Torskangerpoll Musikklag er 110 år i 2020

På nyåret i 1920 var det ein kar som heitte Ingvald Færestrand som var veldig musikkinteressert. Lars M. og Alfred R. Færestrand var naboar til Ingvald og dei diskuterte om å starte et musikklag.

Isak Torskangerpoll var minst like interessert. Disse fire fekk med seg Kristoffer Gravdal og Adolf og Anders Seljenes. Desse 7 fiskarane starta Torskangerpoll Musikklag. Dei sju øvde i den vesle skulestova, Gravdal skule i Torskangerpoll der dei sat i ein ring rundt spyttebakken og øvde. Øvingane kunne dei ha når dei ikkje var på sjøen.
Den 4. mars 1920 blei sett som stiftingsdato.

Det blei bestilt instrument og notar som kom til Torskangerpoll tidleg på året i 1920. Då instrumenta blei bestilt bad dei om at det måtte bli sett merkelapp på kvart enkelt instrument for å vite kva som var kva.

Det var litt av ei oppgåve å ta fatt på når ingen hadde kjennskap til instrument og lite kjennskap til notar.

10 instrument og litt noter kosta 1.600 kroner som bygdefolket finansierte med basarar, korgefestar, «teater», og litt eigenandeler.
Ingvald Færestrand var litt notekyndig og spelte orgel så det var naturlig at han blei den første dirigenten i laget.

I mellomtida hadde Isak Torskangerpoll vore i Bergen og hadde spelt i divisjonsmusikken. Han kom heim i 1923 og blei då leiar og dirigent. Etter kvart minka interessa. Nokre flytta, andre gav seg, og i 1930 blei laget lagt ned.

Den 5. juni 1932 var ein heil del interesserte samla i Gravdal skule for å diskutere gjenoppstart av laget. Alle som møtte opp var interessert i å være med. Sidan har korpset vore i full aktivitet.

I år er det 100 år sidan dei sju musikkinteresserte fiskarane starta Torskangerpoll Musikklag. Korpset er veldig aktivt og spelar mange konsertar, og har 35 medlemmer frå heile det som var Vågsøy kommune fram til årsskiftet.

To høgdepunkt i korpset si historie var då korpset vann NM for brass 3. divisjon i 1999 og 4. divisjon i 2008 i Grieghallen i Bergen.

Korpset har arrangert 9. stormfestivalar, den første i 1990. Dette er ein sosial-musikalsk festival der korps frå heile landet har delteke.

8. september 2007 heldt Torskangerpoll Musikklage ein spesiell Drøm-konsert på ein flåte i Torskangerpoll. Musikken var spesialskriven av Idar Torskangerpoll, barnebarnet til Isak som var med å starte korpset og tekst av Rolf Losnegård. NRK-profilen Oddgeir Bruaset var forteljar.

Jubileet skal markerast i heile år, og det blir eit spesielt arrangement i Gravdal skule i Torskangerpoll 1. helga i juni der det heile starta for 100 år sidan.

Ynskjeplata i dag er ein marsj som korpset sin dirigent i 54 år, Arne Torskangerpoll, har laga. Han dirigerte frå 1945 til 1999. Marsjen heiter «Excellentia». Dette er ein av over 600 melodiar som Arne har arrangert eller komponert. Arne var son til Isak Torskangerpoll som var med å starte korpset for hundre år sidan.

Laga av Erling Wåge