Dette gjorde Torskangerpoll Musikklag i 2016

1. STYRE OG UTVAL
Styret har denne sesongen hatt følgande samansetning: Leiar : Johan Einar Wåge
Nestleiar : Terje Våge Sekretær : Laila Berg Kasserar : Tor Åge Gravdal Styremedlem : Johanne Velle
1. varamedlem : Laila Mykland
2. Varamedlem : Sølvi Loen


Noteutvalg: : Lisbeth Våge, Erling, Terje Våge, Jonathan Nyborg Husansvarlege : Asbjørn Våge/ Harald Oppedal, Tor Å. Gravdal, John I. Våge Uniformsansv. : Anne Mari Knotten
Materialforvalter : Terje Våge
Noteforvalter : Ola Refseth
Revisorar . John Svarstad, Eli Refvik
Valnemnd : Erling Wåge, Ingunn Kvalheim og Linda Bakke

2. AKTIVITETER
Torskangerpoll musikklag har hatt eit særs aktivt år 2016 og spelt på 17 arran- gement. Vi har hatt ei veldig brei og stabil besetning på alle instrumentgrupper. Vi deltok ikkje på konkurransar. Det har vore to øvingshelgar, ei helg med Lisbeth Helen i januar, og ei helg i haust med Morten Fagerjord som instruktør. Stormfestival og Spaniatur til Calella var var to høgdepunkt som begge krevde mykje førearbeid og var kjekke opplevingar. Vellukka nyttårskonsert med påfølgande årsfest var ein flott nyttårsstart. Isak Søraa og Kaldo Kiis var gjesteartistar på nyttårskonserten. Mykje av konsertprogrammet, som bestod av gladmusikk, blei brukt på andre konsertar utover året. Elles har vi gjennomført dei tradisjonelle aktivitetane i 2016. Sjå punkt 13 i årsmeldinga for meir utfyllande arrangementsreferat.

3. ØKONOMI
Styret har brukt budsjettet aktivt som verktøy for styring av musikklaget sin økonomi i 2016, og det har vore oppdatering på stode kvar månad. Stormfestivalen var det viktigaste arrangementet vi hadde i 2016. Overskot frå Stormfestivalen gjer at vi kan budsjettere med underskot på rekneskapen i driftsåra mellom festivalane. Arrangementet er difor berebjelke i økonomien til musikklaget, slik at vi kan halde oppe det investerings- og aktivitetsnivået vi treng. Påmeldinga til festivalen vart noko lågare enn forventa, men takka vere at

vi klarte å halde utgiftene nede, blei det økonomiske resultatet godt. Nyttårskonserten, basaren og «Heim i haust» gav også gode inntekter og komiteane jobba godt med arrangementa for å få til eit best mogeleg resultat. Dei sosiale arrangementa i korpset har vore sjølvfinansierte i 2016, med unntak av utanlandsturen i oktober der laget gjekk inn med ei lita støtte for å dekke felleskostnader.

4. MEDLEMMER
Det var 35 aktive korpsmedlemmer i 2016: Linda Bakke (13), Laila Karine Kvalheim Berg (16), Tor Åge Gravdal (26), Anne-Mari Knotten (24), Marthe Kvalheim (11), Ingunn Kvalheim (13), Sølvi Loen (20), Kari Mulelid (4), Laila Mykland (15), Terje Nerland (15), Tove Nerland (23), Jonathan Nyborg (9), Inge Nyborg (4), Torill Nyborg (4), Espen Nyborg (4), Harald Oppedal (21), Ola Refseth (15), Eli Refvik (18), John Svarstad (26), Ola Vedvik (8), Johanne Reidun Velle (24), John Inge Våge (35), Lisbeth Helen Våge (33), Asbjørn Øystein Våge (52), Terje Våge (51), Lina Waage (22), Synne Welzien (1), Erling Wåge (45), Petter Lund Wåge (14), Mathias Einar Wåge (5), Johan Einar Wåge (46), Alice Haus Wåge (40), Reidun Øksdal (15), Arne Øvrelid (59), Stine Øvrelid (19). (I parantes står tal aktive år i TPM). Det var 63 betalande VG-abonentar.

5. NOTEUTVAL
Noteutval: Lisbeth Helen Våge, Erling Wåge, Terje Våge og Jonathan Nyborg. Noteutvalet har i 2016 hatt 4 ordinære planleggingsmøter og fleire justeringsmøter på øvingar og i andre samanhengar. Gode erfaringar frå 2016 er å finne publikumsmusikk som kan brukast igjen på fleire konsertar. Isak Søraa har vore ein flott samarbeidspartnar.

6. SAMARBEID MED ANDRE ORGANISASJONAR
Det har og vore samarbeid med Holvik skulekorps om speling 17. mai. TPM samarbeida med «Aktiv Raudeberg» om fredagskonsert under «Heim i haust». Musikklaget har vore representert i Våge oppedal bygdelag sitt styre ved Tove Nerland som overtok etter Alice Wåge. Grupper frå Torskangerpoll Musikklag har stilt opp og spelt under jonsokarrangement og julegrantenning i Vågsvåg. Korpset deltok på julekonserten i kyrkja.

