Helledussen kor det svinga

Sjå bilder frå konserten

Den sjuande nyttåtrskonserten laurdag 3. januar vart nok ein suksess. Dette er det Fjordenes Tidende skreiv etter konserten:

"Torskangerpoll Musikklag inviterte for sjuande gong til nyttårskonsert i Samfunnshallen, som bydde på svingande musikk og høg showfaktor.

I forkant hadde dei lova ein variert nyttårskonsert som det skulle svinge av, og Torskangerpoll Musikklag leverte varene til det fulle.

Programmet bydde på kjende og ukjende melodiar, der ein mellom anna fekk høyre stykket som musikklaget skal delta med i NM i februar, «Music for a Festival».
For å lette på stemninga, hadde dei krydra somme av innslaga med festlege kostyme, og latteren sat laust blant dei 220 publikuma som hadde blitt lokka ut av godstolen og teke turen til Samfunnshallen denne laurdagskvelden. Det var ikkje berre blåsarar som stod for musikken, og publikum fekk høyre song framført av blant anna Lina Wåge og Ane Barmen.

Naturleg musikalsk
Gjestedirigent og solist var i år igjen Eirik Gjerdevik frå Bergen, som er ein av landets beste tubaistar. Han vart introdusert av Terje Våge som ein dirigent som har det både i kjeften og fingrane, og Gjerdevik svarte med å fortelje salen kor imponert han er over musikaliteten til nordfjordingane.
- Det er utruleg mange musikarar her oppe som «berre» spelar. Eg har på kjensla at her er det meir naturleg. Det einaste eg treng å gjere er å rydde litt, for musikaliteten er her, sa dirigenten under konserten.
Han kom til Vågsøy for første gang i 1996, og det er ikkje tilfeldig at han har kome tilbake år etter år. Dirigenten har rett og slett blitt glad i Torskangerpoll Musikklag.

Genial gjeng
Gjerdevik skildrar musikklaget som ikkje mindre enn geniale.
Dei lagar det vesle ekstra som er så viktig. Du veit, mennesket høyre berre med 30 % og ser med 70 %, seier han.
Og etter publikumsreaksjonane å dømme, hadde konserten ein akkurat passe porsjon med ablegøyer for å lette på stemninga.
Vi gjer dette for å glede folk, samstundes som det gler oss, seier leiar i musikklaget, Johan Einar Wåge.
Han hadde på førehand håpa på 100 betalande, og var kjempe lukkeleg over det gode oppmøtet.
Torskanger Musikklag avslutta konserten med Disney klassikaren «Circle of life» frå Løvenes Konge. Ei flott avslutning på ein flott nyttårskonsert.
"