadde vi årsmøte. Valg, rekneskap og budsjett var nokre av sakene som stod på saklista. Vi hadde kake som Eli hadde laga og møtet var ferdig på litt over ein time.


Laurdag 27. april: Dugnad i Gravdal og på Vikabu
Etter ei kjapp regnbyge om morningen kunne dagens dugnadsgjeng møte opp
kl 10 i Torskangerpoll med godt humør og arbeidslysta på topp. Alle hadde med rikeleg verktøy som trillebårer, grafser, brett, hakker, spader, jernriver m.m. Pukk og grus var kjøpt inn til grusing nord for kulturhuset i Gravdal. Terje organiserte fint og delte dugnadsgjengen i to arbeidslag, eit lag til å pukke og gruse i Gravdal, og eit lag til å planere og rydde på Sigrids plass i Vikja. 9 personar av 10 påmelde var på plass, og desse gjekk i gang med krum hals.
Etter kvart kom og Kjell i Demmahaugen og hjelpte til. Det er alltid fint når bygdas folk også stiller opp på dugnader for å få det fint på områder som kan vere til felles nytte og glede.
Når klokka var 12 hadde vi dugnadsfest i kjellaren i Gravdal. Eli og Lisbeth kom med svele og gjærbakst, og Heidi hadde allereide teke med seg sjokoladekake. Eting, drikking, øn og drøs blei ei kjærkoma avkopling og gav nye krefter til innsats. Mykje løye blei sagt både frå før i tida og framtidsvisjonar. Det blei jobba eit par timar etter pausa før gjengen tok kveld. På Sigrids plass fann dei ei sjeldan treblokk og fleire bryner frå gamle dage. Ved Gravdal blei planeringa ferdig og markert med snorklipping, og at alle køyrde rundt huset med bilane
på rekkje fleire runder då hoppetusse mangla. Litt av eit syn. Dugnaden blei dokumentert både med film og bileter. Ein vellukka dugnad til alle sitt beste i sol og fint ver.

Tirsdag 14. mai: Speling til Arne Torskangerpoll
Vi marsjerte frå frelsesarmeen og stilte oss opp utanfor og spelte marsjar. Arne stod på terrassen ilag med familien og høyrde på. Han viste tydeleg tegn til at han likte spelinga vår. Han vinka med handa og hadde tommelen opp. Det er alltid kjekt å hylle vår mangeårige dirigent på ein slik dag.


Fredag 17. mai: Nasjonaldagen
I god tradisjon stilte TPM nok en gang opp til morgenspilling fra Oppedal via
Færestrand til Vågsvåg med buss. Jarl Torskangerpoll stilte sporty opp nok en gang som sjåfør. Nettbuss hadde sponsa bussen. Etterpå var det igjen deilig frokost med tilhørende nasjonalfargepynta bløtkake. Dette er høydepunktet på heile dagen: Stor takk til komiteen der. Tidlegare aktiv medlem Audun Færestrand var med oss i bussen på gebursdagen sin, og vi sang for han under frukosten. Som tidligere år stilte vi opp med spilling både i Holvik og Vågsvåg ilag med Holvik Skuleorps, noe som fungerer fint. Dette året var det barnetog i Vågsvåg på formiddag. .Vi gikk den vanlige ruta fra byggefeltet mot Holvik, snudde ved Hamnaberget mot bygda igjen, stoppet ved kirkegården som alltid, og videre til grendahuset der vi spilte til flaggborg, med en minikonsert etterpå. Ettermiddag stilte vi i Holvik med folketog mot Måløy, snuplass som vanlig i Halneset, så tilbake til skulen. Her var det Holvik skulekorps som spilte minikonsert. Tradisjonelt og kjekt, og bra veir hadde vi også.