7. REPRESENTASJON
Torskangerpoll musikklag har vore representert på julekonsertmøte ved Johan
Einar Wåge. I styret for Våge-Oppedal bygdelag har Tove Nerland møtt.

8. RAPPORT FRÅ HUSSTYRET FOR GRAVDAL SKULE
I husstyret: Harald Oppedal (Asbjørn Våge), Tor Åge Gravdal og John Inge Våge
Husstyret har sidan september hatt fast møteplan med eit møte pr. månad. I

tillegg har vi hatt møter med konsulentar for å planlegge omlegging av taket på Gravdal. Konsulentane skal også være rådgivere under sjølve arbeidet, som etter planen skal utførast i løpet av april/mai 2017. Husstyret har deltatt på to seminar i regi av prosjektet «Huset i bygda». Gravdal Skule er no inne i databasen for organisasjonseigde kulturhus. Vi har også hatt besøk i Gravdal
frå Fylket med prosjektgruppa for «Skulen vår». I første halvår blei Gravdal
brukt flittig til møtelokale for hovudkomitè og underkomitèar for Stormfestivalen. Det har også blitt holdt møter for Vågsøy Historielag med m.a. historievandring. Husstyret for Gravdal synes det er svært positivt at korpset brukar lokalet og at vi viser for bygdefolket at det er aktivitet i bygget. Økonomien til Gravdalgruppa er solid. Vi har hatt gode inntekter på utleie av bord og den årlige summen frå Kvalheim Kraft/Zephyr er kjærkomne midlar. Desse inntektene gjer at vi kan holde bygget i forsvarleg stand og utføre nødvendig vedlikehald. Dei største utgiftene i 2016 har vært betaling av strømforbruk. Det har blitt jobba mykje med å hente inn anbud på vedlikehaldsarbeidet vi planlegg å gjennomføre i 2017 og å sende inn søknadar for å få midler til reparasjon av tak, fasade og vinduer. Gode anbud har vært viktig for å kunne sende godt dokumenterte søknadar, og vi har brukt mange timar på å få tingene på plass. Vi sendte i desember søknad om støtte til Kulturminnefondet og Stiftelsen UNI. Vi håpar at arbeidet bærer frukter, slik at vi får tildelt prosjektmidlar i 2017. Det er viktig å stå på og være uthaldande i arbeidet med å skaffe midlar til Gravdal, og vi håpar at dette arbeidet kan fortsette i 2017. På grunn frostskade på vannrør, blei det på dugnaden i mai gjort reparasjonar for å skifte ut rør som var sprukket. Brønnen har hatt lav fyllingsgrad gjennom sommaren og det har vært utfordringar med å få godt nok trykk i ledningen. Vi holder brønnen under oppsikt for å sjå om det er oppstått sprekker i brønnen som fører til lekkasje. I mai var det dugnad i Torskangerpoll
før Stormfestivalen. Taket og veggane i Gravdal blei då malt og vi skifta takrenne over inngangspartiet til kjellaren. I november og desember hadde husstyret ryddedugnad i Gravdal. Vi rydda lageret i kjellar og kjørte på bosset gamle møblar og diverse. Vi rydda og på loftet for å få plass til diverse som var blitt lagra i skulestova. Husstyret håpar alle hjelper til å holde lageret på loftet
ryddig. Gravdal skule er nokonlunde i god stand, men husstyret planlegg å legge om taket i april/mai 2017.

9. REFERAT INFORMASJON/ VG
Informasjonsansvarleg: Erling
Vredens Gnag og nettsida «torskangerpoll.no» blir brukt for å nå ut til
medlemmer, støttespelarar og andre med informasjon. Nettsida blir oppdatert med jamne mellomrom og når det skjer noko. VG har gått til rundt 120 mottakarar i 2016, aktive og passive medlemmer og viktige sponsorar og

støttespelarar. Bladet kjem ut ein gong i månaden utanom sommaren. I år er det 24. året at bladet kjem ut. I snitt er det 11 utgåver i året. Ved utgangen av
2016 har det altså kome ut 253 nummer av dette bladet. Bladet har både
historikk, aktuelle saker, aktivitetsplanar, hjernetrim, foto og humor. Trykking og distribusjon lokalt blir sponsa. Kostnadane med bladet er porto til dei som blir postsendt. Det betalar korpset.
Det er sendt ut foto og pressemeldingar og laga programhefter og plakatar i samband med arrangement som korpset har hatt. Det vart laga ein del info, brosjyrar, stormguide med meeir i forkant og til stormfestivalen i 2016. I 2016 vart det laga to rollups med Kannestein-logo som vi skal bruke til å promotere korpset når vi opptrer og er på reise. Rollupsane vart designa lokalt og sponsa. Styret brukar for det meste e-post når det gjeld kjapp informasjon og beskjedar. Korpset har også ei gruppeside på Facebook under namnet Laja?

