Fortalde om dramatisk bombing under krigen

Audun Færestrand var 18 år då han vart treft under eit flyangrep på Hendanes fyr. Han hugsar det som det var i dag.


– Eg kjem aldri til å gløyme det, seier Audun Færestrand, som gjennom heile livet har hatt med seg den sterke opplevinga av å kome under flyangrep på Hendanes fyr.
Historia fekk dei som kom på 100-årsmarkeringa til fyret på Gravdal skule høyre om.
Splintane frå granatane har han gått med i 70 år, og den som står i ryggen har gjort han vondt, men kan ikkje opererast ut. Bilda er tekne av Sir Kolseth i Fjordenes Tidende og Johan Wåge.
Harald Oppedal og Gravdalgruppa var primus motor for markeringa.