Tenning av julegrana ved Grendahuset

Søndag 28. november:
For mange er tenning av julegrana fyrste ledd i feiringa av jula.

Søndag 28. november kl. 17 stilte vi oss opp utanfor Grendahuset i desembermørket og leita fram juletonar heftet. Vi hadde kledd oss i varme klede, både under og over. Nissehue som standard haudeplagg og varme hanskar. Mange av bygdefolket hadde møtt opp og dei flokka seg rundt juletreet. Treet vart tent og vi spelte ”Du grønne glitrande tre goddag”, etterfulgt av ”Glade jul”, ”O jul med din glede”, ”Et barn er født og ”Deilig er jorden”. Det vart ei av dei kaldaste julegrantenningar på fleire år, og vi hadde ein 3-4 tilfeller der instrumenta fraus til is (to tuba, ei trombone og eit althorn). Etter ei kald og god økt gjekk vi inn i grendahuset. Der var det varmt og godt og vi fekk tint opp fingrar og instrument. Vi spelte ei lita avdeling, der ”Det kimer nå”, ”Eg er så glad hver julekveld”, ”Her kommer dine arme små” og ”Deilig er den himmel blå vart spelt. Etterpå var det servering av gløgg, kaffe, småkaker, sveler og brus. Det var også eit lite loddsal. Vi kosa oss, prata og heldt varmen før vi slutta av med trekking av loddsalet og gjekk heim.

Det var bygdelaget som arrangerte julegrantenninga og som hadde ordna med juletre.

John Inge Våge