Jubileumskafè i Gravdal

20. november:
Dette arrangementet var eit ledd i høve feiringa av TPM’s 90-års jubileum. Dette skulle vise seg å bli ein koseleg jubileumskafè med tilbakeblikk på TPM si historie og skulen si historie.
Komitèen møtte i ”gamleskulen” klokka 14.30 for tillaging og klargjering av kafèen. Det viste seg at fleire i komitèen ikkje kunne møte av ulike grunnar, så panikken kom som eit skot frå klar himmel. Men etter kvart som vi fekk organisert oss gjekk det ganske effektivt og hurtig føre seg. Mesterkokken, Eli tok ansvaret i kjellaren utan å blunke. Ho sette i gang traktaren og sveletakka og lot sleiva gå. John Inge og Johan rigga til Kafèen, bord og stolar og videoutstyr. Etter kvart kom eit par andre i komitèen til unnsetning og hjalp til med pynting og klargjering. Fyrste steikja vart i overkant svart, men smakarane lot seg ikkje lure av fargen, det smakte fortreffeleg.
Klokka passerte 16.00 og dei fyrste gjestane kom. Rune og Audun Færestrand var dei to fyrste innom døra. Dei fekk smake på svelene og kaffien. Fyrste klasses sveler var ein av kommentarane frå ein av gjestane. Jau, Eli har godt håndlag med svelene. Fleire gjestar kom litt etter litt, hovudtyngda av den eldre garde i bygdene omkring. Johan hadde redigert ein film for anledninga, ”Torskangerpoll Musikklag før år 2000”. Denne vart satt på kl. 17.00 og varte i ca. 40 minutter. Denne viste litt i frå korpset sine turar og arrangement frå dei tidlegare tidene. Gamle bilete og filsnuttar som Johan hadde tatt opp gjennom årene. Dette vart ei fin reise med mange gode minner gjennom tidlegare år frå korpset si historie.
Det kom stadig fleire gjestar , og vi måtte rigge til ekstra bord og stolar for at alle skulle få plass. No var det tid for song og musikk. 8 utvalgte songar frå den gamle skulesongboka til Mads Berg skulle vi prøve å synge oss gjennom. Harald Oppedal på trøorgel frå 1920 talet og Johan som forsanger. Harald hadde lagt i hardtrening 14 dagar i strekk på førehand med trøsykkel heime, for å klare å halde ut trakking i 8 songar utan stopp. Det er jammen ikkje lett å trø og spele orgel samtidig, men Harald meistra dette utmerket.
Etter songen var det tid for eit kåseri ved ein tidlegare elev på skulen, Inge Sandvik. Dette hadde han kalla, ”Musikk og daglegliv gjennom 90 år”, og fortalde om ulike akter frå korpset den tida han var aktiv medlem. Han hadde mange gode og artige historiar, og smilet og latteren frå dei frammøtte kom fram.
Eit lotteri hadde pågått under heile arrangementet, og vi slutta av med å trekkje vinnarane. Juleskinke og fenalår var nokre av gevinstane. Alt overskuddet frå dette arrangementet gjekk uavkorta til det vidare arbeidet med Gravdal skule. Etter trekkinga var folk fornøgde og gjekk heim kvar for seg. No stod det igjen bare ryddinga. Som vanleg i regi av musikklaget gjekk dette fort og effektivt føre seg. Komitèen var og no meir enn fordobla i forhold til tidlegare. Tilbakemeldingane frå gjestane var gode og alle hadde hatt ei triveleg og minneverdig stund. Dette er eit arrangement som vi burde tenke på å gjenta fleire gongar og kanskje gjere det til eit fast arrangement i framtida. Det var god gammeldags stemning i skulen denne kvelden….