Laurdag 25. mai: Dugnad i Gravdal og på Vikabu
var det igjen duka for dugnad til Stormfestival 2013 i eit fantastisk dugnadsver. Dugnaden starta klokka 10 og blei organisert på tre stader. Reidun, Alice, Johanne og Eli stilte på Holvik skule og førebudde festivalmat. Steiking og frysing av halvfabrikata som blir snaut og ta igjen. I Gravdal kulturhus gjorde Terje V, Terje N, Harald og Ola R utvendig skraping, maling og erstatning av vindskada takstein etter vinteren. Vi hadde fått lånt lift med Ulvesund elektro og Terje V var på taket. Lisbeth, Linda og John laga nye korpsskilt til kostymeropptoget. I Vikja ferdigstilte Tor Åge, John Inge, Thomas K og Johan scena på Sigrid’s plass med grusing, komprimering og trappebygging. Vi grusa og utanfor Vikabu. Asbjørn hadde fått kommunebilen til å køyre på plass grus. Klokka 12.00 stilte Marte og Laila M med kaffi, te og kjærkomne deilige sveler i Gravdalkjellaren. Her blei det ei koseleg ykt med god prat og mykje løye. Rune, Inger og Tove var innom. Erling tok bilder, bretta brosjyrer og spanderte is. Ein
vellukka dugnadsdag der vi fekk gjort alt vi hadde planlagt blei avslutta i tretida.

Pausestunda blei dokumentert med video.


Søndag 2. juni: Storbriefing til «Stormfestival 2013» på Holvik skule
Alle funksjonærar og hjelparar var samla til stor gjennomgang av logistikken for
«Stormfestival 2013». Erling presenterte opplegget på powerpoint og informerte om program, deltakarkorps og arbeidsoppgåvene. Tor Åge hadde lagt ned ein stor jobb med å få klar arbeidslister for alle involverte. Møtet varte i vel ein time.


Fredag 7. til søndag 9. juni: «Stormfestival 2013» i Vågsøy
Deltakarkorpsa var: Valestrand Musikklag, Nørvøy Ungdomskoprps, Otta Musikkforening, Gossen Musikkorps, Raufoss Musikkorps, Ellingsøy Hornmusikk, Måløy Musikklag, Kjølsdalen Musikklag, Ytre Nordfjord Brass, Heidal Musikkforening, Volda Hornmusikk, Ørsta Hornmusikk, Øystese Musikklag, Folkestad/Tonika, Fløkoret
Fredag 7., laurdag 8,. og søndag 9. juni 2013 arrangerte vi den 8. stormfestivalen. Dette er første gongen vi arrangerte festivalen på våren. Vi ville prøve dette for å sjå om det kunne bidra til fleire påmelde, og fordi temperaturen kanskje kunne bli endå litt høgre enn den var før. 13 korps og rundt 300 deltakarar var med på det som kan kallast ein svært så vellukka festival. Det nye dette året var eit kor frå Ulsteinvik som melde seg på. Opplegget og programmet var i grove trekk som tidlegare år.
Vi starta fredag kveld med blikjentkveld i Samfunnshallen. Vi serverte taco, og det var populært. Etter litt sosiale aktivitetar så hadde vi trubaduren Peter Rønning frå Ålesund.
Laurdag var det kostymespeling i Måløy sentrum. Mange hadde lagt si sjel i å
lage godt stemning og fine kostymer. Om ettermiddagen var det ein artig
rorbufest i Torskangerpoll. Kjølsdalen Musikklag heldt konsert på den nye utescena på oppsida av Vikabu. Vi serverte stormsuppe og sild, Vi framførte også stormfanfaren og gjennomførte den tradisjonelle stormstafetten.
Om kvelden var det stormgalla i Samfunnshallen med havets festbord, eit
fantastisk koldtbord. Isak Søraa underheldt som Elvis, og det fall i smak. Vi hadde også ei avdeling med utdelinga av ulike prisar. Etterpå var det dans med flott dansemusikk av Vassverkgutane frå Flatraket. Både fredag og laurdag hadde vi også karaoke-bar i Samfunnshallen med kåring av beste songar. Sonja Ellefsen frå Måløy Musiklag vann den konkurransen.
Søndag var det frolunch i Samfunnshallen. Her serverte vi ein nydeleg frukost med kake og sjømat. Og så fekk deltakarane seg eig flott frukostkonsert med Torskangerpoll Musikklag. Mykje skryt for den.

