Spelte på gudsteneste i det fri

Søndag 23. august var det gudsteneste i det fri på historisk grunn i hagen på Vågsberget i Vågsøy.

- Dette er ein fantastisk katedral, sa sokneprest i Vågsøy, Audun Rasmussen og såg mot den store blå himmelen.

Rundt 40 personar møtte opp, og fekk ei flott stund i det strålande vêret.

Kantor Kaldo Kiis hadde teke med seg pianoet og leia allsongen.

Torskangerpoll Musikklag deltok også under gudstenesta på denne flotte og varme søndagen.

Klokkar var Kari Heggen.

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og kaker til alle som hadde møtt opp.