Storslått opningsfest

Det vart ein flott opningsfest av Gravdal Skule laurdag 12. juni.

Det gamle skulhuset er blitt eit flott museum. Dugnadsgjengen, med Harald Oppedal i spissen, fortener stor honnør for å ha sett i stand huset, og laga ei unik samling. Johan Sandvik, son av tidlegare lærar i Gravdal skule, stod for sjølve opninga.

Det blir meir glimt frå opninga i VG. Bilda er tekne av Johan Wåge.

   
   
 
   

 


Dette var førehandsomtalen

Gamle Gravdal skule blir bygdehus

Laurdag 12. juni er det opning
Så har Torskangerpoll Musikklag rusta opp gamle Gravdal skule og laga kulturhistoriske samlingar for bygdene Vågsvåg, Torskangerpoll, Færestrand og Oppedal. 12.juni opnar dei huset som er meint å skulle få fleire funksjonar i bygdene.

Program for opning:

Lørdag 12. juni:
Kl. 13.45: Torskangerpoll Musikklag marsjerer frå Skaret og til Gravdal
Kl. 14.00: Samling i skulestova.
Musikkgruppe frå TML
Velkomsttale
Offisiell åpning
Prolog
Fiolinmusikk
Helsingar
Musikkgruppe frå TML
Bevertning for deltakarar i åpningsseremonien
Fra kl. 1600 blir det åpent hus KAFE`.

Søndag 13.juni:
Åpent hus fra kl 1200 til 1800. KAFE`



– Målet er å samle og formidle historia frå bygdene. Huset skal innehalde historia til Torskangerpoll Musikklag, lag og foreiningsdrift, gardsdrift, daglegliv, fiskeri og skule, fortel Asbjørn Våge i Torskangerpoll Musikklag. Det er musikklaget som har teke initiativet til å samle historia på denne måten og blåse nytt liv i huset.
– I mange år fungerte Gravdal skule som grendahus for bygdene i vestre krins. Det var ofte møter, basarar, juletrefestar og andre sosiale hendingar i huset. Musikklaget, som eigar av huset, har heile vegen lagt ned mykje dugnad for å halde huset i stand, og som har vore eit godt grunnlag for opprustinga i høve dei historiske samlingane som no vert stilt ut her. Vi ønskjer og at huset igjen blir eit samlingspunkt, og ikkje berre eit hus som stiller ut gamle gjenstandar. Tanken er at det skal bli eit levande grenda- og kulturhus, der unge og gamle brukar huset, ein skal kunne leige det til møter og ulike arrangement. Vi håpar og at huset skal kome til nytte att for skuleverket, som forhåpentleg kan bruke huset i historie og kulturundervisning, seier Våge.

Eldsjeler

Å få i stand den gamle skulen krev sjølvsagt ein monnaleg frivillig innsats.
– Torskangerpoll Musikklag står bak, men som det ofte plar vere er det nokre eldsjeler som har lagt grunnlaget og største innsatsen i dugnaden. Harald Oppedal, ein av veteranane i korpset fekk ideen alt i 2006. Forprosjektet starta i 2007. Harald saman med Rune Færestrand har gjort svært mykje arbeid med innsamling av gjenstandar, registrering samt restaurering av bilete og tekst. I tillegg til at det har vore betydeleg innsats frå fleire andre lagsmedlemmar, fortel Våge.
– Kvifor har de lagt så mykje arbeid ned i eit gamalt skulehus?
– Dei fleste som har vore med har sjølve gått på skule i bygget, er medlemmer i musikklaget, og har vakse opp med miljøet omkring dette huset. Huset er på ein måte litt av ein sjølv, og difor ønskjer vi å vidareføre historia til nye generasjonar, og skape ny aktivitet i huset, slår han fast.

Gamle og nye venner

Den offisielle opninga vert laurdag 12. Juni kl. 14.00.
– Alle dei gamle, nolevande elevane frå skulen er invitert. Mange har diverre gått bort dei siste åra, men vi har motteke gledelege meldingar frå fleire, også langvegs frå, som gler seg mykje til å kome attende for eit attersyn med fortida si. Gjester frå det offentlege, og kjærkomne sponsorar er også inviterte til rikhaldig program av musikk, taler, helsingar og god mat, forklarar Våge, som også ønskjer at ålmenta skal få glede av huset. – Vi freistar få eit samarbeid med turistinformasjonen så folk kan kome og oppleve utstillingane, og vi vil prøve å halde ope så mykje vi kan med dei ressursane vi har til rådigheit. Betjeninga av huset blir mykje basert på dugnad. Det er og planlagt undervisningsmateriell skular og barnehagar kan bruke ved besøk i huset, fortel han.

