Feirar nytt år med konsert

Som så mange år tidlegare så feirar Torskangerpoll Musikklag eit nytt år med konsert i Samfunnshallen laurdag 11. januar.

Andre laurdagen i det nye året, laurdag 11. januar, blir det mykje flott musikk i Samfunnshallen på Tennebø. Då arrangerer Torskangerpoll Musikklag sin tradisjonelle nyttårskonsert med stor spennvidd i musikken.
– Her blir det musikk for ein kvar smak, seier korpset sin dirigent i mange år, Lisbeth Helen Våge.
Ho lovar ein fin miks av populærmusikk og tradisjonell nyttårskonsertmusikk.
- Det blir også i år eit variert program med både solistar, god brassbandmusikk, show og godt humør
Ho lovar at publikum får høyre mange dyktige solistar og oppleve mange musikalske kontrastar.
- Vi skal blant anna framføre litt av det programmet som vi hadde med oss på Nordvestmeisterskapen tidligare i haust. Det fikk vi veldig gode kommentarar på frå dommarane, og derfor vil vi vise det fram igjen Vi skal og presentere fleire solistar, både på kornett, euphonium og på andefløyte, fortel Våge.
I den andre avdelinga blir det besøk av diverse, meir eller mindre flygedyktige skapningar, før vi hyller det flotte vêret vi har med Stormy Weather.
- På det stykket har vi Margot Kiis som songsolist. Ho skal og stå for årets pauseinnslag i lag med nokon av sine egne songelevar. Det kan også hende at det dukkar opp nokon gamle travarar med litt moro i pausen. Dei som kjem får sjå...
Torskangerpoll Musikklag tel rundt 30 musikantar som kjem frå heile Vågsøy kommune.
– Vi har brukt denne hausten til å øve inn mot denne konserten. Korpset er i god form, så dette skal bli bra. Nyttårskonserten er vårt store mål denne vinteren, seier Våge.
– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Dette er tiande året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen første helga etter nyttår. Vi kan ikkje tenke oss finare måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
– Vi håpar at folk møter opp til tradisjonen med nyttårskonsert like fulltalige som tidlegare år. Vi skal kvittere med speleglede, seier Wåge.

Her er plakaten

Her kan du lese om nyttårskonserten i januar 2013

Her kan du lese om nyttårskonserten i januar 2012