Musikk mellom fjella
Torskangerpoll Musikklag har fått realisert ein spektakulær draum. Laurdag 8. september inviterer vi til ein historisk konsert midt på fjorden!

- Tanken er å spele mot naturen – og få svar. Lyden mellom dei bratte fjella i Torskangerpoll i Vågsøy er heilt unik, seier Idar Torskangerpoll.
Han har spesialkomponert eit verk som illustrerer kystkulturen. Det handlar kvardagen for fiskaren på havet, og for kone og barn som venta heime.
- Framsyninga ”Ut med havet” er ein hyllest til kysten, kystfolket, havet og den vakre naturen, seier Torskangerpoll.

Flytande scene
Konserten laurdag 8. september skal gå føre seg under open himmel, på ei svær flytande scene midt ute på fjorden, eit steinkast frå barndomsheimen til komponisten, Idar Torskangerpoll.
Forfattar Rolf Losnegård har laga teksten til framsyninga. TV-kjendis Oddgeir Bruaset skal formidle historia om kystkvinna, fiskaren og naturen. Bruaset er kjent for blant anna TV-serien, ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”, pluss at han har laga fleire bøker om blant anna kystkulturen.
Tubaist Eirik Gjerdevik frå Bergen er solist saman med trombonist Anette Marie Lund Torskangerpoll. Ho er kona til Idar Torskangerpoll.

Startar i skumringa
Torskangerpoll Musikklag, som er vertskorpset, har fått med seg Langhus Brass. Dermed blir dette eit korps på rundt 70 musikarar.
I tillegg til musikarane på scena, så skal det plasserast solistar og musikarar ute i naturen, i fjella rundt omkring i Torskangerpoll.
Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge seier konserten kommande laurdag skal starte i skumringa, og vere ferdig når det er mørkt.
- Vi skal ha stort lydanlegg, og skal krydre framsyninga med lyseffektar og båtar, som blir ein del av det som skal skje.

Småbåtar
Wåge oppmodar alle med fritidsbåtar om å ta turen til Torskangerpoll, og oppleve denne spesielle uteførestillinga frå havet. Redningsselskapet vil ha følgjeteneste rundt Hesten frå Måløy, slik at småbåtar kan få følgje til Torskangerpoll.
- Det er berre å legge seg på fjorden. Publikum på land må plassere seg i naturen. Dei blir vist til dei beste plassane seier Wåge.
Etter konserten blir det rorbufest i Torskangerpoll med grilling, servering og musikk.
- Vêret er det einaste vi ikkje kan styre. Men slik var det og med fiskarane. Dei måtte innrette seg etter forholda slik dei var. Dette er litt av det spektakulære og spennande med opplegget. Folk får kle seg godt, akkurat slik fiskarane gjorde det før, seier Johan einar Wåge

Vann konkurranse
Torskangerpoll Musikklag har vunne ein konkurranse i regi av Norges Musikkorps Forbund og Norsk Tipping. Gjennom et ”DRØM-prosjekt” kan korps over heile landet søkje om støtte inntil 100.000 kroner for å få oppfylt ein draum. Torskangerpoll Musikklag var eitt av tre korps som har fått tildelt konseptet i år. Det var åtti søknader på dette prosjektet.
- Vi tykte ideen om ein utekonsert på fjorden mellom fjella var så spesielt, at dette ville vi satse på. Konserten blir gratis for publikum. Meininga er at Norsk Tripping vil vise at dei støttar kulturlivet, og nye idear, seier kommunikasjonsansvarleg i Noregs Musikkorps Forbund, Stig Ryland.

Er spent
Torskangerpoll Musikklag blei stifta i 1920 av fiskarar. Kystkulturen kjem også til å prege både tekst og musikk. Komponist Idar Torskangerpoll er spent. Det var bestefaren hans som starta Torskangerpoll Musikklag.
- Eg har sett mor mi stå å vente på at dei som var ute på havet skulle komme heim. Eg har sett uroa i augo deira. Fiskarkvinna si rolle har vore sterk i denne kystkulturen. Det var mykje hardt arbeid, og eg har stor respekt for måten dei levde på, seier Idar.
Denne førestellinga/framsyninga har vore ein draum for Idar, og det blir stort å få leie førestellinga/framsyninga like utanfor stovedøra til barndomsheimen sin, seier han.