Juletrefest på gamlemåten

Fredag i romjula var det liv og røre i Gravdal skule då det var juletrefest. Og alt vart gjort på gamlemåten med ekte grantre, god gamal julepynt, song, musikk og underhaldning.
I kjellaren var det også pynta og borda var dekka med dei tradisjonelle gode smørbrøda. julebrød, lefser, kringler og nytrekt kaffi.