Spelar på Heim i haust
Fredag 16. oktober, to dagar før basaren, så skal Torskangerpoll Musikklag spele og underhalde på heim i haust i Samfunnshuset på Raudeberg.

Set av denne kvelden til eit fint opplegg med spennande underhaldning.
Det blir konsert med lett populærmusikk. Og ikkje minst blir det fleire sangsolistar denne gongen frå eigne rekker.
Gro Haugen frå Raudeberg skal vere gjesteartist, og det blir veldig bra.
Det er gratis å komme inn. Det blir seldt kaffi kaker, øl og vin.
Raudeberg Aktiv, som arrangerer Heim i haust, skal ha eit lotteri.