Vi avslutta festivalen ute på fotballbana til Skavøypoll Idrettslag.
Fornøgde festivaldeltakarar takka for seg og reiste heim før vi starta å rydde opp.
Det vart ein svært vellukka festival, sjølv om vi kunne hatt plass til fleire. Men fordi vi hadde god kontroll på kostnader, og hadde gjort gode avtalar, blei det eit flott overskot til drifta. Det var også jobba godt med å skaffe sponsorar og støttepengar i forkant.
Ein hovedkomite organiserte heile festivalen. Komiteen jobba i halvt anna år og
hadde hadde 16 møter. Den bestod av Erling Wåge (leiar), Lisbeth Helen Våge (konsertkomite), Asbjørn Våge (presse, informasjon og sponsor), Johan Wåge (sosial), Tove Nerland (pynting), Reidunn Øksdal (mat og servering), Tor Åge Gravdal (innkvartering/referat) og Eli Refvik (økonomi).
I tillegg jobba alle i korpset og mange gode støttespelarar utanfor korpset
svært godt, og bidrog til nok ein stor festivalsuksess. Takk til alle. Helsing Erling Wåge.

Tirsdag 11. juni: Sesongavslutning med grilling og konsert ved Vikabu
Tirsdag etter stormfestivalen arrangerte vi en felles avslutting og takkforhjelpa fest for alle medlemmene og medhjelpere på festivalen. Denne festen blei avviklet på Vikabu. Servering av reker og en god konsert til alle medhjelpere som stilte opp. En fin avslutting på en fin ssesong.


Laurdag 1. september: Havfiskefestival
Dette var fyrste gong Havfiskefestivalen vart arrangert i måløy. Vi hadde blitt spurt om å spele ein konsert laurdags føremiddag. Vi møtte opp i torgteltet og rigga oss til for speling. Lisbeth dirigerte og vi spelte fylgjande nummer:
Hey look me over med sjølvskreven tekst, deretter Misty med solist John Inge,
neste nummer var Strangers in the Night etterfulgt av Ashokan Farewell. Vidare spelte vi Dog days og slutta av med Barnard Castle. Vi spelte overraskande godt og det var bra med publikum.


Fredag 30. august til søndag 1. september: Blåtur til Loen
Høstsesongen startet med øving tirsdag 20. august.
Blåturkomitèn bestod av John Inge, Erling, John, Marte, Stine og Reidunn, og
hadde vært godt i gang og laget til et fantastisk godt og kjekt opplegg.
Start som ved de fleste turer i Vågsvåg, stopp i Holvik, frelsesarmeen og da var vi i gang i et flott høstveir. Sjåfør: Johan vår. Turen gikk inn fjorden til Lovatnet via Panoramaveien. Det var en fantastisk fin opplevelse med Inge Fenn som

kom på bussen på Lote og gaidet oss heile veien. På toppen blei vi vinket inn til side av en "uniformert" "betjent" (eller "bekjent") som serverte litt sprudlevann i blanke glass med en fantastisk utsikt over fjorden. Fint og morsomt innslag.
Litt tidlig kveld endet vi på Sande camping ved Lovatnet. Her blei vi innlosjert på hytter av meeeeget varierende standard. Noen for de sarte ( all inklusiv) og noen for de blinde/svaksynte (ingenting innklusivt annet enn mugg i madrass). Til tross for dette: ingen klager:) Kvelds blei servert i svarte natta på kaia, opplyst av stearinlys og bål. TAKO til fin stemning etterfulgt av flott trekspill og gitarspill av Erling og Terje.
Lørdag morgen - frokost av hotellstandard i fellessal med blide og 27 opplagde
musikanter, god appetitt og 54 nykokte egg i regnveir.
Tur til Stryn med spilling ilag med Stryn Musikklag, etterfulgt av «lunch hvorduvil inntaden». Tilbake til Sande med ny sjåfør (Johan reiste heim i bryllaup). Nå vanket middagshvil for noen, og forspill på suiten for dei andre. Kvelden startet uttenfor anlegget i regnvær fortsatt. Vi marsjerte så til toner av On the Mall lalling/plystringfra et korps i storhumør. Turen gikk 200meter til Kjendalbåten, der Stryn Musikklag ventet. Underholdning der var av Terje,
Erling som spilte sang og tylet seg og flott og artig egendiktet diktlesning av Ola. Terje med trekspill, Erling med munnpiano. I Kjenndalsstova ventet et deilig måltid bestående av viltgryte. God sang, musikk og underholdning av Stryns store idol. Etter en stund der vi fryktet for at ørene skulle falle av klarte Erling
og Terje å overta podiet. Idolet hadde gjort forspillet og Erling / Terje fullførte showet. Høgdepunktet på kvelden var nok "Per vil du danse". heimreise med buss ved midnatt, nartchspill på suiten der det etter tur blei "god natt"
Frokost som på lørdag , men med noe mindre egg. Faktist bedre matlyst enn lørdag. Denne dagen gikk turen til Briksdalen igjen med Johanvår som sjåfør i værre regnveir. Der var det noen sprekinger spm gikk opp til breen, noen valgte den enklere løsninga med bil, mens resten sløva og shoppa ved butikken/resturanten. Spilling var avtalt, men det bøtta med overnfra, og ingen turister var å se, så vi nøyde oss med deilig lunch bestående av biff med varierende sauser til. Videre bar det nå til Olden og cruisespilling ombord i Ballmoral. Dette var en fantastisk oplevelse da vi blei vist inn i en flott underholdningssal med tilhørere som klappet fra de så oss til vi gikk av. Vi spilte som noen guder og Terje tok rollen som konferansier på strak arm
(kjempeflott) og Lisbeth dirigerte som alltid godt. Absolutt helgas "høgdare" På

