Fylte Elvis-teltet og fekk trampeklapp

Det var fullt i underhaldningsteltet då Torskangerpoll Musikklag og Isak Elvis Søraa hadde konsert under Elvis-festivalen i Måløy første helga i august.

Og konserten sat som ei kule. Alt fungerte og publikum kvitterte med ståande trampeklapp.
Laurdag måtte Isak ta seg ei pause for å berge det som var igjen av stemme.

Torskangerpoll Musikklag spelte likevel i gata på ein semitrailer under paraden.

Og stemninga var veldig bra, både i korpset og i gata.

Dette var moro.