Ferdig med stordugnad - Gravdal har fått nytt tak

Onsdag 29. mai vart siste taksteinen lagt på Gravdal skule.

Det skjedde to månader etter at stordugnaden starta.

Det er arbeidd 1.200 dugnadstimar og det er lagt 3.360 takstein på skulen. Så no er bygget tett og kan stå i mange år. Imponerande jobb gjort av frivillege. Søndag 5. mai var dugnadsgjengen samla for å markere det nye taket.


No skal det bli nytt tak - håpar du kan bli med på dugnad
Gruppa som arbeider med Gravdal skule planlegg ein stor dugnad i april/mai der taket på Gravdal skule, som er i dårleg forfatning skal skiftast.

Det blir fleire dugnadsdagar og kveldar, og John Inge Våge i gravdalgruppa seier dei håpar på å få med hjelparar til dugnaden.

Datoane for dugnader er ikkje sett opp. Dette er sjølvsagt vêravhengig, og dei som organiserer er opptekne at arbeidet kan skje på ein trygg og god måte. Gruppa har fått økonomisk støtte til prosjektet.
Kontakt John Inge, 90543504, om du vil hjelpe til med å fikse dette flotte bygget.

Gravdal 100-år

Storslått opningsfest

Jubileumskafè i Gravdal

Juletrefest på gamlemåten