Ei historie om fisk

Torskangerpoll har frå gamalt av ord på seg for å være eit av dei beste fiskeværa på Vestlandet.
– Det har vel med beliggenheita å gjere, forklarar Våge. – Pollen ligg fint til inne mellom fjella med storhavet rett utanfor, og godt innsig av fisk og sild i dei gode åra. Det var ikkje mange fastbuande i Torskangerpollen, på det meste rundt 20 familiar. Når fiskesesongane nærma seg kom tilreisande fiskarar i hundretal, på det meste omkring 500, som budde på fiskebuene og havstovene. Nokre var og leigebuarar hos dei fastbuande. Fleire av buene og havstovene er borte i dag, men det står framleis mange att. Historia til Torskangerpollen skriv seg langt attende. Sannsynlegvis har det vore godt fiske og busetnad heilt attende til 15– 1600-talet. Dei eldste bygselbrev ein kjenner til er frå siste halvdel av 1700-talet. Men det er sannsynleg at busetnaden er eldre.

Fiskeri

Dei fastbuande har livnæra seg på fiske og litt jordbruk på det nesten utilgjengelege fjellterrenget.
– Husdyrhaldet gav dei kjøt, mjølk og andre slike produkt, som ein treng. Med mennene på fiske mykje av året var det naturleg for heimeverande kvinner å søkje saman for å høyre nytt frå fiskeriet og drøse om daglegdagse ting. Difor blomstra det eit rikt lags- og foreiningsliv i bygdene, som sveisa dei saman og vart ein sosial reiskap for å klare den tøffe kvardagen det ofte var. Ikkje sjeldan kom den triste bodskapen om at ein fiskar hadde omkomme på havet, då var det viktig, og vanleg, at ein stilte opp for kvarandre og hjelpte til der det var naudsynt, seier Våge.
Skulen kom etter kvart til, og tente i 51 år som lærestad for dei unge i bygdene i Vestre Krins.
– Før den tid hadde ein omgangsskule, med lærarar som gjekk frå bygd til bygd for å halde skule daglegstover i eit av husa i bygda. Gravdal Skule vart bygd i 1907, som skule for Våge krins, men etter kvart også for Torskangerpoll, Færestrand og Oppedal. Skulen var i drift til 1958, då var Våge/Oppedal Skule i Vågsvåg reist og tok over, fortel han.

For full musikk

Torskangerpoll Musikklag kom nokre år etter skulen, men vart ein flittig brukar.
– Laget vart skipa i 1920, av nokre karar frå Torskangerpoll og Færestrand som hadde snakka ei stund om å få i stand eit musikkorps. Dei samla sju karar og starta opp, problemet var å få tak i instrument. Dyrt var det og, så dei bestemte seg for å låne pengar til instrument. Det var ikkje vanleg å låne til slikt i dei dagar, så dei var forut si tid. Alle sto som garantistar for lånet, dermed kunne dei investere 1.600 kroner i instrument. For å betale tilbake lånet stilte bygdefolket opp og skipa til basarar, korgafestar, teater og gav private tilskot. Øvingslokale fekk dei på loftet på skulen, der dei sat i ring på golvet med spyttebakken i midten. Ein kan jo berre tenke seg korleis instrumenta såg ut innvendig etter ei stund, humrar Våge. – Etter som medlemstalet vaks vart loftet for lite, og kjellaren vart teken i bruk. Då skulen flytta overtok musikklaget huset frå kommunen for 1 krone, og flytta opp i hovudetasjen. I dei siste åra har korpset vakse ut av huset, og difor har ein måtte flytte øvingane til Frelsesarmeen sine lokale til Måløy, seier Våge.

Positiv tilvekst

Vi vonar at det arbeidet som er lagt ned i dette huset og desse samlingane, vil tilføre livet i bygdene våre noko nytt og positivt. Bygdene er i ferd med å verte avfolka, og alt som kan bidra til at noko kjem attende er etter vår meining svært positivt, avsluttar Våge.