Glimt frå avsluttninga i Husevåg

Vi avslutta vårsesongen med grill- og speletur til Husevåg tysdag 19. juni. Vi reiste ein god gjeng med småbåtar. I Husevåg grilla vi og kosa oss, og spelte fleire konsertar, nokre korte og nokre litt lengre ulike stadar i bygda. Terje Nerland fekk forseinka 50-års gåve. På tur heim vart vi møtt av det enorme cruiseskipet Ventura som hadde høyrt rykte om konserten. Dei vart for seine, men fekk seg ein liten konsert midtfjords då terje spelte nasjonalsongen.