Fekk taket i Elvis-teltet til å løfte seg

Fredag 10. august var Torskangerpoll Musikklag med på Elvisfestivalen med konsert i teltet i Måløy.

Vi spelte saman med det profesjonelle Elvis-bandet og fremst på scena stod fleire av dei tilreisande Elvis-artistane og serverte Elvis-svisker. Det var fullt telt og stor stemning, og Torskangerpoll Musikklag fekk mykje skryt både av artistar og publikum. - Det var kjempeartig å vere med på dette, seier dirigent Lisbeth Våge. Onsdag kveld var det øving i Samfunnshallen, og fredag var det altså fullt trøkk i over ein time i Elvis-teltet i Måløy.