kaia tok vi farvell til skipet med vakre toner av Vestland Vestland og Ja vi
elsker" på solokornett med Terje. Stooor stemning. Vel heime og godt fornøyde alle mann kl 19.00.


Søndag 22. september: Balmoralspeling i Olden
Etter spilling på cruicebåt på inspirasjonshelg fikk vi så god tilbakemelding, og dermed invitert inn til konsert neste gang denne båten skulle til Olden. Alle var svært posotive til dette, og dermed blei det bestemt at vi skulle ta turen 22 september. Johan ordnet med sponset buss - flott. Turen startet søndag i formiddag, plukket opp folk litt her og litt der. Annkom Olden litt for seint etter avtalt tid, slik at det ble noke stress å komme seg ombord. Var invitert til omvisning på båten og deilig lunch. Her igjen var vi seint ute, slik at matservering var på tampen, og måltidet foregikk i et litt anna tempo enn det som hadde vært normalt. Deilig mat var det iallefall, og god service ombord. Etter maten var det klart for vår konsert. Der var det samme opplegg som sist, og veldig vellykka nok en gang. Mange positive tilbakemeldinger, og fornøyd publikum. Reprtoar av noteutvalget. Denne gang reiste vi hjem før båten la til kai. Kort og grei tur.


Fredag 30. aug. til søndag 1. sept.: Øvingsh. med Nick Ost på Skavøypoll skule Nick var effektiv og vi oppfattet fort at han hadde store forventninger til oss, og god disiplin. Her var det ikke rom for prating innimellom som vi er gode på. Lørdag hadde vi 2 timer med trening på blåseteknikker. Svært effektivt.
Helga foregikk effektivt med masse skjerpings og masse godt arbeid mot
Nordvestmesterskapet. Lørdagskvelden var det invitert til åpent hus på Gravdal og der stilte den harde kjerne, ikke så mange. Idar Torskangerpoll var og innom. Avslutning på søndag med minikonsert som vanlig.


Fredag 25. oktober: Heim i haust på Raudeberg
Heim i haust er blitt et fast oppdrag for TPM. Igjen hadde vi regien på hele kvelden unntatt loddsalg. Etter inspirasjon fra tidligere i høst fikk konserten tittelen «På cruice». Publikum ble ledet gjennom flere land mens vi spilte variert musikk. Bl a. stykkene vi skulle spille på mesterskap i november. Asbjørn og Lisbeth ledet det hele på en fin måte, og Asbjørns sketsj var et
morsomt innslag. Raudeberg vel selde kaffi og deilige kaker. Grei fredagskveld ilag med kjekke musikkanter.

