Glimt frå nyttårskonserten 2. januar 2010:

Alle foto: stormfotografen Hans Ole Færetsrand.  
   

Dette skreiv Fjordenes Tidende etter konserten:

Jubilant sjarmerte og imponerte
Torskangerpoll Musikklag imponerte og sjarmerte då dei laurdag starta året med ein feiande flott jubileumskonsert med Viltkoret som gjester.

Hans Ole Færestrand

Det var både latter, humør og mange fine prestasjonar då Torskangerpoll Musikklag starta det nye året med konsert i Samfunnshallen andre nyttårsdag.
For Torskangerpoll Musikklag har det vorte tradisjon å arrangere nyttårskonsert, og laurdag var det sjuande året med slik konsert.
I år hadde korpset fått med seg Viltkoret som gjestekor.
Koret frå Deknepollen hadde ei avdeling midt i konserten der dei serverte smakebitar frå konserten ”Blanda Drops” som dei skal ha i Samfunnshallen 23. januar i år.
Koret imponerte med godt driv under sin dirigent, Frode Helgestad.
Torskangerpoll Musikklag har medlemmer frå heile kommunen. I år er det 90 år sidan nokre fiskarar i Torskangerpoll starta korpset.
- Første året var det ti medlemmer i korpset, og for 10 instrument betalte dei 1.600 kroner den gongen. I jubileumsåret har korpset rundt 40 medlemmer. Berre ein tuba kostar rundt 50.000 kroner i dag, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
Det vart ein flott konsert der korpset viste mange kvalitetar, alt frå gjøgleri og humor til speleglede og kvalitet.
Konserten starta med eit historisk tilbakeblikk frå starten av korpset som vart starta for å spreie glede og musikk.
Dei 250 i salen fekk også høyre det krevjande stykket som korpset skal delta i NM for brassband i Bergen om ein månad.
Sjølv om ikkje alt var på plass, så følte vi at vi kunne framføre dette på vår eigen konsert, fortel Wåge.
Han seier korpset skal bruke tida fram til NM til å øve på stykket som Eirik Gjerdevik frå Bergen skal dirigere.
Korpset sine dirigentar på jubileumskonserten var Lisbeth Helen Våge og Roar Ståle Vedvik.
Korpset sin tidlegare dirigent i meir enn 50 år, Arne Torskangerpoll vart sett ekstra re på under konserten. Han var ein av mange tidlegare medlemmer i korpset som var på konserten. Arne er son til Isak Torskangerpoll, som var med å starte korpset i 1920.
Vågsøy Kommune med leiar i oppvekst- og kulturutvalet, Jan E. Holvik, gratulerte jubilanten, og delte ut blomster. Blomster fekk korpset også frå Viltkoret og Måløy Musikklag.
Det vart ein flott konsert, og publikum kvitterte med å reise seg å synge bursdagssongen for korpset.

Last ned artikkel i Fjordenes Tidende


Dette stod på nettsida før konserten2. januar 2010:

Jubilerer med nyttårskonsert

Laurdag 2. januar, altså andre nyttårsdag 2010 (2. nyttårsdag), blir det stor jubileumskonsert i Samfunnshallen.
Årets konsert blir starten på markering av jubileumsåret 2010.

Dermed held Torskangerpoll Musikklag liv i tradisjonen, som har vore i snart ti år, med nyttårskonsert første laurdagen i det nye året.
- Håpar dette kan vere ein fin måte å starte det nye året på, og at folk møter opp til tradisjonen med nyttårskonsert like fulltalige som tidlegare år, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Wåge, seier det blir ein lett konsert med litt tilbakeblikk, men først av alt at vi skal vise spelegleda vi har no, og musikken som er aktuell 90 år etter starten.
Gjestekor i år blir Viltkoret som skal opptre.
Dette kan bli ein flott laurdag.
Wåge vil spesielt oppmode alle som har spelt i korpset tidlegare om å møte opp på konserten.