Drømkonsert på Norge Rundt

I kveld, fredag 12. oktober klokka 19.30, blir det innslag frå Torskangerpoll Musikklag sin drømkonsert i Torskangerpoll i NRK-programmet Norge Rundt.

Eit TV-team med reporter Asgeir Reksnes og fotograf følgde førebuingane og gjennomføringa av denne spektakulære konserten på den flytande scena mellom fjella i Torskangerpoll i Vågsøy. Konserten var 8. september.


Idar Torskangerpoll har komponert musikken og Rolf Losnegård har laga historia til ”Ut med havet”. Dette byggjer på kvardagslivet i eit fiskevær på 1920-talet.
Oddgeir Bruaset var forteljar i oppsetjinga.