Draum-reprise på nyttårskonsert

Nokre av dei som reiser langt for å vere med på nyttårsmkonserten.

Torskangerpoll Musikklag sin nyttårskonsert 5. januar blir blant anna nytt møte med draumkonserten, ”Ut med havet”, som var framført i Torskangerpoll tidlegare i haust.

Torskangerpoll Musikklag er i full gang med førebuingane til årets nyttårskonsert i Samfunnshallen. Det har vorte tradisjon at korpset startar det nye året med konsert der publikum kan få smakebitar frå det rikhaldige repertoaret.
Oddgeir Bruaset og dei andre solistane er på plass når Torskangerpoll Musikklag set opp konserten, ”Ut med havet” inne i Samfunnshallen på nyåret.
- Dette blir ei annleis oppleving enn det dei mange fekk ute i Torskangerpoll i haust. Men vi trur dette også kan bli spektakulert og stemningsfylt, seier komponist og dirigent Idar Torskangerpoll.
Han er tilbake i Måløy og skal leie konserten 5. januar 2008. Mesteparten av konserten blir den spesielle historia, ”Ut med havet”.
I tillegg blir det andre smakebitar av populærmusikk med dyktige solistar, pluss at publikum vil få høyre stykket ”Kaleidoscope” som korpset skal delta i Norgesmeisterskapet for brassband i Bergen. Det skjer ein månad etter nyttårskonserten.
- Det er mange som har spurt om den heilt spesielle konserten, ”Ut med havet”, ute i Torskangerpoll i haust blir framført på nytt. No prøver vi oss igjen, sjølv om det blir ei litt anna ramme enn det var mellom fjella og fjorden ute i Torskangerpoll, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.
Dette er ei framstilling av kystkulturen frå tidleg på 1900-talet i ord og tonar. Dette er historia om kystkvinna, fiskaren og naturen. Rolf Losnegård har laga ei sterk historie om livet i og rundt rorbumiljøet i Torskangerpoll.
Oddgeir Bruaset skal vere forteljar. Som solistar blir ein av Noregs beste tubaistar, Eirik Gjerdevik og trombonist Anette Marie Lund Torskangerpoll. Gjerdevik har hatt eit tett samarbeidet med Torskangerpoll Musikklag i mange år, og skal dirigere korpset under NM.
Lund Torskangerpoll er ein mykje brukt solist, og er kona til Idar Torskangerpoll som altså har komponert musikken til denne kysthistoria.
- Når denne oppsetjinga som vi hadde stor suksess med ute, blir sett opp inne i Samfunnshallen, vil vi bruke andre effektar til å forsterke historia. Vi trur dette kan bli flott. Det er eit heiltent korps som gler seg til å gje folk i ytre Nordfjord ein flott musikalsk start på det nye året, seier Idar Torskangerpoll.

 

Dette skreiv Fjordenes Tidende: Under er det bilder frå draumehelga.

Spektakulær draum på fjorden
Laurdag vart draumen til Torskangerpoll Musikklag om ein utekonsert mellom fjella i Torskangerpoll verkeleg, til stor begeistring både blant publikum, deltakarar og sponsorar.

Birgit Vartdal

Sjølv var han også høgt oppe etter den eksperimentelle konserten.
- Dette har vore eit utruleg spennande prosjekt, som har gitt oss mot, og ei god kjensle av at publikum har likt det vi har gitt dei, seier Johan Einar Wåge, leiar i Torskangerpoll Musikklag.
For det var takka vere han at publikum, musikarar og innbyggjarar i den vesle bygda fekk ta del i denne heilt spesielle opplevinga. Det var han som for om lag eitt år sidan, utan at nokon visste om det, sat seg ned og formulerte ein søknad til Norges Musikkorps Forbund (NMF) og Norsk Tipping sitt «DRØM-prosjekt». Gjennom dette prosjektet kan korps over heile landet søkje om støtte til å få oppfylt ein draum. Torskangerpoll Musikklag var eitt av tre korps som fekk tildelt midlar i år.

Overrasking
- I søknaden spelte eg på at dette skulle bli ein konsert for folk som bur her i Torskangerpoll. Eg fortalde om dei spesielle lydforholda som finst her mellom fjella, og skreiv at vi gjerne ville ha med oss Idar Torskangerpoll, som er her ifrå som komponist og dirigent. Først då eg fekk vite at vi var trekte ut som vinnarar av stipendet, sleppte eg bomba for korpset og for Idar, som nesten ikkje trudde at et var sant, fortel Wåge.
Etter kvart vart Wåge sin draum også andre sin. Då konserten var over seint laurdag kveld, og musikarane hadde kome seg til land og under tak i Vikabu, var det klart at det var mange som hadde fått ønskja sine oppfylt. Kanskje særleg dirigenten sjølv, Idar Torskangerpoll, som voks opp berre nokre få åretak frå lekteren der det 70 musikar store orkesteret han dirigerte sat under konserten.

Personleg og nært
- Å dirigere konsertar er jobben min, noko eg kanskje gjer ein gong i veka. Men dette var meir enn jobb for meg, fordi det var så personleg og nært. Det har med at vi spelte musikk som eg veit har stor verdi for mange. Ikkje regna det heller under konserten, så vi hadde verkeleg gode krefter med oss, meinte han.
At det var opplett i regnbygene gjorde nok opplevinga litt hyggjelegare både for musikarar og publikum, men alle hadde kledd seg godt og var budde på de meste. For det heilt spesielle med denne konserten, var at musikken skulle spele på lag med naturen og vêret.

Under open himmel
Konserten gjekk føre seg under open himmel i skyminga. Orkesteret, som var sett saman av musikarar frå Torskangerpoll Musikklag og Langhus Brass, sat på ei flytande scene midt ute på fjorden, medan publikum benka seg i grasbakkane ovanfor. Men musikarar var også plasserte rundt om i naturen. Ein trompetsolo frå fjellsida slo an tonen i starten og fekk svar både frå orkesteret på lekteren og frå ei gruppe musikarar i ein fiskebåt lenger inne i vågen. Då musikken stilna etter første nummer, byrja TV-kjendis Oddgeir Bruaset å fortelje historia om kystkvinna og fiskaren, som forfattar Rolf Losnegårg hadde skrive spesielt for denne framsyninga.

Glede og sorg
Gjennom denne historia vart vi kjende med det dramatiske livet til den fattige fiskaren Olaus Pedersen Avløp, som forelska seg i rikmannsdottera Dorte Abrahamsdotter Drage. Hovudpersonane var oppdikta, men dei dramatiske liva deira har nok mange likskapstrekk med liva til fiskarkoner og fiskarar som har levd i Torskangerpoll i tidlegare generasjonar. Det handla om kampen for levebrødet, frykta for naturkreftene, fiskarkona si uro for han som var ute på havet og fiskaren sitt sakn etter familien heime, om kvardag, fest, sorg, kjærleik, sjalusi og gjensynsglede. Dei ulike stemningane vart understreka av musikken som Idar Torskangerpoll hadde komponert sjølv eller kjende melodiar som han hadde gitt ny innpakning. Etterpå var publikum mektig imponerte.

Imponerte
- Dette var spektakulært og veldig bra. Torskangerpoll er ein fantastisk plass å arrangere ein slik konsert. Historia var veldig gripande og scena og lyssetjinga skikkeleg flott, sa Jan Arne Holm frå Vågsvåg. Det var Liv Angelshaug frå Vedvik samd i. Eg syns det var ein kjempeflott konsert, stemninga og alt var heilt spesielt, sa ho.