Radio-orakelet Ane Barmen


Hon Ane har fått seg jobb som kulturreporter i verdas eldste kvinneradio, RadiOrakel i Oslo.
Der lagar ho eitt kulturinnslag i veka for å tipse Oslofolk om kulturarrangement ho syns dei bør få med seg. Arbeidet er på frivillig basis og teke ein del tid, men Ane syns det er ryse kjekt å vere reporter. Nyleg vann ho ein fin diplom og premie for månadens beste innslag på radioen, som handla om bruktmarknader i Oslo.
Ane kan fortelje at premien bestod av ei RadiOrakel-t-skjorte, og ein svært dårleg film, nemleg "High School Musical 2".
Ho såg filmen for ikkje så lenge sida, og vil på ingen måte anbefale han til andre. Totalt bortkasta tid, meiner Ane.
Diplomen var det derimot ingen ting å seie på, og den heng på kjøleskapet i Oslo! (Av: Lina Wåge)