10. Status instrument/ utstyr
Materialforvalter: Terje Våge
Det har ikkje vore gjort innkjøp av nye instrument i 2016. Vi har for tida ein
ganske bra instrumentpark. Vi har kjøpt ny ess-tuba som vil komme på regnskapen for 2017.Det er kjøptvrekvesittar som mutar, stativ og stikker etc. til slagverk og andre instrumentgrupper. Skadesaka med Norwegian, ang. tubakasse på turen til Spania er ikkje ferdigstilt. Instrument på lager er
minimalt. eit par kornetter av eldre årgang og eit horn pluss ein eldre
euphonium.

11. Status notearkiv
Noteforvalter: Ola Refseth
Status på notearkiv. System og lagring er uendret det siste året. 939 titler totalt i arkivet per 31.12.2016. Nye titler som er arkivert siste året (Ikke alt dette er kjøpt inn i 2016): Valero, Mack the knife, Bring back that Leroy Brown, Thunderball, New York New York, In the bleak midwinter, Processional for an occasion, , Ankan och Hackspetten, Jubilant – march, Elvis Rocks! The irish blessing, The Sanford & Son theme, Kings glory, Champagne Galop, Nordnorsk julesalme, Sex bomb, My way, Eg veit i himmerik ei borg (castle in the sky), Dog days, Birdland, The show must go on, How high the moon, The cream of clapton, A Nightingale sang in Berkely square, Them basses, Elvis in concert, Coast guards, The Debutante, Can`t help falling in love, Suril, suril, The Ashokan farewell, Let me be there, Also spracht Zaratustra, In the Ghetto, CC Rider, Burning Love, Always on my mind. Oppdatert arkivliste er tilgjengelig online for

de som vil kikke, men det krever enn så lenge en «google» bruker. Tilgang fås ved å kontakte arkivansvarlig.
12. Status uniformer
Uniformforvalter: Anne Mari Knotten
Vi har fått nye piquetskjorter sponsa av Stadyard på Raudeberg.

13. ARRANGEMENTSREFERAT 2016:
Referata er skrivne av Reidunn, Laila B og Johan. Målføre er soleis blanding av nynorsk, bokmål og dialekt. Det har styret godkjent.
Øvingshelg laurdag 9. og søndag 10. januar med eigen dirigent på Skavøypoll skule. Nyttårskonsertprogrammet blei pussa på. Isak Søraa og Kaldo Kiis var tilstades.
Nyttårskonsert laurdag 16. januar med gjesteartistene Isak Søraa og Kaldo Kiis.
Rigging til storbandoppstilling, lyssetting, lydprøver, pynting og generalprøve ble gjort fredag kveld ilag med lydmann Arvid Sætren. Fremmøte laurdag kl
15.15 for oppvarming og fotografering. Konsertstart kl 17.00. Salen er fint
pyntet med lykter og lyspynta tre. Podier, stoler og notestativ svarte. Damene er kledd i svart med brystpynt i en skarp farge., herrene i svart dress med hvit skjorte og kulørt tvers-over.
Repertoar: Sir Duke (korps), Night and day (Mathias, korps), Strangers in the
night (Isak, korps), Mack the knife (Isak, korps), Sex Bomb (Isak, korps), Bring
back that Leroy Brown (korps). How great thou art (Isak, Erling), Georgia on my mind (Ola, korps), Cute (korps), Thunderball (Isak, korps), New York, New York (Isak, korps), Aks av gull (Laila, Erling), I remember Clifford (Kaldo, korps), My way (Isak, korps), Delilah (Isak, korps), - Ekstranr: It dont mean a Thing (korps) Asbjørn var konferansier og introduserte nummerene ca. annenhver melodi. Laila sang utrolig flott. Det samme Isak. Flott spilt av Ola og Kaldo. Konserten varte en time og 25 min. Antall solgte billetter var 264, noe som er svært bra. Tilbakemelding fra publikum var mange og udelt positive.
Årsfest laurdag 16. januar etter konserten var det opprydding og klar for
nyttårsfest som denne gang ble avviklet på Måløy stadion. Der var både Isak og
Kaldo med kone invitert. Marte og Terje var festkomité og hadde ikke knyttet
til seg andre. Dette hadde ført til at det blei mye jobb på de to. Alle var flinke til
å være aktive med servering og rydding utover kvelden. Det ble servert kjøttsuppe som Inger og Rune hadde laget. Den smakte som utrolig godt. Mange kaker og kaffi etterpå. Lisbeth overasket med egen sang som hun fremførte der hun hadde fått frem hver og en av oss. Kjempe artig. Karane i laja hadde som vanlig et knallinnslag som varte og rakk, med god humor hele tiden. Husmødrene i laja hadde improvisert noe der Eli loset oss gjennom på en måte bare hun kan - kjekt. Johan og Reidunn delte ut litt forsinket 50-årsgaver til

