Dette skriv Fjordenes Tixdende:

Hyller kvinnene på Rockefeller

Ane Barmen og Ragnhild Torvanger Solberg frå Vågsøy og Bremanger skal hylle kvinnene med konsert på Rockefeller laurdag.

Ane Barmen (22) frå Vågsøy og Ragnhild Torvanger Solberg (21) frå Bremanger skal i morgon stå på ei av dei mest kjente scenene i Norge for å hylle kvinnelege artistar og låtskrivarar.
Og det skjer på kvinnedagen, 8 mars.
Dei to nordfjordjentene studerer musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. I faget musikkformidling har dei vore ein del av ei gruppe som har arbeidd med å sette opp ein konsert.
- Gruppa mi bestemte seg for å lage ein konsert der vi hyllar kvinnelege artistar og låtskrivarar i populærmusikken. Vi bestemte oss for å ville gjere noko i samband med kvinnedagen 8. mars, seier Ane som kjem frå Vågsvåg i Vågsøy.
- Vi kontakta Kvinnefronten, som er med på å arrangere Ladyfest i Oslo. Det føregår heile fram til 8. mars. Dei har fokus på kvinner i kunst, litteratur og musikk, og det det blir arrangert forskjellige konsertar og kulturarrangement heile veka, fortel Barmen.
- Dei var interesserte i konserten vår, og har altså ordna oss spelejobb på 8. mars-festen på hovudscena på Rockefeller laurdag. Dette er ei scene som er brukt av mange kjende artistar til store konsertar. Det blir kjempespanande, seier Barmen.
Ho fortel at det er mange artistar som skal opptre, og at dei skal varme opp for ein passe kjend norsk artist.
- Kven det er skal vere ei overrasking laurdag, så eg kan ikkje seie kven det er, fortel ho.
Bandet som dei har starta heiter PMS, som er ei forkorting for Pene Menneske Spelar. Det består av folk frå klassa til Barmen og Solberg.
- Vi spelar musikk av artistar som Aretha Franklin, Tina Turner, Lisa Ekdahl, Patti Smith og Christna Aguilera. Konserten skal opne med 'Respect' av A. Franklin, og vi håpar med denne konserten å rette fokus mot alle dei flotte og talentfulle kvinnene i musikken og gje dei den merksemda dei fortener, seier Barmen.