Holvik skulekorps til topps
Holvik Skulekorps vann brassklassen i klasse 1 for skulekorps under Tomra Ørskog Festivalen laurdag der det deltok fire korps.


Holvik Skulekorps, dirigert av Roar Ståle Vedvik, spelte Månemannen og Diogenes, og fekk 93 poeng som var høgste poengsummen i konkurransen av samtlege skulekorps.

Holvik skulekorps fekk også pris for beste norske stykke under konkurransen og for beste konkurransestykket av alle skulekorpsa som deltok.
- Vi er kjempefornøgde. Nivået på mange som var med var høgt. Musikantane frå Holvik gjorde ein svært god jobb, og kan trygt kalle seg Nordvestmeistrar, seier ein glad dirigent Roar Ståle Vedvik.
I Holvik var det feiring med is og brus då dei kom tilbake søndag ettermiddag. Holvik stilte også med to ensemblegrupper i konkurransen og dei fekk 3. og 4.-plass.

Sjekk resultatlista korps

Sjekk resultatlista ensemble

Sjekk resultatlista genrasjon og amatørkorps