Ingunn og Inge. Georg Jensen lysestaker og tinnkrus. De ble sagt mange fine ord om samhold og inkludering i korpset. Isak fikk også mye skryt. Det var en kjekk fest med en kjekk gjeng som ble avsluttet ca kl 02.15 da det meste var opp ryddet. Vi er en fin gjeng som har et mangfold av kreativitet og evner. Treskifestival laurdag 20. februar i Stryn. Erling tok initiativ til dette arrangementet (han har kontakter rundt omkring alle vegar dinnja karen).
Johan frakta oss i buss tidleg på laurdagen slik at vi fekk dagen i Stryn. Veret var litt fuktig og litt kaldt utover dagen men Stryningane gjekk på treski i vadmel og på tillaga snøløyper som Johan prøvde å forsere med bussen….Om kvelden spelte vi i teltet med utdrag frå nyttårskonserten. Isak var sjølvsagt med og gjorde stor suksess. Vi fekk gode tilbakemeldingar. Arvid Sætren var med for å halde styr på lyden. Repertoar: Sir Duke (korps), Georgia on my mind: kornettsolo med Ola (korps), Strangers in the night (Isak, korps), Mack the knife (Isak, korps), It dont mean a ting (korps), The rose (Laila Korps), Bring back that Leroy Brown (korps), Thunderball (Isak, korps), New York, New York (Isak, korps), Sex Bomb (Isak, korps), My way (Isak, korps), Delilah (Isak, korps) og til slutt Burning love (Isak, korps). Etter konserten var dei fleste av oss på Stryn vertshus der Isak og Erling sjarmerte og underheldt med song og piano til stor glede for dei fleste (det var teikn til litt sjalusidrama, med det var ikkje noko å bry seg med). Ved midnatt vende vi nasa ut mot hava igjen samde om at vi hadde ein kjekke dag og kveld ilag.
Marsjering tysdag 10. mai i Måløy. Vi gjekk gate 2 til Arne og Åsta si leiligheit
der vi spelte ein marsj og Norge i rødt hvitt og blått.
Tysdag 17. mai: Morgenprosesjon i gråver og småregn med buss frå Oppedal til
Grendahuset i Vågsvåg kl 07.30. Jarl Torskangerpoll køyrde med sponsa buss frå
Firda billag. Vi spelte på desse stadane: Nord-Oppedal (Avanti og Ja vi elsker), Sør-Oppedal (Gud signe vårt dyre og Offiser of the day), Myrestrand (Ja vi elsker og Norge i rødt hvitt og blått), Oddbjørgsvingen (Fagert er landet og Å eg veit meg eit land), Færestrand (National emblem) og Grendahuset (Ja vi elsker og Alpen). Regnet gav seg etter kvart og etterpå fekk vi deilig frukost m/blautkake på Grendahuset. Komiteen og sjåføren blei takka etter vi hadde sunge fleirstremt for maten. Barnetog i Måløy kl 10.00 frå Spiralen, nord Gate 1, opp
til Telehuset, nord Gate 2, ned Verlobakken til sjøgata og sør til Torget. Torskangerpoll musikklag var her ganske fulltallig med William som vikar på skarptromme. Børre Halsen bar fana, med Katrin Halsen og Siv Oldeide på dusker. Vi spelte The New Colonial March, The Contentibles og Norge i rødt
hvitt og blått (forbi leiligheita til Arne og Åsta Torskangerpoll). Holvik skulekorps
gjekk rett bak Torskangerpoll i toget og vi spelte og ilag med Holvik på deira marsjar. Veret var skya og opphald. Folketog i Holvik kl 12.30 ilag med Holvik skulekorps i denne ruta: Skulen, Oldeide, Furetoppen, Skulen. Folketog i

