Skal arrangere meisterskap for vaksenkorps

Laurdag 27. oktober skal Torskangerpoll Musikklag arrangere Nordvesten i Samfunnshallen på Tennebø.

Dette er eit meisterskap for vaksenkorps i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Torskangerpoll Musikklag har vore vertskap for dette arrangementet fleire gonger tidlegare, og har såleis god erfaring med å vere arrangør. Dette er ein underhaldningskonkurranse der kvart korps skal framføre eit program på maks 20 minutt. Korpsa kan melde seg på i ulike divisjonar i brass og janitsjar. To dommarar skal vurdere innsatsen og dele ut poengsummar. Konkurransen føregår på dagtid denne laurdagen, og alle som vil kan komme å høyre på mykje flott musikk. Om kvelden blir det eit arrangement for dei som deltek på konkurransen. Har du lyst til å hjelpe til før, under og etter konkurransen så set vi pris på det. ta då kontakt med nokon i korpset.

 

Les om meisterskapen i 2011