Laurdag 9. november: Nordvestmeisterskapen på Skodje
Det blei bestemt tidlig at vi skulle reise på Nordvesten som skulle avvikles i Førde. Når høsten nermet seg ble dette arrangementet flyttet til Skodje, og opplegget var usikkert helt frem til dato. Derfor ble det også noe usikkert hvordan vi skulle planlegge. Det endte i å reise opp tidlig morgen med retur etter spilling. Avreise kl 08.00. Tidlig, men alikevel en våken og blid gjeng som reiste mot møre. Annkom Skodje i god tid slik vi fikk varme opp på god måte. Oppvarming i eget lokal ved siden av konserthuset. Processional for an occasion – Bådnlåt - Ankan og hakkespetten - Barnard Castle. Spilling gikk glimrende, og etterpå fikk vi sitte i sal og høre resten av deltagerene som var med. Masse flott spilling. Vi returnerte kl 16.00. Alle var da fornøyde og i god
feststemning. Retur gikk fint med John Inges og Petters artige bussbingo og god quiss. Vi hadde lagt inn spisepause på Kvilehytta der dei venta på oss med varm og kald buffe, kaffi og dessert. Her var det god underholdning av Wågesane
som vanlig. Lisbeth innformerte om resultat fra konkuransen som hun fikk over telefon på wc: 2.div brass: 2.plass: TPM - Beste fremføring av norsk musikkstykke: TPM (Bådnlåt) - Beste konsertprogram: TPM
Kjekk stund. Retur mot havet i skapelig tid. Fin dag totalt sett.


Søndag 24. november: Basar i grendahuset
Basaren blei arrangert noe seinere en vanlig dette året. Dette pga. oppussing av
grendahuset. Basaren blei avvikla over samme lest som tidligere med salg av årer, aftentrekninger og loddbøkene som i forkant hadde vært seld ei uke på Måløy Brygge og ei helg på storsenteret + hus til hus i Vågsvåg og Holvik. Her var det gjort en god innsats med flott resultat.
Salg av pølser, kake, smørbrød, kaffi og brus som tidligere, men dette gikk det
mindre av enn dei siste åra så vi hadde igjen flere kaker og mye smørbrød. Basarkomiteen har skrevet referat på dette. Holvik skulekorps spilte en minikonsert som tidligere, og vi spilte en avdeling rett før trekning.
Resultatet totalt av basaren ble svært godt, og komiteen har gjort en flott jobb. Dette er et krevende arrangemang da der er mye planlegging, og mye styr for å få dekket alle basarvakter. Komiten i år var Johanne, Laila M, Ola R, Solveig, Terje N, Tove og Kari.


Fredag 29. november: Speling på frelsesarmeen

Vi ble invitert av frelsesarmeens korps til å holde konsert på deres høstfest der de ville ønske de nye offfiserene velkommen. Der spiltee vi en del av programmet vi hadde på nordvesten + spilling til kjente og ukjente frelsesarmesanger. Servering av kaffi mm og loddsaalg. Kjekk og grei kveld.

Søndag 1. desember: Julegrantenning i Vågsvåg
Tradisjon tro stilte TPM opp til julegrantennning ved grendahuset i Vågsvåg.
Det var en passelig fin gjeng som stilte til å spille juletoner uttenfor. Etterpå var det kaffi og noke attåt i grendahudet i det nyopppssa lokalet i 2 etg der vi også bidro med toner til allsang.

Tirsdag 16. desember: Julespeling på Måløy brygge og på Storsenteret TPM blei spurt av senterleder på Måløy brygge om vi kunne stille og spille julemelodier en kveld. Vi tok oppdraget, og stilte noe tidligere en tirsdag. Bra fremmøte og god julestemning klarte vi å lage på Måløy brygge og på Storsenteret der vi også spilte uten oppfordring. Etterpå var det øving i kirka mot julekonserten.


15. desember: Julekonsert i Sør-Vågsøy Kyrkje
Tradisjon tro spilte TPM på den tradisjonelle julekonserten. Det var Måløy musikklag som var arrangør denne gang, derfor var det vi som startet. Vi spilte to julemelodier «Julesang» med Terje som solist og «Den store stjerna» med Lina som solist. Flott spilt av begge, og resten av korpset med unntak av noe tynt i noen takter på siste melodi. T ilbakemelding var flott klang.

Laurdag 28. desember: Juletrefest i Gravdal
Ikkje eige referat

13. Takk frå styret

Styret vil rette stor takk til medlemmane for positiv haldning og godt frammøte på øvingar og arrangement. Vi takkar og dirigenten vår, Lisbeth Våge for god innsats og positivt samarbeid. Vi vil og i årsmeldinga takke bedrifter og enkeltpersonar som har støtta Torskangerpoll musikklag økonomisk , og alle som har møtt fram på arrangementa våre i 2012.

Helsing Styret i Torskangerpoll musikklag
Reidunn Øksdal – Terje Våge – John Inge Våge – Eli Refvik – Johan Einar Wåge.

Årsmeldinga for 2013 er godkjend i styret i 26. februar 2014.