Trollsk konsert i skumringa
Kor tid sjølve konserten, “Ut med havet” lørdag 8. september skal starte, er uvisst. Men det er meininga at den skal starte litt før skumringa startar. Det betyr mellom 20.30 og 21.00. Den skal vere ferdig når det er mørkt. Konserten varer i om lag 45 minutt.

Om venting og lengting
"Ut med havet" er ei skildring i musikk og forteljing om livet i og rundt dette fiskeværet i tidlegare tider. Folk levde av jordbruk og fiske. Far måtte på sjøen i all slags vêr for å tene til livets opphald, og mor hadde ansvar for heim og barn. I tillegg til at ho hadde ansvar for alt i heimen, tenkte ho på mannen som var ute på det lunefulle havet.
- Dette har vore ein stor draum, seier komponist Idar Torskangerpoll.
Han er fødd og oppvaksen i Torskangerpoll. Og det spesielle er at konserten skal skje berre nokre åretak frå barndomsheimen.

Forteljar
TV-kjendis Oddgeir Bruaset skal vere forteljar, og skal skildre sorg og glede, kvardag og fest, latter og tårer.
Forfattar Rolf Losnegård har laga teksten til forteljinga.
Det er leigd inn profesjonelt firma frå Bergen som stiller med lyd- og lysutstyr som skal vere med å gjere dette til ei heilt spesiell oppleving.

70 musikarar
Dette er Torskangerpoll Musikklag sitt draumeprosjekt. Heile opplegget er finansiert av Norsk Tipping, og det er grunnen til at sjølve konserten er gratis for alle som vil.
Noregs Musikkorps Forbund er medarrangør, og har lagt til rette for det tekniske.
Langhus Brass frå Ski, korpset som Idar Torskangerpoll dirigerer, skal vere med på opplegget slik at det blir rundt 70 musikarar. Dei skal vere i Torskangerpoll heile helga, og gler seg stort seierNina Andersen i Langhus.

Solistar
Tubaist og mangeårig gjestedirigent for Torskangerpoll Musikklag, Eirik Gjerdevik skal vere solist på tuba. Han er profesjonell musikar, og er tilsett i divisjonsmusikken Vestlandet.
Han er mykje brukt solist, og har vore med å vunne mange prisar med elitekorps i Norge. Han har og gjeve ut eiga plate.
Den andre solisten er kona til Idar Torskangerpoll, Anette Marie Lund Torskangerpoll. Ho er trombonist og har bakgrunn frå fleire toppkorps i Norge.
Ho er utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt, og driv no med etterutdanning ved Norges musikkhøgskole. Ho har vunne solistprisar, og er mykje brukt solist i tillegg til å vere korpsdirigent og instruktør.

Lekter blir scene
Ein stor lekter på 30 gonger ni meter skal vere scene. Den blir plassert vest for Keila rundt 50 meter frå land på Færestrand-sida. Det meste av konserten skal gå føre seg herifrå. Men det blir også tonar og lyd frå naturen og frå sjøen.
Publikum blir oppmoda til å plassere seg i naturen, på vegen eller nedanfor vegen som går til Færestrand. Området som er best for publikum er i området frå barndomsheimen til Idar og Arne Torskangerpoll, og utover mot Færestrand.
Då får dei rorbuene i Torskangerpoll som ein del av bakgrunnen.
- Det blir ikkje benker. Folk må difor sette seg der dei ynskjer i naturen, og det kan vere lurt å kle seg og innordne seg deretter, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.

Pub og grillmat
Det blir pub med sal av grillmat og andre forfriskingar både før og etter konserten på Vikabu. Det heile startar klokka 19.00. Bygdelaget skal stå for organisering og sal. Tanken er at folk som vil høyre konserten skal kunne kose seg både før og etter konserten.
Det blir partytelt utanfor Vikabu, og bord og benker inne.
Vi har fått innvilga skjenkeløyve, så det er berre å ta med seg vener og kjende til ein heilaften i Torskangerpoll.

Trafikkregulering
Det blir ikkje muleg å køyre til og frå Torskangerpoll etter klokka 19.00. Dette er kvelden for dei som vil gå. Vi slepp gjennom berre nødvendig trafikk, og bilar med handikappa.
Det blir sett opp minibuss som vil gå mellom Vågsvåg og Torskangerpoll.
Besøkjande som kjem landevegen må parkere i Vågsvåg, og spasere over til Torskangerpoll. I Vågsvåg blir det parkeringsvakter, og folk må sette frå seg bilane anten på skulen eller på Skaret.

Båteskorte
Redningsselskapet vil organisere eskorteteneste frå Måløy klokka 18.30 rundt Hesten og til Torskangerpoll. Folk med småbåtar blir oppmoda til å ta turen til Torskangerpoll og oppleve denne heilt spesielle konserten som skal vere på ein stor flåte ute på fjorden.