Vågsvåg kl 15.00 Frå Vågsberget til Grendahuset ilag med Holvik skulekorps. Brukte kun Holvikmarsjar i begge desse opptoga. Minikonsert i Vågsvåg kl 16.00 der vi spelte Gud signe vårt dyre fedreland, Norge i Rødt hvitt og blått, Offiser of the day, The New Colonial march og Fagert er landet. Det var ikkje flaggborg. Dugnad laurdag 21. mai i Torskangerpoll for å klargjere til Stormfestival. Frammøtet var godt og det blei jobba på Gravdal med utvendig vedlikehald av takrenner, maling, støvsuging på loftet og og fiksing av vassrør som frosten hadde sprengt i vinter. Ved Vikabu blei det jobba med slått, drenering, tillaging av konsertplass og planlegging. Nokre av dei som ikkje deltok på dugnaden gjorde anna førebuingsarbeid til Stormfestivalen. Kl 12.00 var det sosialt samver med sveler, bakst og kaffi rundt tre langbord på Gravdalplassen. Veret var kjempefint og bordverset blei fleirstemmig framført.
Storbriefing søndag 29. mai på Holvik skule frå kl. 18.00 til stormfestival der
opplegget blei gjennomgått med alle involverte funksjonærar/ medhjelparar. Festivalprogram, mat, underhaldning og anna logistikk var bestemt i minste detalj. Etter fellesmøtet var det eit lite oppsummeringsmøte for kvar av komiteane.
Den 9. Stormfestivalen fredag 3. til søndag 5. juni. I over eit år har
planlegginga pågått med hovedkomitemøter kvar månad og underkomitemøter imellom. Erling var hovedkomiteleiar og hadde med seg Reidunn, Eli, Tor Åge, Asbjørn, Lisbeth og Johan.Søndag før festivalen var det storbriefing på Holvik skule der opplegget blei gjennomgått med alle involverte funksjonærar/ medhjelparar. Festivalprogram, mat, underhaldning og anna logistikk var bestemt i minste detalj og vi fekk heile 12 korps og eit kor på besøk: Øystese Musikklag, Ålvik Musikklag, Kjølsdalen Musikklag, Frei Hornmusikk, Kvam Musikkforening, Ytre Nordfjord Brass, Valestrand Musikklag, Batnfjord Musikklag, Lillehammer Janitsjar, Heidal Musikkforening, Manger Musikklag og Fløkoret.
Fredag var det «Bli kjendt kveld» i Samfunnshallen med Stroganofgryte og
underhaldning. TPM med Erling i spissen song velkomstsang og heldt
korpspresentasjon, hatteleiken m.m. Det var karaoke og dans. Trubadur Bjørn Aurstad var i storslag. Også spontaninnslag.Korpsleiartreff med info, dialog og spørsmål i kafeteriaen. Slutt kl 01.00. Laurdag starta med kostymeopptog i Måløy i strålande ver der korpsa verkeleg hadde lagt seg i selen og laga flotte kostymer. Fellesnummeret «Entrada Festiva» blei framført på torget dirigert av mangerdirigent Rune Hannisdal. Stykket var komponert av Idar Torskangerpoll. På torget var det helsingar frå Vågsøy kommune ved Olav Horn i kulturutvalet,og frå TPM ved leiar Johan. Lisbeth Helen var «speaker». Etter opninga var det torgkonsert med Manger musikklag og dei andre orkestera
spelte rundt i Måløy. Kl 14.00 var det klart for rorbufest der Torskangerpoll viste

seg frå si beste side. Stormsuppe og tørrsild på Vikabu, stormstafett, innslag ved
Fløkoret og Batnfjord på Sigrids plass, spontaninnslag, redningsskøyte og mobbåt gjorde festen vellukka. Ein person datt på Vikabu og måtte på legesjekk. Erling og Asbjørn var programleiarar. Kl 20.00 opna dørene i s. hallen til Mangerkonsert, havets festbord, underhaldning og dans. Maten var super med påfylgjande kaffi og digert kakebord. Kareoke også denne kvelden. Vassverkgutane spelte til dans og vi slutta av kl 01.30. Søndag var det frulunch med Isakkonsert: Sir Duke, Georgia, Sex bomb, My way, CC Rider, Delilah. Deretter var det takk og farvel til alle. Erling leia frulunchprogrammet. Etter ei kortpause var det opprydding som alle deltok på og var unnagjort på nokre få timar. Vi var lukkeleg slitne og kunne slappe av i sola resten av dagen med god samvittigheit. Johan har på youtube lagt ut tre filmsnuttar frå festivalen som er å finne på waagefilm.
Sommarspel ferien 2016 Etter initiativ frå John Inge fekk alle som ville tilbod om å delta på sommarspel i Gravdal kvar tysdag i korpsferien. Det blei spelt andre stykker enn i korpset, ganske lette og overkommelege. Ulike folk kom kvar gong. Siste gongen blei organist Kaldo Kiis og fruen invitterte med på
avskjedskonsert og det sette dei stor pris på. Dei som var på sommarspel synest
det var kjekt og greitt.
Sesongstart tysdag 16. august på frelsesarmeen med generalprøve for
trebåtfestivalen i Ulsteinvik.
Trebåtfestival 19. august i Ulsteinvik. Vår kjære leiar Johan losa oss trygt både
fram og tilbake som så mange gonger før. Isak var med og vi hadde same repertoar som i Stryn på Treskifestival. Vi hadde og med Arvid Sætren på lyd. Det var mykje folk som høyrde på og vi fekk gode tilbakemeldingar også denne gongen. Mat var å få kjøpt på «alle» hjørner og taimat var populært etter spelinga. Litt å leske strupen med var og å få kjøpt inne i teltet. Vi kom heim utpå natta vel nøgde med turen og innsatsen. Repertoar: Sir Duke (korps), Georgia on my mind: kornettsolo med Ola (korps), Strangers in the night (Isak, korps), Mack the knife (Isak, korps), It dont mean a ting (korps), The rose (Laila. Korps), Bring back that Leroy Brown (korps), Thunderball (Isak, korps), New York, New York (Isak, korps), Sex Bomb (Isak, korps), My way (Isak, korps), Delilah (Isak, korps) og til slutt Burning love (Isak, korps).
Årsmøte, ekstraordinært tirsdag 30. August val av husstyre til Gravdal:
Desse blei valde: Tor Åge Gravdal (for 2 år fram til årsmøtet 2018), Harald Oppedal (fram til årsmøtet 2017), John Inge Våge var ikkje på val. Øvingshelg fredag 2. til søndag 4. september med Morten Fagerjord som
instruktør og vi øvde fredag kl 20.00 – 21.30, laurdag kl 10.00 – 15.15 og søndag kl 10.30 – 15.15. Vi heldt til på Skavøypoll skule og hadde fellesøving heile tida. Vi øvde på stykka: O.R.B. (Charles Anderson), Memory (Webber), The Music of

