Heldt konsert i turisteldorado

Første helga i september var Torskangerpoll Musikklag på inspirasjons og konsert-tur. Basen vart ein flott campingplass i Geiranger.
Laurdagen heldt vi utekonsert i strålande sol og med mykje folk i Geiranger sentrum.
Søndag var det god stemning under konserten i Stryn sentrum. Det vart ein flott tur og korpset fekk mykje skryt.
Hamnesjefen i Geiranger spanderte is og i Stryn fekk vi nydeleg lunch. Medlemmene betalte turen sjølve.