Nyttårskonsert med rekord i salen

340 betalande i salen er rekordsal av billettar på nyttårskonesret.

Programmet til nyttårskonsert TPM 2018

Circle of life
frå filmen Løvenes Konge
Musikk: Elton John
Text: Tim Rice
Arr: Reid Gilje

The Ole devil called love
Av: Allan Roberts and Doris Fisher
Først framført av: Billie Holiday
Arr: Idar Torskangerpoll
Solist: Laila K. Berg

You raise me up
Komponist: Rolf Løvland
Tekst: Brendan Graham
Arr: Ray Farr
Solist: Håkon Kongshaug

The cream of Clapton
Medley av Eric Clapton:
Wonderful tonight, Layla og Tears in heaven
Arr: Ron Sebregts

Fix you
Coldplay
Arr: Idar Torskangerpoll
Solist: Håkon Kongshaug

Music
Av: John Miles
Arr: Philip Sparke

Concierto de Aranguez
Av: Joaquín Rodrigo
Arr: Alan Fernie Category
Solist: Lina Wåge

Something
Av: George Harrison
Arr: Goff Richards
Solist: Isak Søraa

Summertime
Av: George Gershwin
Frå operaen Porgy and Bess.
Solist: Laila K. Berg

Halleluja
Av: Leonard Cohen
Solist: Terje Våge

Mack the Knife
Av: Kurt Weill og Bertolt Brecht
Arr: Reid Gilje
Solist: Isak Søraa

Har du fyr
Av: Ola Bremnes
Arr.: Tore Bruvoll

Klezmer carneval
Av Philip Sparke

Valero


Her er plakaten

Dette vart reportasjen i Fjordenes Tidende


Dette var før konserten:

Feirar nytt år med musikalske svisker


Håkon Kongshaug og Isak Søraa er to av solistane som er med når Torskangerpoll Musikklag feirar nytt år med konsert i Samfunnshallen laurdag.

Som så mange år tidlegare så feirar Torskangerpoll Musikklag eit nytt år med konsert i Samfunnshallen på Tennebø laurdag 13. januar.
I år blir det mange kjende låtar frå pop-historia der dei lokale artistane Isak Søraa og Håkon Kongshaug er gjestesolistar og skal framføre melodiar dei er glade i.
Konserten er kalla for «Bit for Bit», inspirert av eit ikkje ukjent musikkprogram på NRK.
- Det blir ein svært variert meny med mange kjende låtar, både norske og utanlandske. Det blir mykje populærmusikk som både unge og eldre vil kjenne igjen, seier dirigent for korpset, Lisbeth Helen Våge.
I tillegg til dei to gjestesolistane, så har korpset tre eigne solistar som skal i elden. Laila K. Berg, Terje Våge og Lina Wåge skal også vere solistar.
- Eg gler meg til å vise fram korpset til publikum. Vi har mange flinke og stabile musikanter som gjer at det er kjekt å jobbe som dirigent. Det er ein fantastisk gjeng. Og så har vi eit program som eg trur dei fleste vil finne noko dei likar. Det blir flott å vise fram både eigne dyktige solistar og gjestesolistar. Og så har vi no eit par overraskingar på lur. Blir spennande å sjå kva publikum syns om det, seier Våge.
Det blir kjende låtar av mellom anna Elton John, Rolf Løvland, Eric Clapton, Coldplay, Leonard Cohen, Beatles og George Gershwin.
- Vi har brukt hausten og vinteren til å øve fram mot denne konserten som er eit av dei årlege høgdepunkta, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
Han seier at korpset er i god form og er klare for å gje publikum ein flott musikalsk start på året. Korpset tel 35 musikantar frå heile Vågsøy kommune.
Han kan opplyse at førehandssalet av billettar er godt i gang, og Samfunnshallen er i ferd med å fylle seg opp. Og det gleder Wåge.
– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Vi pyntar konsertsalen og oss sjølve og trur det kan bli ein flott ettermiddag. Dette er 14. året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen andre helga i januar. Vi kan ikkje tenke oss finare måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
- Vi har hatt godt besøk på nytttårskonsertane våre, og publikum har skrytt av det dei har fått servert. Derfor så føler vi på eit forventingspress som vi håpar å innfri også denne gongen, seier Wåge.