the Night (Webber), Over the Rainbow (Harburg), Luringen (Førde), Seventy six trombones (Willson), Love changes everything (Webber), I dreamed a Dream (Schønberg), Take that look of your face (Webber), Bunch O’ Bones (Fote), Valero (Swearingen). Søndag kl 14.45 holdt vi oppsummering og minikonsert: Valero (Swearingen), Bunch O’ Bones (Fote), I dreamed a Dream (Schønberg), Take that look of your face (Webber), Seventy six trombones (Willson). Det var mykje kremting, hosting og halsplager hos enkelte. Ei kjekk og lærerik helg I regnveret.
Spaniatur til Callella laurdag 8. til søndag 16. oktober med komité Anne Mari, Asbjørn, Johanne og Stine. Så var endelig dagen komt og vi skulle på langtur, heilt til Spania. Johan kjøyrde oss i buss heile natta frå Måløy til Gardermoen der vi kom fram grytidlig søndag morgon, sjekka inn, satte oss på flyet og såg
fram til nokre kjekke dagar i lag i varmare strok. Vi kom oss vel fram på hotellet,
dessverre utan Harald si basstrombone…..(heldigvis tok vårt eminente reisebyrå i Måløy affære og fekk sendt trombona frå Oslo, der hadde den nok fortsatt vore hadde det ikkje vore for Bennett). Vi sjekka inn på hotellet kl.
13.30, sjekka ut tilhøva og satte oss ut på terassen og jossa litt i lag. Mandag
hadde vi til fri disposisjon, og hadde det vore litt varmare så hadde nok fleire
nytta dagen på stranda og i sjøn. Dei barskaste av oss hoppa likevel i havet. Nokre av damene var meir glad i shopping og reiste til Barcelona. Vi andre tok livet med ro utan piano men med 2 rullestolar. Vi spiste lunsj ein god gjeng i lagog åt alt frå stekte mandlar, pølse og brød til salat og hamburger, brød med laks….mette vart vi, Harald? …..tvilsomt. Kvelden gjekk med til litt jossing, allsang og forsiktig drikking på stamstaden.
Tysdag var det busstur til La Rocca village – mange flotte og dyre butikkar for
dei med feite lommebøker. Det var kanskje ikkje så grådig mange handleposar
å sjå i bussen etter runda. Tilbake på hotellet var det utekonsert med div. korps
og band. Vi spelte Sir duke, Bring back that Leroy.., Cute, Hey look me over og Avanti. På kyrkeplassen litt bort i gata i Callella litt seinare på dag var og fleire korps i sving som avløyste kvarandre, deriblant eit korps frå Trondheim samt eit anna norsk korps. Flinke var både dei og vi. Isak var tilskodar også på denne konserten. Stakkaren sleit med lungebetennelse og var ikkje i god form dessverre. Vi spelte: Offiser of the day, En natt forbi, Buster strikes back, Fagert er landet, Bunch o'Bones, To a wild rose, Cute, It don't mean a thing og Hey
look me over m/sang. Onsdag etter frukost tok Tor Åge initiativ til volleyballspeling på sandstranda til stor glede for mange av oss. Vi starta med 4 på kvart lag og enda opp med 8 på kvart lag, til og med den eldste i laja deltok og på ingen måte dårlegare enn dei fleste av oss hine. Vi hadde ei grådig kjekke stund og det såg ut som tilskodarene hadde god underhaldning. Om kvelden skulle korpset endelig få spele i det store teltet som var ein passe spasertur

