Nyttårskonsert med storbandsvisker, isak Søraa og Kaldo Kiis

Kryss av laurdag 9. januar 2016. Då blir det stor konsert med Torskangerpoll Musikklag i Nordfjordhallen.
I år er vår lokale helt, Isak Søraa, tilbake. Denne gongen er det utan Elvis-dressen som han hadde stor suksess med sist vi samarbeidde. Denne laurdagskvelden er tema storband og svisker som Isak syng av kjende verdstjerner som Frank Sinatra, Tom Jones, Dean Martin med fleire.
Kaldo Kiis skal også vere med.
Dirigent Lisbeth Våge lovar musikk for ein kvar smak. Du kan kjøpe billett på kommunen sitt servicetorg i Måløy eller på nordfjordhallen.no.

Her kan du lese om nyttårskonserten i 2015