Heidra Torskangerpoll sin mangeårige dirigent



Arne Torskangerpoll har vore dirigent for korpset sidan 1950. Han er sjølvlærd, og arbeider til dagleg som sjarkfiskar i open båt på ope hav utanfor Vågsøy. Han har motteke NMF sitt heidersteikn for dirigentar, samt Vågsøy kommune sin kulturpris for sitt arbeid i korpset. i 2000 fekk han Kongens Fortenestemedalje i sølv. Ordfører Roger B. Silden delte ut denne utmerkinga under Sogn og Fjordane meisterskapen for korps i Samfunnshallen i 1999.

På bildet over er frå avsluttningskonserten til Arne. F.v: Aasta og Arne Torskangerpoll saman med Terje Våge.

Torskangerpoll Musikklag sin mangeårige dirigent heiter Arne Torskangerpoll. Han har dirigert korpset sidan 1950, før dette var det far hans, Isak Torskangerpoll, som var dirigent. Arne har gjennom denne tida bidratt med mange arrangement til korpset, og har på denne måten gjett korpset ein heilt særegen profil. Dette til ein viss fortvilelse for kona hans Aasta, som ofte bare har sett ryggen hans der han sit inntill skrivebordet og skriv notar. For skrive det gjer han, i stort monn, og veldig sirlig og nyaktig skal det også sjå ut. Det fins vel ikkje så mange notehandskrivarar av hans kaliber lenger.Arne er eigentlig klarinettist, og har m.a. spelt i Tromsø Ungdomskorps og i Måløy Musikklag. Arne er fødd i 1931, og har stort sett heile sitt liv budd i Torskangerpollen. Han har vore fiskar i eigen båt mesteparten av denne tida, og driv enno med garn, line, krabbeteiner og pilking i den 29 fots sjarken sin M/B "Tor". For sitt arbeide i Torskangerpoll Musikklag har Arne motteke NMF sitt heidersteikn for dirigentar, samt Vågsøy kommune sin kulturpris. Han har og fått alle dei utmerkingar som Torskangerpoll Musikklag deler ut.

 

Arne Torskangerpoll er død


Ei stor korpslegende er gått bort. Natt til 26. desember 2016 døydde Arne Torskangerpoll på Nordfjord sjukehus.
Han skal gravleggjast fredag 30. desember, og der skal korpset spele
.

Les om korpset si historie her
Arne Torskangerpoll har vore dirigent for korpset sidan 1950. Han er sjølvlærd, og arbeider til dagleg som sjarkfiskar i open båt på ope hav utanfor Vågsøy. Han har motteke NMF sitt heidersteikn for dirigentar, samt Vågsøy kommune sin kulturpris for sitt arbeid i korpset. I 2000 fekk han Kongens Fortenestemedalje i sølv. Ordfører Roger B. Silden delte ut denne utmerkinga under Sogn og Fjordane meisterskapen for korps i Samfunnshallen i 1999.
Torskangerpoll Musikklag sin mangeårige dirigent heiter Arne Torskangerpoll. Han har dirigert korpset sidan 1950, før dette var det far hans, Isak Torskangerpoll, som var dirigent. Arne har gjennom denne tida bidrege med mange arrangement til korpset, og har på denne måten gjett korpset ein heilt særegen profil.
Dette til ein viss fortvilelse for kona hans Aasta, som ofte bare har sett ryggen hans der han sit inntill skrivebordet og skriv notar. For skrive det gjer han, i stort monn, og veldig sirlig og nyaktig skal det også sjå ut. Det fins vel ikkje så mange notehandskrivarar av hans kaliber lenger.
Arne er eigentlig klarinettist, og har m.a. spelt i Forsvarets divisjonsmusikk Nordnorge, og Måløy Musikklag.Arne er fødd i 1931, og har stort sett heile sitt liv budd i Torskangerpollen. Han har vore fiskar i eigen båt mesteparten av denne tida, og driv enno med garn, line, krabbeteiner og pilking i den 29 fots sjarken sin M/B "Tor". For sitt arbeide i Torskangerpoll Musikklag har Arne motteke NMF sitt heidersteikn for dirigentar, samt Vågsøy kommune sin kulturpris. Han har og fått alle dei utmerkingar som Torskangerpoll Musikklag deler ut.
Vi lyser fred over Arne sitt minne.