langs strandpromenaden (men langt for dei med tunge instrument, og taxi vart rekvirert). Kvelden kom, likeså regnet….so mykje regn på ein gong har vi aldri
el. sjeldan sett!!!! Det tromma slek i telttaket at det ikkje gjekk å høyre mykje
anna. Av naturlege årsaker, var det svært lite folk i teltet så vi spelte med Isak som solist med eit par andre norske korps som publikum. Regnet hadde heldigvis roa seg mykje då vi entra sena. Og publikum let vel over konserten vår. Vi spelte: Sir Duke, En natt forbi, Mack the Knife, Strangers in the night, It don't mean a thing, Bunch O'bones, Cute, Thunderball, New York, Sex Bomb, My way, Burning love, Delilah.
Neste dag, torsdag var det tur til Barcelona med italiensk guide som hadde
budd i Norge i nokre år. Ho fortalde mykje interessant om Sagrada de Familia. Vi vart kjøyrt rundt Barcelona og hadde ei flott utsikt over Barcelona frå Sants Montjuic. Det vart litt tid til lunsj og shopping for dei som ville det.
Om kvelden feira vi Eli som fyller 50 år i midten av oktober. Ho vart kledd opp i sin «finaste» stas og tok på seg favorittparykken. Laja dikta song til Hey look me over, noko vi visste at Eli ville setje umåteleg stor pris på. Eli holdt tale, Isak song, Laila song, nåken gret og nåken lo. Utpå kvelden troppa vi opp på ein restuarant og hadde ei kjekke stund med god mat og god drikke.
Fredagen hadde vi til fri disposisjon. Nåken shoppa, nåken gjekk tur i fint turterreng, nåken benytta fineveret til soling. D.v.s då vi vel hadde installert oss og betalt for solsengane, kom vinden og tok oss….brrr. Heldigvis hadde Tor Åge volleybalen klar så vi fekk varme oss på litt turnering. Mykje løye speling og mykje lått.
Om kvelden skulle vi ha ny konsert i storteltet. Vi ankom eit fullsatt telt med
svært så høg stemning….EIN PROSIT EIN PROSIT…..folk dansa og hadde mykje
moro i fine festivalkostymer. Vi var sist ute med underhaldninga, sånn ca ved middnatt. Isak var så klar som han kunne bli, og vi gjorde ein svært så flott prestasjon og Isak song heilt fantastisk. Ein imponerande prestasjon med tanke på kor sjuk han var. Det var nokre som spurde om vi hadde spelt inn plate….det tok vi som eit godt teikn. Repertoaret denne kvelden var: Cute, New York, My way, Sex bomb, It don’t mean a thing, Buster strikes back, Bunch o'Bones, Also spracht Zaratustra, CC rider, In the Ghetto, Always on my mind, Let me be
there, Can't help falling in love, Burning love, Delila. Glade og nøgde gjekk turen tilbake til hotellet og i baren for dei fleste av oss (sjølv om vi skulle reise tidleg neste dag… jaja, ikkje før 09.30). Litt feiring i baren var jo på sin plass.
Turen heim gjekk fint for dei fleste av oss. Isak var fortsatt ikkje frisk og Erling
vart sjuk. Bussturen heim gjekk under tilnamnet Sjukehusbussen. Så mykje
hosting og gryling på tur har vi ikkje høyrt makan til. Johan fekk oss trygt heim sånn ca kl. 03 natt til søndag. Vi har hatt ein utruleg flott tur med mange fine opplevingar….ditta kunne freiste til reprise ein gong!

