Kanonflott vårtur i det blå
Det var 35 spente musikantar som sette seg på bussen. Berre Lina, Ola og NR 49 visste kvar turen skulle gå. Vi enda først opp i eit byggefelt på Sandane, i Leirbrekka.
Her var Reidun utkledd som prinsesse, og hadde engasjert Ivar Solheim og Linda Gangeskar (frå Måløy) til å lage god sommardrikk. I akebakken i byggefeltet møtte mange opp, og i det nydelege veret vart det ein flott konsert.
Så vart vi invitert til eit privathus, der ein sprek 90-åring, Jakob Gimmestad, feira dagen. Han vart rørt av å få eit korps inn i hagen heilt uventa.
Vi budde på campingplassen på Sandane, som ligg idyllisk til innerst i Bukta. Om kvelden var det nydeleg tako og kos medan sola gjekk i havet.
Laurdag starta vi tidleg med øving i Aulaen på Sandane.
Eirik Gjerdevik trimma oss fint, og vi bestemte NM-stykket. Midt på dagen vart det sentrumskonsert i nydeleg sommarvêr.
Vi spelte lett musikk med Lisbeth som dirigent, og Eirik på Tuba. 17.-mai-musikant Geir Skåden var ekstrahjelp på bekken. Han vart ei glimrande bekkenløysing.
Etterpå øvde vi igjen til klokka fem
PÅ veg til campingplassen vart det endå ein hagekonsert på Elvaneset der nokre søskenbarn med etternamnet Hansen hadde treff.
Vi spelte ein minihagekonsert.
Etterpå var det bading og soling på campingplassen.
Så var det fram med grillane, og det vart eit fantastisk måltid. Etterpå fekk vi besøk av fleire triveleg folk frå Gloppen Janitsjar, Geri Skåden og frue, og ikkje minst enny og Steinar, som var saman med oss om kvelden.
Grådig kjekt. Det vart sang, musikk, konkurransar og ei flott stemning i solnedgangen.
Søndag rydda vi opp, før vi for i Aulaen og brukte heile dagen til øving. Eirik gjorde som vanleg ein god jobb, og stemninga var topp.
Takk til blåtur-Lina, Ola og Nr 49, prinsesse-Reidun, janitsjar-Martha (opprinneleg frå Kjølsdaken), janitsjar-gjengen, sjåfør-Johan, grillklubben, tuba-Eirik, punsj-Ivar og Linda, sykkel-Henny og Steinar, Sandane camping-personale, Hansen-familien, bekken-Geir og alle andre i Gloppen og eggsentralen.

Og dagen etter så var Ane B endeleg klar til å ta sangeksamen. Og det vart toppkarakteren B for Barmen. Gratulere.

Blåturgjengen samla