På tur i det blå

Andre helga i september var korpset på øvings- og inspirasjonshelg. Det var lagt opp som blåtur. Vi enda opp i Bremanger og Kalvåg. Der øvde vi, spelte konsertar og hadde det veldig kjekt. Vi spelte mellom anna konsert i Berle i strålande sol.
Her fekk vi kake og kaffi med karolina og Rasmus.