Heim i haust fredag 21. oktober med Komité Reidunn, Tove, John Inge, Erling. Antrekk på konserten: blå nye piketskjorter og dongeri på begge avdelingane. (Vi sparer skjørta /skjerfa til damene til eit anna høve, og avgjerda er avklara med sponsor). Program fyrste avdeling: Sir duke, En natt forbi (Laila solist), Cute, To a wild rose, Bring back that Leroy Brown. Pause: Kaffi og loddsal. Andre avdeling: Bunch o` bones, Georgia on my mind (Ola Solist), Buster
strikes, Can`t help falling in love (Terje sang), Hey look me over, It don`t mean a thing. Reserve: Strangers in the night.
Den nye kulturstova på Raudeberg er enno ikkje ferdig. Konserten vart difor halde til i garasja som var fint pynta. Vi såg fram til å framføre same showet som vi hadde ilag med Isak i Spania. Dessverre vart Isak stemmelaus og Erling
var fortsatt sjuk. Erling fekk ordna vikar og Helge Blålid steppa inn og gjorde ein
solid jobb. Komiteen gjorde ein god jobb ilag med noteutvalget og dirigent for å
sy i hop eit repertoar som kunne brukast. Eli gjorde ein flott jobb som konferansier. Solister: Terje Våge på song, Ola på kornett og Laila på trombone. Alt i alt trur vi at publikum hadde ei fin konsertoppleving og vi fekk mykje skryt. Storleiken på publikum var om lag som ved tidlegare år men godt mogeleg at om Isak hadde vore med, hadde talet vore høgre. Vi spelte i to avdelingar med ei kaffi/kake og loddsalgpause mellom. Fleire i korpset vann fine gevinstar. Eit lite minus var manglande lydanlegg. Terje fekk mikrofon men utan monitor, så hverken han eller korpset høyde han synge, men dei sa det var flott sang.
Basar søndag 23. oktober med komite Ingunn, John, Marte, Espen, Ola V og
Alice. Kl 16.00 var alt klart for årets basar på grendahuset I Vågsvåg. Sidan grendahuset er utleigd til barnehage var Vågsberget blitt foreslått som basarstad, men komiteen valde å halde basaren denne gongen kun i gymnastikksalen. Litt trangt blei det. Vi hadde loddsal, åresal, aftentrekningar og bevertning. Smørbrød var kutta ut til fordel for pastasalat. Gode kaker var det rikeleg av. Vi brukte eingongs-koppar, bestikk og fat. Treårar. Det kom bra med folk og vi måtte sette opp ekstra bord. Holvik skulekorps underheldt med fem melodiar. Dei fekk pølser og brus etterpå. Torskangerpoll spelte: Offiser of the day, To a wild rose, Bunch o bones, Georgia on my mind og Hey look me over. Vi mottok mange flotte gevinstar, m.a. sjølvhekla duk av Hjørdis Færestrand, som er over 90 år og ein fast basargjengar. Til slutt på basaren blei loddbøkene med mange fine gevinstar trekte. Basaren var slutt kl 19.00 og det tok ikkje meir enn ein time og rydde opp.
Øvingsfest tysdag 25. oktober, Eli 50 år. På sjølvaste 50 årsdagen til Eli kom ho
og Dag på øvinga og laga kalas i pausa. Fleire kaker og godsaker. Det blei song,
gåve og tale med mykje lått og løye. Johan overrekte to lysestakar med gravering frå korpset.

Julegranopning søndag 27. november i Vågsvåg. Veret tillot speling ute men det var smått med snø. Laja spelte nokre juletoner til gang rundt treet. Etterpå var det minikonsert og forfriskninger å få kjøpt innandørs.
Julespel tysdag 13. desember i Måløy kl 17.00. Vi spelte i gata ved Bekka, vinmonopolet, Lagerutsalget, Hansen og Dysvik og til slutt på Måløy brygge. Raude nisseluer på alle så nær som to. Deretter generalprøve på julekonserten i kyrkja.
julekonsert søndag 18. desember I sør-Vågsøy kyrkje. Arrangør var Sweet
Spirit. TPM åpna konserten med Trygve Hoff si julevise «Et lys mot mørketida». Asbjørn Våge gjorde ein flott solo. Deretter spelte vi «Silent Night» med solo rundt omkring dei forskjellige gruppene. Mathias gjorde ein flott jobb på slagverk og kirkeklokkespel. Vi fekk gode tilbakemeldingar på framføringane.
Alt i alt ein fin og variert konsert. Vi spelte som lag nr. 1 på. Korpset hadde god
besetning og var heldige med framføringa i ei fullsatt kyrkje. NRK var tilstades og gjorde opptak til serien «Klart eg kan». Andakt ved og kollekt til frelsesarmeen. Det var ein våt og grå kveld.
Gravferd til Arne Torskangerpoll fredag 30. desember. Speling i kyrkja i
gravferda til Arne Torskangerpoll, som døde på Kulatoppen natt til andre
juledag 85 år gammal. Torskangerpoll musikklag spelte frå galleriet. «O store Gud» og «Bred dina vida vingar», begge melodiane arrangert av Arne. Johan la krans på båra og holdt ei minnetale om den kjære gamledirigenten for Torskangerpoll musikklag gjennom 50 år. T il slutt spelte musikklaget «Deilig er jorden» ilag med kyrkjeorgelet. Korpset stod æresvakt i kyrkja når kista blei bora ut. Fleire av musikkarane deltok og ved minnestunda på frelsesarmeen etter gravferda.

13. Takk frå styret
Styret vil rette stor takk til alle medlemmer for positiv haldning og godt frammøte på øvingar og arrangement. Vi takkar og dirigenten vår, Lisbeth Helen Våge for god innsats og positivt samarbeid. Takk til alle som har tatt på seg tillitsverv i musikklaget og trått til for at hjula skal gå mest mulig knirkefritt. Takk til Lina som har stilt som dirigent når Lisbeth ikkje har vore der. Takk til Erling som har laga VG og stilt sanganlegg til rådevelde, og til Terje som har kome heilt frå Svelgen på øving, og Asbjørn som sørger for godt lys på arrangementa.
Vi vil i årsmeldinga takke bedrifter og enkeltpersonar som har støtta Torskangerpoll musikklag økonomisk , og alle personar som har møtt fram på arrangementa våre i 2016. Lisbeth, Åsta og Arne mottok julehelsingar.


Helsing Styret i Torskangerpoll musikklag.
Johanne Velle – Terje Våge – Laila Berg – Tor Åge Gravdal – Johan Einar Wåge.