Humor og hav etter notar

Sjå bilder får konserten

Det er ingen som sovnar når Torskangerpoll Musikklag har drøymekonsertar. Årets Nyttårskonsert vart ein ny fulltreffar.

Torskangerpoll Musikklag er eit brassband som kombinerer høg musikalitet med glimt i auge. Dei får også med seg trufaste musikalske støttespelarar frå den absolutte nasjonale elite og det gong etter gong. Årets Nyttårskonsert i Samfunnshallen laurdag vart eit musikalsk fyrverkeri for nesten fullsett sal.
Eirik Gjerdevik på tuba er ein stor musikar på meir enn ein måte. Ikkje berre er mannen 207 høg, men han spelar tuba på ein måte som nesten ingen andre. Det å oppleve Gjerdevik vere solist med tuba i fiolinstykket Czardas var åleine verdt inngangspengane i Samfunnshallen.
Eirik Gjerdevik har vore fast instruktør for Torskangerpoll Musikklag i meir enn ti år.
Å høyre Anette Marie Lund Torskangerpoll vere solist på trombone er også ei fryd for øyra. I Samfunnshallen var det så vakkert at dirigent Idar Torskangerpoll måtte gje solisten ein kyss.
Torskangerpoll gav beskjed om at dette ikkje var noko han gjorde til vanleg, men når solisten var hans eiga fru så rekna dirigenten med at det heile skulle gå bra, og det gjorde det.
Også Ane Barmen si songframføring av Angel med eige tonefølgje og John Inge Våge som «forvirra» solist i Solo Secondo var øyrefryd.

Todelt
Sjølv om Torskangerpoll Musikklag arrangerer Stormfesival berre kvart tredje år, så tek dei 35 musikantane i musikklaget publikum med storm og det gong etter gong.
Årets todelte Nyttårskonsert ikkje noko unntak.
Den fyrste delen vart avslutta med at Eirik Gjerdevik overtok taktstokken frå Idar Torskangerpoll og dirigerte Torskangerpoll Musikklag i Kaleidoscope, som han også skal gjere under NM for brassband i eigen heimby Bergen neste månad.
Det er nokre år sidan musikklaget sist deltok i NM, men no trør dei til igjen.
Om ikkje dei skulle nå heilt opp i konkurransen, så reknar dei uansett med å komme på pallen når dei beste festdeltakarane skal kårast.

«Ut med havet»
Drøymekonserten «Ut med havet» vart fyrste gong framført utandørs i fjor haust. Konserten er komponert av Idar Torskangerpoll og forfattar Rolf Losnegård har skrive tekst utifrå Torskangerpoll sin musikk.
Både musikk og tekst er dramatisk. Vi får møte eit hardt kvardagsliv frå eige distrikt på 1920-talet, men også dei vare og vakre skildringane av kjærleiken mellom to unge.
Når Oddgeir Bruaset også denne gongen var opplesar så vert framføringa ei perle som funklar ekstra sterkt i det lokale kulturkjede.
Både opplesar, dirigent, sollistar og korpsmusikantar fekk fortent og ståande trampeklapp etter konserten.

Tradisjon

Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge, var strålande fornøgd etter konserten og delte ut både verbale blomar og slike med stilk.
På spørsmål om publikum kan rekne Nyttårskonserten til musikklaget som tradisjon, svarte Wåge:
- I år er det fjerde gongen vi arrangerer Nyttårskonsert og vi er godt fornøgd med å ha fått til det. Etter fire år så kan vi vel kalle konserten for ein tradisjon og så får vi sjå kva det vert til neste år, sa Wåge like etter at dei siste tonane var døydd ut laurdag.
Ein annan som var svært godt fornøgd var dirigent Idar Torskangerpoll.
Torskangerpoll er ein av landet sine mest produktive komponistar for korps, så derfor er det kanskje ikkje så rart at dei ikkje er så veldig spesielt å dirigere musikk han sjølv har skrive.
Det som er spesielt er å gjere det med Torskangerpoll Musikklag som han sjølv har vore medlem i og som onkel Arne i meir enn ein mannsalder var dirigent for.
- Eg er utruleg fornøgd med konserten. Det å kome hit å få jobbe med Torskangerpoll Musikklag og å få jobbe med eit korps der eg sjølv kjem ifrå er både stort og det er spesielt. At kvaliteten på korpset er utruleg høg er heller ingen bakdel. Om det vert Nyttårskonsert neste år og eg vert spurt om å delta så er dei godt mogeleg at eg seier ja til den jobben, sa Idar Torskangerpoll.
- Vel blåst, seier eg.