Her er Johan Wåge sine minneord under gravferda i Sør Vågsøy kyrkje:

Ei stor korpslegende og ein av dei mest markante medlemmene i Torskangerpoll Musikklag, Arne Torskangerpoll, er gått bort. Natt til 26. desember 2016 døydde han.
Han vart gravlagt fredag 30. desember, og der tok korpset farvel og spelte.
Leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Wåge har laga desse minneorda:
"Arne Torskangerpoll sovna, etter ei tids sjukdom, stille inn på sjukeheimen på Kulatoppen natt til andre juledag 2016. Han blei 85 år gammal. Arne blei fødd i Torskangerpoll av foreldra Ida og Isak Torskangerpoll. Han var eldst av fire sysken, Arne, Rigmor, Ivar og Sigrid.
Arne budde heile livet i Keila i Torskangerpoll bortsett frå då han var i militæret på 1950–talet. Yrkeskariera til Arne var fiskeri, dei 30 første åra i heilt open båt. I 1979 kjøpte han båten Tor. Arne var ein flink og aktiv fiskar og godt kjent på fiskefelta utanfor Vågsøy. Arne gifta seg med kona Åsta og det var alltid triveleg å besøke dei to. Arne og Åsta var glade i å reise og dei drog ofte på busstur anten innanlands eller utanlands så lenge helsa holdt. Dei tok masse bilder frå turane som dei var ivrige og fortelje om og å vise til besøkande i heimen.
Arne Torskangerpoll har ein stor del av æra for at Torskangerpoll musikklag nermar seg 100 år. Han tok over som dirigent etter sin far Isak i 1949 og dirigerte Torskangerpoll musikklag i 50 år fram til 1999. Mange av dei som i dag er musikkarar i korpset har spelt under Arne sin taktstokk og hugsar han godt som dirigent i Gravdal skule i Torskangerpoll der korpset hadde øvingane i mange år.
Når Arne var på fiske i sin opne trebåt på havet utanfor Vågsøy visste Åsta at kvar tysdag måtte middagen vere klar tidlegare fordi det var øvingsdag. Om fisket var godt eller dårleg avslutta Arne midt på dagen og reiste til lands for å vere klar til musikkøving om kvelden. Dette skjedde altså over ein periode på 50 år. Ikkje ei øving vart avlyst fordi Arne var på jobb på havet. Arne hadde ikkje løn eller verderlag av for arbeidet han gjorde som dirigent, det ville han ikkje høyre snakk om. Han sørga for at musikklaget alltid hadde god bruksmusikk for alle anledningar ved å komponere og arrangere mykje av musikken som blei spelt. Korpset reiste då som no ein del på stemner, turar og opptredde. Den Arneproduserte musikken som mange gonger blei fremført fekk somregel mykje skryt og ofte trampeklapp.
465 musikkarrangement og 72 komposisjonar blei laga heime på loftet i Keila. Stykka ville han ikkje gje ut til andre korps, dei var kun berekna for Torskangerpoll musikklag.
Noteskrivinga var eit tidkrevande arbeid der Arne laga og skreiv stemmene note for note for kvart enkelt instrument. Han brukte trekkspel for å teste at stemmene passa til kvarandre før han prøvde musikkstykka i korpset. Han brukte heller ikkje kopimaskin.
For sin store musikkinnsats har Arne etter søknad frå Torskangerpoll Musikklag motteke Norges Musikkorps Forbund (NMF) sitt heiderteikn for dirigentar, NMF sin fortenestemedalje, Vågsøy kommune sin kulturpris, og Kongen si fortenestemedalje i sølv. Det var stor stas når han og Åsta var på slottet og mottok kongemedalja, same dag som Frode Tingnes og var på slottet og mottok utmerking.
I 2004 fekk Arne slag. Han mista då taleevna og grunna blei sitjande i rullestol grunna lammelse i eine sida.
Arne var like interessert i musikklaget etter slaget, og fekk Egil til å skysse seg på øvingane så ofte det lot seg gjere. Musikklaget synest det var kjekt, og på øvingane vanka det kaffi, godt humør og mykje kjekk musikk å lytte til. Arne fekk notar og fylgde med på når korpset spelte, og gav signal når han meinte ting var gale og måtte rettast på.
På stormfestivalane dukka Egil og Arne opp for å fylgje med og oppleve. Arne hadde og laga eit eige festivalmusikkstykke som han rett og slett gav navnet «Festivalen».
Minna er mange og gode og vi set stor pris på arbeidet du har lagt ned for ditt hjertebarn Torskangerpoll musikklag. "